Me hev nye nettsidor

Du finn dei nye nettsidone våre her:

http://www.maalmannen.no

Vel møtt!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Det nasjonale argumentet er det beste argumentet

Leidar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, hev eit innlegg på prent i Dagbladet den 7. juli 2015 der han hevdar bokmål og nynorsk båe er like mykje norske. “Selv om språkhistorie er interessant, befinner vi oss i 2015. Riksmål er ikke dansk,” skriv han.

Um artikkelforfattaren sitt poeng hadde vore at både bokmål og nynorsk er språk som hev fenge hevd og tradisjon i Noreg, og som er komne for å verta verande, so er det sikkert mange som kunde ha sagt seg samde. Kor som er, det stoggar ikkje der for Vernegg:

“Vi vil at målformen for statsansatte innen et fylke ikke skal avgjøres ut fra hvilken målform flertallet av kommuner i fylket velger, men ut fra målformen for flertallet av innbyggerne”…

Noreg vert stødt meir sentralisert, og folketalet i storbyar som Bergen berre aukar på. Ei av drivkreftene for denne storbyekspansjonen er framfor alt ei massiv innvandring til Noreg, der flestalle endar som bokmålsbrukarar i dei store byane. Um målformi i eit fylke skulde vurderast ut frå kva slags mål det er fleirtalet av menneski i fylket nyttar, og ikkje ut frå fleirtalet av kommunane i fylket, so hadde det snart vore farvel til Hordaland som nynorskfylke på det sentrale Vestlandet. Ein vilde sitja att med Sogn og Fjordane, som det i samband med den varsla kommune- og fylkesreformi hev vorte teke til ords for å leggja ned.

"Dersom jeg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikke an at nægte det". -Kong Haakon VII til Norsk Barneblad i 1933.

“Dersom jeg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikke an at nægte det”. -Kong Haakon VII til Norsk Barneblad i 1933.

Trond Vernegg polemiserar imot dei som hevdar at bokmålet er “dansk”, men kven er dei som meiner dette? Det som derimot er ei kjensgjerning er at nynorsk og bokmål målber tvo vidt ulike tradisjonar: Nynorsken, skriftfest av Ivar Aasen, er tufta på norske målføre som stend i ei ubroti lina attende til gamalnorsk – ein kallar det nynorsk for å skilja det frå gamalnorsk og millomnorsk som er dei tvo tidlegare stadia som norsk talemål hev vore igjenom.  Bokmålet er derimot tufta på Knud Knudsen sitt prosjekt med varsam tillemping av dansk mål til det ein kalla for “dannet dagligtale” – norsk uttala av dansk skrift. Knudsen sitt prosjekt vart faktisk møtt med sterk motstand frå riksmålshald, det var fyrst då nynorsken tok til å pusta det danske målet i nakken at prosjektet med å reformera dansken fekk vind i segli: Fram til den fyrste rettskrivingsreformi i 1907 var det ingen skilnad millom riksmål og dansk i det heile, og danske bøker vart ikkje umsette. Dansk-norsk, kann ein med rette kalla riksmålet for.

Dei som er i tvil um kvar dagsens bokmål hev det historiske tyngdepunktet sitt, kann til dømes blada litt i “Våre arveord” av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Eit lite mindretal av bokmålsordi vert forklåra med at dei hev upphav i norrønt, medan flestalle uppslagsordi elles vert forklåra med at dei er “lån” frå “gammaldansk”. Må ein ikkje til slutt spyrja seg um det snarare er dei fåe norskrøtte ordi som er lånte inn i eit språk som udiskutabelt hev røtene sine i dansk?

“Du skriver like norsk som meg. Jeg skriver like norsk som deg. […] Ditt språk er like mye verdt som mitt. Mitt språk er like mye verdt som ditt.” Her er det openbert at Vernegg blandar i hop lik verdi med lik nasjonalkarakter. Kven er dei som meiner at norsk mål er meir verdt enn det danske – eller meir verdt enn engelsk eller kinesisk for den saks skuld? Me treng alle dei ulike språki, og då må nokon faktisk bruka dei. Det språket som nordmenner fyrst og fremst hev skyldnad til å taka vare på er vårt eige nedervde norske språk. Riksmålsforbundet arbeider derimot for å halda bokmålet nærast moglegt til det danske utgangspunktet.

Det Vernegg tek til ords for er å marginalisera nynorsken ut frå eit reint liberaldemokratisk perspektiv der nynorskfolk alltid er i mindretal og difor aldri skal ha noko dei skulde ha sagt. Diskusjonen um bokmål/nynorsk skal altso flytjast burt frå kvalitative vurderingar og argument um kva slags språk som ut frå historiske, sosiologiske, ideologiske og politiske grunnar er det mest høvelege å nytta i Noreg – og yver til ei reint kvantitativ konstatering av at bokmålet vert nytta av flest og difor hev krav på å få ekspandera på kostnad av nynorsken.

Det er ikkje ein invitasjon til å gjera slutt på målstriden som Vernegg kjem med, det er eit krav um at målstriden skal førast vidare på riksmålsfolk sine premissar. Nynorskfolk skal få kjenna på presset frå bokmålet av di me er i minoritet, jamvel langt inn i våre eigne kjerneområde på Vestlandet, og samstundes skal bokmålsfolk ha seg fråbedne å høyra at dei nyttar seg av eit mål som hev upphavet sitt i dansk. Ein vil altso ha bukti og båe endane, medan motparten skal tegja.

Nynorsken var i si tid nær ved å slå igjenom som eit fullgodt språk for heile landet. Skulemålsprosenten auka jamt gjenom heile millomkrigstidi, og toppa seg med 34 prosent i 1943/1944. I dag er det ikkje til å koma i frå at nynorsken er eit mindretalsmål. Nett difor treng nynorsken kvalitetar som uppveg dei ettermunene det inneber å vera ein språkleg minoritet. Dei historiske og nasjonale argumenti er dei beste argumenti me hev for at nynorsken hev tilværeretten i Noreg. Det var det som var grunnen til at nynorsken vart til den gongen dansk mål rådde grunnen i Noreg, og det er ikkje vorte noko dårlegare argument i våre dagar. Tvert imot, i mange sektorar og næringar er det i dag engelsk mål som rår – um dei i det heile vert verande i Noreg og ikkje flaggar ut til lågkostland i Asia. Kvifor ikkje nytta ekte norsk på dei umkvervi der det framleis er høve til å nytta norskt mål?

Bokmålsfolk er i fleirtal, men å ha fleirtal er ikkje det same som å ha rett. Vernegg sitt innlegg er ei påminning um at målstriden ikkje er forbi, endå um mange sovande målfolk let til å tru det. Det at nynorsken er eit rotekte norskt mål er det beste argumentet me hev i møte med bokmålsveldet. Når Vernegg vil bjuda upp til dans, so er det upp til oss å velja skor…

Olav Torheim

Posta under målsak | Kommenter innlegget

Ordtøkje: Frå latin ved Ivar Aasen

Inkje annad en som vel er, um dan som veg er.
De mortuis nil nisi bonum.

Dan som jagar tvo Harar, han ingjen fangar.
Duos qui sequitur lepores neutrum capit.

Ein liver meir etter Visi elder Vited.
Exemplo plus quam ratione vivimus.

D’er mange Viner med’ vel gjenger.
Felicitas multos habet amicos.

Retten skal haldast um Himmelen skal falla.
Fiat justitia, ruat cælum.

Mistak er kvar Manns Sak.
Humanum est errare.

D’er lett Byrda som med Lyst er bori.
Leve sit quod bene fertur onus.

Ulven skifter Håri, men ikkje Hugjen.
Lupus pilum mutat, non mentem.

Ulven skifter Håri, men ikkje Hugjen.
Magna civitas, magna solitudo.

Naud lyder ingji Log.
Necessitas non habet legem.

Da vert alt til Mein som for mykjed er.
Omne nimium vertitur in vitium.

Dan råkar Måled, som Gagned med Moro kann mengja.
Omne tulit punctum, qvi miscuit utile dulci.

Vor Herre ser på reine Hender, inkje på fulle.
Puras Deus, non plenas, adspicit manus.

So mange Menner, so mange Meiningar.
Qvot homines, tot sententiae.

Ein skal vera hard i Verkjed, men mild i Måten.
Svaviter in modo, fortiter in re.

Tiderne skiftest, og Mannen skiftest med Tidom.
Tempora mutantur, et nos mutamur in illis.

Han slepp å språka, som Sanning segjer.
Veritatis simplex oratio est.

Da syner på Augom, kvat som under bur.
Vultus est index animi.

Alt kva du gjerer, so gjer da med Vit og kom vel i Hug Enden.
Qvidqvid agas, prudenter agas et respice finem.

Dei gamle målreisarane visste kor viktugt det var å få verdslitteraturen på norskt mål.

Dei gamle målreisarane visste kor viktugt det var å få verdslitteraturen på norskt mål.

Fyrste gong prenta av Jens Lindberg i For Bygd og By 1931 (jolenummer).

Posta under målsak | Kommenter innlegget

For ein nasjonal målpolitikk

På 1970- og 1980-talet rasa det ein hardsett strid i målrørsla millom dei som ein kunde kalla for “dei sosiale” og dei ein kunde kalla for “dei nasjonale”. Båe sidone tala um “språkleg frigjering”, men med vidt ulikt innhald: For dei sosiale sveiv det seg um at kvar og ein laut få skriva som ein snakka – dei var beint fram motstandarar av nynorsk normaltalemål som dei meinte var “undertrykkjande”. For dei nasjonale sveiv det seg derimot um at eit norskt folk trong eit norskt mål – eit syn som ikkje stend so langt i frå det som høgnorskfolk nyttar til å grunngje målstrævet sitt med. Det “nasjonale målsynet” var likevel reint instrumentelt for dei fleste av dei: Målkampen skulde knytast til andre nasjonale kampar som EF-kampen og kampen mot sentralisering, medan målrøkt og måldyrking framleis gjekk for lut og kaldt vatn. Det norske målet var fyrst og fremst ein “reidskap” som skulde utnyttast politisk. Eit undantak frå dette huglaget var Paul Sandøy, leidar i Norsk Målungdom frå 1986 til 1987. I artikkelen “For ein nasjonal målpolitikk” – som er frå 1986 – so vert det tydelegt at han hadde målvisjonar som gjekk so mykje lengre enn som so: Det norske målet var ikkje eit mål som kunde veljast på slump, det var tvert imot eit mål som svara til det norske folket sine inste kjenslor, lengslar og draumar. Det å læra seg normalisert nynorsk, det å arbeida med språket sitt og tileigna seg det norske formverket og typeformene, det er å medvitsgjera seg sjølv um det underliggjande systemet og den mentale fyrestellingsverdi som ligg til grunn for dei norske målføri. Slik stend ein betre rusta i møtet med presset frå tala og skrive bokmål. Å berre “skriva som ein snakkar” er derimot det motsette av medvitsgjering.  Sandøy problematiserte dessutan målrørsla sitt liberaldemokratiske syn på samfundet: Kann eit einskildmenneske vera fritt dersom nasjonen ikkje er fri? Dersom me alle skal ha den same fridomen, er me ikkje då like ufrie? Skal me ikkje ha fridom til meir enn å gå og handla på supermarknaden? Kva med fridomen til å skapa noko, gjera verk som varer, både for oss sjølve og for komande ættleder? Det sosiale let seg ikkje skilja frå det nasjonale: Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

Sæbjørn Forberg frå Studentmållaget i Bergen gjeng hardt ut mot det nasjonale målsynet. I seinste nummer av Norsk Tidend åtvarar han mot båstenkjing og storkna retorikk. I næste umgang freistar han å tjora oss nasjonale fast i ein bås gjenom dårleg retorikk.

I dette innlegget let eg kronikken i Norsk Tidend liggja til so lenge. Sæbjørn Forberg stikk nasen sin fram fleire stader – og bra er det. So fær fleire sjå at freistnadene hans på å problematisera og nyansera ikkje gjeld det målsynet han sjølv målber som “det sosiale målsynet”. Kvar vart det av motstandet mot båstjoring, Sæbjørn?

Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

I eit helder langt skriftstykke i den nye studieringen um tufti åt NMU dalgar han laus på nasjonalmålsynet. So langt eg kann sjå, kann me samanfatta motfyrestellingane hans soleides:

  1. Det nasjonale målsynet stend “i fare for å tilsløre språkleg urett og ufridom ved einsidig å leggje vekt på arbeidet for eitt nasjonalt skriftmål”. For – “er det meiningsfullt å tale om at ei gruppe er fri utan at den einskilde medlemen av gruppa er fri?” Nei, segjer Sæbjørn.
  2. Det nasjonale målsynet stend i ein slike fåre av di det vantar kritisk innhald til skilnad frå det sosiale målsynet. “Med kritisk innhald meinest verdiar og kjennsgjerningar som argumentativt byggjer opp under eit standpunkt.” Det nasjonale målsynet, hævdar Sæbjørn, styd seg på visse historiske kjensgjerningar, men inneheld ingen verdimålestokk. Nasjonale synsmåtar kann difor nyttast til å rettferdiggjera kva politikk som helst, hævdar han vidare.

Upp mot dette, byd Sæbjørn fram fylgjande verde: Fridom for den einskilde – altso full språkleg frigjering.

Dei språklege kjensgjerningane vert som fylgjer: Det heimlege målet er det fyrste me lærer, og det me kjenner oss tryggast i.

Ståstaden hans vert: ein målpolitikk lyt taka utgangspunkt i einskildindividet. Verdiane og kjensgjerningane hans Sæbjørn er det ingen som vil segja seg usamde i. Ikkje ein gong oss nasjonalmålsfolk. Difor luktar det litt ille av argumentasjonen hans Sæbjørn. Er ikkje dette ein dårleg fordekt freistnad på å tilleggja oss meiningar me ikkje hev?

Sjølvsagt er me for fridom for den einskilde. Men, kann henda i motsetnad til Sæbjørn, ser me at einskildmennesket ikkje eksisterar i kraft av seg sjølv, men i kraft av å liva i samfund med andre menneske. Dette formar måten me tenkjer på, handlar på – og det formar målet vårt, må vita. Ein politikk for meg og Sæbjørn, for at me skal kunna liva som frie menneske innanfor vår (sams?) forståingshorisont som er historisk, sosialt og geografisk skapt, lyt taka utgangspunkt i noko meir enn oss sjølve.

Lat oss ein stutt augneblink freista sjå på noko anna enn vår eigen navle!

I år er det 18 år sidan Sovjet okkupera Tsjekkoslovakia. Pressa vert sensurera, chartristar sit fengsla i fleng. I Afghanistan slæst mujaheddins med kuler og krut mot sovjetisk napalm og gass.

Yver heile verdi gjeng hundradårgamle tradisjonar og kulturar i gløymeboki dag for dag av di storkapitalen spyr ut salskultur i stor målestokk. For oss er det sjølvsagt at slike ting trugar einskildindividet. Men like sant er det at det bryt sundt det hopehavet me liver i og ikkje kann liva utan. Kann henda er dette siste det viktugaste. Fridomskjemparane som døydde på rettarstaden på Akershus ofra ikkje livet berre for seg sjølve. Dei ofra livet for eit fritt Noreg – og tenkte det med.

For det er viktugt å vera fri, ja. Men det er meiningslaust å vera fri dersom me ikkje fær vera frie innanfor ein kultur og tradisjon som er større enn meg og Sæbjørn. Difor lyt ein kamp mot eit verdssystem som trugar fridomen til den einskilde, verta ei samling um eit hopehav me kjenner oss att i og som, just av di han finnst, gjev innhald til umgripet fridom. Fridom på norsk er noko anna enn fridom på kinesisk! Ikkje sant Sæbjørn! Difor treng ikkje det nasjonale um å verta ei attervending til ålmennpolitiske verdiar.

Det vert ofta harsellera yver oss nasjonale av di me appellerar til nasjonale minne. Kva er det som er so gale med det? Når me gjer det, er det m.a. for å styrkja sjølvbyrgskapen og henta kraft i striden mot framandt yverklassevelde og bokmålsvelde. Ikkje berre einskildindividet, eit hopehav med treng ei soga å vera byrg av.

Dette er verdigrunnlaget vårt: Nasjonal fridom, sjølvbyrgskap og vokster m.a. av di det er ein fyresetnad for individuell fridom, sjølvbyrgskap og vokster.

Sæbjørn skuldar nasjonalismeumgripet for å vera innhaldslaust, verdlaust. Tylprat!

Utgangspunktet hans, individet, og programskriftet hans, fridom for den einskilde, kann røma so mykje. Difor vert dette utgangspunktet, dette programskriftet, svært so innhaldslaust dersom me ikkje set det inn i ei råma, ei sosial råma som avgjer innhaldet og umganget av den individuelle fridomen. Gjer me ikkje det, er me straks yver i laizzes faire liberalismen og den sterkastes rett, endå um det ikkje var det me ynskte. Dette fær fylgjor i målvegen, som me skal sjå seinare.

So til det nasjonale målsynet. Og det er vel det me bør dryfta. For dette kann godt stydja seg på kjensgjerningar utan å hefta seg for mykje med dei verdiane Sæbjørn heile tidi etterlyser. Eg trur faktisk desse kjensgjerningane er viktugare enn all verdsens verdiar. “Knytt det nasjonale til røynlege ovringar” segjer Sæbjørn. Og trur han hev sett oss i ei fella. Men der tek han i miss. Målet er ei slik røynleg ovring. For kva avgjer nasjonalkarakteren åt eit mål:

For det fyrste soga. Norsk mål er i fyrste rekkja målføri. Dette kann me segja av di målføri hev greina seg ut frå gamalnorsk. Norskt mål er vidare (ny)norskt skriftmål, av di (ny)norsk byggjer beinveges på målføri. Bokmålet er historisk sèt ei grein av dansk.

For det andre grammatikken. Bokmålet hev aldri rive seg laust frå dei unorske samkynsformene. Norsk trikynssystem hev aldri vore regelen i bokmålet. I verbbøygningi er det framleides slik at norske fyrrtidsformer berre stend som tilbod. Dei unorske verbbøygningsformene er einerådande i all offentleg, offisiell og formell målbruk i bokmål.

I nynorsken er det påbode å vera norsk.

For det tridje er svaret på spursmålet um ein skriftnormal inneheld typeformer og er nasjonalt samlande, avgjerande for den nasjonale karakteren åt målet.

I Noreg segjer me hev frøse, fròse, fròsi, frøsi m.m. Dei samlande typeformene vert då frose el. Frosi, ikkje frosset som i bokmål (jfr. dei bokmålske skutt, brutt, vunnet). På norsk heiter det båtan, båtadn, båta m.m. Typeformene i skrift vert båtane, ikkje båtene.

Med andre ord:

  • Kjensgjerning nummer ein er at bokmål og nynorsk hev ulik nasjonal karakter.
  • Kjensgjerning nummer tvo er at storparten av folket pratar eit norsk målføre.
  • Kjensgjerning nummer tri er at bokmålet som talemålsnorm og skriftmål gjenom dominerande posisjon og status tyner målføri og målførebrukarane.
  • Kjennsgjerning nummer fire er at dei som nyttar bokmål som sitt naturlege talemål, utgjer ei ressurssterk gruppa i samfundet som av den grunnen ikkje skal hava røynlege vandemål med å læra seg norsk. Derimot slit folket under bokmålsåket.

Standpunktet eg hamnar ned på, som ei fylgja av desse kjensgjerningane, er at eg vil bjoda fram og slåst fram nynorsken som skriftmålet åt heile det norske folket. Eg veit at nynorsken vil vera ei letta for storparten av heile folket dersom de tek honom i bruk, eg veit at nynorsken vil utløysa ei stor skaparkraft hjå den einskilde, hjå heile nasjonen, ei skaparkraft målstoda i dag held nede.

Men eg hev eit anna standpunkt med. Eg legg meg ikkje på rygg for måltyningi slik Sæbjørn gjer. For Sæbjørn berre konstaterar at målet endrar seg, då lyt nynorsknormalen med endra seg. Altso: nynorsken skal ikkje lenger vera ei ryggstød for målføri og målførebrukarane i striden mot eit bokmål som tyner, men heile tidi spegla av dei endringane bokmålet tyner fram i talemålet åt kvar einskild av oss.

Det er nok dei ulike utgangspunkti våre som gjer at me ramlar ned på ulike standpunkt i dette spursmålet. Når Sæbjørn freistar definera burt det nasjonale, yverlet han individet til seg sjølv. Kva kvar og ein av oss til kvar tid talar, skal vera med på å avgjera utsjånaden på skriftmålet, på det me slæst for. Er ikkje dette det same som å leggja oss målførebrukarar i hendene på dei sterkaste individi, dei mektigaste gruppone i samfundet? Dei som gjenom sine posisjonar, sin finkultur heile tidi avgjer kva som er “bra” og “dårleg” mål, og der det dårlege målet alltid er norsk. Er det ikkje just dette, det at norsk mål vert tynt dagstødt, som gjer at kvar og ein av oss vert utrygge i målvegen? Som er åt å taka burt eit konkret innhald frå det nasjonale, nemleg målet?

Dette vil Sæbjørn sjå på, roleg. For meg er det sjølvinnlysande at einskildmennesket er eit dårleg utgangspunkt for å reisa strid mot undertrykkjing. Eg treng ein tradisjon å stydja meg til, ein tradisjon eg kann stydja meg til saman med andre. I målvegen er dette den nasjonale tradisjonen, boren fram gjenom konkrete ovringar som målføri og den nynorske skriftnormalen.

Difor gjeng vegen til frigjering i målvegen gjenom ein nasjonal målpolitikk.

Paul Sandøy

Posta under målsak | Kommenter innlegget

Motstandsmenner i Jamtland

I kampen mot den svenske åtaksmakti, steig det fram fleire jamtske motstandsmenner. Dei fleste av desse veit me i dag ikkje namnet på og kven dei elles var. Nokre veit ettertidi likevel um, just av di dei vart uppdaga, fengsla, pinte, dømde og ved fleire høve avretta.

Alt under hersetjingi i 1563 og dinæst frå 1564 – 1570 veit me um sivil ulydnad mot den svenske okkupasjonsmakti.

Flagget åt Republikken Jämtland.

Flagget åt Republikken Jämtland.

Ol Gundersson Jon vart pint og til slutt skoten av svenskane av di han ikkje ville fortelja kvar foreldri og dei andre bygdefolki hadde gøymd seg sjølve, forrådet sitt og buskapen sin då den svenske hæren gjekk inn i bygdi Nedrehaugen sud i Jamtland i 1611.

Me veit ikkje um væpna motstand før i 1644, då jamtane valde sida og slost ope saman med nordmennene mot svenskane for å fri Jamtland frå den svenske underleggjingi.

Motstandsmennene i Mørsil i 1644 fortener serskild umtale. Dei lurte dei svenske troppane ut or skansen i Mørsil til fest på ein gard i By. Dei forlot festen då han var på høgdi, og gav teikn til dei norske troppane um å gå inn. Det flaut mykje blod på denne festen. Ingen svensk soldat fekk grid i “Mørsils gjestebod”.

So kom den ulukkelege freden i Brømsebro i 1645, då den dansk-norske kongen “selde” oss i byte mot Skåne. Motstandet glødde likefullt, og i 1655 braut det ut upprør i sju tingslag i Jamtland. Me veit ikkje fullt ut kva som hende, etter di ingen enno har granska hendingane. Men me veit at Per i Dale, Andersøyi, vart dømd saman med seks andre motstandsmenner for å ha møttest i løynd i Sunne under upprøret.

Då dei dansk-norske troppane dreiv svenskane ut i 1657, vart dei fagna som frigjerarar, og dei fekk synberr stønad av motstandsmennene. Det fekk fylgjor, av di dei svenske prestane fekk vera att. Då Beltet fraus og svenskane fekk overtaket på Danmark, vart den dansk-norske kongen tvungen til å gjeva frå seg Jatmland. Med det kom dei svenske tystarane fram. Ein av dei var Olaf Rahm, kappelanen i Ragunda. Han melde soknepresten og verfar sin, Hans Nielsen Berg, som vart dømd og avsett i 1658.

Det sivile motstandet heldt fram. Nidsongar vart sungne i smug der jamtane møttest. Me kjenner ei av desse visone, dikta i 1677 av bondesonen Fasteson frå Rossbol i Lokne.

Frigjeringi i 1677 varde ikkje lenge. Svenskane kom attende, og som i 1658 yrde kakkerlakkane fram og melde motstandsmennene. Trettan jamtar vart dømde til døden. Ti av desse greidde å røma med hjelp frå andre motstandsmenner i Brøklingebygdi utanfor Brekke. Tri jamtar klarte seg likevel diverre ikkje. Dei vart halshogne på Tibrandsholm. Desse var; Isak Ingmarsson i Bispegarden, Brodde Larsson i Bakken og Jøns Erikson Smed i Månsåsen. Dei vart dømde den 3. mai 1678, og vart avretta den 27. mai i 1678. Då vart ogso Olaf Rahm, soknepresten i Ragunda avretta som jamtsk motstandsmann. Det var han som tjuge år i fyrevegen hadde meld verfaren sin til svenskane. Anten hadde han no gjenge over til den andre sida. Eller so var han dømd utan skuld etter falske vitneutsegner frå motstandsmenner som hadde friskt i hug korleis han før hadde fare fram.

Tjugetvo år etter dette ofra Mårten Jønsson livet sitt i motstandskampen. Han var bonde i Føllinge. Han stod fram som ein trugen svensk undersått, men i løynd samla han upplysningar um stillingi til den svenske okkupasjonshæren i Jamtland. Desse gav han vidare til norske etterrettingsmenn. Føllinge låg høveleg til slik, etter di vegen til Noreg var kort.

Alt gjekk skeis for Mårten ein gong, og difor kjenner me denne soga frå rettsbøkene. Tvo nordmenner skulle møta Mårten i løynd for å få upplysningar om upprustingi på den svenske sida. Dei tvo var brørne Gøran og Elias Tommason frå Snåsa. Dekkhistoria deira var at dei var på fisketur. Dei rodde med båt til sudenden av Hotagsjøen. Derifrå tok dei seg fram til Føllinge til fots og kom til Mårtens gard. Medan dei var inne hjå Mårten, slumpa det til at den halvvaksne sonen i grannegarden kom inn dit medan dei sat der. Mårten skjøna at slik det no var, var det ikkje råd å tegja um denne gjestingi frå Noreg. No laut han finna på ei boteråd, og det brennkvikt. Den svenske okkupasjonsmakti hadde nemleg forbode all umgang med nordmenner for jamtane i grensestroki. Difor valde no Mårten å spela med so opne kort som råd var og sende nordmennene til tolvmannen i Føllinge, Lars Persson. Der skulde dei melda frå um at dei vilde kjøpa ljår og betala ei gamal gjeld.

Endå um han hadde eit slikt umbod for den svenske okkupasjonsmakti, var Lars Persson motstandsmann. Han hadde fleire gonger før teki imot norske etterrettingsmenn. Han var med andre ord dobbelagent.

Jamvel um nordmennene heldt fram dei offisielle ærendi sine, vart dei tekne til fange og førde til Andersøyi, der svenskane hadde ein fangekjellar. Kva som hende der veit me ikkje, anna enn at dei vart pinte på verst tenkjeleg vis, og det so hardt at dei avslørte Mårten. Imedan fortalde dei ikkje noko um Lars Persson. Kan henda visste dei ikkje at han var dobbelagent?

Slik gjekk det då til at Mårten vart fengsla og pint so han fortalde svenskane um venen og motstandsmannen Lars Persson.

Lars hadde som ein tokke um kva som skulle koma til å henda og planla difor å røma. Men for å kunna fara i frå garden sin utan at nokon merka det, vilde han røma på ein sundag. Sundagane skulle nemleg han som alle andre fara til kyrkja og det var då råd å dra i veg utan at det verka rart. Påbodet um å møta i kyrkja sundagane gjorde at han valde å venta til etter gudstenesta. Rett etter denne la han så i veg mot stølane. Kona og borna fylgde etter seinare for at ingen skulle merka noko.

Lensmannen i Føllinge hadde mistenkt Lars og fekk no høyra av nokre tystarar at han hadde flydd til stølane. Han gav so nokre bønder ordre om å taka upp jakten. Lars vart gripen og førd til Mattmar.

Etter piningi vakna Mårten upp til ein grufull røyndom. Han hadde sviki sin ven og bror i motstandsrørsla, dobbelagenten Lars Persson. Begge visste no at svenskane kom til å avretta dei. Dei hugsa godt dei jamtane som vart halshogne på Tibrandsholm 22 år tidlegare.

So førdest Mårten og Lars i tunge fotjarn frå Mattmar til landsfengslet på Frøysøyi. Ved Ytteråi måtte dei i båt for å koma over. Kva Mårten tenkte no, veit me ikkje just. Men det er nok ikkje utenkjeleg at han no såg sitt snitt til å letta på samvitet andsynes venen sin Lars og samstundes snyta svenskane for “rettferdi” si. Kor som er – midt ute på Ytteråi greidde han å kasta seg over relingen, og søkkte rett til botns. Fotjarna var tunge. Difor greidde ikkje svenskane å få han upp før han drukna og døydde. Dei drog han upp på strandi, og for at ingen skulle fara i veg med liket, dreiv dei ein påle gjennom kroppen hans og ned i grunnen. Der låg han til den svenske bøddelen langt um lenge kom frå Gevle. Sterkt upprotna i sumarvarmen, grov han Mårten ned i skogen ved Ytteråi just som ein gjer med eit sjølvdauda dyr.

Der ligg Mårten den dag i dag, dersom då ikkje einkvan motstandsmann eller eikor motstandskvinna grov leivningane hans upp i løynd og førte dei til kyrkjegarden. Dersom leivningane til Mårten Jønsson vert funnen ein gong, bør det reisast ein minnestein yver den siste kvilestanden til denne falne, jamtske motstandsmannen.

Korleis det gjekk med Lars Persson? Rettssaki vart haldi i Lit den 25. juni 1700. Til stades var tvo svenske offiserar og sjølvaste landshovdingen von Schaar. Lars kunde no leggja all skuld over på Mårten. Slik kunde Mårten postumt hjelpa motstandsvenen sin, som han hadde avslørt etter å ha vorten pint. Lars vart likefullt dømd til døden og attåt frådømd gods og gard. Hovretten mildna dødsdomen til tri gatlopp (spissrot). Mårten hadde ikkje ofra livet sitt for inkjes.

I dagsens sogeskriving um jamtland vert desse motstandsmennene kalla “svikarar”. Det er ein stor skam mot våre forfedrar. I Quslings Noreg var motstandsmenner også “svikarar”. Til alt hell gjekk det slik til at desse i staden vart heltar. Qusling måtte bøta med livet som landssvikar i den rette tydingi av ordet. Dei jamtske motstandsmennene sveik aldri sitt eige land Jamtland. Dei fortener difor å verta hylla som heltar i sogeskrivingi vår. Det må verta ein slutt på den einøygde svenske framstellingi av Jamtlandssoga.

Bo Oscarsson
(umsett av Paul Sandøy)

Posta under soga | Kommenter innlegget

Gjev borni rotnorske fyrenamn!

I dei seinste yversynerne yver fyrenamn som vert gjevne nyfødde born, ser me at sers mange nye nordmenner fær unorske namn. Dei fem mest gjevne karnamni i 2000 var Markus, Kristian, Martin, Sander og Andreas, og dei tilsvarande kvendenamni var Emilie, Ida, Thea, Julie og Ingrid. Berre eitt av desse namni er norskt, og på karsida må me heilt til nittandeplass fyrr me finn det rotnorske namnet Sondre! Alle dei hine namni hev unorskt upphav, anten dei hev kome inn for fleire hundradår sidan elder dei seinste tiåri.

Desse og mange andre namn trengjer undan god norsk namnesed, og gjer at gamle heimlege namn vert gløymde. Dette er ei låk stemneleid som me ynskjer å retta på.

Norske born treng norske namn!

Norske born treng norske namn!

Dei norske namni er uløyseleg knytte til det norske målet. Til liks med anna ordtilfang hev dei fylgt framvoksteren i målet vårt frå dei eldste tider. Soleides brigda det frumnorderlendske namnet *AnulaibaR seg til gamalnorsk Óláfr og seinare til nynorsk Ola(v). Dette er berre eitt døme. Like eins finst det gjerne mange målføreformer av same namnet, som fylgjer reglarne i målføret elles. Det gamle norske namnet Guðrún hev vorte umlaga til Guru (Trøndelag), Guro (Telamork og Hordaland) Goro (Heidmark), Gurå (Nordmøre) og Gyro (Sætersdalen). Dette syner til fullnads at namni er ein lut av målet.

Medan mange av dei rotnorske namni er vovne saman med andre ord i målet vårt, er gjerne unorske, lånte namn lausrivne frå anna målfang. Når nokon heiter Bjørn og Ulv, skynar me med ein gong kva upphav namni hev. Like eins kann me sjå at namn som Sigrid, Sigurd og Sigvat heng saman med (ein) siger, og det er greidt å vita at namnet Svein tyder ’ung mann’ på norsk. Kven kann segja kva Markus og Emilie tyder, utan å visa til ordsoga i framandmål?

Grunnleggjaren av det norske skriftmålet, Ivar Aasen, samla norske personnamn på ferderne sine kringom i Noreg, og i 1878 gav han ut Norsk Navnebog, som er ei brukande kjelda til norske fyrenamn den dag i dag. I kjølvatnet åt boki fekk me ei atterføding av gamle norske namn. Karnamn som Geir, Kåre, Odd og Sverre, og kvendenamn som Astrid, Bergljot, Gerd og Inga, som alle hadde vore lite nytta sidan millomalderen, kom i vanlegt bruk att i denne tidarbolken. Når me ser kva namn mange born fær i dag, ser me at det trengst nye upptak til å reisa dei norskrøtte namni.

Det er um å gjera å halda uppe det norske målet og det beste i norsk kultur, og då må me hava umsut for å føra fram den norske namneseden. Namni fylgjer oss gjenom heile livet, og set merke på samfund og soga. Difor bør ikkje namneval takast på slump. Ivar Aasen-sambandet uppmodar alle nybaka foreldre og andre um å setja seg inn i god norsk namnesed, og vonar å få sjå fleire born med heimlege namn i framtidi!

Denne fråsegni vart vedteki av styret i Ivar Aasen-sambandet den 27. august 2001. Ivar Aasen-sambandet vart nedlagt i 2004, av di dei sentrale aktivistane helder vilde samla kreftene um bladet Målmannen – og nytta tidi på skribentverksemd, upplæring og opinionsbygging. Dette arbeidet held fram i dag.

Posta under målsak | Kommenter innlegget

Svar frå ein målfanatikar

Målmannen-redaktøren hev havt rydjeykt og kom yver gamle innlegg og stykkje av ymist slag. Millom anna dette lesarinnlegget i Sunnmørsposten frå september 2000, det hev diverre vorte reaktualisert i samband med nedleggingi av prosjektet Norsk Ordbok. Me yverlet til lesarane sjølve å vurdera um bladstyraren er vorten meir eller mindre fanatisk med åri…

I Ytring-spalta 16 august finn me endå eit klagemål yver alle dei rare ordi som finst i nynorsk. Denne gongen heiter avsendaren Aina Ervik. Ho kallar arbeidet med Norsk Ordbok eit pengesluk og vil dessutan ha slutt på sidemålsundervisingi. Dei som måtte vera usamde i dette kallar ho ”målfanatikere”.

Norsk Ordbok er det største ordboksprosjektet me hev havt her til lands, og då kostar det naturleg nok pengar. Andre kulturnasjonar kom i gang med arbeidet alt for 150 år sidan. Synd for Ervik at ho ikkje skynar alle ordi forfattarane hev samla saman, men slik er det berre, nynorsken hadde vore eit ringt mål um ikkje.

norskordbok

Erdal kann ha rett i at mange skuleelevar helst vil sleppa nynorsk av di dei trur dei ”ikkje fær bruk for det”. Kor som er, den vidaregåande skulen er meint å gje ålmenndaning. Det motsette av den ålmenndana er ikkje analfabeten, men fagspesialisten. Skal nynorsken ut or norskfaget, kann han like godt få fylgja av dialektlæra, målsoga og halve litteraturen. Desse fagbolkane er ei hjelp til å setja seg inn i det nynorske målet.

Nynorsken er ein nasjonal kulturfaktor, og kultur er noko ein tek seg råd til, det er ikkje noko som skal gjeva økonomisk avkastning. Vinningi nynorsken kann gjeva ligg på eit anna plan. Nyare forsking syner at det norske målet rømer si eigi fyrestellingsverd, og desse fyrestellingane kann ikkje uttrykkjast like godt på eit anna mål. Kjent er dømet hans Henrik Wergeland som helder vilde nytta ordet ”Fos” enn ”Vannfald”, då kjende han betre spruten og duren. Medan nynorsken vekkjer kjenslor, kjærleik og draumar, vantar desse dimensjonane i bokmålet.

I slutten av innlegget sitt peikar Ervik på at Ivar Aasen sjølv tala dansk til sin døyand dag. ”Ivar Aasen forstod kanskje at demokrati betyr å velge selv?” spyrr ho retorisk. Ho um det. I eit demokrati treng me folk som vågar å stå for noko. Vel du bokmål, vel du minste motstands veg. Det er lesarbrevet hennar Ervik endå eit døme på.

O. Torheim

Posta under målsak | Kommenter innlegget