17 gjentor

Den franske filmen «17 filles» (“17 gjentor”, 2011) tek fyre fyre seg eit år i livet åt 17 gjentor i byen Lorient i Bretagne i Frankrike, men med inngjevnad frå verkelege hendingar ved ein vidargåande skule i sambandsstatane i 2008 – ei sak den gongen som skapte nyhendeuppslag yver heile verdi.

Tenåringsgjenta Camille finn ut at ho er umhender. Ho ynskjer å halda på barnet sitt, men er redd for å verta sitjande åleine med andsvaret. Ho freistar difor yvertyda dei hine gjentone i klassen um at dei skal gjera det same, og so kann dei alle vera saman um svangerskap og barneuppseding.

Dei hine gjentone er naturlegt nok mistrugne til dette, men Florence, som aldri heilt hev funne sin plass i gjengen, tek poenget med ein gong. Ikkje lenge etterpå kann ho fortelja at ho med er med barn. Og slik byrjar snøballen å rulla…

Stemningi i byen dei bur i kann i sumt minna um den som me såg i den svenske ungdomsfilmen «Fucking Åmål» – ein stad der lite eller ingenting skjer, og der ungdomen ikkje ser dei heilt store framtidsvonene i kvardagen. Nett difor vert ideen med å verta med barn saman til slutt til so stor kveik for dei unge gjentone. Dei vil riva seg lause frå det likesæle og livlause samfundet ikring dei, dei vil skapa eit nytt hopehav i lag der alle hjelper einannan og steller upp for einannan – og der det samstundes sviv um at kvar og ein skal få andsvaret for sitt eige vesle barn. Det er altso (1) ei lausriving frå storsamfundet, (2) eit kollektivt tiltak milom likesinna, og (3) eit personlegt tiltak for kvar einskild.

Gjentone samrår seg ihuga um alt det dei skal gjera saman når borni deira er komne til verdi. For sume av dei handlar det kannhenda um å gjeva barnet deira den barndomen dei aldri hadde sjølve?

Endå so stor eldhugen åt dei unge gjentone er: Attendeverknaden frå foreldri let ikkje til å venta på seg. Anten ser dei på det heile som ei ulukka – eller som handfaste tilfløkjingar som må det må greidast upp med, det heiter i våre dagar abort. Men gjentone let seg ikkje rikka, det er dette dei vil.

Camille vert av foreldre og lærarar peika ut som den skuldige. Ho vert kalla inn på kontoret til yverlæraren, og lyt forklåra seg. Yverlæraren tek henne for seg og spyrr um ho hev gjort dette berre for å sleppa å vera åleine med graviditeten sin. Camille svarar at, ja, kannhenda det var slik heilt til å byrja med, men slik er det ikkje no lenger. No handlar det um noko meir.

For foreldregenerasjonen – 1968-generasjonen – handla kvinnefrigjering um fridom til å få seg ei god utdaning og eit godt arbeid. Og strevet for fri abort var ein strevnad um å få råda yver sin eigen kropp. Men dei 17 gjentone snur alt dette på hovudet. Dei vil nytta råderetten yver eigen kropp til å skapa noko verdfullt, skapa nytt liv! Og dei vil ha fridom, fridom til å sleppa å verta trykte inn i eit moderne A4-skjema der ein fyrst skal taka utdaning, fyrst få seg ein god jobb, og so – kanskje – få seg ein familie.

Dei unge gjentone gjeng med liv og lyst inn for uppgåva: Dei tek svangerskapstest saman, dei gjeng på ultraljod saman, dei reiser på utfukter saman, dei gjer svangerskapsgymnastikk saman – og ei scena som vert serskilt gripande i seg sjølv er når dei høggravide leikar seg saman i badebassenget. Store og tunge som dei er vortne under svangerskapet, i bassenget kann dei enno vektlaust glida gjenom vatnet. Enno er alt  berre draum og gleda…

Sume byrjar likevel å stella seg spursmålet um kvifor Florence ikkje er med i bassenget, eller kvifor ho aldri viser fram magen sin. Til slutt vert ho sett til veggs, og det syner seg til alle si store uppskaking at ho likevel ikkje er gravid. Ho hadde loge graviditeten på seg for å få vera med i gjengen. Men det stoggar ikkje der: Camille kjem ut for ei ulukka og misser barnet sitt. Dei tvo som sette det heile i gong er ute or bilætet.

På slutten av filmen vert me fortalde at 15 velskapte born kjem til verdi. Det vert likevel ikkje som dei hadde tenkt, fær me høyra, og ein skynar at dei som so mange andre må ha vorte henta inn av den harde røyndomen. Kor som er: Det at synkvervingane vert  knuste når ein kjem til endskapen på filmen er ikkje det som vert sitjande att på netthinna åt sjåaren, det er det derimot bilæti frå vektlausgymnastikken i badebassenget som gjer. Som det vert sagt heilt til slutt, ingenting kann stogga ei gjenta som drøymer…

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2012, film. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s