Atterkoma med Nocte Obducta

Nocte Obducta, den tyske, eksperimentelle metallmusikkgruppa frå Mainz som var aktiv frå 1995 til 2006, melde i fjor frå um at dei atter var samla og budde til ny innsats – og det både med tvo nye plator, “Verderbnis” og “Umbriel”, og ein ny serie med konsertar.

Fredag 15. juni 2012 var det soleides tid for den fyrste konserten med Nocte Obducta på fem år. Staden var Steinbruch-Theater i Darmstadt, og lokalet var fylt til randi med folk som ikkje vilde gå glipp av denne storhendingi. Me talar faktisk um ei gruppa som i ålmenta ikkje er so kjend, men som hev kveikt ikkje so reint fåe andre musikarar innanfor metal-umkvervet.

Å knyta Nocte Obducta til ein serskild genre er vandslegt. Dei vert gjerne kalla for “avantgarde-svartmetall”, sidan dei reint musikalsk gjev assosiasjonar til svartmetall, og med tekster som rike på metaforar  og personlege minne og røynslor tek fyre seg emne knytte til natur, sorg og døden.

Det vert fortalt so mange ulike sogor um karane attum Nocte Obducta. Fyrst fekk dei ord på seg for å vera høgreekstreme, seinare hev dei svivyrdslegt vorte umtala som vinstreradikale punkarar. Sanningi er vel at dei er seg sjølve, heilt einfelt, og til liks med den eksperimentelle musikken deira let dei seg ikkje so lett setja i nokon bås.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2012-årgangen, 3-2012, musikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s