11.11.12: Sjølvstendemarsj i Polen

Målmannen var til stades og dekte  sjølvstendemarsjen i Polen den 11. november 2012, etter uppmoding frå Młodzież Wszechpolska (den all-polske ungdomen).

Nasjonaldagsfeiringi den 11. november hev hevdslinor attende til slutten av fyrste heimskrigen, men var forbodi av dei kommunistiske styresmaktene frå 1945 til 1990. Uoffisielt heldt tilkjennegjevingane fram heile tidi, med klår brodd mot kommunismen og dei korrupte styresmaktene, og det er i dei hevdslinone at 11. november den dag i dag vert nytta av tjodlynde motrørslegruppor.

Det var ikkje berre polakkar som var til stades på manifestasjonen i Polen. Det same var innbedne frendar og medhaldsmenner frå Noreg, Ungarn, Belgia, Sverike, Frankrike, Kroatia og Italia.

Eit land i trass mot alle verdsens makter
Aldri so gale at det ikkje er godt for noko, vert det sagt. Datoen 11. november burde vera ei påminning um dette. På denne dagen tok den fyrste heimskrigen slutt. Attende låg det gamle Europa i ruinar: Det tyske keisarriket var soga, Austerrike-Ungarn skulde verta kappa upp i småbitar, og det russiske tsarriket var skift ut med eit kommunistisk skrekkvelde. Kor som er, det var midt i denne tragedien at det polske folket makta reisa seg og vinna attende det nasjonale sjølvstendet sitt. 11. november er soleides vorten til nasjonaldag i Polen.

At landet Polen i det heile framleis finst, det er utanum all plan. Landet hev vorte hersett og kløyvt upp millom stormaktene heile tvo gonger. Den fyrste gongen var i 1795. Den andre gongen var i 1939, snaude 20 år etter at landet atter hadde vunne sjølvstendet sitt. Dei kommunistiske masseavrettingane i Katyn-skogen tok livet av det polske offiserskorpset (22.000 mann vart brutalt slakta ned). Det syner til gagns at den siste gongen var planen at landet skulde utraderast èin gong for alle…

Men det skulde helder ikkje slutta der. Upp gjenom etterkrigstidi var Polen spjotspissen, då dei austeuropeiske folki stridde mot kommunismen. Dei fleste hev nok høyrd um uppstanden i Ungarn i 1956, men ikkje fullt so mange veit at det var i Poznan i Polen at uppstanden fyrst tok til. Dei 100.000 polakkane som gjekk ut på gata i protestar mot det kommunistiske okkupasjonsregimet, dei visste at dei ikkje hadde ein sjanse, men likevel so valde dei å tona flagg – til prisen av eit femtitals menneskeliv då soldatar og panservogner vart sette inn mot dei fredelege protestane.

På 80-talet var det solidaritetsrørsla og den katolske kyrkja som førde striden vidare.  Her i vest tenkjer me at striden vart kruna med siger i 1989, men der det polske folket veit betre: Under ein ferniss av vestlegt demokrati vart den gamle makteliten sitjande med makti, og den nasjonale motstandskampen held difor fram.

Eit folketog med trøkk i
Møtepunkt for demonstrasjonen var sundag ettermiddag, framfor Kulturpalasset i Warszawa. Det polske Kulturpalasset var ei “gåva” frå Stalin etter at den andre heimskrigen hadde lagt byen i grus. Dette sosialrealistisk og neoklassisistisk uppførde steinslottet stend i våre dagar umgjeve av moderne skyskraparar og kjøpesenter i massivt stål, glas og betong. Eit materialistisk audeland av postkommunisme og liberalisme.

Kor som er, polakkane vil vera herrar i eige hus,og okkupantar er okkupantar, same kvar hen dei kjem i frå. Ein kunde soleides høyra slagord verta ropa mot både Russland, EU og NATO.

Då Polen var hersett av kommunistane arbeidde den katolske kyrkja med å knyta saman ei motrørsla, og ho var eit midtpunkt i den polske kulturreisingi og det antikommunistiske motstandsarbeidet. Ho vilde ikkje at Polen skulde forfalla til glas- og betongdekadense, slik som andre vesteuropeiske land. Mange  bar difor fram slagord som “Polen er katolsk og ikkje sekulært”.

Frammøtet på tilkjennegjevingi var høgt  yver det som var venta. Kor mange som var til stades, skil seg på kven ein spyrr. Massemedia som er lydige mot styresmaktene segjer 10.000, andre segjer 50.000, og atter andre segjer so mange som 100.000. Plassen framfor Kulturpalasset var i alle fall, slik ein kunde sjå det,  like stinn av folk som det han gjorde under fotball-EM tidlegare i sumar, og den gongen vart det sagt at det var meir enn 100.000 menneske til stades… Det er ei kjensgjerning.

Politisperringar inkje meinbægje
Då demonstrasjonstoget tek til å gå, hender det noko uventa. Me er ikkje byrja å gå meir enn eit par hundrad meter fyre ein vart møtt av massive politisperringar. Yver ropert vart det kunngjort åt folkemengdi at demonstrasjonen var forboden, og folk vart bedne um å gå heim.

Gamle folk, kvinnor og born byrjar draga seg attende. Samstundes rykkjer “upplevingsorientert” ungdom fram mot politisperringane. Det byrjar å smella i knallskot og snart kjenner me teven av tåregass. Stemningi er sjodande heit: Kva kjem til å henda no? Etter ein halvtimes tid er det klårt at politiet ikkje lenger  tenkjer på å stogga eit hundradtusundtals polakkar frå å feira nasjonaldagen sin. Demonstrasjonstoget fær gå vidare. Det er tydelegt nok at polakkar hev sin eigen måte å løysa upp i flokane på, han kann kanskje verka litt framand på systemtrugne vesteuropearar.

I time etter time etterpå gjeng demonstrasjonstoget gjenom byen. Det eine bustadkvartalet etter det andre vert vitja av folkehavet. Folk som stend på balkongane sine og ser på vert møtte med tilrop som “Kvar er flagget dykkar?”. Parolar vert ropa, knallskot smell, bengalske ljos lyser upp den myrke himmelen. Hadde ein ikkje visst betre, so hadde ein trudd at ein var på fotballkamp. Men her handlar det um noko meir enn kvar ein skal sparka ei stusseleg lærkula, her handlar det um kva slags stemneleid den polske nasjonen skal taka – og kva slags framtid det er som ventar alle folk i Europa.

Elles ein stor takk frå polske og europeiske frendar for all merksemdi som den halvstuderte ekspertrøvaren frå Samnanger gav til denne artikkelen  😉

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s