Thrima – Nasjonalsinna hardkjernerock

Hardkjernerock med patriotisk bodskap hev vorte meir og meir populært i Tyskland. Ikkje minst er det kombinasjonen av sunne verdiar med ein sunn livsstil som hev gjeve hardkjernemiljøet appell. Moshpit, Hope For The Weak og Thrima er alle kvalitetsgruppor som me gjerne kjem attende til i seinare utgåvor av Målmannen. For denne gongen nøgjer me oss med å taka fyre oss plata “Vertonte Zeilen” som Thrima gav ut i året som gjekk.

“Vertonte Zeilen” hev alt som eit godt hardcore-album skal ha: Fyrst kjem ein ålvorstung intro med strykeinstrument,   “Einklang”, gripande nok i seg sjølv, men der ein etter ei stund berre ventar på meir brutal traktering med andre instrument.  Og nett slik skal det gå. Brått byrjar ein rengd elgitar å herpa heile introen, og iresten av albumet vekslar det jamt og trutt millom krasse riff og meir kjensledrypande melodiske linor. Den illsinte vokalisten fær rett som det er støtte frå resten av gruppa. I tekstene sviv det seg um emne som at ein lyt stå upp og kjempa for det ein trur for, vera trugen mot ideane sine og ikkje lata kampfelagane sine i stikken. Som til dømes i låtane “Junge Aktivisten” og “Kamerad”.

Sumtid minnar det heile meg litt um amerikanske Life Long Tragedy, etter min smak ikkje akkurat eit minus.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3-2012, musikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s