Brennesla

Til liks med baldrian, so høyrer brennesla med til den eldgamle heilkrydderskatten i den folkelege lækjekunna. Medan hobbygartnarar reknar henne for eit ugras, so samlar bestemor jamvel no til dags brennenesle i den frie naturi. Brennenesla turkar ho slik at ho seinare kann nytta henne i teblandingi si til “blod-reingjerande” fyremål.

brennesle

Faktisk so er brennenesla vassdrivande. Difor kann ho nyttast av folk med giktplågor. Dimeir gjer det høge innhaldet av kieselsyre at planta verkar  styrkjande for bindevevet.
Som hårvatn gjev brennesla ein blodgjenomstrøymande verknad, og takk vere kieselsyra kann ho gjera hårstrukturen kraftigare. Den auka blodgjenomstrøymingi skriv seg frå maursyra som er å finna i brennesla. Maursyra er samstundes svaret på det store spursmålet um kvifor brennesla brenn på hudi: Syra er lagra i småe blærer rett under yta på bladi. På yta er blærone kopla til tynne røyr som på enden er stengde av med runde, ballongforma strukturar. Um einkvan tek burti bladet, so brotnar dei ballongforma strukturane, og ut gjenom røyri strøymer maursyra: Som med ein kanyle vert maursyra sprøytt inn under hudi. Og då “brenn” det. So langt den folkelege lækjekunna.
Når eg kann kalla brennesla for ei moderne lækjeplanta, som heng dette i hop med vitskaplege funn frå vår eigi tid. Her hev forskarane funne ut at det i roti åt planta finst sers mykje serotonin.
Dette stoffet stimulerar blodgjenomstrøymingi og hjelper på beinbruskvoksteren. Soleides hev ekstrakt frå brenneslerøter ein god verknad på giktpasientar. Serotonininnhaldet er dessutan grunnen til at brenneslerøter er å finna i planteekstrakt mot prostata-problem. Saman med andre stoff grip serotonin inn i det hormonelle stoffskiftet, og soleides kann voksteren åt prostata-kjertelen bremsast ned.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2012-årgangen, 3-2012, natur. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s