Kong Olav den folkekjære

På denne dagen er det 22 år sidan kong Olav V av Noreg døydde. Målmannen legg i dette høvet ut eit bladstykkje frå 2003, ført i pennen av Ole Jakob Totland.

Heilt frå dei fyrste tjodene flokka seg kring kongar her i Europa, hev det vore vanlegt å gjeva kongane tilnamn, når desse hev utmerkt seg i framferd eller
utsjånad. Tilnamnet trong ikkje berre skildra gode sidor ved kongen, han kunde kallast både tjukk og fåtenkt, for tilnamn vart ofte gjevne longo avlidne kongar. Ein turvde difor ikkje ottast øks for hals.

kong-olav

Kong Olav tek t-banen under oljekrisa i 1973.

Denne tilnamnseden stod serleg sterkt i Norderlandi, og her i Noreg hev me havt namn som Håkon den gode, Harald Hardråde, Magnus Berrføtt, Magnus den blinde og Inge Krokrygg. Og når dei norske kongane ikkje hadde tilnamn, nytta dei farsnamn (patronym) til etternamn, slik seden var elles. Dette er namn som Olav Tryggvason, Guttorm Sigurdsson, Eirik Magnusson og Håkon Magnusson.

Ein bråd umvelt i denne namneseden kom med danskekongane. Ikkje av di dei var danske, same umvelten var i Danmark med, og det var kongehuset frå Oldenburg som reiv seden ned. Dei kalla seg berre med fyrenamn, og byttest på å heita Christian og Frederik ut i det keidsame. Det er soleides ein oldenburgsk arv me ber vidare, når kongane i det nye norske kongehuset nyttar fyrenamn åleine. Den fyrste av desse, prins Carl upphavleg, bytte namn på seg og sonen til dei gamle norske kongenamni Håkon og Olav, og godt var det. Men, han Håkon norska seg berre halvveges, han tok ikkje noko etternamn. I Noreg lyt me hava minst eitt ættarnamn eller eit farsnamn, segjer lògi, og eg ser ingen grunn til at dette ikkje skal gjelda kongar.

«Ættarnamnet» hans Håkon vert vel Schleswig-Holstein-Sönderborg-Glücksburg, men eit slikt ofsefylgje av tyske og danske slott- og stadnamn kann ikkje norske kongar dragast med. Då lyt dei heller taka seg farsnamn, eller me kann gjeva deim tilnamn.

Kong Håkon kann me med retto kalla Håkon Danske, utan at me treng leggja nokon vondhug i det. Danskfødd var han, og dansk tala han. Men, det er ikkje dette namnet eg vil deisa hardast i stovebordet. Når kong Olav vert umtala, vert det ofte lagt til at han var ein folkekjær konge. Ja, ein kann mesta segja at kong Olav og umgripet «folkekjær» hev slege fast fylgje. Eit vitnemål um dette ser ein når ein søkjer på «kong Olav» og «folkekjære» på heimsveven; saklege fund kann ikkje teljast på fingrane åt ein velskapa mann. Kvifor ikkje då gjeva deim ei endå fastare form, og beint fram kalla honom «Olav den folkekjære»? Med det vil me henta fram att den gode tilnamnseden, og samstundes kasta ei leivd frå oldenburgarane på bananbåten. Trunervingen vår
hev alt eit tilnamn, det hev han havt frå daupen. Håkon Magnus tyder Håkon den store. Um han liver upp til dette namnet, fær me no venta og sjå.

Dersom me òg kallar dagsens konge Harald Olavsson, kann me vel snart segja at me hev skove kongehuset munaleg i norsk leid. Sét burt frå målbruket åt medlemene i kongehuset vert det då lite unorskt att. Tel ein med koneledene (og det skal ein vel i denne jamstellingstidi), kann ein trygt hevda at kongen er runnen or roti åt både Harald Hårfagre og kong Sverre. At karane i kongehuset tek seg konor av norsk bondeætt, gjerer òg kongehuset norskare. Ein fer med usanning når ein segjer at det hev vore sed her i landet at kongane skulde gifta seg med framandlendske kongsdøtter. Dei gamle norske kongane gifte seg stort sét med den drósi dei lika best, um ho so var bonde- eller kongsdotter. Det er ein uvane frå dei kontinentale kongs- og adelsættene, dette med inngifte.

Skal namnet Olav den folkekjære koma i bruk, er det berre å byrja bruka det. Det er soleides tilnamn fester seg. Når de umtalar norske kongar, so skriv namni etter norsk vis! Det fær vera uppmodingi.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2003. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1-2003, 2003-årgangen, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s