Det nordiske verdsbilætet

Heilt til å byrja med so vil eg tala um dei grunnleggjande upphavsmytane i den nordiske kosmologien.
Dinæst kjem eg til å taka fyre meg dei viktugaste nordiske gudane. Til slutt skal eg tala um runane, det gamle germanske alfabetet som jamvel vart nytta til magiske fyremål.
Dette stykkjet vert naturlegt nok berre ein stutt introduksjon til sume av dei viktugaste og mest grunnleggjande emni, men eg vonar det er nok til å vekkja interessa hjå lesaren til å gå nærare inn i tematikken på eigi hand.

Odin som sit på truna i Valhall.

Odin som sit på truna i Valhall.

Kosmogenese (Mordet på Ymir)
Heilt til å byrja med, so fanst det ikkje noko meir enn tvo primordiale verder, Nifelheim (is) og Muspelheim (eld), skilde frå einannan av ei endelaus kløft (Ginnungagap).
Eld og is møtest, og skaper jotnen Ymir og urkui Audhumbla. Ymir livnærer seg på mjølki frå Audhumbla, medan Audhumbla nærer seg av å sleikja salt frå isen.
Ymir lyt vera einkvan slags hermafroditten, for han fær ei dotter frå den eine armhola si, og ein son frå hi.
Kui Audhumbla, på si sida, fær ein mann til å koma ut or ei isblokk, med di ho formar blokki sleikjande. Mannen heite Buri, og han skal verta stamfaren åt æsene. Barneborni åt Buri, Odin og brørne hans, Ve og Vilje, drep Ymir. I blodbadet som fylgjer druknar alle dei hine jotnane, utanum eitt einaste jotnepar, i blodet åt Ymir.
Frå kroppen til Ymir vert Kosmos skapt av Odin og brørne hans:
Beini hans vart til fjell. Kjøtet hans til jordi, der ormane som livnærer seg av kjøtet er dvergane som liver under jordi. Heilen hans vart til skyer. Hovudskallen hans er himmelkvelvingen, som vert halden uppe av dvergane Nord, Sud, Aust og Vest.
Odin og brørne hans skaper vidare dei fyrste menneski, Ask og Embla, frå tri timberstokkar: Odin gjev dei pust, Ve gjev dei medvit, og Vilje gjev deim dei seks sansane.

Kosmologi (dei ni verdene)
Den ferske doktoravhandlingi åt Nanna Løkka, “En analyse av topografi og kosmologi i gudediktene av den eldre Edda”, hev nylegt synt at den poetisk eddaen er tufta på eit verkelegt eksisterande fyrrkristelegt verdsbilæte.
Den poetiske eddaen fortel um ni ulike verder. I den moderne åsatrui hev ein freista systematisera informasjonen i dei gamle norrøne tekstene, og ein klassifiserar dei ni verdene på denne måten:

I himmelen (Asgard):
1. Muspelheim
2. Åsgard
3. Alvheim
På jordi (Midgard):
4. Vanaheim
5. Midgard
6. Jotunheim
Under jordi (Utgard):
7. Svartalvheim
8. Hel
9. Nifelheim
Verdstreet Yggdrasil (ei ask, til liks med den fyrste mannen) knyter dei ulike verdene i hop med einannan. Greinene strekkjer seg høg inn i himmelen, medan dei tri røtene gjeng gjenom dei ulike verdene fyre dei endar i kvar sine brunnar.
Jotnane og gudane, slik me finn dei i den nordiske mytologien, er abstraksjonar av ovringar i naturen og i menneskesinnet. Me kann skilja millom gudar og jotnar, jamvel um gudane med hev jotnar millom forfedrane sine.

Tvo slags gudar:
-Æser  (målber dei maskuline eigenskapane, og dessutan dei sosiale klassane åt prestar og krigarar i det tradisjonelle samfundet). Æsene er etterkomarar på mannssida etter Buri (me hugsar at han vart sleikt ut or ei isblokk av urkui Audhumbla).
-Vaner (representerar dei feminine eigenskapane, og den sosiale klassen åt bøndene).
Vanene og æsene låg i si tid i krig med einannan. Kor som er, ingen av partane var i stand til å vinna krigen, og det enda med at dei slutta fred og utveksla gislar med einannan. Denne “grunnleggjingskrigen” høyrer til millom dei grunnleggjande mytane åt det indoeuropeiske samfundet.

Jotnane
-Målber dei ville og utemde kreftene i naturen, kaoset.
Me minnast at det fyrste livendet var jotnen Ymir, som vart myrda av Odin og brørne hans. Vergelmir og kona hans, dei einaste jotnane som ikkje drukna i blodbadet, er forfedrane åt alle dei jotnane som enno er i live.
Med andre ord, utan mordet på Ymir, hadde ikkje verdi vore til slik som me kjenner henne. Det er gjenom kampen mot dei ville kaoskreftene at menneski og gudane kann halda seg i live i denne verdi.

Æsene
Eg kjem attende til dei viktugaste gudane millom æsene:
Odin – den høgaste guden millom æsene. Namnet hans, Odin, kjem frå proto-germansk “Wodanaz”. Røtene åt dette ordet finn ein framleis att i moderne tysk: “Wut”, som tyder sinne eller uppøsing. Odin er samstundes både herførar, magikar og poet.
For å halda seg orientert um alt det som hender seg i verdi, so sender Odin ut dei tvo ramnane sine, Hugin og Munin  (refleksjon og minne).
Visdomen sin hev Odin fenge etter å ha drukke frå Mimirsbrunnen  (den eine av dei tri brunnane som vatnar Yggdrasil). For å få lov til å drikka frå denne brunnen hev han vore nøydd til å ofra det eine auga sitt. Ein lyt med andre ord lida for å få kunnskap (og det at berre ein einøygd person kann vera allvis, tyder samstundes på at denne allvissa er verre å nå fram til enn ein skulde tru. Berre eit innsnevra perspektiv kann få ein til å tru at ein hev henne).
Tor – son åt Odin. Han reiser gjenom verdene med ei vogn dregi av tvo bukkar. Tor er den einaste guden som hev fysisk styrke nok til å måla seg med jotnane, og han kjempar imot dei med hamaren Mjølner. Når lynet slær, er det Tor som slær med Mjølner. Med toreveret kjem regnet med, naudsynt for å kultivera jordi, og Tor er soleides både ein krigargud og ein gud for grøderikdom.
Balder – son åt Odin. Han er kjelda åt ungdom og uppattnying. Men Balder døyr, og Balders død er eit varsel um at gullalderen åt æsene er forbi. Etterpå gjeng verdi inn i ei vedvarande forfallstid, som til slutt kulminerar med eld og blodbad i Ragnarok.
Loke – Ein gud av spalta natur. Mor hans skal ha vore ei asynje (kvinneleg ase), medan far han var jotne, og han er soleides av blanda upphav. Loke er ikkje den einaste millom æsene som hev jotnar i stamtavla si, ikkje so reint fåe andre hev mødrar av jotneætt. Kor som er, for dei hine æsene spelar ikkje dette nokor stor rolla, for det er farslina som tel.
Grunna det blanda upphavet sitt greider ikkje Loke å integrera seg millom æsene. Med jotnefrua Angerboda (ho som gjer vonde gjerningar) fær han ungane Fenrisulven, Hel og Midgardsormen. Det er Loke som syter for at Balder vert myrda, og på den måten er det han som fører æsene mot undergangen (soleides er slutten på gullalderen åt æsene eit resultat av vantande etnisk homogenitet).

Runane
Runane vart nytta som alfabet i det gamle nordiske samfundet. Dei eldste runeinnskripsjonane er vandslege å tyda, og det finst nøgdi med ulike og motstridande teoriar um korleis runane vart til. Namnet “rune” i seg sjølv tyder “løyndom”, og indikerar soleides at kjennskapen til runane var for ein eksklusiv elite.
På same måten som han laut gjera for å få visdom, so laut Odin gjera ei smertefull ofring for å kunna tyda runane. Heile ni netter laut Odin fyrst hanga i Yggdrasil-treet (namnet Yggdrasil kann i seg sjølv tolkast som “Odins hest” eller “Odins galge”), stukken med ei lansa:

Eg veit at eg hekk på vindalt tre
næter heile nie,
med geir-odd såra og gjeven Odin,
gjeven sjølv til meg sjølv
oppå det treet som ingen veit
kvar det av rotom renn.

Ikkje braud dei bar meg, og brygg ikkje;
ned eg nidstirde, tok upp runer,
ropande tok dei,
ned att der frå eg fall.
[…]
For æser Odin,
for alvar Dåin,
Dvalin for dvergar.
Allsvinn dei for jotnar skar,
eg riste sjølv sume.

Veit du å riste dei?
veit du å råde dei?
veit du å farge dei?
veit du å freiste dei?
veit du til bøn dei?
veit du til blót dei?
veit du å sende dei?
veit du å stogge dei?
(Or Håvamål).

So korleis skal me tyda deim?
Til lukka treng me ikkje um å hengja oss i eit tre for å få eit visst innblikk i runane. For det finst heile tri ulike runedikt som fortel oss um tydingi av dei ulike runane (eit angelsaksisk, eit norskt og eit islendisk).
Den eldste futharken, sett i hop av 24 runar, er kløyvd upp i tri ulike ætter:
Det er Frøy-ætti (dei byggjande kreftene), Heimdal-ætti (dei vernande kreftene) og Ty-ætti (dei øydeleggjande kreftene). Her ser me med andre ord ein trifunksjonell struktur som korresponderar til det indoeuropeiske samfundet (bønder, krigarar, og prestar).
Eg kjem no til å taka fyre meg nokre fåe utvalde runar, og tydingi av desse (eg vel då å nytta meg av Uthark-interpretasjonen, http://home.swipnet.se/~w-93783/uthark/uthark.html ):
Um ein vel Uthark-representasjon av runane, vert sekvensen av dei ulike runane i seg sjølv eit bilæte på korleis verdi vår er vorti til.
1. Ur-Rune (Frøys ætt). Den fyrste runen i alfabetet representerar den primordiale, skapande kraft: Den ville og utemde ur-uksen, uppstoda av kosmos.
13. Eiwaz-runen (Heimdals ætt) er eit tre, og symboliserar sjølve verdstreet Yggdrasil.
15. Sowilo-runen (Heimdals ætt) symboliserar som namnet segjer soli, som gjev oss lukka og visdom.
16. Tiwaz-rune (Tys ætt):Æra, rettferd, leidarskap og autoritet.
20. Lauk-runen (Tys ætt):Vatn, fræve, fornying.
23. Odal-runen (Tys ætt): Denne runen symboliserar fedrearven, kulturen, tradisjonen og forfedrane våre.
24. Fe-Rune (Frøys ætt): Den siste runen symboliserar fullbyrdingi av det skapte kosmos. Medan Ur representerte den ville, primordiale ur-uksen, representerar Fe (buskap) den temde uksen.
Noko som er serskilt med runane, er at tydingi deira skifter til den motsette um ein snur dei. Eit døme er Ur-runen, som normalt målber dei primordiale, skapande kreftene, men som um ein snur honom representerar Ginnungagap og ein retur attende i kaoset. Eller Tiwaz-runen: Um ein snur honom, representerar han ikkje lenger livet, men dauden. Det same gjeld for Sowilo-runen: Um ein snur honom representerar han ikkje lenger ljoset, men snarare myrkret.
Dei gamle indoeuropearane, fortel forskarane oss, kann ha havt det same ordet for både sol og for himmel. Dei hev trulegt sett fyre seg at det på same måten som det finst ein sol-himmel som gjev oss ljos, lyt det vera ein sol-himmel som gjev myrke.
Og lat oss no taka sol-runen og snu honom slik at han representerar myrkret. Dinæst legg med 12 inverterte sol-runar i ring? Kva er det me fær? Jau, eit symbol arkeologar ofte finn på ornamentskivor, den svarte soli! Sjå fig. 1.

Figur 1. Den svarte soli.

Figur 1. Den svarte soli.

Eit runisk kosmos

Runane er magiske, og magi handlar som kjent um at saker me finn i mikrokosmos stend i analogi til det som hender i makrokosmos.
Eit godt døme, som illustrerar korleis runealfabetet heng nært saman med heile det nordiske verdsbilætet, er at ein kann teikna upp Yggdrasil-verdstreet som ein Eiwaz-rune. Eiwaz-runen kann ein atter kløyva upp i tvo lauk-runar. Den eine lauk-runen er snudd mot Muspellheim og representerar heitt, kokande vatn, medan den andre lauk-runen er snudd mot Nifelheim og representerar kald, frosen is. Sjå figur 2.

Yggdrasil med dei ni verdene, representert med ein Eiwas-rune.

Yggdrasil med dei ni verdene, representert med ein Eiwas-rune.

Um me no fører resonnementet enno eit hakk vidare, kann me segja at Muspellheim og Nifelheim ikkje er røynlege verder, men snarare primordiale krefter, som i si tid hev skapt alle dei hine verdene, stend ein att med at Yggdrasil hev 7 verder som ein kann traversera frå botn (Hel) til topp (Asgard): Med andre ord dei same sju verdene som ein finn att i tradisjonell vesterlendsk og austleg mystikk (både hjå gamle Platon og i moderne teosofi vert det tala um sju sfærer, og innanfor yoga vert det tala um sju chakra).

Siv-Kari Hjelmås Johansen

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1-2012, 2012-årgangen, mytologi og esoterikk. Bokmerk permalenkja.

One Response to Det nordiske verdsbilætet

  1. Steinar Hansen seier:

    Takk for lærerik artikkel!Dette er essensiell lærdom som må videreføres til kommende generasjoner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s