Dresden og andre heimskrigen

Olav Torheim kunde i fyrre nummer melda um freistnadene på å stogga massemynstring til minne um skrekkbombingi av Dresden. Det er tankevekkjande at det skal vera so vanskeleg å få til ei tilkjennegjeving av at det som skjedde i Dresden var misgjerningar og ein udåd. Det er slett ikkje noko dei vestlege samgongslandi kann vera serskild byrge av. Nett no i skrivande stund hev me lagt attum oss nokre månader med krigføring i Libya. Der hev vesten ved Atlanterhavspakti endå ein gong sett inn bombefly. Det same skjedde i Jugoslavia/Serbia. Er dette ei krigføring som toler dagsljos? Ein kann undra seg. Det er iallfall ei krigføring som er feig og prega av velvære for krigsmakti, men um me gjeng nøgnare inn på saki, so er det grunn til å spyrja seg korleis einkvan kunde finna på noko so kaldblodig som berre å driva krigføring frå lufti. Då må ein attende til nett den krigføringi dei vestlege samgongslandi førde mot Tyskland og Japan under andre verdskrigen, og Dresden er ein viktig part av den store samanhengen.

Herstyrkane til Hitler og Stalin slakta ned folk for fote med ufatteleg råskap, men det var vestmaktene som steg for steg kom fram til at sokalla strategisk bombing skulde verta ein hovudreiskap for siger i den fullstendige krigen. Aldri tidlegare i krigssoga hadde so fåe valda so mange so mykje liding. Fleire kilometer yver bakken sleppte flygarane bombone sine ned med grunnlag i tillaga yversyner yver jordflata nedanfor. Etter på vende dei attende til hovudkvarter på den fredelege engelske landsbygdi. Ymse fly speida umkring og tok bilete, utgreidarar gjorde utrekningar og nye åtak vart planlagde. Ein fann fram til ei heilt ny krigføringsform, i denne krigføringsformi møttest aldri gjerningsmenn og offer. Flygaren augnefor alt frå skyene og synene hans frå skyene vart grunnlaget for heile krigføringi og tankegangen attum krigføringsmåten.
Etter krigen hev tyskarane gjenge grundigt til verks med sin Vergangenheitsbewältigung, i høve til holocaust som det ytste uttrykk for nazismen som tilskipa vondskap.  Dei vestlege samgongslandi, hev derimot sett på krigen som ein strid millom gode og vonde krefter. Dette er eit sogesyn som hev havt ein sterk og rettferdiggjerande verknad. Men er det eit synspunkt som me kann leva med? Er me alltid hundradprosent moralske? Og kven var det eigenleg som tente på bombingi? Dresden vart trass i alt kommunistisk, so kannhenda gjekk vinningi upp i spinningi. Ei krigføring som ikkje tek umsyn til det endelege utfallet, treng ikkje å tena til vestens fyremun. Det er ikkje tvil um at det er vanskeleg å vera etterpåklok, og i ein slump høve var det nok både ynskjeleg og kannhenda rettkome å bomba, men ein treng ikkje å gå lenger enn til Bergen og Laksevåg fyre ein ser korleis ein heil skule, Holen skule, kunde verta øydelagd og ei rad born redsleskadde av luftbombing, jamvel i Noreg. Offeri hev ikkje alltid vorte ivaretekne på beste måte.

Um me vender oss beinveges til Tyskland, meiner historikaren Fredrik W. Thue at ei viktig grensa vart yverskridi i mars 1942, då Lübeck vart øydelagd på  ein målmedviten måte av det britiske flyvåpnet. Byen vart vald av generalane ikkje fordi han tente til noko krigsfyremål, men fordi han utgjorde eit mjukt skræmslemål: ein historisk gamleby med tett folkesetnad i trehus som var svært brannfårlege. Året etter vart denne vel gjenomtenkte framgangsmåten nytta jamt meir. Framfor alt  luftåtaket mot Hamburg i juli 1943 synte til fulle kva for krefter ei planlagd og gjenomtenkt brannbombing kunde løysa ut. Eldstormar med orkans styrke la alt som kom imot i oska og gjorde tjuge kvadratkilometer til ei øydemark. 45.000 menneske vart drepne, dei fleste kvinnor, born og gamle. Dresden vart som me såg i fyrre nummer bomba i februar 1945 og bombingi fylgde same mynster, med mykje større eldkraft og talet på offer vert av sume rekna for å vera tvifaldigt so stort. Til skilnad frå Hamburg tente byen knapt til noko fyremål for krigføringi, men byen vart som Lübeck rekna for å vera eit sinnbilete på den tyske nasjonen. Terrorbombingi vart òg ein kulturkrig der vernarar av ålmenn folkesed (sivilisasjon)medvite øydela mykje av den europeiske kulturarven.
Dei vestlege medgangslandi dreiv ei uavgrensa krigføring og planla grundig korleis dei skulde bomba Tyskland og Japan, slik at dei skulde få sett desse landi ut av krigen gjenom å gjera leidarane og innbyggjarane nedtrykte og vanmektige. Denne framgangsmåten vart forsvara og vart rekna for ein naudsynt lekk i ein rettferdig krig, ein meinte at livsformi til heile den vestlege menneskeætti stod på spel og at det rettferdiggjorde krasse verkemiddel.
Fyre D-dagen var bombeflya det einaste røynlege og verksame midlet ein rådde yver um ein skulde slå attende mot motparten. Det var altso eit uttrykk for vanmakt at dei vestlege medgangslandi dreiv med bombing av Tyskland. Å bomba dei sivile var eit vonde som skulle hindra at nazistane underla seg Europa frå Volga til Brest. Men dei vestlege sambandsfelagane hev, slik me ser det i ettertid, ikkje nokor yvertydande sak når ein kann sjå at illgjerningane heldt fram og at dei i røyndi auka på etter kvart som sigeren rykte nærare. Då tyske bombefly var i stand til å slå attende mot Coventry og London, heldt ein att på bombingi. Då ein fekk eit betre herredøme i lufti vart hugen til å skrekkbomba større. I 1945, då Tyskland og Japan var i ferd med å tapa, kasta ein av seg tvilsmåli og bomba meir enn fyrr. Dei vestlege medgangslandi gjekk frå å forsvara seg i innleidingi av krigen og til å føra einkrig som til slutt ikkje lenger var likeforma med den tyske. I denne krigsbolken drap dei ned mengder av menneske utan å frykta mottiltak, hemn eller straff frå tysk sida.

Endå so store øydeleggjingane var i 1945: Det unike bysentrumet i Dresden stend framleis på UNESCO si verdsarvlista.

Endå so store øydeleggjingane var i 1945: Det unike bysentrumet i Dresden stend framleis på UNESCO si verdsarvlista.

Dei folkevalde i USA og Storbritannia tykte skrekkbombingi var tillokkande. Med bombingi fekk dei færre tap og større utteljing. Itillegg var USA yverlegen når det galdt vitskaplege, ingeniørfaglege og teknologiske hjelperåder og hadde dessutan eit større mangfald av næringsgreiner og pengetilgangar. Øydeleggjingi av Tyskland og Japan vekte samhug hjå mange av di det var fåe hermenn som var i strid og dei som kriga kunde koma heimatt. Nokre av dei vart skotne ned døydde, men mange kom seg undan, so tapstali vart ettermåten småe. Slik kunde land med folkestyre råka land som var styrde av umenneskelege einestyrarar utan at dei gav upp si eigi livsform med å ofra store gruppor av hermenn.
Men luftkrigen til dei vestlege samarbeidslandi hyste ein fårleg tankekross: Dei kraftige bombeåtaki førde med eg at tyskarane ikkje kunde sitja trygge i heimane sine og spreida død og liding yver andre folk. På den andre sida var det nett det britane og amerikanarane kunde gjera
Frå bakken såg det lenge ut som at Dresden skulde sleppa undan bombing under krigen. Men brått – natti millom 13. og 14. februar 1945 – kom det svermar av britiske og amerikanske fly bombelaster yver både gamle- og nyebyen.  Vantrue byborgarar og flyktningar fær ei ufatteleg otta og redsle yver seg. Flyåtaket gjeng fyre seg i puljar. I  springvatn (fontenor) ligg folk døde. Folk hev kome i ei illstoda og trudde dei kunde redda seg frå eldhavet som fosforbombone skapa. Men bombone fær vatnet i springvatni til å koka. Tusundvis av menneske vart brende levande.
Alle dei kjende stadene ligg att som oskehaugar, barokkyrkja Frauenkirche, slottet, lystslottet Zwinger, den katolske hoffkyrkja, Gottfried Sempers eventyrlege operabygning. 14. og 15. februar vert Dresden utsett for nye, ovharde bombeåtak frå tungtslåande amerikanske fly. Dresden er død. På Altmarkt rett utanfyre den utbrende Kreuzkirche ligg berg av lik reiduge til å verta brende heilt burt. Kor mange miste livet? Det veit ingen heilt visst. Aftenposten viser til at det finst kjeldor som hevdar at det kann vera 35 000 eller som William L. Shirerhev hevda minst 120 000.
Når det gjeld korleis ein skal døma yver bombeåtaki mot tyske byar kjem Harald Støren med eit innspel i Dag og Tid. Han meiner at det kann vera gagnlegt å sjå på korleis ein som sjølv upplevde bombeåtaki den gongen, ser på dei i ettertid. Den norske ingeniøren Sverre Bergh studerte i Dresden i krigsåri og greidde i fire år å melda frå um viktige hendingar innanfor den tyske krigsnæringi, slik at dei vestlege samarbeidslandi fekk avgjerande upplysingar, denne innsatsen vart han lønt for etter krigen. Han skriv um bombingi av Dresden i boki Spion i Hitlers rike (2007):
«Historikerne strides om hvor mange som ble drept. Noen sier 40.000, andre mener det var mellom 100.000 og 250.000 mennesker som ble utslettet i løpet av 13. og 14. februar 1945. Det riktige tallet vil aldri bli kjent på grunn av det enorme antallet flyktninger som var i byen. De siste årene har tendensen gått i retning av å bruke de lavere anslagene. Men for en som opplevde ødeleggelsene og så likhaugene, virker de høye tallene langt mer troverdige enn de lave. De er uansett absurde. […] Det har vært flittig diskutert om bombingen av Dresden var en krigsforbrytelese. Selvfølgelig var den en krigsforbrytelse, i en krig full av forbrytelser. En forbrytelse planlagt og gjennomført etter standard prosedyre: Først et massivt angrep med luftminer, sprengbomber og brannbomber for å starte branner. Så vente et par timer til redningsarbeidet var i gang, før man slo til på nytt for å ramme brannvesen, sanitet og annen hjelp hardest mulig. Drepe flest mulig av dem som skulle redde liv.»

Frauenkirche i Dresden låg i ruinar i heile etterkrigstidi. Etter murens fall vart kyrkja rekonstruert, takk vere ein internasjonal innsamlingsaksjon.

Frauenkirche i Dresden låg i ruinar i heile etterkrigstidi. Etter murens fall vart kyrkja rekonstruert, takk vere ein internasjonal innsamlingsaksjon.

Bergh hevdar dessutan at millom anna førti sjukehus og trettifem skular vart bomba. Det syner at det var den allminnelege folkesetnaden, heller enn sambandslinone og herstyrkane, som var målet for åtaki.  Og her vender me attende til kva det er som fær vestlege blad og kringkastarar til å vera so måtehaldne i høve til Dresden og brannbombingi av tyske sivilistar. Er det kannhenda slik at ingenting av denne delen av krigen, er noko å setja søkjeljos på, for det er vinnarane som skriv soga, og yvergrep som er gjorde av vinnarar, er ikkje noko som ein vil ha ljoskastarar på? Det er iallfall påfallande at det er vinstresida som let til å skulla leggja lok på det heile. Dresden enda upp som ein vasallstat og eit lydrike underlagd kommunistisk styre frå Moskva. Ikkje lett å sjå at dei vestlege samarbeidslandi gjorde noko som helst rett. Dei bomba for å terrorisera innbyggjarane, og dei let Sovjet taka styringi yver byen, som so fekk eit nytt uhyggjeleg styresett. Det er fulla lite som tyder på at vestmaktene var sigerherrar på denne krigsfronten. Dimeir grunn til at dei tyske tilskiparane attum massemynstringi i Dresden ikkje let seg tegja ned, men mæler mot yvergrep mot ytringsfridomen.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3-2011, nasjonalisme, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s