Ein medieskandale

Um du vitjar denne netsida, er du kann henda millom dei som nyss hev lese uppslaget i Næravisa i Volda (andsvarleg redaktør, Paul Bjerke), fredag den 1. mars 2013. Dette er det som me hev å segja um saki:

Målmannen er eit språk- og kulturtidskrift som tek fyre seg dei mest mangslungne emne. Me stend korkje til høgre eller vinstre i politikken, men tek fyre oss heile spekteret av politiske og filosofiske idear. Me er ikkje redde for å gå inn i spursmål som vert rekna for kontroversielle, me vil vera konsekvent sanningssøkjande.

Dette er det ikkje alle som hev skyna – anten det, eller so vil dei ikkje skyna det…

Dei tri siste utgåvone av bladet vårt er alle tilgjengelege i PDF på linken nedanfor:

Målmannen nummer 1 2012
Målmannen nummer 2 2012
Målmannen nummer 3 2012

Dei som vil ha eit gratis prøveeksemplar av bladet tilsendt i posten, kann senda epost til olaveth@gmail.com, eller klikka på linken for å fylla ut skjemaet her.

No, til saki…

Det var for tri dagar sidan at bladstyraren i Målmannen vart ringd upp av Anita Grønningsæter Digernes. Ho fortalde at ho heldt på med ein artikkel um høgnorskrørsla, og ynskte i det høvet å stella nokre spursmål.

Bladstyraren beit seg merke i at spursmåli for det meste gjekk på interne tilhøve i Målmannen-redaksjonen, og um kvar hen me stelte oss i ymse slags politiske spursmål, men me valde likevel å svara ope og ærlegt på alt.

Neste dag tok Anita Grønningsæter Digernes atter kontakt, for å beda um eit nytt intervju med endå fleire spursmål som ho vilde stella. Digernes bad vidare um løyve til å nytta bilæte som Målmannen hadde upphavsrett til:

«Vi vil òg spørje om det hadde vore mogleg for oss å bruke bilete i vår avis som dokke har lagt ut i samband med Målmannen, på Facebook eller andre stadar? Eventuelt om du har nokre av deg sjølv eller frå arrangement du har vore på som du har dekt i Målmannen?»

Til dette fekk Anita Grønningsæter Digernes som svar at eg fyrst gjerne vilde vita kva som var ramma for intervjuet ho vilde gjera, noko eg tykte var mangelfullt informert um i den fyrste uppringjingi, og so kunde eg evt leita etter høvelege bilete.

Snart vart det kor som er tydelegt nok at den fyrste kontakten ikkje var anna enn ein innleidande runde med det som må kunna kallast fisking etter informasjon, for ein halvtime seinare fekk bladstyraren fylgjande melding:

«Vi beklagar at du føler du ikkje blei godt nok informert i går. Vi var framleis på eit tidleg stadium i saka og visste ikkje heilt kva fokuset skulle vere. Vi kjem til å sjå på høgnorskrørsla i forhold til politikk, og då spesielt Målmannen si dekning og deltaking på arrangement som kan oppfattast som kontroversielle. Vi vil gjerne at du skal kunne svare på påstandar som andre kjelder vi har prata med har kome med, slik at det ikkje blir ei skeiv framstilling av saka.»

Bladstyraren gjorde seg då straks det atterhaldet at all bruk av bilete fekk ein koma attende til etter at han hadde fått sett den endelege reportasjen. Endå um det byrja verta klårt kva som var i gjære, valde bladstyraren å svara på seks nye spursmål som vart tilsende på e-post. Desse spursmåli skulde vera bladstyraren sitt høve til å imøtegå ymse slags påstand frå andre kjeldor, og soleides hindra at det vart ei skeiv framstelling, vart det fortalt. Sitatsjekk vart lova.

Målmannen-redaktøren svara etter beste evna på dei seks tilsende spursmåli, men etter at svari vart sende tok saki dagen etter endå ei ny vending i det familien til bladstyraren vart kontakta for å verta åtvara mot at det neste dag skulde koma eit uppslag i Næravisa i Volda. Dette nyhendet kom mildt sagt til stor undring for bladstyraren, som på dette tidspunktet enno både venta på den sitatsjekken som Anita Grønningsæter Digernes hadde lova honom og på ei avklåring av kva det var for slags bilete dei eventuelt vilde bruka. Bladstyraren freista kontakta Digernes på e-post og spyrja um kva som var på gang, men Digernes vilde no ikkje lenger svara på e-post. Bladstyraren ringde dinæst til Næravisa for å få tak i Anita Grønningsæter Digernes, men vart fortald at Digernes ikkje var tilgjengeleg. Dei skulde kor som er freista få tak i Digernes og få henne til å ringja upp att bladstyraren.

Anita Grønningsæter Digernes tok aldri kontakt, og då klokka hadde passert ni um kvelden, kunde ikkje bladstyraren lenger lata saki venta. Han reiste personlegt ned til Høgskulen i Volda og fekk spurt seg fram til Næravisa sitt redaksjonslokale. Her møtte bladstyraren på Sigrid Skjerdal, den andre av dei tvo journalistane som arbeidde med saki. Sigrid Skjerdal var synlegt yverraska yver at bladstyraren var i Volda og ikkje i utlandet.

Bladstyraren gjorde det klårt for Sigrid Skjerdal at han tykte det var underleg åtferd å  taka kontakt med familien for å varsla um at saki kom neste dag – medan bladstyraren sjølv ikkje fekk noko varsel um dette. Sigrid Skjerdal freista argumentera juridisk med at bladstyraren ikkje hadde nokon rett til å få vita dette, medan bladstyraren på si sida poengterte at han heile vegen hadde freista vera tillitsfull og open andsynes henne, og tykte lite um å verta avskoren på denne måten.

Bladstyraren bad so um å få sjå kva som skulde koma til å verta uppslaget neste dag. Sigrid Skjerdal svara at det hadde bladstyraren ingen rett til å få sjå. Ho slo dimeir fast at grunnen til at bladstyraren ikkje skulde få sjå det endelege resultatet var at dei var redde for bladstyraren sin reaksjon!

Bladstyraren gav seg ikkje, og det enda med at vakthavande journalist gjekk inn i diskusjonen og skar gjenom med at bladstyraren måtte få lov til å sjå kva som neste dag skulde stå på prent…

Me kann soleides no slå fast at det uppslaget som er vorte prenta i Næravisa stend i krass kontrast til den tillitsfulle og samarbeidsviljuge måten Målmannen-redaksjonen hev valt å møta Anita Grønningsæter Digernes og Sigrid Skjerdal med – og det jamvel um det heile tidi låg i lufti at her var det «avslørande» gravejournalistikk mot eit lite og idealistisk tidskrift som var i gjære.

Uppslaget, som alt med eit stort framsideuppslag set tonen, er ikkje anna enn ein freistnad på karaktermord av bladstyraren. Uppslaget er fylt til randi av udokumenterte påstand, krydra med alle dei mest pårøynande nemningane som ein kann nytta i det politiske klimaet som rår i Noreg i dag. Journalisten hev jamvel hyra inn «ekspertkommentatorar» av det slaget som hev gjort det til ein karriere å utdefinera og døma alternative politiske prosjekt nord og ned. Heile vegen vert det dynga på med påstand som bladstyraren ikkje hev fenge høve til å imøtekoma – eller endå verre: I den grad bladstyraren fekk høve til å imøtekoma påstandi som vart sette fram, til dømes um at minnemarkeringi i Magdeburg var ein «nazi-marsj», so hev redaksjonen valt å ikkje setja bladstyraren si attendevising av dette på prent.

Då bladstyraren spurde Sigrid Skjerdal um kvifor ho hadde lagt inn eit stort fotografi frå minnemarkeringi i Magdeburg, teke or Målmannen sine netsidor, men utan å ha fenge stadfesting frå bladstyraren på at dette var lov, so fekk bladstyraren til svar at dette trong ho ikkje noko løyve til. Desse bileti er etter hennar syn for «faksimilie» å rekna, og difor lovlege å stela frå Målmannen utan vederlag, meinte ho. Ei sovori tolking er kor som er stikk i strid med åndsverklovi sin paragraf 23a som for faksimilie slær fast at «[d]ette gjelder likevel ikke verk som er skapt med henblikk på gjengivelse i aviser, tidsskrifter eller kringkasting.» Målmannen hadde teke bilætet frå Magdeburg i samband med eigne nyhendereportasjar, og Næravisa hev ingen rett til å stela desse av di dei sjølve ikkje hev høvelege foto frå den same hendingi.

Bladstyraren konfronterte redaksjonen med ei rad med mistilhøve med den publiserte artikkelen – både openberre faktafeil og ei rad med brot på Vær Varsom-plakaten, men kom ikkje lenger enn at vakthavande journalist meinte at um det som bladstyraren sa var sant, so fekk dei helder koma med ei “orsaking” for det heile i ettertid, for no vart det stengetid i redaksjonen (!) og under alle umstende for seint å gjera endringar i artikkelen.

Me legg nedanfor ut det skriftlege svaret vårt til dei seks spursmåli som me fekk tilsendt frå Anita Grønningsæter Digernes. So kann kvar og ein sjølv gjera seg upp si meining um kor mykje av dette som vart att i det fullstendig tilrengde og notorisk uetterrettelege uppslaget som Næravisa fekk seg til å leggja ut.

Både resultatet og måten uppslaget vart til på stadfester meir enn noko anna det som me hev meint um norske media. Når Målmannen som einaste norske media møtte fram i Magdeburg og konstaterte at minnemarsjen der var ei fredeleg og verdig markering, og ikkje den høgreekstreme manifestasjonen som dei er vortne stempla for, so er takken for denne saksupplysningi inkje anna enn at «Målmannen var på høgreekstrem marsj». Slik er det i Noreg i dag. Ein må berre ikkje koma og hævda røyndomen er ein annan enn den upplesne og vedtekne.  Difor var det at Målmannen trongst og difor er det at Målmannen framleis trengst som eit korrektiv.

Dette var svari som me i går sende til spursmåli frå Anita Grønningsæter Digernes:

1. Vi ser at du deltok på ein marsj i Magdeburg i februar i år. Norske aviser kallar dette for ein «nazimarsj». Kva tykkjer du om denne framstellinga?

Marsjen var i januar og ikkje i februar, men ok, det reknar eg med at de rettar…

Fyrst og fremst so tykkjer eg det er trist um me ikkje er komne lenger i dag enn at ein skal verta skulda for ”nazisme” berre av di ein vil gjeva til kjenne at terrorbombingi av byar som Magdeburg, Hamburg, Heilbronn, Darmstadt og Dresden faktisk var ei misgjerning og ein udåd.  Desse åtaki vart sette i verk for å drepa flest moglegt sivile: Fyrst vart eksplosivar sleppte ned for å blåsa taksteinen av hustaki. Dinæst vart brannbombor sleppte ned i eit mynster som skapte valdelege brannstormar. Lufttemperaturen kunde nå heile 2000 grader, og menneske som hadde søkt tilflukt i kjellarane for å sleppa undan varmen ute på gata vart anten koka livande eller døydde når dei brennande husi rasa i hovudet på dei. I Darmstadt ligg meir enn 12.000 menneske i ei massegrav etter brannatti den 11. september 1944, men i sentrum av byen finst det ikkje eit einaste minnesmerke å snakka um. Likeins er det med Magdeburg den 16. januar og Dresden den 13. februar 1945: I Magdeburg miste titusundtals menneske livet, i Dresden veit ingen kor mange som døydde, men seriøse historikarar hev kome med tal som gjeng heilt frå 20.000 til 250.000. Same kor mange som døydde, so var den målrette og totale øydeleggjingi av desse byane for krigsbrotsverk å rekna, noko som vert stadfest av moderne historikarar som til dømes Anthony Beevor (sjå ogso vår eigen artikkel her).

Terrorbombingi av tyske byar berre var elles byrjingi på ein serie med allierte brotsverk som ikkje tok slutt etter den 8. mai 1945. Tvert imot, under alliert okkupasjon skulde millionar av tyskarar lata livet som resultat av fordriving, valdtekt, mord og tortur (denne sida av den tyske etterkrigssoga byrjar ein so smått å setja ljoskastarane på i våre dagar, millom anna i filmen ”Vier Tage in Mai” frå 2011).

I Magdeburg og Dresden vert offeri for dette massemordet minte med ein eigen minnemarsj. Dei norske avisone som de viser til, og som freistar stempla marsjen i Magdeburg som ein ”nazi-marsj”, hev det sams at ingen av dei hev havt eigne korrespondentar til stades på markeringi.  Målmannen var som einaste norske media til stades på minnemarsjen, me hev kunna gjera oss upp vår eigi meining, og me kann avkrefta at det var nokon ”nazi-marsj”. Det var ei roleg og verdig markering som verkelegt heidra minnet åt dei uskuldige offeri for bombingi. Dei tyske ungdomane som var frammøtte til demonstrasjonen var i det heile ein heilt annan gjeng enn den som media til vanlegt freistar karikera dei som.

Dei einaste som tedde seg uverdig var motdemonstrantar frå det vinstreautonome spekteret. Desse gjekk til valdelegt åtak på politiet då desse freista skilja dei tvo gruppone frå kvarandre, men takk vere god politinnsats var det berre èin einaste gong at dei kom so nær minnemarsjen at dei makta kasta stein inn i folkemengdi.. (dette åtaket førde til at ein av marsjdeltakarane vart lettare skadd).

Norske media burde gjera som oss: sjølve møta upp og dekkja kva som skjer, framfor å kolportera ubalansert informasjon frå kjeldor som gjerne hev sin eigen politiske agenda.

2. Om Magdeburg skriv du på Målmannen sin blogg: «Norske tilreisande frå krinsen kring bladet Målmannen var til stades». Kven er dette?

Det var redaktøren for Målmannen saman med ymse andre privatpersonar som tingar bladet Målmannen.

3. På Festival Boreal i Ungarn i fjor sommar, held du eit innlegg om situasjonen i Noreg. Kva snakka du om då?

Eg fortalde millom anna um korleis den oljesmurde økonomien vår hev gjort Noreg til eit materialistisk konsumentsamfund – der bandi til naturen og kulturen vår er vortne brotne.  Me nordmennene hev ein uvurderlegt rik kulturarv, men interessa for den norrøne kulturen og det nedervde norske målet er pr i dag so godt som lik null.  For tusund år sidan skreiv forfedrane våre verdslitteratur som ikkje stod attende for noko korkje fyrr eller sidan, og det er noko som er gale når interessa for å læra det målet som denne litteraturen vart skriven på meir eller mindre hev visna burt her til lands. I Tyskland og Frankrike kjem Eddaen og dei islendske ættesogene ut i eigne umsetjingar og i stødt nye upplag, medan dei norrøne bokverki i Noreg er noko som serskilt interesserte lyt leita etter på antikvariat.

Eg fortalde vidare um korleis norske styresmakter er vortne dei flinkaste i klassen når det kjem til EU-tilpassing, og at stødt meir makt vert flutt yver til byråkratane i Brüssel. Og det jamvel um meiningsmælingar syner at det norske folket aldri hev vore so EU-kritisk som i dag.

Eg fortalde dessutan um ytringsfridomens tronge kår i Noreg, der folk som kjem med meiningar og ytringar som gjeng på tvers med den rådande nyliberale doktrinen vert støytte ut i kulden…

4. Vi ser at Målmannen har fått eit større politisk innhald dei siste 5 åra. Kvifor denne utviklinga?

Noreg er eit konsensussamfund, og det norske offentlege ordskiftet er merkt av dette: Keidsamt og sjølvrefererande. I dei fleste radio- og TV-ordskifte er det dei same personane som møter fram og talar med seg sjølve. Likeins er det i målrørsla, som er merkt av stillstand og vanetenkjing.

Me ser det difor som eit poeng i seg sjølv å lyfta fram alternative røyster.  Skal nynorsken få ein ny framskuv, so må målfolk byrja tenkja nytt.  Skal ein få rista liv i tenkjingi til sovande målfolk, so trengst det radikale impulsar utanfrå. Me hev difor vendt blikket mot Europa, og freista taka fyre oss alternative politiske og kulturelle rørslor av ymist slag, både til høgre og til vinstre. Me hev vore til stades på alt frå Occupy Frankfurt i Tyskland til sumaruniversitetet åt kulturrørsla Terra Insubre i Nord-Italia. Me hev teke fyre oss alternativ musikk som til dømes hardkjernerock og og svartmetall.

Me vil taka fyre oss saker og ovringar som norske media ikkje dreg fram – i alle fall hev ikkje norske media makta draga dei fram på ein nøytral og etterretteleg måte. Um ikkje norske media er i stand til å vera til stades og gjeva seriøs informasjon um interessante og alternative politiske rørslor ute i Europa, so skal me gjera det.

Den norske konsensuskulturen, med ”bygdedyret” vel so livande i Akersgata som i Utgrend, er millom dei sidone ved ”Annerledeslandet” som snarare gjer det til eit Bakvendtland. Anten det sviv seg um målstrid, EU-strid eller karikaturstrid: Langvarande spaningar vert ikkje tolde, kvar gong det byggjer seg upp til ein styrkeprøve, so skal den norske husfreden sikrast med eit dvaskt kompromiss.

Då er det forfriskande å sjå korleis folk i land som Ungarn og Polen hev makta stabla rettelegt alternative politiske og kulturelle rørslor på føtene. Målmannen hev vore til stades på den ungarske kulturfestivalen Magyar Sziget med meir enn 10.000 aktive ungdomar – og på den polske sjølvstendemarsjen den 11. november i Warszawa, der meir enn 50.000 menneske demonstrerte for eit sjølvstendig Polen tufta på tradisjonelle verdiar. Her fær ein sjå at folket ikkje berre nøgjer seg med å røysta kvart fjorde år, men tek til gatone der dei verkelegt kann gjera røysti si høyrd – og der det finst store subkulturar som i dagleglivet vel å lata liv og læra gå hand i hand, både med sosiale og kunstnariske aktivitetar.

Eg hev sett det som mi uppgåva å lyfta fram desse alternative røystene, og presentera dei ut frå ei ærleg og sanningssøkjande tilnærming (jamvel um me sumtid kunde ha skilt betre millom reportasje og kommentar). Me hev faktisk gjort jobben som norske media sjølve skulde ha  gjort. Det burde me få heider for, og ikkje ”avslørande” gravejournalistikk, slik som det tydelegvis er upplegget dykkar ;-).

5. I eine utgåva av Målmannen i fjor, ser vi eit bilete av deg og Roberto Fiore. Kva meiner du om hans politiske engasjement?

Roberto Fiore er tidlegare EU-parlamentarikar med ein lang og til tider kontroversiell politisk karriere. Han er millom grunnleggjarane av Terza Posizione, som var ein slags freistnad på å finna ein tridje politisk veg, på tvers av den tradisjonelle høgre-vinstre-aksen. Same kva ein skulde meina um Fiore, so var det sers interessant å få møta denne mannen som er sentral innanfor det politiske spekteret som italienarane kallar for ”destra sociale” (”det sosiale høgre”).

Eg møtte Roberto Fiore på Festival Boreal i Ungarn, der han heldt eit lærerikt og interessant innlegg um korleis EU-byråkratane samlar meir og meir makt i eigne hender, på kostnad av nasjonalstatane, og la fram alternative strategiar for korleis ein kunde møta dette trugsmålet.

6. Ifølgje vår kjelde er det villeiande å beskrive Festival Boreal i Ungarn som ein kulturfestival, sidan mange av organisasjonane som deltek har røter i fascistiske tradisjonar (som til dømes Forza Nuova, Voorpost og Nordisk Ungdom). Har du noko du vil seie til dette?

Den årlege, vikelange festivalen Magyar Sziget, som dei tri fyrste dagane gjeng under namnet Festival Boreal, samlar meir enn 10.000 ungdomar, både ungarar og europeisk ungdom elles.  Under den vika som festivalen gjeng fyre seg er det musikalsk program, det er sportslegt program, det er millomalderspel, det er reenactment-gruppor, det er utflukter til avsidesliggjande stader, det er ordskifte kring kultur og politikk det er teltliv og god stemning – kort sagt alt det som ein god kulturfestival skal ha. Målmannen hev som einaste norske media vore til stades på denne festivalen, og me hev kunna gjera oss upp ei sjølvstendig meining um det som hender der. Eg veit ikkje kven dykkar kjelde er, men eg hev lite til yvers for folk som frå sin høge hest i Noreg freistar uppkasta seg sjølve til politiske smaksdomarar.  Um nokon vil diskvalifisera Festival Boreal som kulturfestival berre av di festivalen hev gjester som dei ikkje likar, og som dei fullstendig urettkome freistar stempla og utdefinera som ”fascistar”, so er ikkje det noko ein kann taka seriøst.

Når det gjeld det siste spursmålet dykkar um Festival Boreal, so vilde eg elles berre få sagt at eg tykkjer altfor mange norske kulturjournalistar einast dekkjer tilskipingar og festivalar som alt er dekte av andre norske journalistar. Dimed fær ein berre meir av det same og altfor lite mangfelde i journalistikken. At me dekkjer ein festival i Ungarn er døme på at me freistar gjeva folk eit alternativt utsyn.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme, ytringsfridom. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ein medieskandale

  1. Breidablikk seier:

    Leste om denne saken på frieord.no, og fant tilbake til denne saken. Bare kort: uttrykt støtte her til Målmannen og saken. Måtte han ikke la seg påvirke av slike grovheter!

    • maalmannen seier:

      Takk for studnaden, Breidablikk 🙂

      Ja, det var ei rimeleg vill sak det der, men me greidde å slå attende og koma oss upp att i kneståande. Næravisa vart felt i det pressefaglege utvalet (PFU) og ingen andre media hev våga seg med liknande uppslag mot oss sidan. Det er det visselegt helder ikkje noko grunnlag for.

      Motmennene våre er soleides attende på det nivået der dei var fyre denne saki kom upp. Det heiter: Bakvasking og spreiding av lygner og lause påstandar på useriøse bloggar som til dømes Radikal Portal. Og kven er dei som bryr seg med å høyra på slikt? Ikkje dei som me i Målmannen-redaksjonen ynskjer å vinna som tingarar. Derimot er det stødt fleire uppegåande og sanningssøkjande menneske som kjem til oss og vil verta tingarar og stydjespelarar. Ein kamp som ikkje møter motstand er ingen kamp!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s