Tankar på kvinnedagen

På denne dagen, kvinnedagen, kann me taka oss tid til å setja pris på alle dei kvinnone i livi våre som hev hjelpt, studd, rettleidd, uppseda og fødd oss. Me kann dessutan taka oss tid til å tenkja på korleis samfundet ser på kvinnor og korleis det er å vera kvinne i dag – og jamvel tenkja litt kritisk på nett det.

Framigjenom hev kvinnor vore sentrale i det å uppseda born. Sidan det er kvinnone som føder borni, hev dei alt frå byrjingi av havt eit serskilt nært samband til deim. Jamvel i desse moderne tidene hev dette aspektet endra seg lite, men no er det venta at dei både skal taka seg av hushaldet og samstundes vera i fullt arbeid, og det jamvel i leidarrollor. Um ikkje so er dei etter den feministiske læra for svikarar å rekna.

V-8

I gamle dagar vart det venta at kvinnor var heime for å laga mat, halda orden i huset og taka seg av borni. I våre dagar skal kvinnone helst vera i fullt arbeid – og det attåt alle desse arbeidsuppgåvone som dei hev frå fyrr av. Kvinnone er vortne frigjorde, vert det sagt – endå det einaste som hev endra seg er at dei lyt taka seg av alt det som mennene tidlegare var åleine um å taka seg av. Kvinnor hev i røyndi ikkje det heilt store valet: anten kann dei velja eit einsamt singelliv som er avgrensa til arbeid og materielle “gledjor”slik som innkjøp (“shopping”), eller dei må kasta seg inn i eit hektisk tilvære med både hushald og fullt arbeid på same tid.

Dei fåe husmødrene som eg kjenner, dei vert gjorde narr av, og det berre av di dei vel å setja huslyden sin fyrst. Det er ikkje so mange som kann taka seg råd til slikt – dei fleste huslydane no um dagen er ikkje i stand til å liva på berre èi inntekt. Kor som er, dei som vel å vera heime vert skulda for å ha svike kvinnesaki. Det hjelper ikkje at dei faktisk trivst med å vera heime, at dei trivst med å stø upp um familien sin og syta for at det alltid er nokon til stades i heimen – til dømes når eit barn er sjukt eller når mannen treng moralsk støtte.

Husmori kann laga god og sunn mat utan å vera stressa med at ho snart lyt på arbeid, og ho kann dessutan driva med husflid og andre tradisjonelle fritidsinteressor som ei yrkesaktiv kvinna ikkje hev tid til. På denne måten er husmori “fri” på ein måte som den sokalla “moderne” kvinna ikkje kann vera. For den moderne kvinna er bundi til arbeidstider, bundi til arbeidsuppgåvor utan for heimen. Ho er bundi til sjefen sin meir enn ho er til mannen sin, for det er sjefen som tryggjar henne materielt og som gjev henne økonomisk stabilitet.

Sant nok, sume kvinnor stortrivst med yrkeslivet sitt, og dei kann verkelegt koma langt med det som dei held på med. Dei må få lov til å halda fram med det. Men på same måten må ei kvinna som fyrst og fremst kjenner seg kalla til å vera heime få lov til å verta verande heime. Både moralsk og økonomisk burde ein leggja betre til rettes for dette enn det som det moderne vestlege samfundet gjer i dag.

So på denne dagen, kvinnedagen, so burde kvar ei kvinna taka seg tid til å sjå inn i hjarta sitt og sjå etter kva det er ho verkelegt vil. Fyrst då er ho fri – fri til å fylgja kallet frå naturen og tradisjonen, um ho ynskjer det.

Megan Leo

Advertisements
Dette innlegget vart posta under kvinnor og huslyd. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Tankar på kvinnedagen

  1. Ingmar Castell seier:

    Miok bra/ Mykket bra!
    Eg takkar dig för det Megan L

  2. Leeeeeif kamerat seier:

    Veldig bra mega!

  3. Grim seier:

    Teksten minner meg om en video av Alain Soral hvor han snakker om akkurat det samme: https://www.youtube.com/watch?v=Do5zrdTb-yI

  4. Ekvalismus seier:

    Veldig bra post. Ta en titt på Facebook gruppen Ekvalisme. Det er et likestillingsforum som prøver å lage en egalitær likesstillingsbevegelse. Det er hele speteret fra radikale feminister til antifeminister med i gruppen. Det hadde vært bra å ha deg med i dikusjonene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s