Daniel Siefert (25): Eit varsku eller berre endå eit tal i statistikken?

Daniel Siefert frå Bremen vart berre 25 år…

daniel_1

Det var fyrre laurdagskvelden at 25 år gamle Daniel skulde ut på diskotek saman med nokre kameratar. Dei ringde etter ein maxi-taxi for å koma fram til diskoteket. Då taxien kom, inviterte dei der og då seks tyrkiskætta ungdomar med på taxien. Det kunde vera ein greid måte å spara pengar på, tenkte dei.

Umbord på minibussen byrja dei tyrkiske ungdomane å skapa seg. Stemningi vart ilter. Tyrkarane tok fram mobiltelefonane sine og byrja ringja rundt etter «forsterkingar». Daniel og venene hans freista roa ned situasjonen, men til liten nytte. Då minibussen stogga på ein busshaldeplass 200 meter framfor diskoteket, venta ei stor gruppa tyrkiske ungdomar. Daniel ynskte å mekla, og han gjekk som den fyrste ut or bussen…

Daniel vart møtt med slag og spark. Han vart smelt inn i bussen, og dinæst skuva med hovudet fyrst ned i asfalten. Medan han låg nede, vart han trampa og sparka laus på. Då sjukebilen kom, var han alt for klinisk død å rekna.

Etter nokre dagar i koma, kunde lækjarane konstatera at heilen hans var øydelagd. Torsdag kveld slo lækjarane av det livsforlengjande utstyret. Mor hans sat ved sida hans, då han natt til fredag drog sine siste andedrag…

daniel_2

Daniel døydde av di han valde å vera tillitsfull, fyrst når han og venene hans valde å taka framande med seg på bussen, og sidan når han valde å gå ut for å løysa upp i flokane med dialog – medan motparten alt hadde ringt etter forsterkingar.

Daniel kom frå små kår. Faren såg han lite til. Mor hans strevde for å få endane til å møtast, for å gjeva Daniel og dei fire yngre brørne hans ein godt liv. No undrast ho på korleis ho skal ha råd til gravferdi…

Fylgjone det fekk for gjerningsmennene? Fem personar hamna fyrst i varetekt, men alle utanum èin er alt sleppte ut att berre nokre dagar seinare.

Reaksjon frå politikarane? Sjefredaktøren for det tyske ungdomsmagasinet «Blaue Narzisse» ringde til innanriksminister i Niedersachsen, Boris Pistorius, og spurde um han ynskte å gjeva til kjenne si medkjensla med huslyden til Daniel. Svaret var negativt: «Det er so mange slike saker…»

Men no er folk både sinte og triste. På sosiale medium gjeng ordskiftet, og snart dukkar eit Facebook-event upp: Minnemarkering for Daniel på laurdag klokka 15, ved busshaldeplassen framfor jarnbanestasjonen i Kirchweyhe, staden der Daniel vart slegen og sparka i hel. Der skal folk kveikja ljos, leggja ned blomar og halda eitt minutts stille for Daniel – og gjeva til kjenne at dei ikkje godtek den meiningslause valden. Dei som ikkje hev høve til å møte fram, vert bedne um å sjølve setja av eit minutt til å kveikja eit ljos og minnast Daniel.

Torsdag ettermiddag hev det nemnde Facebook-eventet fenge 900 påmelde. Ved midnattstid hev dei passert 1000. Fredag morgon tel dei meir enn 1200 personar. Og fredag ettermiddag? Då er heile Facebook-hendingi burte. Etter press frå ordensmakti er heile hendingi sletta. Borgarmeisteren i Kirchweyhe hev lagt ned forbod mot minnemarkeringi. I staden skal det haldast det dei kallar «Runden Tisch gegen Rechts»…

daniel_3

Det er tid for å spyrja seg kva slags samfund det er me liver i.

PS. Mordet på Daniel Siefert er ei sak som hev vore på fyrstesidone i tyske avisor som Bild og Die Welt, men som norske media ikkje hev teke seg bryet med å vidareformidla.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under innvandring. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Daniel Siefert (25): Eit varsku eller berre endå eit tal i statistikken?

  1. isnord seier:

    takk for artikkel
    bra dere bryr dere!

  2. okkvltvr seier:

    «Det er tid for å spyrja seg kva slags samfund det er me liver i.»

    Ja, det er på høy tid…

    Mange av svarene på Vestens vedvarende malaise — som blant annet gir opphav til eliter agerende som fiender av sitt eget folk — er å finne i det kulturpessimistiske verket «Selvmordsparadigmet» av O. J. Anfindsen, som er et fyldig essay spekket med referanser.

    Herved anbefalt for alle konservative i ordets rette (konserverende) forstand. Har dette verket blitt anmeldt hos Målmannen tidligere?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s