Ei krigslysing frå den identitære ættleden

Denne teksti er framfor alt gjord kjend med det videoklippet som vart laga serskilt for å få bodskapen ut. Både ordi, rytmen og andleti åt dei unge medhaldsmennene hev hugteke folk yver heile Europa (sjå elles vår eigen bakgrunnsartikkel um dei identitære).

Videoen er vorten synt meir enn 100.000 gonger i den upphavlege utgåva, og spontane umsetjingar hev kome ut i heile 12 ulike tungemål. Det syner at det er ein heil ættled av unge europearar som kjenner seg sjølve att i det som vert fortalt.

identitaer2

Me er den identitære ættleden.

Me er ættleden åt dei som døyr for å ha kasta eit blikk til sides, for å ha nekta gjeva burt ein sigarett, eller for å ha gjenge kledd på ein måte som ikkje fall i smak.

Me er den ættleden som ser at samfundet kløyver seg upp  etter etniske skiljelinor, der det ikkje er råd å liva saman lenger, men der den etniske uppblandingi er noko som skal tvingast på oss.

Me er den ættleden som vert dubbelt straffa: Dømde til å leggja ut store summar for å berga eit sosialt system som gjer alt for å ta seg av alle andre, men berre med eit minstemål av umtanke for våre eigne.

Me er den ættleden som er vorten offer for 68-generasjonen. Desse som låst som um dei vilja frigjera oss frå vikti åt tradisjonane, frå kunnskapen, frå autoriteten åt skulesystemet, men som fyrst og fremst hev frigjort seg sjølve frå det som dei hadde andsvaret for.

Me hev lagt frå oss historiebøkene dykkar for å leita fram att vårt eige minne. Me hev slutta å tru på at Kader kunde vera bror vår, jordkloten landsbyen vår og manneætti huslyden vår. Me hev uppdaga at me hadde røter, forfedrar, og soleides ei framtid.

Den einaste arven vår, det er landet vårt, blodet vårt,  identiteten vår. Me er arvtakarane åt lagnaden vår.

Me hev slege av fjernsynet for å gå ned att på gata. Me hev måla slagordi våre på veggane, ropa ”ungdomen til makti” med ropertane våre, heist lambda-fana høgt. Den same lambdaen som pryda skjoldi åt dei store spartanarane, det er merket vårt. De skynar ikkje kva dette merket fortel? Det fortel at me dreg oss ikkje attende, me orsakar oss ikkje. Feigingane hev alt stokke av frå oss, difor let me ikkje eit einaste slag få gå frå oss, me styrer ikkje undan ei einaste utmaning.

De er dei 30 feite åri (1945-1973), dei tenestepensjonerte, SOS Rasisme, de er dei som målber ”mangfeldet”,  familieinnvandringi, den seksuell revolusjonen og rissekkane hans Bernard Couchner (fransk helseminister under hungersnaudi i Somalia hausten 1992). Me er dei 25 prosent arbeidslause, den sosiale skuldi, den multikulturelle eksplosjonen, rasismen mot kvite,  dei uppkløvyde huslydane, og unge franske soldatar som døyr i Afghanistan.

De fær ikkje taket på oss med eit nedlatande blikk, med arbeidsmarknadsåtgjerder for ungdom eller med eit klapp på skuldri: For oss er livet ein kamp.

Me treng ikkje ungdomspolitikken dykkar. Ungdomen er politikken vår.

Tak ikkje i miss: Denne teksti er ikkje eit simpelt manifest, det er ei krigslysing.

Me er morgondagen, de er gårsdagen. Me er den heimstadtrugne, identitære ættleden.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s