Wardruna på Chillon Slott

«Eg såg og eg tydde,
då soli snudde.
Jarteikn for fe og heim.»

Slik lyder dei fyrste linone frå Jara, ein av Wardruna sine låtar frå debutplata Runaljod – Gap Var Ginnunga: ingi strofa kunde klæda betre det som gjekk fyre seg14. mars på Chillon-slottet (Sveits, i nærleik av Montreux). Berre ei vika fyre vårjamdøger – medan snjoen framleides datt, men der lufti byrja å anga sumar – baud Wardruna oss inn på ei makelaus uppliving.

wardruna_3

Wardruna er Noreg sitt leidande musikalsk prosjekt når det kjem til til folkemusikk og etnomusikk; røtene åt bandet gjeng djupt inne i gamalt nordisk spiritualitet, der runone i den eldre futharken spelar den viktugaste rolla. Mannen som stend attum heile tiltaket er honom Einar «Kvtirafn» Selvik, alt kjend for å hava vori trommeslagar i den norske svartmetallgruppa Gorgoroth frå 2000 til 2004. I 2003 skipa han Wardruna-prosjektet i Bergen i lag med Lyndy Fay Hella og Kristian «Gaahl» Espedal (tidlegare vokalist i Gorgoroth og velkjend i Noreg og utanlands som ein av svartmetall-miljøet sine hovudmedlemmar). Dei byrja arbeida med runone og med dei aller fyrste musikkstykki. Målet åt dei tri var framfyrr alt å finna att «det kultiske musikkspråket som fanst i den nesten gløymde galdre- og seidkunsten og i kvardagen sitt kultisk liv, mengde med tilskuvar frå norsk/nordisk folkemusikk og musikk hjå andre urfolk», for å segja det med Selvik sine eigne ord. Dei lenge venta utfalli kom endelegt i 2009 med Gap Var Ginnunga, fyrste part av den framifrå Runaljod-trilogien – som til endes kjem til å dekkja alle 24 runor i den eldre futharken og taka fyre seg håttane deira. I 2009 feira Wardruna plata si med ein sereigen konsert (deira aller fyrste) på Vikingskiphuset i Oslo og på 14. mars i år gjorde bandet det same på Chillon-slottet i tilhøve av platesleppet med Runaljod – Yggdrasil. Dette er den andre plata i Runaljod-rekkja, som kom ut på 15. mars i Noreg og som kjem den 25. i resten av Europa.

wardruna_4

Det var ikkje so mykje eg kunde fyrestella meg um «Gjallarhorn concert», namnet Wardruna rådde seg til å gjeva denne eineståande hendingi. Eg ovundrar verket åt denne gruppa som eg er vorten godt kjend med. Kor som er, denne gongen var berre staden dei hadde valt å halda konserten på meir enn nok til å skapa ovstore ventnader: Eit millomalderskt slott retta ut mot Gernfersjøen, veldugt og traust mot bylgjone, som millom anna var inspirasjonskjelde for The prisoner of Chillon, diktet hans Lord George Byron. Då soli byrja ganga ned attum dei sveitsiske og franske Alpane i vest, fekk me endelegt koma inn i dei gamle og mektige murane frå 1100-talet, som atter klang av fotstigi åt um lag tvo hundrad menneske. Brulagde gangar leidde oss under steinbogar og gjenom tredører fram til ein gamal rådssal med nisjetak og svartkvite vegger, der speltilet alt hadde vorte fyrebudd attåt ein veldug peis. Me måtte venta endå litt meir, men i det dei siste solstrålane slokna bak fjelli burtanum sjøen og myrkret fall på slottet, dukka musikarane umsider upp frå ei liti gamal tredør. Ljodlaust tok kvar ein sin plass og med eitt vart det heilt klårt kvifor dei hadde nemnd hendingi upp etter det mytiske hornet hans Heimdall: fram på scena stod dei tri upphavlege prosjektgrunnleggjarane, men i staden for dei vanlege tvo medarbeidarane på trumbor og fela var det denne heile seks musikarar til stades – med ymse tradisjonelle musikksinstrumentar både frå Norden og Alpane, av desse eit sveitsisk alpenhorn og tri norske neverlurar. Einar Selvik på tagelharpa og kraviklyra lét augo fara litt i rommet som spyrjande høge maktar um inngjevnad, so nikka langsamt til dei andre på scena og «Gjallarhorn» byrja.

wardruna_2

Songar og tonar fylgde etter einannan utan stogg, det vart spela låtar frå båe platone – og dessutan nokre til dessar ukjende stykkje for alpenhorn og lur, stykkje som vart komponerte serskilt for dette høvet. Det kjappe tempoet, urkrafti åt musikken, tekstane på norsk, islandsk og gamalnorsk som berre fåe kunde skyna, dei mektige og primitive trommeslagi som djupt slo inn i tilskodarane deira bryst, namni åt dei gamle runone som vart sunge av alle i salen… Alt dette gjorde «Gjallarhorn» ikkje berre til ein sereigen konsert, men jamvel til ei av av dei sterkaste åndelege upplivingane nokosinne. Me kann godt segja at Wardruna fortel oss som ei røyst frå vår gløymde fortid um den tidi då europearane var eitt folk, byrgt og vyrdsamt yver landet sitt og med natur, frendar og vener. Og di lenger ein stod og lytta på «Gjallarhorn», di kraftigare og meir mangslunge vart denne røysti, som eit kor av eldgamle skandinaviske og alpine atterljomar botne saman i ein sams europeisk kulturarv. Denne arven er det som Wardruna-prosjektet vil verna um og fremja. Einar Selvik tala klårt um dette på Chillon med: «Tusen takk alle saman, denne kvelden kjem no til å enda med Helvegen, ein ny song for å heidra dei som kom fyre oss», det er dei einaste ordi som vart sagde under heile konserten. Dinæst kom songen, med Gaahl som i slutten minte oss um den arven me ber på med tvo av dei mest kjende strofone frå Hávamál:

wardruna_1

«Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet om deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr:
dom um daudan kvar.»

Samuele M.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under musikk, mytologi og esoterikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s