Ivar Aasen – eit 200-årsminne

 «Det går mangt eit menneske
og ser seg fritt ikring
for Ivar Aasens skuld».

Olav_Rusti-Ivar_Aasen

Ordi ovanfor vart ytra av Tarjei Vesass. I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er grunn til å sjå seg attende og tenkja yver kva Aasen fekk til og korleis ein kann skoda attende yver arbeidet hans i dag.
I dag er kulturen vår mykje merkt av at folk tenkjer på engelsk i tilknyting til ulike leveformer. På Aasens tid var vel engelsk lite kjend.
Det som derimot var kjent var det danske riksmålet, og det var mykje merkt av den tyske skrivestilen. Tysk var eit mål som vart nytta ved det danske hoffet heilt til slutten av 1700-talet.
I byrjingi av 1800-talet skapte folk sine eigne språklege bilete av di talemålet var det målet som dei fleste hadde tilgang til. Fåe dreiv mykje med lesing og skriving fyre etter 1850-talet.

Stoda i dag: Norskdansk og anglonorsk
Ei etterrøkjing um anglonorsk syner at dei fleste unge er likesæle til bruk av anglonorsk. I dag er den engelske påverknaden på språkbruken vår sterk, so sterk at mange kannhenda ikkje ein gong idest å bry seg. Dei unge meiner at engelsk er kulare, tøffare og finare. Dei meiner at vanen er med på å avgjera at det er slik.
Det me vel kann slå fast er at språkhuglaget millom unge vert prega av at den amerikanske medieindustrien er sers sterk. Han når fram til dei unge gjenom dataspel, databruk reint ålment og gjenom film og fjernsyn.
Det er ikkje so mange som les mykje på nynorsk i dag. Haldningane til målet vert påverka av kor mykje ein ser det, høyrer det og brukar det.
Handfaste språkmøte i kvardagen vert prega av at nordmenn kopierar amerikanske fjernsynsseriar.  Titlar som Farmen, Big Brother, Idol og liknande kjem rett inn i kvardagsmålet til folk. Det treng ikkje å ha so mykje å segja i seg sjølv, men det er vel ofte slik at fjernsynsseriar som gjeng på engelsk og vert teksta på norsk etterkvart  endar upp med å verta upplæring i å tenkja på engelsk. Når folk lett godtek dei engelske titlane, tyder det på at dei fleste tenkjer engelsk i utgangspunktet eller ikkje bryr seg um at symbolord skal vera på norsk.
Det hev vore krampevorne freistnader på å gjeva norsk til kjenne. Me hev jamvel fenge taleumsetjing av amerikanske barne- og ungdomsseriar på fjernsyn. Dessse umsetjingane ber preg av at ein yverfører noko amerikansk til norsk på eit vis som ikkje vert truverdig.
Sambandsstatane er ein stat med 300 millionar innbyggjarar med mange likskapsdrag yver eit heilt kontinent. Desse likskapsdragi let seg ikkje utan vidare yverføra til Noreg eller Europa.

Er det norske framleis sakssvarande?
Uttrykket norsk nok hev vorte ein floskel i vokster. Det verkar som at det å vera norsk er noko brysamt og noko som ein helst ikkje skal gjera so mykje ut av. Hev verkeleg Ivar Aasen nått fram? Me undrar oss yver det.
Noreg er eit land som flyt yver av olje og pengar, iallfall ser det slik ut på yta, men kor mykje er det attum fasaden vår? Eit land som er rikt hev ofte eit tilvik til å verta sjølvnøgt, avdi  alle ikring gjerne ser upp til landet. Men i røyndi er det vel slik at Noreg ikkje hev all verdsens å leggja fram for andre land. Iallfall er me ikkje i stand til å tevla med mediestormakter som Storbritannia og sambandsstatane.

Aasens fotavtrykk i samtidi
Aasen var eit uppkome av gode idear knytt til målvoksteren på 1800-talet. Skriftene hans talar for seg sjølv. Han var i stand til å uttala seg um språklege emne av mange slag og var òg dugande til å skriva skjønnlitterært.
Dersom ein ser på ein ungdoms språkmøte i dag kann ein kannhenda sjå eit mynster i desse språkmøti og dei assosiasjonane som vert dana kring desse språkmøti.
Nynorsken stend gjerne for noko sermekt og avstikkande som kann eigna seg for  dei som vil gjeva seg serskilt til kjenne. Bokmålet er i norsk samanheng rekna for nøytralt og er det målet ein må nytta um ein ikkje skal verta serskilt påansa.
Engelsk stend derimot ofte for det ålmenne i kulturlivet. Det glid inn på alle umkverve der dei mentale fyresetnadene skal utvidast, og der det ikkje er noko norsk frå fyrr.
Dersom det finst noko norsk frå fyrr, tykkjer ein gjerne at det er litt avvikande med norsk, og då er det greidt å halda fram med norsk. Det engelske er noko ein lærer seg likevel, og det vert soleis ståande som noko jamlikt og liketydande med det norske. Ved neste krossveg kann det engelske koma inn for det norske og skuva det norske ut.
Litterære verkemiddel fylgjer gjerne same tankegangen hjå nynorskskribentar. Det engelsk let seg nytta avdi det er ålment og viser beint til filmar og ytringar som mange er kjende med. Bokmålet er det nøytrale målet som dei ikkje let til å koma utanum. Det er ikkje godteke å tenkja seg heilt fram til nye rotnorske ord og segjemåtar på alle nivå, um ein skal tolka mykje av det som vert skrive på nynorsk.
Det er mange år sidan det kom fram at nyhendeupplesarane i TV2 skreiv sakene på bokmål og las dei på nynorsk. Då er det ikkje rart um målet vert låkare enn det kunde ha vore.

Kva må gjerast?
Nynorsken treng eit trygt fotfeste og stader der målet hev fyrerang. Det let til å vera langt millom deim som driv med måldyrking i dag. Det er likevel ikkje tvil um at det finst grunnlag for ei heil måldyrking på norsk grunn i den litteraturen som vart skipa til av klassikarar som fylgde etter Ivar Aasen.
Aasen-målet og den klassiske litteraturen på nynorsk treng nye lesarar. Vinje og Garborg, Blix og Sivle, Aukrust og Nygard treng nye lesarar. Forfattarar som Rasmus Løland og Hans Seland og mange andre forfattarar treng nye lesarar, til liks med at vår tids forfattarar bør finna fram til litterære verkemiddel som kjem heilt ut på nynorsk.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, 2013-årgangen, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s