Dei sju vikedagane

Utan ein gong å tenkja nærare yver det, segjer me ofta at den sju dagar lange vika er ei uppfinning frå Midausten – til liks med so mangt anna. Det franske ordet for laurdag, ”samedi”, kjem ikkje det frå det hebraiske ordet som svarar til ”den sjuande dagen”? Kor som er, den moderne vika hev openberre kjennemerke på eit rotekte europeisk upphav. Den sju dagar lange vika var ikkje noko nytt som kom med kristendomen, ho høyrde tvert imot til ein hevdbunden idè som nordbuarane heldt uppe og varde um. Ja, dei gjekk so langt at dei plent neitta å føra inn skotåret. Skotåret braut einskapen i vika med di det førde inn ein umframdag kvart fjorde år. Islendingane valde soleides helder å setja inn, etter avgjerd på alltinget i 955, ei heil vika kvart sjuande år(1).
Kvifor denne tilknytingi til vika? Det franske ordet for vika, ”semaine”, er eit ord som hev grunnlag i latin, ”septimāna”, [av sju] [7]; det nordiske ordet er uku eller wiku (engelsk week) som tyder [runde (fullstendig)]. Lat oss elles bita oss merke i at – som i dag, men til skilnad frå ”vika” (på 8 dagar) åt dei gamle romarane – kvar dag i wiku hev sitt eige namn (dei latinske versjonane, som lesaren må ha skyna, er ikkje klassiske):

(1)    MánadagR, Lunae dies    > Måndag
(2)    TýsdagR, Martis dies       > Tysdag
(3)    OđinsdagR, Mercurii dies > Onsdag
(4)    ÞórsdagR, Iouis dies        > Torsdag
(5)    FrjádagR, Veneris dies     > Fredag
(6)    LaugardagR, Saturni dies > angl: Saturday
(7)    SunnudagR,                    > angl: Sunday

Korleis skal ein skyna dette påhittet? Tvo dagar hev teke namn etter tvo himmellekamar som gjev oss ei tid å halda oss til: Månen og soli (på moderne fransk er ikkje soli lenger å finna i ordet ”dimanche” [herrens dag]). Dei fem dagane som er att – eller um ein vil – dei som høyrer med i ”runden” som me skal ganga – dei hentar namni sine frå grunnleggjande heidenske guddomar –  undantaket er den sjette dagen hjå skandinavane som me skal koma attende til.

Vika speglar samfundsskipnaden…
I røyndi fylgjer den skandinaviske runden sers noggrannt det trifunksjonalitetsskjemaet som vart utvikla av nordisten Georges Dumezil:

(2)    Ty    =    funksjon 1 A (justis)
(3)    Odin    =    funksjon 1 B (magi)

(4)    Tor    =    funksjon 2 (krig)

(5)    Frigg    =    funksjon 3 (fræve)
For dei latinske tolkingane, so samsvarar Frigg og Venus rimelegt greidt, og identifikasjonen av Odin med den romerske guden Merkur er jamvel klassisk (dei er båe tvo reisande, med ein breidbremma hatt på hovudet, og båe tvo talar med dei daude). Um det er ei serskild forvirring for dagane (2) og (4), so let det seg orsaka: Tor kann i praksis identifisera seg med Jupiter som er ein torevèrsgud, han med. Slik vert Mars standande att åleine. Kor som er, jamvel um han er ein gud av den fyrste funksjonen, so hev Ty (til liks med Odin) ei krigersk sida med: Vikingane graverte Ty-runen inn i sverdet sitt for å sikra sigeren, og det er slik ein må skyna at dagen åt Ty er vorten den til Mars.

…Og det som skiplar samfundsskipnaden
Kva då med den sjette dagen, skandinavane sin laugardagR? Ordboki gjev oss til umsetjing: dagen for… reingjering! Um dette kanskje ikkje er rangt, so er det helder ikkje noko blinkskot: Kva slags stilbrot er det ikkje å leggja kvardagslege arbeidsuppgåvor millom Venus og soli! Det er elles ingen grunn til å tru at germanarane – dei som fann upp såpa – berre vaska seg èin gong i vika – og serskilt ikkje kvelden fyre messa!
I røyndi so sviv det seg um eit skjemt. Eller meir noggrannt: Um eit tabu lagt fram som eit skjemt. Slikt er elles typisk nordisk: Danskane no um dagen segjer framleis ”for syv sytten” i staden for ”for syv satan”. Kann ein ikkje segja namnet åt den vonde? Nei, ikkje endeframt. I staden tek ein dette dette tabuet (grovt) og gjer det um i eit skjemt (mildt) – med hjelp frå den gamle nordiske poesien som nytta seg av stavrim. Dessutan, dei som egsar seg upp yver Muhammed-karikaturar no um dagen skulde ha vite korleides danskar kann tala um deira eigne kristne gud. Det er heilt vanlegt å til dømes å nytta skjemtefulle umgrip som ”Kristus på den høye hest”, der ”hesten” (det er å skyna som krossen) er ei rimelegt krass tilvising til eit torturinstrument frå den føydale epoken. Eller endå ein gong, ”Gud Fader i skuret,” der skuret er å skyna som kyrkja.
Men lat oss koma attende til den heidenske tidi. Kven er den unemnande som gøymer seg attum laugardagR? Trulegt Loke, ”den vonde” i den skandinaviske mytologien. Den latinske tolkingi – teki vare på i engelske ”saturday” – er med og byggjer upp under denne hypotesen. Utan å insistera tungt på affinitetane millom Loke og Saturn, lat oss sjå på det faktum at Saturn-statua i Roma er bundi upp heile året. Den spjotkastande guden er ikkje fri anna enn for den litt laussleppte nyårsfesten – på same måten som Loke endar bunden upp av dei andsvarlege gudane, til dess at verdi gjeng under.
At tilvisingi til denne eksplosive makti i lengdi vart i det meste laget, og at LokidagR som ei fylgja av dette vart skift ut med skjemtefulle laugardagR, det skulde ikkje yverraska stort.
Slik ser me at den skandinaviske vika er utleidd frå ordenen i Kosmos, ovanfrå og ned: frå Ty og Odin, um Tor og Frigg, ogcheilt ned i ”djupni”, til den avgrunnsdjupe Loke. Sistnemnde er kor som er korkje innanfor eller utanfor den trifunksjonelle ordningi. Snarare svarar han til den skipla ordningi, til ein karikatur av det heile, med di han blandar ihop alle funksjonane. Magikar til fullnads, so jamfører han seg med Odin sjølv. Økslingsfør som berre det, so kann han jamvel gjera alt det som ei kvinna er i stand til – og fær kona si til å rodna. Kor som er, han hev plassen sin i vika (og då helst mot slutten!), for ingen annan gud fortente meir enn honom å vera guden for tidi: Saturn identifiserar seg, på gresk, med Cronos. Denne tidi som fører til slutten (”week-end”), men samstundes til ei ny byrjing.

Det er ikkje for ingenting at Loke sumtid liknar på jokeren i ein kortstokk, som i dette islendske manuskriptet frå 18. hundradåret. Loke blandar i hop alle funksjonane i den norrøne gudeverdi. Han stend på utsida, og høyrer samstundes med, av di han etterliknar alle andre på ein gong.

Det er ikkje for ingenting at Loke sumtid liknar på jokeren i ein kortstokk, som i dette islendske manuskriptet frå 18. hundradåret. Loke blandar i hop alle funksjonane i den norrøne gudeverdi. Han stend på utsida, og høyrer samstundes med, av di han etterliknar alle andre på ein gong.

Numerologisk postskript
Kvifor talet 7? Det er klårt, 4 x 7 = 28 svarar meir eller mindre til lengdi på ein månadssyklus, men denne umlag-kjensgjerningi må ikkje få hugtaka oss for mykje: Hjå romarane, so vara den profane vika i 8 dagar, den heilage vika – endå verre – er av variabel lengd. I røyndi kann ein koma til talet sju på eit tusundtals ulike måtar; Jamvel terningen – ein platonisk lekam fastlagd med tali 3 (dimensjonar), 4 (kantar) og 6 (sidor) – produserar talet 7 som ”ideal”: i ei gamal dansk folkevisa vinn helten eit umoglegt parti med di terningen hans kløyver seg i tvo og syner tvo motsett rette sidor på ein gong, og slik talet sju!
Når det kjem til den skandinaviske vika, kann me ut frå analysen ovanfor koma fram til fylgjande formel:
Måne + (((Ty + Odin) + Tor + Frigg)) + Loki) + Sol
som vert:
1 + ((2 + 1 + 1) + 1) + 1
Dette er grunnen til at me segjer at talet 7 – i minsto som ”base” for kalendaren – ikkje berre er eit einstaka tal, men eit syntetisk nummer. Syntese, til sjuande og sist, av ein heil kosmologi. Det som forklårar kvifor dei i Norden neitta å handsama sjudagarsvika som ein simpel talkonvensjon der ein etter eige skyn kunde setja inn ein ekstra dag : Kven veit kva for ein gud som då kunde koma til å gjera seg gjeldande?
{1}
Louis Goguillon: Calendrier Viking, in: UTLAGI n° 25, pp 12-15

K. N. Olsen

Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, 2013-årgangen, mytologi og esoterikk. Bokmerk permalenkja.

7 Responses to Dei sju vikedagane

  1. Ytringer seier:

    Ja, dette var interessant. Eg burde prøve å skrive nynorsk etter gammelt, men tror ikke det ville nådd opp til ditt språk uansett.

    Dersom man også vet at ordet jævel kommer fra ordet Jahve er det lett å se hvem denne Loke er. Den du kaller den onde, men som jeg vil kalle den som er så slu og utspekulert at det ofte ender med problemer for han selv.
    Og, ikke uventet fikk han derfor den dagen som på et annet språk kalles sabbat, som sin dag.

    Ordet evil på engelsk er trolig også fra ordet jævel eller Jahve. På samme måte som kristendommen har fått inn ordet ond, fra Od, Odr, Odin, som kan bety eller betyr ånd. Ånd, noe jeg mener er en viktig og glemt del av det Norrøne.
    En eldgammel ordkrig her altså, mellom to evig fiendtlige folkegrupper. Dette selv om folkene kanskje egentlig er i slekt, slik Odin og Loke sies å være blodsbrødre, eller halvbrødre.

    Jeg leste også ett sted at det var funnet en gudefigur, som på grunn av at den var fremstilt med igjensydd munn, måtte være Loke. Den farlige ordkunstneren og forføreren. Dette passer også godt med stereotype karikaturer av jødene.

    Men, det var jo igjen direkte jævlig å besørge Balders død, gjennom en 3.person, den blinde Hod.
    Er det der du snakker om spjotkastande?
    Ellers var det jo Odin som hadde spydet. Gungninr, den som svinger og bukter seg. Forøvrig kan jeg si at jeg ser på Gungnir som ett bilde på navlestrengen.
    Det kan man lese mer om her:

    Religiøs hedning

  2. Ytringer seier:

    Reblogged this on .

  3. mediakrig seier:

    Årsaken til at uke har 7 dager er tidevannet, og ikke fordi det finnes noen matematisk formel som gjør at 7 dager er en fin måte å skape seg et synkronisert sol og månenår.

    Når vi vet hvor viktig samling av mat i fjæra var for stein og bronsealderbefolkningene rundt Nordsjøen så var det viktig å kunne forutsi tidevannet Viktig kunnskap var tidevannsvendingene for fiskere i primitive båter, da de kunne bli floa inn og fjæra ut, for å slippe å padle. Tidevannet påvirker også dyrelivet i havet, så jo mer fiskerne lærte om hvordan tidevannet oppførte seg, jo mere mat kunne de få tilbake per time arbeid.

    Litt mer enn hver 6 time vender tidevannet, slik at vi har 2 flo sjø og to fjære sjø for hvert døgn.
    I tillegg til dette varierer tidevannets høyde mest når månen er ny eller full også kallt spring , mens får nipp. dvs minst forskjell på flo og fjære når månen er halv.

    Døgnets lengde og månens omløp passer ikke helt, da tiden fra flo til flo er 12.4206 soltimer. (ca 12t 25min) Dette går egentlig ikke opp i noen rasjonell brøk, men tiden fra spring til spring vil være ganske nærme 14 og en halv dag, og to spring vendinger vil være det sammen som en månevending, dvs litt mere enn 29 døgn. 29 er i tillegg et primtall, og derfor ikke egnet å basere en kalender på.

    Tidevannet varierer i tillegg som en følge av en menge andre forhold, så det viktigste var utvilsomt å kunne observere springflo, for så å kunne forutsi hvordan tidevannet oppførte seg frem til neste springflo.

    For praktiske grunner blir derfor 7 døgn til ei veke, da det tar 7 og et kvart døgn fra spring til nipp, og 7 og et kvart døgn fra nipp flo til spring flo igjen.

    Glemmer vi månen, og kun ser på sola, så er det heller ikke slik at et soldøgn går opp i ett år. Hva man kan gjøre, som er relativt enkelt når man bor langt nord, er å observere solvervene, slik at man kan ha en kalender basert på at man teller uker og dager i sommer eller vinterhalvåret, slik som det ser ut til at vi gjorde før kristendommen kom, og som også finnes på primstavens to sider. At vi i dag bruker ukenummer i arbeidslivet igjen, viser vel egentlig hvor praktisk det er.

    Etter å ha lett i kilder ser det ut til at konseptet måneder er noe som kom med kristendommen her nord, og at man i hedensk tid telte måner, dvs fra ny til full til ne. Man kunne således ha 13 måner i et år, og hvis jeg husker riktig er disse månenavnene bevart på mange germanske språk.

  4. Valgeir seier:

    Jævel har nok en annen historie. Det stammer nok fra gresk diabol som regelrett betyr to-pols. Altså en hentydning til indre opposisjon, noe som egentlig sloss med seg selv. Den greske b uttales v.

    Ellers har jeg problemer med Loke som Lørdag. Laugedag passer meget godt med tradisjonen å lage helg. På den annen side om man har laugedag kan man vaske ut Loke.

    • Tore Hund seier:

      Det er forskjell på polaritet og dualisme. Polaritet forteller om en enhet med to poler. Fjerner du en pol, er enheten opphørt. Fjerner du en pol i et batteri, har du ikke lenger et batteri
      Kristendommen er eksempelvis et dualistisk system..

    • Ytringer seier:

      Poler på gresk heter polaris, ikke pol. Som i nord- og sør- lys. Polaris.
      Derfor blir det litt for enkelt å si at djavolos betyr to poler.
      Også, spesielt, når diabolos er forklart som løgner, eller den som lyger.

      Den eneste guden som lyger er Jahve.

      Les mosebøkene selv, som jeg holder på med.
      Du vil bli sjokkert over ondskapen og måten Jahves folk utnytter andre gode og godtroende folk.
      Et par timer er faktisk alt det tar å lese dette for seg selv.
      Du vil aldri angre på den tiden.

  5. Tilbakeping: Dagens sanger |

Legg att svar til Ytringer Avbryt svar