Framvegar for høgnorsken i dag

Korleis kann ein nå ut med høgnorskbodskapen i dag?
Med mediesituasjonen hev det dei seinaste åri gjenge både upp og ned:
Frå 2006 til 2009 hadde Målmannen sin eigen blogg der me var svært verksame, og mykje av tingargjenomstrøymingi til papirutgåva kom gjenom den millom-menneskelege samferdsla på netutgåva. På denne tidi var blogging stort, og tenestor som Twingly gjorde det mogleg å  ytra seg um dagnære  saker og få lesarar som fylgde nyhendesaker på VG og Dagbladet.
Men so hende det noko: Dei store avisone kutta ut Twingly. Ein fær minstemålsblogging som Twitter, der ein ikkje kann ytra seg med meir enn 145 teikn – og det vert vanskeleg å leggja fram ei tankeføring, ein skal heller senda ut peikarar til stykke som andre hev skrive.
Facebook eller andletsboki på norsk eggja mange til å ytra seg um mykje. Kvar gong det dukka upp ei sak som engasjerte,  kunde gruppor av typen “Me som er imot ditt eller datt” nå ein sprengjande vekst. Dei som var med i ei gruppa kunde byda med andre, og i kvar gruppa var det ei eigi ordskiftegruppa.
Men ogso dette vert det slutt på. Det vert nye gruppor der ein ikkje lenger vert innbyden, men der einast vedstyrarar kann leggja andre til, og der det ikkje lenger er noko eige felt for dei som vil orskiftast.
I staden for blogging freistar den hevdvunne pressa å innføra nye møtestader på verdsveven, slike som til dømes Verdidebatt og Nye Meninger.
Etter 22. juli er bloggar stengde, og det  hev vorte strengare yversyn med netavisor og kva slags bladstykkje ein kann ordskiftast um.
Det vart sagt at verdsveven og millommenneskelege møtestader på verdsveven skulde snu um på alt, men dei seinaste åri er det likt til at den hevdvunne pressa hev vunne att kontrollen.  Ei stutt tid skapte dei nye møtestadene og utgjevingsstadene ei ny stoda som den hevdvunne pressa ikkje hadde taket på eller yversyn med, men sidan den tid hev dei måta seg etter den nye stoda og sytt for å stengja att det vidauga som opna seg. Opningi  hev skrokna nedetter, jamvel um ho ikkje er heilt burte, er det vanskelegare å koma til enn det var.
Det hev vorte færre som kjøper laussalsavisor når dei vil ha med seg siste nytt – det finn ein på internett. Soleides hev laussalsavisor som Dagbladet og VG stupt. Derimot hev det vore framgang for vikeavisor som kjem med bakgrunnstoff og eigne djuptgangande analysar – som med Morgenbladet og Dag Og Tid. For midt i det daglege maset med stødt nye kjendisskandalar og andre ikkje-nyhende er det dei som verkelegt hev noko å fortelja um som vert meir meiningsfulle.
I vår tid hev trui på papirutgåvor og bøker vore dalande. Ungdomar hev vorte fortalde at dei skal nytta data til skriving og lesing. Det vert sett inn arbeid på å få til løysingar på data for at ein skal spara pengar. Telefonkatalogen hev vorte burte, lønssleppar, sjølvmeldingi og kva det no skal vera skal yver på data. Trui på at nettbladi og uppslag på nettet er framtidi hev vore sterk.
Det same ser ein i pressa. Arbeidet med nettbladi hev gjenge framfyre. Kva vinn ein
so på å vera på verdsveven? Me hev ikkje sett oss grunnleggjande inn i kva dei store bladi tener på å vera på verdsveven, men det er truleg  tilværeretten og høve til å vera meinigsstyrande som er viktigast. utan at dei hevdvunne bladi er på verdsveven vil dei nok tapa endå meir uppslutnad når det kjem til papirutgåvone. Sambandet med moglege tingarar eller kjøparar av papirutgåva er alltid viktig.
Kor som er, papirbladi hev fyremunar som ein ikkje ikkje kjem utanum. Med ei papirutgjeving av Dagbladet eller Klassekampen hev du fleire titals sidor å bladi. Leseforsking skal ha vist at det er ein stor fyremun å lesa på papir framfyre å lesa på data. Teksti er meir stabil og lettare å halda styring med. Ein kann òg lett skifta millom bladstykki med skifterike emne og med stort umfang. På nettet må alt styttast ned og leggjast til rettes. Ein kann fylgja peikarar, men ikkje hoppa 30 sidor fram i dagsens avis, då må ein klikka og klikka og rulla nedyver skjermen. Ein kann heller ikkje riva ut sidone frå nettet og hengja deim upp på veggen. Utskrifter kostar pengar og mange hev datamaskinor, men færre held seg med skrivarar med uavgrensa utskriftsmengd. Bladsidone er billige og ein kann riva deim ut og fargeleggja deim etter som ein vil.
Lenkeròte er ei onnor sida ved verdsveven som ikkje kjem til sin rett. Vevstader kann stengjast, leggjast ned eller vera ute av drift. Men jamvel innarbeidde blad eller andre utgjevarar tek burt eller mister stoff som hev vore kjend millom nettbrukarane yver lang tid. Bøker og blad kann verta burte, men dei finst i mange utgåvor og må øydeleggjast reint lekamlegt – rivast sunde, brennast eller stelast. Det som ligg på verdsveven kann rett og slett verta utilgjengeleg av herverk frå datasnokarar, vevtenarar (servarar) som forsvinn eller av at upphavskjelda fær eit samanbrot i datasystemet sitt.
Data og verdsveven var meint å vera til fyremun for dei som vil lagra og verna um kunnskapar og nyhende, men det er ikkje so lett. Den som vil lagra og spreida kunnskapar og nyhende på nettet må halda seg i framgrunnen av det nye som kjem og taka vare på det dei vil ha lagra på ei rad ulike måtar. Ulempa med papir er at det tek mykje plass. ulempa med datalagring er at ein må samla mykje på stader der det er ubrukeleg utan straum og nett-tilgang, og passa på at det ikkje vert burte eller utilgjengeleg.
Å tryggja seg mot brann er lett.Å tryggja seg mot fårone med databruk og nettbruk, er ei heilt onnor sak.Spreiding av kunnskapar og nyhende hev vorte utrygt. Når ein tek med i reknestykkjet at verdveven gjer livet utrygt for dei som ynskjer å ha einerett eller iallfall fyrsteretten på å spreida kunnskapar og nyhende, kjem ein til at det er mykje som er utrygt. Det kann sjå ut til at den innarbeidde  pressa svarar med å gjera det ho er best til: samla og binda upp til seg det som er av folk som vil ytra seg. På same tid let det til at dei som fær styra med verdveven freistar å få folk til å reindyrka ufårlege eller personlege og private syslar på verdveven, medan den offisielle og fårlege samfundskritikken helst skal haldast på armlengds fråstand. Facebook skal vera for folket, medan eliten og dei som vil påverka eliten må halda seg til tunge presseorgan.
Målmannen er eit papirblad. Det høyrer til tilværeretten vår. Jamt yver når me langt fleire gjenom papirutgåva enn gjenom verdsveven, jamvel um det hev vore tider der me hev sett undantak for dette, so er det ikkjet tvil um at eit blad som gjeng yver mange år veg tyngre enn flyktige innspel og utspel på nettet. Me held det gåande avdi me hev  hug til å dyrka det norske målet. Det er ikkje noko som kverv med umskifti og båredragi på verdsveven. Me vil vera som ei klippa i havet.

O. Torheim / L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2012, 2012-årgangen, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s