Ullr, himmelfaderen, og Njartar, jordmori

I byrjingi fanst det einast eld og is. Når eld og is møttest, skapte dei dei fyrste 11 elvane som er kjende som Eliwagar, alle frå den same brunnen som er kalla Hvergelmir. Frå dette punktet av tok livet til, jordi vart skapa, og likeins stjernone, soli og månen. Og snart plantar, livende, dyr og sistpå menneske dukka upp. Ei verd smidd i is og eld, dei tvo fyrste grunnemni som styrer allheimen.

Ullr er knytt til nordljoset som målber dansen åt forfedrane våre under den lange vetteren, og Njarthar er knytt til månen og den feminine  spiritualiteten åt “formødrane” våre.

Ullr er knytt til nordljoset som målber dansen åt forfedrane våre under den lange vetteren, og Njarthar er knytt til månen og den feminine spiritualiteten åt “formødrane” våre.

Nett som med kinesiske Ying og Yang, so hev me i nord eit sinnbilete som vert kalla Irmin, som målber dei tvo motsette og utfyllande kreftene åt is og eld, jord og luft, negativ og positiv, kvinneleg og mannleg, myrker og ljos… Denne motsetnaden var den høgaste grunnsetningi, og visdomen attum den er at ingen er utan det andre, og at dei treng einannan for å kunna skapa jamvekt. Allheimen hev lover som gjeng yver alt anna. Is og eld kvar for seg hadde aldri havt høve til å skapa liv, um dei ikkje var i lag. Kvar for seg kunde dei einast øydeleggja og føra kaos med seg, elden hadde brent upp alt og isen hadde frose. ned alt. Men det er millom desse tvo verdene at fjelli kann vakna upp til ein grøn vår der me hev havt høve til å livnæra oss av jordi. Naturi gjev oss alt det me treng: frukt, bær og grønsaker, dyr til å jaga i skogen, fisk i elvane, innsjøane og fjordane, og tusundtals plantar i krattskogen som me kann nytta til å lækja oss sjølve eller berre halda oss sunne og sterke. Men me treng alle både is (vatn) og eld (soli) for å liva, so vel som me alle treng både jord og luft.
Forfedrane våre skyna at i allheimen finn ein vatn einast i form av is, berre på sume heilt serskilde planetar i solsystemet kann du finna vatn i flytande form, takk vere den rett jamvekti millom is og eld.
I samsvar med den forståingi dei hadde um tvo høge prinsipp um is og eld, kann dei eldgamle nordiske folki ha havt tvo høge guddomar, og det samstundes med at dei dyrka mange andre ånder som dei rekna for å vera på eit anna høgdesteg, slik som hamingja (huslydsåndi), alvane, åndi som liver i trei, i fjelli, i innsjøane, steinane og sume serskilde stader i naturi med serskilde energiar.
I Noreg er det tvo gudenamn som dukkar upp meir enn andre, desse er Ullr og Njarthar. Det høge talet på stader som er tileigna dei syner kor viktuge dei plar vera, for sovorne namn syner at ein heilag stad var eigna åt deim.
Me veit at Thor og Odin kom nordetter under folkevandringstidi, då Europa var i krig og kaos, og folk frå til dømes Hellas og Tyskland flykta nordetter for å få fred. Desse folki tok med seg sitt eige tankesett, filosofi og trudomsform, og den var merkt av krig og ei sterk krigarånd, takk vere livet dei hadde levt og det livssynet dei hadde. På lag i den same tidbolken var kristendomen på framveg. Kristendomen var framfor alt ei politisk rørsla med fyremål å få makt og kontroll yver fleire og fleire folk og land, og den fann langsamt  vegen mot Norden, og der vatna han seg ihop med dei gamle heidenske tankane på vegen – fyre han freista å knusa deim med makt, og på den måten tvinga på oss ein ny religiøs uppbygnad som var heilt ukjend og unaturleg for oss.
Når desse folki kom til Noreg, møtte dei eit sers fredfullt samfund, der folk jamt og samt godtok kvarandre, arbeidde hardt, bygde sine eigne gardsbruk og livnærde seg av jordi. Det som dei hausta, det hausta dei sjølve med sine eigne hender – idear um slavehald var framleis heilt ukjend for mange. Folki i nord hadde rimelege sedvanar som i mange høve sette fridomen og rettferdi høgt. Dei hadde kongar for å halda orden, måvita, men um ein konge vart rekna for å vera ein dårleg konge, so kunde han verta avsett, slik at ein ny konge kunde koma upp i staden. Dette var mykje nærare eit røynlegt folkestyre enn det skinndemokratiet me hev i dag. Folk livde i småe bygder i dalane, millom fjell og fjordar, dei hjelpte einannan og dei skyna kor viktugt det var å standa saman, å verja seg sjølve, huslydane sine og krøteri sine, og å få hausta inn nok mat til alle, og so burtetter.
Men dei folki som kom vandrande frå sud hadde ikkje desse fredelege ideane, hugen deira var alt forgifta av måten dei hadde lært å liva på: Råda eller verta rådde yver. Slik skapte dei ein stor kulturell og åndeleg samanstøyt.
Ein gud som Ullr hadde ingi tilknyting til krig, sidan krig ikkje fanst i det gamle nordiske samfundet. Ullr, som Njarthar, var båe vaner, dei er knytte til fræve, gardsdrift, natur og kjærleik.
Men når dei nordiske folki møtte folk som berre tok gardane deira, med vald, som valdtok kvinnone deira og stal frå dei, so fekk dei med bruk for slike gudar som æsene er, knytte til makt og krig. Dette er gudar som kunde målbera illsinnet deira, som dei kunde spyrja um meir makt til å yvervinna andre, og det er difor ikkje nokor yverrasking at Wotan var til Odin, at Donar vart til Tor, og at Tor vart den høgaste guden i Norden i ei tid då illsinne og krigarånd var naudsynt for å slåst mot inntrengjarane og for å stå i mot påverknaden frå kristendomen som trengde seg djupare og djupare inn.
Men dei vilde ogso bringa vidare dei gamle verdiane åt dei gamle høgste gudane, og taka desse med seg inn i dei nye. Odin og Tor tok difor yver mange av eigenskapane til Ullr, og enda med å skifta honom ut heilt.
Når det gjeld gudinna Njarthar, so vart ho med burte etter denne kulturelle og åndelege samanstøyten. Njarthar er modergudinna, ho er det nordiske motstykkjet til germanske Nerthus. I eit samfund som er vorte meir mannlegt og der kvinnor vert rekna som mindre og mindre viktuge, so fær dette verknader for den åndelege verdi med. Gudar vert sette yver gudinnor, med di den åndelege verdi speglar av den jordiske verdi.
Njord skifte ut Njarthar, og i dag er dei fleste samde i at stader som hev fenge namn etter Njarthar faktisk er meint å vera tileigna Njord. Det same hende med Frey og Freya, mot slutten av vikingtidi. Frey vart då rekna som den viktugaste, og hadde ei av statuene i tempelet i Uppsala (Sverike) i lag med Tor og Odin.
I Norden er vanegudane eldre enn æsene. Når æsene kom var det verkelegt ein kamp millom dei tvo gudefamiliane, ein kamp millom den gamle trui og den nye som var i framvokster, ein kamp millom det gamle livesettet og det nye som tvinga seg fram, med den utkoma av vanene vart ein part av æsene, og at æsene styrde yver eit samfund i endring. Ein gong gardbrukarar, no krigarar.
    Runahild Haleygir er kunstnarnamnet åt artisten attum folkemusikkgruppa Eliwagar (sjå intervju i nummer 3/2011), no i vår atter plateaktuell med albumet “Fra hjertet av norden”. Plata kann tingast på http://www.eliwagar.no.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2012, 2012-årgangen, mytologi og esoterikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s