Anglo-norsk med ei klypa salt

Kvifor tek norsk upp i seg ord og språktilfang frå engelsk?

Dei upplagde årsakene er naturlegvis at engelsk er eit verdsspråk som folk yver heile kloten kann, og som nordmenn tilliks med andre må kunna um ein skal kunna kommunisera med folk yver landegrensone. Engelsk er utbreidt yver alt, men kann ein finna andre svar på at engelsk er eit språk som påverkar eit etter måten lite mål som norsk?

anglonorsk

Nye mentale bilæte
Dei mentale fyrestellingane som er knytte til engelsk og norsk kann ein granska på mange måtar. Nordmenn som hev språkmøte med engelsk kann vera av svært ymist slag. Det kann vera folk som må bruka engelsk i arbeidssamanheng og i  huslydshopeheng eller på ymse umkverve i dagleglivet. Det er nok den sistnemnde gruppa som  er størst. Dei les og høyrer engelsk, og noko må dei gjerne skriva. Dei fleste språkmøti gjeng kor som er ut på å berre forstå, med grunnlag i det ordtilfanget dei hev tileigna seg reint passivt. Det er færre som må vera verksame brukarar i engelsk og ha god tame i å nytta engelsk.

Dei fleste nordmenn vil difor kunna fylgja fjernsynsseriar, sjå filmar og greida å umsetja engelsk so nokolunde når dei må, men når ein kjem til å arbeida djupare med tekster på engelsk med gloselistor og semantiske koplingar millom ord, då er vel det noko dei færraste kjem burt i. Dei mentale fyrestellingane me hev kring engelsk er soleis på eit ytenivå, men det let seg ikkje gjera å nekta for at jamvel mentale fyrestellingar på ytenivå kann ha mykje å segja for mål og målbruk hjå mange nordmenner.

Nordmenner hev nok ikkje den heilt breide ordforståingi av engelsk målet, men mange nordmenner hev arbeidt seg inn på serskilde felt der dei hev lese mykje engelsk. Til dømes hev psykologistudentar mykje pensumstoff på engelsk. Jamvel um psykologistudentar ikkje treng verta serskilt dugande i å bruka kvardagsengelsk, lærer dei truleg nok psykologi-engelsk til at dei vil kunna ha samtalar um faget eller iallfall kann draga ut lærdom av pensumlitteratur på engelsk. Kunnskap til engelsk for breide gruppor kjem truleg gjenom at dei hev studert på engelsk og gjenom at dei hev fylgt med i populærkulturen –filmar, fjernsynsseriar, musikk og liknande.

Tysk setningsbygnad og anglo-latinsk ordtilfang
Når ein kjem til setningsbygnaden, kann ein merka seg at engelsk er framandspråk nummer èin for dei fleste som hev norsk som fyrstespråk. Det språket som truleg stend nærast etter engelsk er tysk. Endå um fransk, spansk og andre mål er læreemne i skulen, er det engelsk og tysk som er dei mest interessante måli. Dei er i same språkfamilie som oss, og difor er det meiningsfullt å sjå nærare på engelsk og i nokre høve tysk. Då lærer me meir um vårt eige språk med det same.

For ei tid sidan kom Jan Terje Faarlund med eit innspel um likskapane millom norsk og engelsk. Desse likskapane skulde vera kjende, likevel hev vel dei  færraste utan serskild ihug for målgransking tenkt serskilt mykje yver at engelsk er nærare norsk enn tysk. Dei som skal læra tysk eller fransk vert gjerne fortalde at tysk liknar mest på bokmål og fransk på engelsk, men segjer det alt?

Tysk er rett nok lett å læra reint ortografisk, i motsetnad til fransk og engelsk, men ortografi er ikkje alt. Setningsbygnaden gjeng fyre stavemåten. Me kann sjå at norsk og engelsk hev mykje av den same setningsuppbygnaden, båe måli er SVO-språk. Det er at subjektet kjem fyrst, verbalet på andre plass og objektet attarst. I tysk derimot kjem objektet på andre plass, tyske er eit SOV-språk.

So er det klårt at ordtilfanget spelar inn. Mykje kann vera sams millom engelsk, tysk og norsk. Det ein vel like fullt kann slå fast er vel at tysk hev eit langt meir heimlegt germansk ordtilfang. Det finst godt med latinske ord i tysk, men ikkje på langt nær so mange som på engelsk, der er målet prega av det latinske ordtilfanget, det ein kann kalla anglo-latin. Den tyske setningsbygnaden er elles heilt i samsvar med det latinske målet. Blandar ein tysk setningsbygnad med anglolatinsk ordtilfang, kjem ein snøgt til eit mål som ikkje er mykje norskt.

Språklege pardaningar
Engelsk hev etter måten mange tvifaldige ordpar, der det eine ordet i paret er eit germansk substantiv, men der adjektivet hev latinsk upphav. Døme frå fysiologien er:

head/capital, ear/aural, tooth/dental, tongue/lingual, lips/labial, neck/cervical, finger/digital, hand/manual, arm/brachial, foot/pedal. Frå dyreriket hev engelsk par som horse/equine, chicken/gallinaceous, cattle/bovine, pig/porcine, whale/cetacean, ape/simian, bear/ursine, man/human or hominid.

Andre ord som hev ordpar er:

book/literary, edge/marginal, fire/igneous, water/aquatic, wind/vental, ice/glacial, boat/naval, house/domestic, door/portal, town/urban, light/optical, sight/visual, tree/arboreal, marsh/paludal, sword/gladiate, king/regal, fighter/military, bell/tintinnabulary.

Det er lett å sjå at det er dei anglolatinske ordi som spreider seg i norsk vitskapsterminologi. Dei serengelske ordi hev ikkje so lett for å spreida seg, jamvel um dei er kjende.

Då frankarane kom til England vart dei serverte mat frå dyr som hadde engelske namn som vart ståande, men matrettane fekk dei franske namni. Slik fekk ein par av namn som: pig/pork, sheep/mutton og chicken/poultry. I Noreg i dag er det vel slik at matrettane iallfall i snøggmatbransjen ofte kjem frå engelsk, medan namni på dyri ikkje vert endra. Fleirtalet av nordmenn er ikkje bønder og treng ikkje å bry seg so mykje med kva namn det er på dyri, men sidan matproduksjonen skjer innanlands og dei norske namni er godt innarbeidde, skal det noko til å endra på desse namni.

Dei engelske matnamni på ferdigmaten er det derimot vanskeleg å stogga. Det heiter hamburger. Karbonade  er vel eit ord som er i tilbakegang, noko godt norsk avløysarord fanst det vel heller ikkje. Chicken burger slær vel  like fullt ikkje gjennom på norsk, då vert det kjuklingburgar, vil eg tru. Men det heiter cheese burger, whopper og chicken nuggets. Mange vil vel leggja  imot, jamvel når dei ser dei engelske ordi, og segja at norsk likevel stend sterkt. Det er ei stund til at ordet ost vert bytt ut med cheese, men med ein gong det vert ordpar i språket med same tyding, vert det viktig kva tydingsumråde kvart ord fær. Dei mentale fyrestellingane som vert bygde upp attum eit ord er ikkje so lette å kvitta seg med, og når sidetydingane til ordet vert til assosiasjonsberarar, vert ordet sterkare. Fører ein varor med engelske namn inn frå utlandet, fær ein snøgt eit bruhovud for det framande ordet. Alle hev vel høyrt um cottage cheese og andre pakningar med cheese på, og då kjem cheese-ordet sterkare inn i medvitet.

Kva vert ståande?
På den eine sida kann språk leva sida um sida med einannen, slik som i engelsk med dei ordpari som dei hev på ymse umkverve. På den andre sida kann ord spreida seg og koma i staden for andre ord.

Det er langt frå visst at den anglolatinske pågangen kjem til å stogga, og me bør vel kor som er satsa på det me er dei beste til, og det som ingen andre tek seg av – å nytta det norske språket so mykje me maktar. Anglo-latinen er soleis noko ein bør vera varsam med og taka med ei klypa salt.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, målsak. Bokmerk permalenkja.

One Response to Anglo-norsk med ei klypa salt

  1. Mathias seier:

    Tror ikke vi skal ha for stor tiltro at engelsk vil forsette som et slikt dominerende språk som det er i dag. Den dagen spansk blir det dominerende språk i USA, vil nok spansk raskt overta som det mest dominerende verdensspråk. Da jeg studerte spansk på begynnelsen av 90-tallet var antall spansktalende i USA rundt 25 millioner. I dag litt over 20 år senere, er antallet 50 milloner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s