Fjerrsjå kann vera fårlegt

Når epidemiologane byrjar setja ljoskastarane på “kopeboksen”, so kann dei leita fram ovstore verknader på folkehelsa. Dette kann me lesa um i eit bladstykkje av Stephane Foucart i franske Le Monde, den 8. oktober 2011.

Hjå born hev fjernsynet negative verknader både for dei kognitive evnone og for framferdi. Hjå vaksne gjev fjernsynet redusert livealder.

Du vil kanskje ikkje tru det, men resultati vart nylegt publiserte i British Journal of Sport Medicine: For kvar time som ein nyttar framfor fjernsynet etter å ha passert 25 år, so vert den venta livealderen meinka med 21,8 minutt. Det er konklusjonen åt ei australiensk kohort-etterrøkjing gjord i 1999-2000 med heile 12.000 personar. Og um ikkje dette var nok, so hev ein meta-analyse av ei rad ulike kohortstudium, nylegt publisert i prestisjetunge Journal of the American Medical Association (JAMA), kome til liknande konklusjonar.

Fjersynet hev større skadeverknader enn dei fleste er klår yver, serskilt for dei minste.

Fjersynet hev større skadeverknader enn dei fleste er klår yver, serskilt for dei minste.

I ei av dei seinaste utgåvone av tidskriftet Pediatrics kann ein lesa um forskarane Angeline Lillard og Jennifer Peterson som hev studert tri gruppor av born, kvar gruppa talde 60 personar: Den fyrste gruppa hadde i ni minutt sett på ein teiknefilm, den andre gruppa hadde sett på eit undervisningsprogram og den tridje gruppa hadde vore upptekne med teikning. Borni var like etter dei nemnde aktivitane tekne med på fire klassiske testar som skulde mæla konsentrasjonsevnor og logiske evnor. “Ungane som hadde sett på teiknefilmen hadde gjort det signifikant dårlegare enn ungane frå dei tvo hine gruppone”, slær forskarane fast. Gruppa med det beste resultatet var dei som hadde nytta tidi på å teikna. “Berre ni minutt med teiknefilm hev ein negativ verknad på dei mentale funksjonane åt eit lite barn”, kann dei soleides leggja til.

Resultati yverraskar ikkje i det heile for Frederick Zimmerman ved University of California, Los Angeles, ein av dei mest siterte forskarane når det gjeld fjernsynet sine verknader på småe born. Frå eigi forsking hev han kunna slå fast at kvar time um dagen som  born under tri år i gjenomsnitt nyttar til å sjå på kommersielle fjernsynsprogram svarar til ei dubling av risikoen for å uppliva konsentrasjonsproblem fem år seinare. Zimmermann kann kor som er leggja til noko sers forvitnelegt: Fjernsynsprogram som var laga for å tena eit pedagogisk og byggjande fyremål hadde ikkje denne verknaden i det heile. Det er med andre ord skilnad på kva slags program borni ser på.

Jamvel um denne kunnskapen er lite kjend i ålmenta, er det i vitskaplege krinsar tala um fakta som det ikkje lenger er store ordskiftet um. Dimitri Christakis ved Washington University, Seattle, slær fast at det millom forskarar i dag er det konsensus um at  “[å] sjå på fjernsyn fyre ein hev fylt tvo år er assosiert med sein språkutvikling, veikte kognitive evnor, og, seinare i livet, dårlege resultat på skulen og konsentrasjonsvandemål”.

Michel Desmurget, nevrobiolog og forskingsdirektør ved franske Institut national de la sante et de la recherche medicale (Inserm) konkluderar med at “[d]et er ei stor vitskapleg semja um dei globale skadeverknadene av fjernsynet”. Han fortel at “[d]et mest yverraskande for meg var den store vitskaplege semja um verknadene av fjernsynet på helsa, dei kognitive evnone og på valdsdragnader. På mange umkverve finn ein ofta studium som kjem til motstridande resultat. Men når det gjeld fjernsyn er sovorne resultat sers sjeldsynte. […] Verknadene som fjernsynet hev på valdsbruk hev vore kjende i sers lang tid, og studium syner at semja i vitskaplege krinsar er umvendt proporsjonal med den påstått vantande konsensusen som ein i dagspressa fær høyra um.”

Alkohol og tobakk kann ikkje seljast utan at det fylgjer med åtvaring um dei skadelege verknadene det hev på helsa. Når det kjem til kosthald, fær me stødt høyra at ein ikkje skal eta for mykje og ikkje for feitt, for søtt eller for salt. Kva tid kjem so den fyrste kampanja der må fær vita ein ikkje skal sjå for mykje på fjernsyn, og at ein lyt taka seg tid til å einast velja ut dei beste programmi for seg sjølv og huslyden sin, spyrr Stephane Foucart seg.

William Dab, andsvarleg for hygiene og tryggleik ved Conservatoire nationale des arts et metiers, syner til at det vantar objektive kriterium for kva som kann reknast for å vera eit ålment helseproblem: “Det er ofta eit resultat av styrketilhøve og ikkje so reint lite lobbyverksemd….” Michel Desmurget syner på si sida til at medieindustrien nyttar same slags argumentasjon som tobakksindustrien tidlegare hev nytta seg av, med ordleidingar som at “studia er påverka”, “forskarane hev laga ein rengd versjon”, “vitskapsmennene ynskjer å diktera”, og so burtetter.

For tobakken sin part hev det ofta vorte drege fram som eit argument at røykjing hev positive sosiale verknader (dei viktugaste ordskifti på mange arbeidsplassar gjeng fyre seg på røykjeromet). På same måten hev medieindustrien hævda at fjernsynet hev opna det offentlege romet og gjeve fleire menneske tilgang til det demokratiske ordskiftet, men her gøymer det seg ikkje so reint fåe mytar: Når fjernsynet byrja nå ut til massane på 1970-talet, førde det til eit drastisk fall i frammøtet på stader der folk normalt knyter sosiale band (skjenkjestover, friviljuge organisasjonar, idrottslag osb). Fjernsynet er snarare eit instrument for å bringa den same bodskapen ut til isolerte einskildindivid.

Denne verknaden kann ein sers tydelegt sjå frå eit unikt studium frå Canada. I 1973 fekk Tannis Macbeth, psykolog ved universitetet i British Columbia, vita at ein liten by i nærleiken, til dessar utan tilgjenge til TV-sendingar, snart skulde få fjernsynsdekning. Han sette då i gang eit studium som gjekk fyre seg i eitt år fyre og tvo år etter at fjernsynet var kome til byen. Under seg hadde han 13 andre forskarar, og med tusundtals innsamla data kom dei til eit eintydig resultat: Etter at fjernsynet kom, vart talet på slagsmål i skulegarden tridubla, og skuleelevane hadde jamt yver fenge dårlegare lesetame. Eit eksperiment der borni fekk sjå på ymse slags fysiske gjenstandar,  og dinæst gjera framlegg um kva dei kunde brukast til, synte vidare at fyrestellingsevna deira hadde vore 40 prosent betre fyre fjernsynet kom til. Den sportslege aktiviteten millom unge hadde samstundes gjenge ned med 25 prosent millom born og unge, og med heile 40 prosent millom dei vaksne.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3-2012, helsa. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Fjerrsjå kann vera fårlegt

  1. Heidi R-H. Tveitt seier:

    Dette var skremande! Me fekk fjernsyn i 1964 og eg er 62 år Men ser no ikkje heilt mannen med ljåen….enno ..Men, eg ser at um «øvrigheita» får nyss i slik informasjon, kjem det til å verta pålagd ekstra fkernsynskatt og eitt utval som heiter : Fjernsynskaderådet!

  2. Ytringer seier:

    Fjerrsjå, eller det eg sjølv ville nøgd med med å kalla fjernsyn, er ei teknisk nyvinning som mange andre. Til hugnad for mange og til sut for somme.

    Denne «stikka», om ein fyrst som sist skal lage et heilt nytt språk, er difor eit totalt bomskot.
    So gale, som god trøyst bør væra, at det vert ein fulltreffar på ein annan blink.

    «Skjot kkje bodberaren!», vart det før sagt, om ikkje på høgnorsk, so vart de sagt like godt.
    Det er difor at bodsendaren og bodskapen skulle vore i siktet for den som vil åtvare, ikkje bodberaren .

    Det er meldinga som er dårleg nytt, ikkje minst for dei unge. Borna knyter uvilkårleg og naturlegvis eit band med alle dei ser i heimen, berre gjestane smilar og helsar fint.
    Om bodskapen som «gjestane» i stova kjem med er frå ven eller fiende, so går den like framt inn og påverkar tankesettet og oppførselen hjå dei unge.

    Vaksne er etter kvart ikkje stort betre i å skilje ven frå fiende. Eller skit ifrå vit.
    Ikkje so rart, vil eg seie , då dei færraste i dag kan hugse ei tid utan fjernsyn.
    Ei tid der ein måtte syte for praten og underhaldninga sjølv, og alltid ha tanken klår, i fall det vart motmål.
    Idag er motmål for dauve øyrer. I fall det skulle verta oppfatta av andre vert det ofte stempla som uvitug manns tale, eller som ein og seier i dag: «ekstremt»

    Me har sjølve bydd folk inn i stova, og betaler for dei attpå, gjennom skatt til kongen.
    Ikkje lett, kan hende, å kasta ut folk ein har betalt sjølvaste kongen for å få inn heimen.
    Især når ein nektar å sjå på, og tenkje over bodskapen narrane kjem med, men istaden trur at folk er folk, nytt er nytt og underhaldning er underhaldning.

    Det er difor at me ta til motmæle og tydeleg få sagt frå at det ikkje er bodberaren, men bodsendaren og bodskapen som er dårleg.
    Fram til dess, at vi blir høyrd, er eg einig i at ein etter beste evne må avgrense bruken av media som er einvegs laga.

    Truleg bør me samtala meir, med kvarandre istaden for å ta ordrar frå kongen.

    Frå Den Høges tale:

    Veiztu, ef þú vin átt,
    þann er þú vel trúir,
    ok vill þú af hánum gótt geta,
    geði skaltu við þann blanda
    ok gjöfum skipta,
    fara at finna oft.

    ****

    Eg har forstått det slik at «geði» skal bety tankane. Og det høyrest ut som å vera gode råd, men, er det nokon her som kan forklare bakgrunnen for denne tolkninga/ordet.

  3. Hanssen seier:

    tankevekker uten tvil…bruk tiden med hverandre!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s