Folket frå Nordsjøen

I våre dagar er havet vorte noko som skil menneske frå einannan. I gamle dagar var sjøen derimot noko som skapte samband. Det er berre å sjå korleis dei gamle heradsgrensone gjeng i Bygde-Noreg, so ser ein snøgt at det ein gong var havet og fjorden som knytte folk saman: Folk rodde eller sigla for å koma seg til kyrkja eller på fiske.  Byen Bergen er i våre dagar fyrst og fremst kjend for å vera innestengd millom sju fjell, med luftureining um vinteren og med langsame bilkøar både mot nord og sud på ein E39 der vegarbeidet aldri tek slutt. Den gamle hamnebyen Bergen hev likevel vore eit vindauga mot den store verdi, noko som framleis speglar seg att i talemålet med serbergenske ord som til dømes “løvang” for langkost. Likeins syner funnet av Halsnøy-båten frå 400-talet at båthandverket  ikkje hev brigda seg so mykje upp gjenom ættledene, det hev tvert imot vore velupparbeid frå uminnelege tider.

Sjøfarten hev lange tradisjonar i Noreg, kann henda lengre enn det folk er klår yver: Det var frå havet at dei fyrste nordmennene kom. Um nordmennene ikkje er fødde med ski på beini, so er me i alle fall fødde med sjøbein.

Doggerland, det tapte landet på havbotnen
Visste du at Nordsjøen sume stader ikkje er meir enn 18 meter djup, og at me ikkje skal meir enn 8000 år attende i tid fyre store stykkje av Nordsjøen var turt land? Doggerland er eit nytt geografisk namn som forskarar er åt å taka i bruk på eit land som ikkje lenger finst. Landet hev fenge namn etter Doggerbanken, som er den grunnaste staden i Nordsjøen. For steinaldermenneski i Nordvest-Europa var dette eit verkelegt land med busetnad. Det var på same tid som både Noreg og dei britiske øyane låg trykte ned under isen. Doggerland knytte Jylland i hop med sudaustkysten av England og strekte seg nord til Vikingbanken vest for Bergen. Einast Norskerenna skilde landet frå fastlandet i Noreg.  Det høgaste punktet i dette landet var det som i dag er Doggerbanken, og som på det grunnaste berre ligg 18 meter under havyta. Den gongen låg sjøen 120 meter djupare enn i dag.

Doggerland, slik det var på sitt største.

Doggerland, slik det var på sitt største.

Kjennskapen til livet i Doggerland fekk ein fyrst frå fiskebåtar som fekk merkelege saker og ting i trålen: Verkty laga av stein og bein, menneskebein  og dyrerestar, til dømes mammuttenner. Fyrste gongen var i 1931 då trålaren Colinda dreiv med fiske aust for Norfolk, i nærleiken av Owen-banken. Dei fiska upp eit stykkje gamal torv som kapteinen braut upp med ein spade, og inni fann dei ein harpun laga av bein. Sidan vart det gjort hundradtals fleire funn frå fiskebåtar – som øksar, spjut, fiskereidskapar og fyrty av flint. I 2009 vart det jamvel fiska upp ein bit av ein hovudskalle frå ein neandertal. Det var ein skjelskrapar som gjorde det uppsiktsvekkjande funnet 15 kilometer utanfor kysten åt den nederlendske provinsen Zeeland. Likeins hev forskarane fenge meir kunnskap um plantelivet i Doggerland etter å ha studert gamalt pollen som var avsett i gjørma på havbotnen.

Jamvel um ein lenge hev visst at det hev budd menneske i Doggerland, er det fyrst i samband med oljeverksemdi at det hev vore mogleg å kartleggja landskapet på havbotnen. Sumaren 2012 kunde British Royal Society endeleg leggja fram eit kart yver Doggerland slik det ein gong var. Landet var munlegt større enn det ein hev kunna tenkja seg til dessar. Det gjekk heile vegen upp til Nord-Skottland, det knytte Jylland i hop med dei britiske øyane og det gjorde det moglegt å ganga til fots frå Frankrike og rett yver til Irland. «Det var det rettelege hjarta åt Europa», hevda Richard Bates, geokjemikar ved St. Andrews-Universitetet i Skottland.

Dei fyrste nordmennene, kom dei frå Doggerland?
Den siste istidi varde i 70.000 år. Det var for 18.000 år sidan at den siste istidi byrja gå mot slutten. Der det tidlegare var kald og turr tundra byrja livet å spira fram. I um lag ti tusund år var det eit yrande liv midt ute i det som i dag er botnen av Nordsjøen. Menneski som levde her var folk som høyrde til det forskarane kallar for den mesolittiske steinalderkulturen. Dei flutte ikring med kvart som årstidene skifte, og dei dreiv både med veiding, fisking og sanking. Forskarane meiner at det skal ha vore mange titusund av desse menneski på det store slettelandet ute i Nordsjøen.

Då dei store ismassane hadde smelta ned for um lag 10.000 sidan, tok dei nordiske landi langsamt til å hevja seg. Samstundes med at isen tok til å tina upp langs kysten, byrja havet å stiga. Ein fekk soleis den verknaden at Noreg tok til å hevja seg medan Nordsjøen langsamt byrja søkkja i havet.  Um ein ser på kart yver korleis isen drog seg attende, so ser ein at Vestlandet var vorte turt land lenge fyre isen hadde drege seg attende frå det sentrale Austlandet. For å koma seg yver til det nye landet i vest kunde ein soleides einast koma seg med båt. Og nett slik er det at arkeologane i dag ser det fyre seg.

Dei eldste båtane som arkeologar hev funne er stokkebåtar, båtar som er gravne ut or trestokkar. Desse finn ein heilt attende til den neolittiske steinalderen for meir enn 8000 år sidan.  Pesse-kanoen, verdsens eldste båt, vart funnen i Nederland i 1955. Karbon-dateringar fortel at han er frå den tidlege mesolittiske perioden millom 8040 til 7510 fyre vår tidsrekning.

Norskerenna er so djup at ho aldri hev vore turrlagd. Men Norskerenna er ikkje breidare enn 50 kilometer på det smalaste. Og på hi sida såg folk at eit nytt land reiste seg, og dei mest vågale valde å setja yver med dei primitive båtane sine.
Arkeologane hev teke i bruk nemningi «pionerbusetnaden» um den eldste busetnaden i Noreg, busetnaden er so gamal som 9000 år. I det seinaste hev arkeologane byrja knyta pionerbusetnaden til Ahrensburg-kulturen. Denne kulturen vert dagsett til siste bolken av istidi, um lag 10.500-9000 f.Kr, og han er utbreidd både på den britiske og nederlendske sida av Nordsjøen. Denne kulturen er soleides den same som fanst i Doggerland.Granskarane tolkar funni som dagsens arkeologiar hev gjort slik at den norske «Fosna-kulturen» er ei vidareføring av Ahrensburg-kulturen.

Eit nord-europeisk Atlantis?
Ei gåta som folk aldri vert ferduge med å spekulera i, det er kva som kann ha vore upphavet til myten um Atlantis. Etter det Platon umveges fekk vita, og som han skriv um i dialogen «Timaios og Kritias», skulde Atlantis ha vore eit mektig rike som vart teke av havet og vart burte på berre èi natt. Tallause teoriar er vortne lagde fram um korleis denne forteljingi skal tolkast og kvar dette landet eventuelt kann ha vore. Både Kreta, Azorane og jamvel Sverike er vortne lagde fram som moglege kandidatar.

Helder ikkje Nordsjøen hev vore fri for desse spekulasjonane. Forskaren Jürgen Spanuth var i årevis yvertydd um at skriftene til Platon og inskripsjonar i gamle egyptiske tempel laut tolkast slik at Atlantis må ha vore ute i Nordsjøen. Spanuth var viss på at Helgoland ein gong var det største fjellet i Atlantis. Når det gjekk tapt, stod einast fjellet att. Kjelda for dette er Platon sjølv, som segjer at etter at landet gjekk tapt, var det einast «kongen sine raude klippor» som stod att, og Helgoland er kjent for dei raude klippone sine. Spanuth kunde dessutan syna til eit gamalt gotisk kart, som syner til eit Atlantis som ligg ute i Nordsjøen.

Spanuth lagde fram ideen um at det som i dag er øyi Helgoland skal ha vore det politiske og religiøse senteret i Atlantis. Denne øyi skulde vera identisk med den Basileia-kongsøyi som Homer skildrar i Odysseen. Pytheas frå Massilia umtalar folket i Basileia som hyperborearar, og knyter dei soleides upp mot endå eit mystisk og ukjent land, denne gongen med utgangspunkt i gresk mytologi.  «Hyperborearane bur i fjernaste Norden rett attmed havet», skreiv den greske diktaren Aristeas, meir enn 700 år fyre Kristus. Og Plinius den eldre slær fast at «den niande bogen gjeng gjenom Britannia og gjenom landet til hyperborearane, der varar den lengste dagen 17 timar». Det høver ikkje so reint dårlegt med Helgoland, som er på 54’ 10″ nordleg breidd.

I 1954 sette Spanuth ut på ein ekspedisjon mot Helgoland for å prova at teorien hans var rett. Um lag seks sjømil utanfor kysten av Helgoland sende han ned dykkarar for å leita etter spor etter den tapte sivilisasjonen.  På botnen av havet uppdaga dykkarane ein stor, undersjøisk mur, 1012 yards lang og 328 yards vid. På innsida av muren fann dei store haugar med sand, haugar som såg ut til å dekkja ruinar av bygningar.

Ein annan granskar som hev argumentert for at Atlantis må liggja i Nordsjøen er den franske geologen og ingeniør Jean Deruelle, som i 1999 kom med boki «L’Atlantide des Mégalithes». I denne boki gjev han ei rasjonell løysing på problemet med «dei store slettene» som Platon fortel um. Platon fortel um ei ovstor sletta, og på yta skal sletta ha vore heilt flat. Sletta skal ha vore avlang av form, med 530 kilometer lengd og 360 kilometer breidd.   Sletta var umgjevi av ei menneskeskapt vollgrav, 180 meter breid og 30 meter djup. Deruelle argumenterar for at denne sletta faktisk kann ha vore til på den flate og turrlagde havbotnen i Nordsjøen. Platon hev berre mistydd èin einaste ting, og det er at det ikkje var nokor vollgrav kring sletta, men snarare eit dike som folk hadde samarbeidd um å byggja upp for å stogga det stigande havet (på same måten som nederlendarane hev gjort i moderne tid). Samarbeidet um å byggja diket hev gjort det naudsynt å organisera livet i Doggerland under makti åt èin hovding, eller konge som Platon skildrar det.

Kunde heile Doggerland ha vorte burte på ei natt, slik soga um Atlantis fortel at det skal ha hendt? Ja og nei. På den eine sida so er det klårt at det hev vore ein prosess som gjekk yver tusundtals år når Doggerland langsamt sokk i havet. På den andre sida so var slutten for Doggerland rettelegt dramatisk: Storeggaraset var eit ovstort undersjøisk ras i Norskehavet. Raset hende for um lag 8200 år sidan, og volumet skal ha vore på 3000 km³. Rasmassane var samla upp under heile den siste istidi. Dei rasa heile 800 km ut i djuphavet, og skapte ein tsunami med ei flodbylgja so høg som 10-12 meter.

Ein kann berre fyrestella seg kva slags katastrofe denne tsunamien hev vore for steinaldermenneski som upplevde denne, og minnet um denne katastrofen hev trulegt vorte yverført frå ættled til ættled.

“Dei gav oss ein arv til å gøyma”
Av alt dette kann me slutta at me nordmennene stødt hev vore eit sjøfarande folk, jamvel heilt frå fyrste stundi av. Det var dei mest vågale og eventyrlystne som tok seg yver Norskerenna frå det rike Doggerlandet til den karge norske naturen, til eit land der sumaren var stutt og vetteren lang. At me seinare skulde verta dei fyrste til å uppdaga både Grønland og Vinland, det skulde soleides ikkje vera til å undrast yver.

Me kann vidare slutta at Nordsjøen alltid hev havt ein sentral plass for me som er nordbuarar. Ikkje berre i dag når me pumpar upp olje, men jamvel den gongen det var forfedrane våre som sjølve vandra der. Det er sjølve fedrejordi vår som me i dag borar oss ned i for å henta upp olje og gass til milliardar.

Når ein ser den norske soga i eit titusundårsperspektiv, so vert det meiningslaust at den eine ættleden som voks upp etter andre heimskrigen skal gjera heile Nordsjø-olja um i pengar i ein einaste stor jafs, og det ikkje for anna enn å sikra sine eigne pensjonar. For denne ressursen er ein arv frå forfedrane – og eit lån frå borni våre.  Der resten av Europa sidan 2008 hev vore tyngd av finanskrisa, der hev den oljesmurde norske økonomien gjort det moglegt å føra vidare ein politikk som ikkje kann bera seg i lengdi. Når Statistisk Sentralbyrå fortel at me kann verta so mange som 8 millionar menneske i Noreg samstundes med at det er slutt på både olje og gass, då skynar ein at eitkvart er gale. Um forfedrane våre frå Doggerland hadde sett det som gjeng fyre seg, so hadde dei nok gjeve klår melding um at slik kann det ikkje halda fram. Det me tek frå det gamle landet vårt lyt me framfor alt nytta til å tryggja det nye.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2013-årgangen, 3-2013, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s