Kultur- og naturvern: Ein nynorsk nisje?

Norsk mål i næringslivet i Hordaland hev på mange måtar vore ei tapt sak dei seinaste tiåri. Vestlandsbanken vart i si tid til Fokus Bank og enda paradoksalt nok med å verta gløypt av Den Danske Bank. For nokre år sidan vart Hardanger og Sunnhordland Dampskipsselskap slege i hop med Gaia Trafikk og vart heitande Tide – med fyresegner på bokmål. På Strandkaien tapte Fylkesbaatane bodrunden um å få driva snøggbåtråta, og no køyrer snøggbåtane på bokmål under namnet «Norled».

    Men det er ikkje berre nynorsken som taper. Det som hender lokalt er berre ei fylgja av stemnelinone på verdsplan. Nylegt fekk me vita at det hevdvunne kaffihuset i Bergen, Friele, vert selt til ein nederlandsk kaffigigant. Samstundes gjeng eit bergensk teknologieventyr mot slutten etter at radiokommunikasjonsverksemdi Nera vart yverteki av israelske Ceragon. Då verksemdi vart kjøpt i 2011, vart dei lova at utviklingsdeildi skulde verta att i Bergen, men i november 2013 kom bodskapen um at ho med vert flutt til utlandet.

    Kor som er, det finst ljospunkt midt uppe i det heile, og desse ljospunkti kjem jamvel på norskt mål. Eg skal i dette vesle stykkjet taka fyre meg nokre fåe av dei:

Norske drikkevaror
I bryggerinæringi stend bergensbryggeriet Hansa att, saman med Aass, som einaste av dei store bryggerii som framleis er på norske hender. Resten av bryggeriverksemdi i Noreg er i realiteten vort teki yver av Ringnes, som i neste umgang er i hendene på danske Carlsberg.

Men samstundes som den tradisjonelle bryggeriverksemdi hev vorte stødt meir sentralisert, hev det dukka upp ei rad med mikrobryggeri med lokalt tilsnitt. Eitt av desse er Ægir Bryggeri frå Flåm, med namn etter den norrøne havguden. Ægir tilbyd eit stort utval øl, der serskilt Ægir IPA er vorten umtykt millom ungdom. Sjølve bryggeriet i Flåm hev dei bygt upp i drakestil, med eigen gildehall der veggane er merkte av drivved, drakehovud og ein 9 meter høg peis frå golv til tak.  

    Eit anna godt og umtykt øl er Kinn frå Florø i Sogn og Fjordane. Bryggeriet vart opna i 2009 av heimebryggjaren Espen Lothe, og dei lagar ei rad ulike slags øl i både engelsk og belgisk stil. Øli vert gjæra på gamlemåten i opne gjæringskar. Millom ølslagi som Kinn Bryggeri kann tilby er kveiteøl, slåtteøl, belgisk trippeløl, indiaøl og bringebærøl.
    Gjeng me endå lengre nord, til Stranda på Sunnmøre, hev me elles Trollbryggeriet, med merkevara Slogen. Øltypane deira er alle yvergjæra handverksøl.

Norsk iskrem
Isrosa er namnet på ei gardsverksemd i Kvinnherad som lagar økologisk iskrem på nynorsk.  Isrosa lagar is med smakar av ymist slag, til dømes mjølkeis og fruktis (sume smakar er knytte upp til årstidene). Til å laga iskremen nyttar dei seg einast av økologiske råvaror. Ingrediensar som bjørnebær, plomor og bringebær kjøper dei inn frå andre lokale, økologiske bønder. Egg, mjølk og rabarbra lagar dei derimot sjølve på sin eigen gard. Millom anna hev dei sin eigen frittgangande, økologiske hønseflokk til rådvelde. Dei hev ei rad ulike hønserasar, og dei fleste er høner som kanskje ikkje verpar kvar dag, og som difor er produktive i etter måten mange år.

Norske kjøtprodukt
Medan strilamålet er utrydjingstruga med kvart som Bergen veks seg ut yver alle grensor, er Voss ein stad som maktar halda på serhåtten sin og som jamvel veit å tena pengar på det. For litt yver eit år sidan skifte Voss Kjøttindustri namn til Vossakjøt, og ei ny merkevara såg dagsens ljos.  Vossakjøt tilbyd både vossakorv, eldhusbacon, cabanossi, fenalår, hakkakjøt, pinnakjøt og steikjepylsor. I alt femner varespekteret um meir enn 30 ulike produkt, og  alt i hop på nynorsk.  I eit uppslag i Avisa Hordaland frå 8. juli 2012 fortel styreleidar Roger Jacobsen at «[m]ålet er at Voss skal verta like sterkt knytt til kjøtprodukt, som til idrett, jazz, folkemusikk og ekstremsport. […]. [L]ike viktig som logoen, er ei langt sterkare understreking av identiten og tradisjonane bak produkta me leverer. Kvart einskild produkt får difor ein skriven tekst på seg, der historie og bakgrunn vert formidla.» 

Vossakjøt hev eit stort utval av heilnorske kjøtprodukt.

Vossakjøt hev eit stort utval av heilnorske kjøtprodukt.

Norske stelleprodukt
Eit anna upptak som kjem frå Voss hev namnet Vossabia. På heimesida deira heiter det at «Vossabia er oppteken av det nære og naturlege, det sunne og sikre – og alle varemerki vert sjølvsagt laga frå a til å av kjærlege hender heime på garden – av bygdedamer som eig seg heime i umrådet, men hev verdi som boltreplass!».  Vossabia tilbyd både ringblomsalve, reivungesalve og kuldekrem. Men dei tilbyd ikkje berre hudstellprodukt,dei lagar jamvel pålegg som til dømes bringebærhonning – og gjev deg elles yvernatting i Vossabia Gjestetun. Med andre ord eit fullstendig konsept bygt upp kring garden deira på Voss..

Å byggja upp ein heilskap
Dei varemerki  me hev vore gjenom her er berre nokre av mange økologiske varemerke som er tilgjengelege på god norskt mål. Dei kostar litt meir enn dei vanlege varemerki ein elles finn i daglegvarehandelen, men ein fær meir att for pengane med.
    Og her kjem  poenget:  Ein kann vanskeleg skilje seg uti forbrukarsamfundet, når ein sjølv byrjar tenkja som ein forbrukar. Jamvel folk som freistar vera eldsjeler, dei plukkar saker dei bryr seg um litt på same måten som ein plukkar ferduge varemerke i daglegvarehandelen…

    Dei fleste hev nokre fåe saker dei er medvitne um, men liver elles eit typisk A4-liv innanfor råmone av det rådande systemet.  Nokre er kanskje miljømedvitne, men sender ungane til ein bokmålsklasse. Andre er gjerne målmedvitne, men bryr seg ikkje med kva slags miljøgifter me puttar i oss. På den måten vert det i sum slik at det eine eldsjeli freistar få til på eitt umkverve, det er det ein annan som øydelegg for, og i sum kjem ein ingen veg. Kor som er: Skal samfundet ganga i ei onnor leid enn der høna sparkar, so treng ein å standa saman, skapa ein røynleg motkultur. Det er det som gjev kraft til å verkelegt kunna skilja seg ut.

    I vanleg næringsverksemd vert bokmålet sett på som det nøytrale, medan nynorsken er noko som stikk seg ut og som ein difor vel å styra undan. For dei som vel å byggja eit varemerke på stadeigen hevdslinor og tilknyting  er det derimot stikk motsett, her er det norske målet noko som ein kann nytta som eit hjelpemiddel. Dei økologiske varemerki på nynorsk er ein framifrå måte å setja ihop både naturvern, kulturvern og språklegt medvit. Det er ein liten nisje som enno ikkje når ut til so mange, men som samstundes målber umframme lummor med serhått som vert standande att der sume trudde at kampen for det norske alt var tapt.

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2013-årgangen, 3-2013, livsstil, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s