Misnøgjemarknaden

Jamvel um det ikkje ser slik ut ved fyrste augekast, so er det slik at mykje av marknadskreftene nyttar seg av dei negative kjenslone millom folk: kjenslone folk hev av å ikkje vera gode nok og ikkje strekkja til. I pressa høyrer ein stødt um nye og fargerike varemerke som skal gjera livet betre, sunnare og venare. Diverre er det meste av dette einast ei synkverving.

Industrien nyttar einast dei arbeidsmåtane dei hev til rådvelde for å få selt varemerki sine, og han som kjøper er sjølv andsvarleg for dei vali han gjer. Det er likevel viktugt å vera klår yver korleis dette spelet gjeng fyre seg.
Han som tykkjer at han alt hev nok, han kjem ikkje til å kjøpa noko meir.  Det fyrste punktet er soleides openberrt nok:

1. Det lyt alltid koma noko nytt og betre
Han som ikkje fylgjer denne regelen kann heilt einfelt verta sosialt isolert, noko som i millomtidi syner seg jamvel millom dei minste. Ein lyt stødt ha eitkvart som er på moten, eitkvart som folk nyttar seg “no um dagen”, og der eigen smak hev aller minst å segja.
Moten brigdar seg stødt, men folk hev ikkje uavgrensa med pengar. Fylgja av dette er at kundane vender seg til billegindustrien:
Ting som nett no er på moten, dei kostar ikkje so mykje, og dei held seg nett like lenge som dei er populære. Dette leider til eit bruk-og-kast-samfund, måvita, der ingenting hev noko verde i lengdi. Og at alle ting snøgt skal ganga ut på dato, det er godt planlagt: Langtlivande produkt let seg laga, men det gjev ikkje like godt avkasting.

Det rotlause forbrukarsamfundet...

Det rotlause forbrukarsamfundet…

Dette fyrste punktet heng nært i hop med det neste:

    2. Ver betre enn medmenneski dine, elles vert du akterutsigla
Status er ovviktugt, og framfor alt å gjera denne synleg. Dette leider oss vidare til endå fleire marknadssegment: Bilar, hus, utsmykking, elektronikk. Med andre ord dyre innkjøp, som attåt den upphavlege funksjonen deira skal syna at kjøparen “er nokon”.
Desse stødt nye innkjøpi fører i lengdi til at folk byrjar skulda mykje pengar, og det kjem serskilt bankane til gode.

Det er ikkje berre dei økonomiske verksemdene som tevlar med einannan, det same gjeld einskildmenneski med. Her sviv det seg um sosial status, um pengar og um kven som hev det beste arbeidet. Å få det beste arbeidet er ikkje lett, og kampen um dette tek alt til på skulen. Dei som innretter seg etter det straumlineforma systemet er dei som lukkast. Ein lyt læra seg å fylgja spelereglane, elles vert ein straffa. Det fører oss strake vegen vidare til:

3. Han som ikkje lukkast vert sjalta ut. Altso, ver ikkje vandsleg og gjer det som du vert fortald
Den einaste godtekne livemåten er den som gjeng ut på å byggja seg upp innanfor råmone åt systemet, gjera karriere og arbeida seg kaputt til dess at ein er vorten gamal. På sine gamle dagar hev ein endeleg tid, men ikkje noko rettelegt høve lenger til å njota det ein hev arbeidd fram, og berre nokre fåe kjem til dette punktet medan helsa deira enno held.

Han som ikkje lukkast med å vera med på dette eller som ikkje ein gong vil, han hev store ettermuner. Vegen til sosial utestengjing er stutt når ein ikkje lenger “yter sitt tilskot til velstanden”. Denne vanvyrdnaden for dei som ikkje lukkast speglar elles berre av den redsla som fleirtalet sjølve hev for å hamna i same stoda um dei ikkje spelar med.

I røyndi er det store fleirtalet ikkje serskilt nøgde med den einsrette og keidsame kvardagen sin. Uppgåva åt pressa vert difor at folk skal halda humøret upp. Dette gjer dei med lett underhaldning, uthaldsparolar, fagre lovnader og flotte produkt. Dei “held gulroti framfor eselet”.

So lenge det å lukkast ikkje skal målast i noko anna enn det materielle, so kann helder ikkje det å vera lukkeleg målast i noko anna enn det reint ytre. Og slik kjem me til det fjorde punktet:

4. Han som ser bra ut, han lukkast og er lukkeleg
Venleik slik dei fleste ser på det, det finn ein helst hjå unge folk. Denne venleiken gjeld det å halda på, med alle midlar. Kvar og ein ynskjer å verta verande ung. Her med kjem industrien ilande til og syter for forbetringar, men ikkje meir enn at kundane vert verande kundar. Det heile vert drive fram av eit idealbilæte som ikkje svarar til røyndomen.

Industrien nyttar seg av det at folk ikkje er nøgde med eigen kropp og eigen venleik. Dette gjeld millom anna idrottsverksemder, næringsmiddelindustri, kosmetikkindustri og venleikskirurgi – og endå ein gong kjem klesmoten inn i bilætet.

Kjærleiken er endå eit sårt punkt. Kvar og ein søkjer etter kjærleik. Sume jamvel heilt fortvila. Og media målar eit bilæte av samlivet millom mann og kvinna som er sterkt idealisert og romantisert. Han som søkjer det eine, han finn helst det andre, til dømes på elektroniske møteplassar. Stuttlivande eventyr kann det verta mange av, og sistpå kjem spursmålet um kvifor det aldri fører til noko meir. Hev det med meg sjølv å gjera? Endå ein gong finst det nok av tilbod på marknaden for dei som ynskjer å endra seg sjølve…

Dette fører oss vidare til det femte punktet som industrien freistar innprenta i oss:

5. Når det ikkje klaffar, då skriv det seg frå di eigi innstelling og korleis du sjølv steller deg
Sosial isolasjon, økonomiske skyldnader og ovundsjuke andsynes alle andre som tilsynelatande er venare, lukkelege og meir vellukka enn ein sjølv – alt dette skaper ei ålmenn misnøgja. For dette med finst det mange tilbod…

Til dømes ei stor mengd med usunne nærings- og nytingsmiddel. Dei smakar rettelegt godt, men bryt ned kroppen og gjer deg både tjukk og lat. Desse produkti gjev glede for ei liti stund, og snart treng ein meir av dei.

Eller ein tilbyd folk avkoplingar som spelar på lengslar, slik som spel, innkjøp og seksuelle tenestor. Eller ein trengjer alt burt for ei tid, røykjer og drikk. Alt dette fører ingen stader, men like fullt er det nok av dei som tilbyd dette.

Desse menneski som folk flest tenkjer er so mykje “betre” enn andre, dei er på det jamne slett ikkje lukkelegare. Det ser berre slik ut. Dei lyt stødt nytta mykje energi på å halda uppe statusen sin og på å nytta seg av venleiken sin medan dei enno hev honom. For desse er det ei skrekkfyrestelling um statusen, pengane og venleiken ein dag skulde verta burte. Ein hev til sjuande og sist alle venene sine i den same krinsen og kjem til å verta heilt åleine um ein fell ut or denne.

Likeins er dei tvinga til å halda seg med visse fritidsaktivitetar, kjøpa serskilde ting og å standa for serskilde meiningar. Her med er prisen deira eigen individualitet.

Slik kjem me til det siste punktet:

6. Kvar og ein kann lukkast. Ein lyt berre streva hardt nok og gjera alt det som ein vert fortald.
Men det som tel er den runddansen som ein vil halda folk i: Ikkje rykkja ned att til der ein kom i frå og stødt halda blikket mot eit mål som vert verande langt burte. Jamvel um ein aldri når fram til målet, finst det ingen annan veg enn denne eine.

Utan å lyda polemisk: Misnøgja er ei ovstor økonomisk inntektskjelda. Han som alt er lukkeleg, han strevar ikkje meir, kjøper ikkje meir, treng ingen som skal få livet deira på rett kjøl.

Sjølv hev eg lite lyst til å bøgja meg for bodskapen um alt det som eg “må” gjera for å vera lukkeleg. Det treng eg helder ikkje um å gjera.

J. Ebert

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2013-årgangen, 3-2013, livsstil. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s