Njardarlog og Tysnes – Nerthus og Ty

Tysnes er ei samling av øyar ved inngangen til Hardangerfjorden, vest i Noreg. Namnet nækjer at øyi hev røter til ei heidensk fortid, som stykkevis er løynd burt. Det finst eit gamalt steinalter i Todneset, tilliks med i Vevatn. Der tenkjer ein seg at det er ein stad som vart nytta til å dyrka guden Njård og truleg grødegudinna Nerthus, i dei heidenske tidene. Det litle stykket av øyi “nes”, fekk upphavleg namnet til guden Tyr og vart berre vist til som Tysnes. Tyrs nes, medan resten vart kalla for Njardarlaug.

Namnebytet kom kring år 1530, på den tidi då trusumbytet frå katolisisme til protestantisme bar til. Njardarlaug-namnet vart sett på som eit altfor heidensk namn, men det er tankevekkjande at namnet vart skift til eit like heidensk namn, Tysnes. Det kann få ein til å slutta seg til at Njardar og Njård var namn som spela ei serleg sterk rolla i det fyrrkristne livet på øyi, og at det var det som pressa fram namnebytet. Kyrkja var kjend for å reinska burt det som ikkje høvde med kyrkja sitt verdssyn. Dersom krigs- og himmelguden Tyrs rolla var mindre kjend, då var namnet meir uskuldig enn det fyrre namnet. Ein kann òg undra seg yver kor viktig øyi var for dei fyrrkristne, heidningane. Var øyi ein samlingsstad for folk utanfrå? Reiste andre skandinavar upp til øyi for å gjesta henne? Var minnet um rituali og gudedyrkingi so sterk i tilknyting til Njardarlaug at namnet laut slettast ut or minnet? Og det jamvel um ein tok eit anna, um enn ikkje like velkjent og attkjennelegt heidenskt namn på øyi?  Anten lyt dei som skifte namn på øyi ha vore ukjende med den oldnorske gudelæra eller so hev dei leita etter eit mindre utstikkande namn som samstundes var mindre kjent. Um Tyr-kultusen var mindre viktug i folkeminnet enn Njård og Nerthus, då kann det ha vore årsaki til namnebytet.

Kva tyder namnet?
Tysnes var upphavlegt berre eit stykke av øyi. Heile øyi sjølv vart kalla Njardarlaug, som er det mest slåande: Ei endefram påæring av den nordiske guden Njård eller gudinna Njardar. Ei onnor forklåring til namnet kom frå Eivind Vågslid. Han meinte det synte til tronge farvatn, ein tett, samanpressa vassveg eller ein smal nær vassveg som skil øyi frå hovudlandet. Vassvegen er sanneleg smal nok, han let seg måta etter ei bru på 316 meter (Luksund-brui). Men var forfedrane våre so keidsame at dei berre kalla upp øyi etter korleis vatnet strekte seg ut? Og er 316 meter i røyndi ei veltilmåta ruta for båtar i tidlegare tider? Det verkar usannsynlegt når ein ser på tilknytingi millom andre stader i Noreg og Skandinavia som hev fenge gudenamn, slik som til dømes Torheim, Baldersheim, Torshamn eller Odense (Odins sjø). Laug syner til vatn. Njardarlaug lyt soleides syna til Njårds eller Njardars vatn – “Njård sitt kultiske bad.”

Vevatne, Tysnesøy. Her vart det kannhenda ofra til  gudinna Nerthus i gamal, fyrrkristen tid.

Vevatne, Tysnesøy. Her vart det kannhenda ofra til
gudinna Nerthus i gamal, fyrrkristen tid.

Sidan me hev steinen på Todneset, tilliks med altaret, er det lett å slutta vidare. Kyrkja på Todneset kann lik so vel som andre kyrkjor ha vorti bygd på ein gamal heidensk kultstad, slik det var vanlegt. Kristne kyrkjor vart ofte bygde på  på mektige stader der den heidenske sevdhevdi hadde stade sterkt.

Øyi lyt ha havt ei tyding som gjekk lenger enn til å berre vera geografisk. Åndelege og heidenske tankar og dygder høyrde heilt klårt heime her i fyrrkristne tider. Desse hev yverlevt i stadnamni og med steinane som er leivde att. Njardarlaug kann visa til både den mannlege og den kvinnelege guden. Njård er ei beinveges tilvising til den norrøne sjøguden, han som var faren til Frøy og Frøya. Njardar vert mest vist til som Nerthus, og er ei guddinna for jordi som knyter seg til Njård. I Heimskringla er det nemnt at Frøy og Frøya var etterkomarar av Njård og systeri hans. Ein kann spekulera i um det var Njardar. På denne måten kann Njardar vera ei gudinna for landet ved sjøen. Øyi Njardarlaug kann altso peika på tvo element, både land og sjø.

Serleg innsjøen Vevatn er tenkt å vera ein stad for ofringar som vart gjorde til Njardar eller Njård eller til båe. Landsida til denne innsjøen symboliserar ein møtestad millom land og sjø, slik kunde me endå ein gong finna eit samband millom ei jordisk gudinna og ein vassgud. I heidenske tider kunde ikkje slike elementsamband vera burtkasta, for folket sin tilværerett var knytt til utnyttingi av sjø og land.

Borni til Njård og truleg Njardar er gudar for øksleførleik, Frøy og Frøya. Vatn og jord er grunnleggjande når ein skal dyrka avlingar, og slik kann ein fylgjerett slutta seg til at ein vass- og jordgud er grunnleggjande når ein skal dyrka avlingar. Ein kann òg slutta seg til  at ei vass- eller jordgudinna føder guddomelege avkom og er eit sinnbilete på øksleførleik.

Astronomiske ovringar på Todneset
Ein av dei mest utstikkande leivningane frå heidensk fortid finn ein berre innanfor eit lite vald på øyi som med full rett kann kallast Tys nes. Denne parten av øyi er kjend som Todneset. Det er ein stein, ikkje langt frå der er det grave ut på eit lite lende, og der hev ein funne eit altar. Staden er berre 25 meter frå sjøen, ein jordhaug ved land, der alt dette finst. Derifrå hev ein eit utsyn yver bukti mot Våge i vest, og eit utsyn mot Bjørnafjorden i nordvest. Altaret vart grave upp i 1915, og funni kann sjå ut til å vera leivningane etter offerhandlingane. Dei femnde um knivar, boltar og jarnverkty, bein og beingrinder av dyr. Altaret var truleg ein part av ein innfløkt bygnad, um ein skal tru dei funni som granskarane avdekte i 1915. Staden er elles forvitneleg um ein ser det utfrå den ståstaden at kvart år, på vetteren ved solvendingi, kverv soli attum fjelli i yttersynet, men kjem attende ei stutt stund og skin på toppen av steinen ein gong til. Dette er den einaste gongen på året at denne ovringi syner seg. Av di dette er eit naturlegt, men uvanlegt lende, og det serlegt på denne måten, so er det lett å sjå kvifor dei heidenske forfedrane tenkte at dette var ein sermerkt stad som eigna seg for å dyrka gudane.

Bautaen på Todneset, Tysnes.

Bautaen på Todneset, Tysnes.

Var det Tysnes som Tacitus tala um?
Ja, meinte den lokale forfattaren og sogegranskaren Johannes Heggland. På Tysnes er det ein stad som dei kallar Lunde, ikkje langt frå Vevatn. Vevatn skal ha vore nytta til åndelege fyremål, og når me gjev att Tacitus (or verket “Germania”), so kann me tenkja oss at han viste til Tysnes:

“Ingen av desse stammone hev noko serpreg som det er verd å merka seg, burtsett frå at dei er sams um å dyrka Ertha eller moder-jord, og trui på at ho påverkar menneskelege tilhøve, og vitjar dei einskilde landi i vogni si. På ei øy i havet er det ei heilag lund og i denne lundi er det ei stridsvogn som er dekt yver med eit klede. Berre ein prest hev lov til å røyva ved kledet. Han kann sansa nærveret til gudinna i denne heilage lundi, og gjeng attmed henne med stor vyrdnad og age ettersom ho vert dregi avgarde av tvo kyr. Det er ei tid for feiring og festivitetane spreider seg kvar ho fer og vert motteki.
    Dei gjeng ikkje til krig og ber ikkje våpen, alle våpen er læste ned, fred og tagnad er godkjend og velkomen berre i desse tidene, til dess at gudinna vert sliti av menneskelegt samkvæm, då vert ho førd attende til tempelet av den same presten. Etterpå vert vogni, messekledi og – um du vil tru på det – gudinna sjølv reinsa i den løynlege innsjøen. Slavar utfører ritane, og dei vert dinæst svelgde upp av vatnet.”

Tysnes (Njardarlaug) er ei øy ved sjøen, som  inneheld ei lund,  og i nærleiken er det ein innsjø. Innsjøen skal ha vorte bruka til dei fyremåli som Tacitus nemnde, i heidenske tider, so tilhøvi og  landkunna på øyi stemmer med at Tacitus kann ha visst um øyi og innbyggjarane der på den tidi då Frøya kann ha vore jordgudinna. På Tacitus si tid vart ho dyrka yver store lutar av dei germanske landi.

Mange spursmål, fåe svar
Tilrengd sogeskriving og låk dokumentasjon gjer at mykje av den heidenske fyrrtidi er vorti løynd for oss. Me kann difor berre spekulera og lata fantasien laupa fritt når det gjeld kva som hende på den mystiske øyi Njardarlaug: Korleis var den heidenske tilbedingi i røyndi, og kva gjorde dei heilt handfast? Korleis såg dei på gudane? Kva var viktugt for dei når soli vende attende ved solvendingi? Kva tenkte dei og tykte dei? Det var visseleg tankar som var meir kosmiske enn  våre eigne avgrensa materialistiske tankar av i dag. Me kann lata tankane våre laupa fritt, og vitja staden og finna den sermerkte stemningi her, ei stemning som sanneleg skil seg frå den ein finn på dei ikringliggjande stadene.

Ei heilag lund. Soli som reiser seg yver Todneset ved solvendingi. Ritual og ofringar til Tyr på staden som ligg ved ein haug. Vassofringar, påkallingar og bøner til vassgudane Njård og Njardar ved Vevatn, slik skulde dei æra avkomet til økslingsgudane Frøy og Frøya ved såing og innhausting. Sambandet millom jord, sjø og sky låg i dei daglege tankane til dei som budde på staden. Det me veit um namn og funn på Tysnes i dag, det er knytt til ei rik verd som nesten er gløymd, ei verd som knytte den materielle verdi til  ei onnor verd, ei verd med åndelege og energiske verde, ei indre verd. Ein kann læra seg mykje med fylgjestrengleik og mykje kan ein tenkja yver gjenom intuisjon.  Fyrrtidi og framtidi let seg setja ihop med notidi når me tek slike mystiske stader og gjer oss tankar um deim og freistar å sjå på deim med augo åt forfedrane våre.

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2013-årgangen, 3-2013, mytologi og esoterikk, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s