Frå presseetisk mageplask til anonymt sladder

Det finst personar og gruppor som ynskjer å setja merkelappen «fascisme» på alt som smakar av nasjonal sjølvråderett, endå det er lite som er meir demokratisk – i den positive tydingi av ordet – enn eit folk som er fritt og som fær råda seg sjølv i fred.

Kommunistar hev ein lang tradisjon med å setja umgripet «demokratisk» inn i ein totalitær samanheng. Eit av dei verste dømi på dette finn me i det gamle DDR, «Deutsche Demokratische Republik». Fridom og demokrati var i dette landet noko som laut tvingast på folk, og tusundtals Stasi-agentar var i sving for å passa på at folk flest til kvar tid var «demokratiske» nok.

Jamvel um DDR-regimet til slutt gjekk i grus, so liver mykje av tankegodset vidare. Ikkje minst tanken um at folk er noko ein bør vera skeptisk til. Held ein ikkje folket i eit fast grep, so endar det slik som det nylegt gjorde med ei viss folkerøysting i Sveits…

Um nokon skulde vera i tvil um kva slags syn visse personar hev på DDR, so er det berre å kasta eit blikk på hettegensaren til ein kjend meiningsyvervakar som i beste Stasi-stil er byrja luska ikring på Apollon og Garage, på jakt etter fårlege meiningar i musikkmiljøet. Me kjem attende med meir informasjon um denne ynkelege stakkaren når det høver seg slik.

Um nokon skulde vera i tvil um kva slags syn visse personar hev på DDR, so er det berre å kasta eit blikk på hettegensaren til ein kjend meiningsyvervakar som i beste Stasi-stil er byrja luska ikring på Apollon og Garage i Bergen, på jakt etter fårlege meiningar i musikkmiljøet. Me kjem attende med meir informasjon um denne ynkelege stakkaren når det høver seg slik.

Noreg er eit konsensussamfund, men slik er det ikkje i Europa elles. Finanskrisa hev Noreg vorte skjerma for, takk vere oljemilliardane, men ute i Europa hev den nye sosiale røyndomen skapt eit nytt politisk klima. Folket er kome ut or kontroll, og difor vert det viktugt for meiningsdanarane i Noreg å filtrera den informasjonen som skal nå inn til folk i Noreg.

Fyremålet med reisereportasjane åt Målmannen hev vore å syna fram markeringar som er viktuge for folk i heile Europa. Det finst ei verd utanfor Noregs grensor som ikkje samsvarar til det bilætet som ein liten meiningselite hev skapt.

Men eit sjølvstendig målblad som hev sin eigen dagsetel – ikkje berre på norskt nivå, men jamvel på eit ålmenneuropeisk – og som stend utanfor den statsfinansierte målrørsla… Ja, det er fårlegt det. Og um ein skal døma ut frå dei framstøytane som er vortne gjorde mot bladet det seinaste året, so er det likt til at slutten av februar og byrjingi av mars er tidi då ymse slags sjølvuppnemnde politiske smaksdomarar hev sett seg fyre å «ta» Målmannen – og ikkje minst gjeld det um å taka Målmannen-redaktøren personlegt!

Men litt etter litt byrjar det å få noko desperat yver seg: I fjor var det Næravisa i Volda som gjekk på trynet, med alle dei ville skuldingane som dei til slutt vart felde for i PFU.  I år er det eit anonymt, vinstreradikalt «researchkollektiv» som hev skrive sin eigen «rapport» um bladet Målmannen. Den nemnde «rapporten» hev dei lagt ut på ein vinstretotalitær blogg som stend utan andsvarleg redaktør. Medan Næravisa i minsto tok utgangspunkt i nokre dagsaktuelle hendingar, so nyttar «researchkollektivet» spalteplassen til å  spekulera i det vide og det breide um snøen som fall i fjor – og dessutan den som dei meiner skal ha falle for 10-15 år sidan! Men det er kann henda ikkje so rart, når ein tenkjer på at «researchkollektivet» høyrer til eit miljø som fyrst og fremst hentar løysingane sine i ei totalitær fortid som dei fleste trudde me hadde lagt attum oss.

Det er elles langt under vår standard å gå inn i nokon diskusjon um alle dei merkelege påstandi som det sokalla «researchkollektivet» fører til torgs. Spekulasjonar frå folk som ikkje ein gong kann stå fram med namn er ikkje verde papiret dei er skrivne på, men me er vel so skræmelege at forfattarane rett og slett ikkje vågar å gje seg til kjenne. Kva skal ein segja til slikt då? Bøh, kann henda?

Ein ting er i alle fall sikkert: Visse personar ser ut til å vera mykje meir interesserte i Målmannen-redaksjonen, både personlegt og politisk, enn me nokon gong kjem til å verta i dei 😉

Advertisements
Dette innlegget vart posta under vinstreekstremisme, ytringsfridom. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s