Øyvind Strømmens konspiranoia utan ein tråd

Øyvind Strømmen var eit namn som dei færraste kjende til fyre 22. juli 2011. Etter den tid hev kringkastingi lyft Øyvind Strømmen fram og gjord han til ein slags serskild fagkunnig når han vert spurd ut um saker kring høgreekstremisme, fascisme og nazisme. Kva han skulde ha gjort som skulde ha gjort honom til ein serskild fagkunnig er eit ope spursmål for mange, og  eg var ihuga etter å lesa boki hans, «Den sorte tråden – Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag». Eg trong ikkje lesa lenge fyre eg såg at Strømmen let seg kveikja av politiske meiningar og ikkje av faglege yversyner.

Umslag på "Den sorte tråden - Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag"

Umslag på «Den sorte tråden – Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag»

Bloggaren og aktivisten som i media vart til ekspert og autoritet
På vaskesetelen åt «Den sorte tråden» heiter det at «Strømmen har tross sin unge alder (33 år, min merknad) allerede markert seg som en av de aller fremste autoritetene på sitt felt. […] Med Den sorte tråden legger han neste sten i det som tegner til å bli et langt og viktig forfatterskap.»

Det bør fyrst som sist gjerast klårt at Øyvind Strømmen ikkje hev nokon som helst slags faglege fyresetnader som gjer honom til ein «autoritet» på høgreekstremisme eller fascisme. Sjølv kallar han seg for «halvstudert religionsvitar» (Kjelda: Facebook-posting frå Strømmen sin eigen offentlege profil, 22. desember 2013). Han hev etter eigi utsegn vore verksam i det belgiske partiet Groen, eit parti som til liks med resten av den «grøne» rørsla i Europa stend for ein ultraliberalistisk politikk når det kjem til innvandringspolitikk, familie- og verdispursmål (Kjelda: http://hordaland.mdg.no/2010/08/%C3%B8yvind-str%C3%B8mmen/  ). Når ein er mot både forbruks- og folketalsvokster i Vesten og samstundes er for fri innvandring, kjem ein snøgt til ein tankekross, men eg let den sida liggja, for ho høyrer ikkje hit.

Øyvind Strømmen debuterte rett etter 22. juli med boki «Det mørke nettet», ei bok som han sjølv umtala som ei politisk bok. I eit intervju med «Journalisten» slær han fast med tri ord at det er ein klår politisk dagsetel attum skribentverksemdi hans: -Du veit, «know your enemy» (Kjelda: «Ekstremistjournalisten», Journalisten 11.11.2011, http://www.journalisten.no/node/36127 ). Strømmen er difor skuldlaus i å nemna seg sjølv ut til serskild fagkunnig eller autoritet, når han sjølv i røyndi  er ein politisk aktør. Det er norske  kringkastings- og forlagsfolk åleine som hev gjort seg til talsmenn for denne utnemningi. Ein kritisk lesar lyt spyrja seg, kvifor…

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen

Jamvel utan å ha lese idèhistorie på universitetet, so er det fullt råd for ein lekmann å skriva godt um ideologi. Men det fyreset at ein ikkje freistar å måta det faglege lendet etter eit ideologisk farga kart, der sluttsatsen alt er skriven inn i titelen. Strømmen hev eit ideologisk prosjekt, og forfattarskapen hans skal underbyggja det, prosjektet ser ut til å vera å teikna upp eit kart med politiske påstandar, og kartet skal visa umveges at ein finn eit løynt samband millom alt og alle som er til høgre for partiet Høgre. Tenkjer du utanfor høgre-vinstre-blokki, og meiner at motsetnaden millom borgarlegt og sosialistisk frå Raudt til Høgre ikkje er god nok til å fanga upp røynlege tilhøve i samfundet,  då stend du for noko som er tvilsamt og ytterleggåande. Du ber på ei arvesynd som gjer deg ideologisk medskuldig i brotsverk mot manneætti. Slik vert vegen stutt til Holocaust, massemordet på Utøyi og utrydjing av andre folkegruppor. Alt dette um ein skal fylgja framstellingi åt Strømmen.

Politisk analyse etter innfallsmetoden
Den nye boki til Strømmen, «Den sorte tråden», er på heile 426 sidor. Boki er fyld med utgreidingar um ymse slags «høgreradikale» personar og gruppor i Europa, sume i fortid og andre i notid, men utan nokon klår kronologi eller uppbygnad. For å finna det som til sjuande og sist skal vera «den sorte tråden» gjenom boki, må ein gå til epilogen. Men her fær ein endelegt reine ord for pengane:

«I denne boken har jeg forsøkt å vise den sorte tråden som kveiler seg gjennom europeisk historie. Det er en tråd som inkluderer nyorganisering etter andre verdenskrig, nye partier i tiårene som fulgte, den ideologiske nyorienteringen gjennom nouvelle droite-bevegelsen og – i nyere tid – en vending fra jødehat til innvandrerfrykt og muslimhat.»

Det franske nye høgre, ei gruppa unge franske filosofar som vart verksame på 1960- og 1970-talet med kritikk av demokratiet og likskapssamfundet, ser soleides ut til å vera ein sentral bindelekk i det som skal vera ein svart tråd i den europeiske etterkrigssoga. Det er difor til å undrast yver at stikkordlista i boki ikkje hev eit einaste uppslag med «nouvelle droite» – og helder ikkje eit einaste uppslag på namnet Alain de Benoist, som var den sentrale tenkjaren i det nye høgre i Frankrike. Ein lyt blada på måfå gjenom den 426 sidor lange boki fyre ein til slutt finn ein 12 sidor lang bolk som er meint å taka fyre seg det nye høgre  i Frankrike («Drømmen om en gullalder»), men  i denne bolken sviv det seg framfor alt um ei rad andre personar og gruppor som Strømmen freistar å kopla ïhop med det nye høgre i  Frankrike. Mindre enn tri prosent av boki er soleides tileigna det som skal vera den sentrale bindelekken i den svarte tråden. Kor som er, me skynar at dette lyt vera nokre sers viktuge prosent, elles heng arbeidet åt Strømmen i ein rettelegt tunn tråd…

Konspirasjonsteori: Det franske nye høgre, nazisme og fascisme i ny innpakking?
Øyvind Strømmen vaktar seg vel for å segja dette ende ut, samstundes er det nett dette bilætet som lesarane sit att med etter å ha lese gjenom dei tolv sidone som han hev ofra på det franske nye høgre.

Um ein skulde byrja med å søkja etter røtene for det franske nye høgre, hadde det vore naturlegt å byrja i Frankrike sjølv: I Frankrike finst det ein lang intellektuell motrevolusjonær tradisjon, heilt attende til 1789. Det er eit framhald heile vegen som gjeng frå katolske tenkjarar som Joseph De Maistre og monarkistar som Charles Maurras og vidare fram til Alain de Benoist og det som skulde verta det franske nye høgre. I Wikipedia-artikkelen um Alain de Benoist heiter det elles at «[h]is influences include Antonio Gramsci, Ernst Jünger, Anthony Ludovici, Jean Baudrillard, Georges Dumézil, Ernest Renan, José Ortega y Gasset, Vilfredo Pareto, Guy Debord, Arnold Gehlen, Stéphane Lupasco, Helmut Schelsky, Konrad Lorenz, the German Conservative Revolutionary movement, and the Non-conformists of the 1930s.» (Kjelda: http://en.wikipedia.org/wiki/Alain_de_Benoist, vitja 1.1.2014 ).

Men nett denne samanstellingi vert kannhenda litt for spesiell for Øyvind Strømmen. Eller rettare sagt, det vert for vanskelegt å spinna den svarte tråden som skal gå vidare frå nazismen og fascismen. Øyvind Strømmen veit likevel råd. For dei tvo filosofane som Strømmen hev valt å draga fram som sentrale inspirasjonskjeldor for det franske nye høgre er den italienske tradisjonalisten og esoterikaren Julius Evola og den tysk-sveitsiske filosofen Armin Mohler:

«Den nye bevegelsen bygget blant annet på ideene til sveitseren Armin Mohler og italieneren Julius Evola», hevdar Strømmen. Og etter å ha freista stempla Armin Mohler som ein slags støttespelar for nazismen, held han fram med å greida ut um dei metafysiske og politiske ideane til Julius Evola.

Strømmen må rett nok sanna at Julius Evola faktisk var ein kritikar av fascismen, men når det kom til stykkjet so stod Evola etter Strømmen sitt syn for dei same politiske ideane. For Armin Mohler sin part, so hadde han i sin pure ungdom – 22 år gamal og utan hell – freista melda seg til tenesta for Waffen-SS, og Strømmen ser ut til å vilja insinuera at alt han skulde gjera seinare i livet difor er for nazisme å rekna.  Dette jamvel um Mohler fyrst og fremst er kjend for å ha formidla arbeidet åt Ernst Jünger og teoriane hans um «den konservative revolusjonen» (etter krigen arbeidde Mohler sjølv ei stund som sekretær for Junger). Ernst Jünger var so visst ingen «nazist», men snarare ein av dei som – til liks med Evola – våga å kritisera nasjonalsosialismen frå høgresida.

Kva hev so Alain De Benoist sjølv ytra um Evola og Mohler? Det kann ein lett få svar på, um ein gjeng inn på Alain De Benoist si eigi heimesida. Um Julius Evola hev Alain de Benoist dette å segja:

«Evola er i dag ein forfattar som er vorten verande lite kjend i den franske ålmenta, samstundes som han er eit vedvarande referansepunkt i sume marginale miljø, serskilt på den radikale høgresida. Personleg er eg ingen evolianar – samstundes med at eg hev lese mykje av honom og  framleis er interessert i arbeidet hans. Lat oss segja at for meg er han framfor alt eit studieobjekt. Kvifor er eg ikkje evolianar? Framfor alt av di den politiske filosofien min ligg sers langt undan hans eigen på ei rad ulike umkverve. Og til liks med Spengler eller Guenon, men i motsetnad til Schmitt eller Jünger, so stod Evola for eit heilskaplegt filosofisk system. Ein kann velja å godtaka dette systemet eller ein kann lata vera å godtaka det. No er det slik at eg godtek det ikkje.»
(Kjelda: http://www.alaindebenoist.com/pdf/nouvel_entretien_sur_julius_evola.pdf )

Når det kjem til Armin Mohler, so freistar ikkje Alain de Benoist å dylgja at desse tvo hev havt nær kontakt. Han framhevjar samstundes at det som er Mohler sitt tilskot til det nye høgre er nett det at han lyfte fram Ernst Jünger og andre konservative filosofar som i millomkrigstidi representerte eit rettelegt høgreorientert alternativ til nasjonalsosialismen:

“Det var kanskje nokre italienske vener som fortalde meg um honom den fyrste gongen, ein gong tidlegt på seksti-talet. På den tidi var han for meg enno ikkje noko anna enn forfattaren av «Die konservative Revolution in Deutschland». Boki hans var ei openberring. For å vera heilt ærleg, so lyt eg segja at i den augneblinken, med den stotrande tysken min som eg berre hadde tileigna med brotvis på ymse slags reisor, då var eg einast i stand til å lesa vaskesetelen! Men på denne såg eg at eit nytt landskap vart teikna fram: Bilætet av ei høgresida som korkje var liberal eller nazistisk…»
(Kjelda: http://www.alaindebenoist.com/pdf/armin_mohler.pdf )

«Eg hev kjent Armin Mohler sidan sekstiåri. Den fyrste gongen eg møtte honom var i München, den sette juli 1964 – og me hev havt kontakt fram til han døydde i 2003. Eg hev sers tidlegt freista skapa merksemd kring handboki hans, sidan eg såg på denne som grunnleggjande viktug. […] Eg hev likeins freista gjera kjende nokre grunnleggjande forfattarar som Mohler tala um (fyrst og fremst Ernst Jünger og Carl Schmitt), samstundes med andre forfattarar som hadde synsmåtar som stod nær dei til den konservative revolusjonen, men som Mohler ikkje hadde studert nærare (Martin Heidegger, Konrad Lorenz, Arnold Gehlen mfl). Lat meg få leggja til at eg fann att mykje av mine eigne tankar i arbeidi til mange av forfattarane åt den konservative revolusjonen (det som slo jamvel Armin Mohler). Både ålment og i ettertid so hev eg tolka desse arbeidi som eit alternativ til nasjonal-sosialismen.»
(Kjelda: http://www.alaindebenoist.com/pdf/la_revolution_conservatrice_en_france.pdf )

Men det er tydelegt nok ikkje for å nyansera at Strømmen hev valt å gjeva det franske nye høgre ein plass i boki si. Og etter å ha fenge etablert den ynskte koplingi frå nazismen og fascismen, so vantar det berre èi kopling til for at Strømmen kann gjera gjera bilætet fullkome: Antisemittismen…

Alain de Benoist hev skrive tunge, faglege verk um den europeiske heidenske tradisjonen, der han jamfører tradisjonell europeisk polyteisme med den kristne og jødiske monoteismen. Han er ikkje tilhengjar av å skapa nokon ny religion, men argumenterar for at det lyt vera moglegt å finna attende til det nedervde europeiske huglaget som etter hans syn hev vore her heile tidi i litt meir burtgøymde former (Kjelda: Alain de Benoist, «Comment peut-on etre païen», 1980).  Jamvel for Strømmen vert dette litt for tynt til å draga nazi-kortet, men han veit råd: Strømmen dreg fram den tidlegare medarbeidaren Robert Steuckers, som han hevdar hev «aldri lagt skjul på jødehatet». Strømmen hev kor som er ingen annan dokumentasjon for det nemnde «jødehatet» enn at Steuckers i tollegt polemiske vendingar hev hevda at europearar bør halda seg til sine eigne nedervde tradisjonar og ikkje den som upphavlegt høyrer jødane til. Det er ein fundamental kritikk av kristendomen som ein kann vera samd eller usamd i, men å kalla det jødehat er å skyta langt yver mål.

Det som i alle fall er sikkert og visst er at det ikkje er noko einskaplegt syn på jødar i det franske nye høgre. Det er eit spekter som spenner seg frå sterkt israelkritiske Pierre Vial til Guillaume Faye som i «La nouvelle question Juive» (Editions du Lore, 2007) tek til ords for eit moglegt samarbeid millom jødar og innfødde europearar i møtet med den islamske masseinnvandringi.

Då Alain De Benoist i 1978 fekk ein prestisjetung litteraturpris (Grand Prix de l’Essai de l’Académie Française) for bokverket «Vu de droite», so var det ikkje av di Nouvelle Droite hadde gjeve noko fasitsvar på vår tids store spursmål, men snarare skapt eit alternativt ordskifteunderlag. Men so er det helder ingen som helst slags analyse av Nouvelle Droite på dei fåe sidone som Strømmen hev sett av, men snarare ei samling av alt han kann finna av meir eller mindre perifere personar og ymse slags sitat tolka i verste meining. Alt dette for å setja nouvelle droite inn i den konspirasjonsteorien som Strømmen ynskjer å stabla på føtene. Slik vert personlegdomar, umgrip og grupperingar som ideologisk stend langt ifrå einannan, freista fanga inn i Strømmen sitt svarte garn, eit garn det er mange hol i…

Ute i Europa er Alain de Benoist framleis lukkelegt uvitande  um at norske Øyvind Strømmen hev avslørt honom ein gong for alle...

Ute i Europa er Alain de Benoist framleis lukkelegt uvitande
um at norske Øyvind Strømmen hev avslørt honom ein gong for alle…

Bologna og München: Kven var terroristane?
Framgangsmåten er den same i det etterfylgjande kapitlet, «Kuppmakere og voldsmenn», der Øyvind Strømmen tek fyre seg høgreekstrem vald i Italia på 1970- og 1980-talet. Ei rad ulike hendingar vert ramsa upp, fyre han stutt kjem inn på bombeåtaket i Bologna i 1980. Etterpå byrjar han å skriva um Roberto Fiore. Han nemner at Roberto Fiore vart etterlyst etter bombeaksjonen i Bologna og laut flykta til England der han knytte nære band til Nick Griffin. Dinæst gjeng han vidare til å skriva um høgreekstrem, politisk vald i Noreg på 1970-talet. Strømmen nemner ikkje med eit ord at Roberto Fiore seinare vart fullstendig reinvaska for å ha havt noko med Bologna-bomba å gjera. Han vart ikkje ein gong tiltala i Bologna-prosessen, det vart derimot tvo etterretningsoffiserar som hadde planta falske prov som skulde knyta Fiore og organisasjonen hans til bombeudåden. Dei som les Strømmen si bok vert soleides sitjande att – villeidde – med det inntrykket at Roberto Fiore hadde noko med bombeåtaket i Bologna å gjera. Meir tendensiøst kann det snaudt verta.

Men det er ikkje so rart at Strømmen ikkje vågar ganga nærare inn på kva som hende i Bologna i 1980, for det kunde koma til å slå sprikkor i ein av dei mytane som Strømmen sjølv hev vore med på å lyfta fram: Myten um at det rett nok er ytste vinstre som hev stade for dei aller fleste terroraksjonane i Europa, men at det er ytste høgre som stod attum dei blodigaste. I Strømmen sitt tilskot til 22. juli-kommisjonen sin rapport heiter det til dømes at «Høyreekstreme har gjennomført flere av de dødeligste terrorangrepene i Europa. […]Den dødeligste aksjonen fra ytre høyre var bomben på jernbane-stasjonen i Bologna i 1980, der 85 mennesker ble drept. Senere samme året eksploderte bomben på Oktoberfesten i München og drepte 13 i tillegg til gjerningsmannen selv, og over 200 skadde. Gjerningsmannen, den høyreekstreme Gundolf Köhler, antas å ha vært alene om attentatet. Dette var den siste store terroraksjonen fra ytre høyre i Europa før 2011.»

Kven som til sjuande og sist stod attum bombeaksjonen i Bologna er aldri vorte uppklåra, derimot er det vorte stadfest i retten at njosnartenestor var inne i bilætet for å villeida etterforskingi og leggja skuldi på høgreradikale gruppor. I den engelske Wikipedia-artikkelen um Bologna-massakren vert det slege fast at «To date those responsible for the attack and their political motives remain unknown. Some suspect that the Operation Gladio network had been at least partially involved» (Kjelda: http://en.wikipedia.org/wiki/Bologna_massacre, vitja 1.1.2014).

Likeins er det med bomba mot oktoberfesten det same året: Det finst ei rad spursmål som ein ikkje hev fenge svar på. Etterforskarane kom til den konklusjonen at den høgreradikale gjerningsmannen Gundolf Köhler var åleine um bombeåtaket der han sjølv vart drepen, men med det valde dei å sjå burt frå ei rad vitneutsegner som tydde på at fleire personar kunde vera involverte. Kor som er, i 2010 dukka det upp nye og forvitnelege upplysningar frå dei tidlegare so løynde Stasi-arkivi. Gundolf Köhler, som etterforskarane hevda hadde handla på eigi hand, stod i røyndi i nær kontakt med tvo andre personar, tilknytte den forbodne Wehrsportgruppe Hoffman. Og desse tvo skal båe ha medgjeve at dei var innblanda i åtaket. Den eine mannen, Stefan Wagner, hamna i august 1982 i skotveksling med politiet. Til gislar som han hadde teke til fange fortalde han at han hadde vore innblanda i bombeaksjonen i München, og dinæst skaut han seg sjølv. Den andre mannen, Walter Ulrich Behle, var informant for den tyske tryggjingstenesta. I oktober 1980 var han i Damaskus i Syria, og på spursmål frå Karl-Heinz Hoffman um han hadde noko med bombeåtaket å gjera, so svara han at «Ja, difor kann eg ikkje reisa attende til Tyskland, me var med på det»

Nye uppsiktsvekkjande upplysningar um saki kom i april 2013, i samband med ein rettsprosess i Luxembourg mot tvo politifolk som var mistenkte for å vera innblanda i ei liknande sak, kalla for «Bombeleggjar-saki» («Affär Bommeleeër»). Historikaren Andreas Kramer hevda under eid at far hans i november 2012, på dødslægjet, hadde organisert Oktoberfest-åtaket og ymse andre bombeåtak – på uppdrag frå den tyske tryggjingstenesta, Bundesnachdienst. Far hans var høgståande offiser i Bundeswehr. Det nederlandske militærnjosnarstellet hadde hjelpt honom med å få tak i sprengstoff, og saman hadde dei bygd bomba og rekruttert Köhler til å gjenomføra åtaket (Kjelda: http://de.wikipedia.org/wiki/Oktoberfestattentat, vitja 1.1.2014).

Kven som var dei røynlege bakmennene for bombone i Bologna og München i 1980 er vorte standande som uløyste spursmål. Realiteten er at det i alle dei store «høgreekstreme terroraksjonane» fram til 22. juli 2011 hev  etterforskingi anten vorti villeidd eller medvite styrd undan serskilde spor. Og som det gjeng fram or dei opne kjeldone eg her hev synt til, so sviv det seg ikkje um «konspirasjonsteoriar», men um upplysningar som let seg ettervisa og som hev skapt politisk uppstuss og ordskifte både i Italia og Tyskland.

Frå det nye høgre til muslimhat?
Som me alt hev sett hev Strømmen freista spinna ein svart tråd frå nazismen og fascismen og fram til ei slags «nyorientering» med det franske nye høgre. Men korleis hev han so greidd å spinna tråden vidare frå det franske nye høgre til «muslimhatet» i våre dagar? Jau, av di sjølvaste Fjordmannen, Peder Nøstvold Jensen, skal ha lese og referert til Guillaume Fays si bok «L’Archeofuturisme» (originalutgåva frå 1998, engelsk utgåva frå 2010). Meir skal det visst ikkje til…Titelen på boki spelar elles på det som hev vorte Faye sitt grunnleggjande poeng: at dei demografiske og økologiske problemi me stend andsynes i dag lyt løysast både med ny og moderne framtidsteknologi og med ei attendevending til gamle, tradisjonelle verdiar..

Kor som er, ein skal ikkje ha studert ideane åt det franske nye høgre mykje for å sjå at ideane deira er stikk i strid med alt det dei sokalla «islamkritikarane» stend for i dag:

1)      Um ein ser på hovudstraumen av dei gruppone som kallar seg anti-islamistar, som til dømes English Defence League, eller dei høgrepopulistiske partii som det til Geert Wilders, so er desse gruppone grunnleggjande liberalistar. Det dei er for er liberalt demokrati, frie marknader og eit samfund tufta på individualisme, og dei ser på islamsk innvandring som eit trugsmål mot dette – sidan islam unekteleg er tufta på gruppetenkjing, moralsk konservatisme og antiliberal tankegang. Det franske nye høgre stend på den stikk motsette sida. Dei er kritikarar av demokratiet og likskapssamfundet. Dei meiner det sviv seg um ei djuptgåande krisa i den europeiske kulturen, der den ikkje-europeiske masseinnvandringi snarare er eit symptom enn ei årsak.

2)      I det franske nye høgre studerte dei marxisten Antonio Gramsci og slo fast at det laut etablerast eit grunnlag på det kulturelle umkvervet fyre ein kunde nå fram på det politiske umkvervet. Det var ein strategi som gjekk fram på å vinna fram med folkeupplysning, med kunst og kultur, med blad- og bokutgjeving. Det var ein strategi som var den stikk motsette av den som gjeng ut på å få mediemerksemd med provokasjonar som folk flest uppfattar som meiningslause – for ikkje å tala um Behring Breivik og terrorismen hans mot forsvarslause sivile.

Det er slett ingen svart tråd frå det franske nye høgre og yver til den liberalistiske anti-islamismen. På det filosofiske og ideologiske planet er det snarare ein avgrunn. For dei som hev valt å kjøpa framstellingi til Øyvind Strømmen so burde det vera litt av eit paradoks at Anders Behring Breivik i manifestet sitt faktisk tek fråstand frå den integrale tradisjonalismen til Rene Guenon og Fritjof Schuon  – den same tradisjonalismen som Julius Evola stod for og som Strømmen hevdar er inspirasjonskjelda for det franske nye høgre (Kjelda: Breivik-manifestet, sida 49).
Dei liberalistiske anti-islamistane er i røyndi berre meir aggressive og konsekvente utgåvor av nett den same tankestraumen som Øyvind Strømmen sjølv og andre liberale stend for.

I riket åt dei blinde er den einøygde konge…
Eg er ikkje den einaste lesaren som tykkjer at Strømmen med denne boki hev mist tråden. VG sin bokmeldar slær fast at «[f]remstillingen er riktignok såpass oppramsende at man skal ha klisterhjerne for å henge med. Leseren biter seg nok merke i mange ting, men får strengt tatt ingen dypere forståelse av fenomenet ut over at det er gammelt og internasjonalt.» (Kjelda: http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10114496)

Hjå VG finn ein kor som er nokre trøystande ord um at «[s]om oversikts- og oppslagsverk fungerer dette imidlertid utmerket». Det hadde VG sin bokmeldar neppe meint um han hadde havt litt djupare kunnskap um kva det det er Strømmen faktisk skriv um. I riket åt dei blinde er den einøygde konge, og Strømmen er i framstellingi si både einøygd og einspora. Han utelet sentrale fakta som kunde ha balansert framstellingi, og han gjeng mykje lengre i det han påstår enn det han hev faktisk dekning for i kjeldematerialet.

Konspiranoia
Alt dette for å kunna skapa ein «svart tråd» som i røyndi ikkje let seg nøsta upp. Både som analyse og uppslagsverk er boki åt Strømmen verdilaus. Samstundes er ho eit godt døme på den formi for konspiranoia som Strømmen og meiningsfrendane hans elles so gjerne yverfører på meiningsmotstandarane sine. Dei freistar setja saman eit svart, eller snarare brunt garn, der det tridje riket danar eit slags vondskapens år null, og der Hitler gøymer seg i skuggen attum kvar einaste systemkritikar. Ein må berre undra seg korleis mottakingi i media hadde vorte um nokon frå høgresida med tilsvarande logikk hadde freista spinna ein raud tråd frå Stalin til Stoltenberg. Er ein rangviljug nok, so kann ein faktisk det, sidan AP var det siste partiet som offisielt braut med Komintern…

Um ein gjeng ei ideologisk stemneleid nærare etter i saumane, so kjem ein som med all annan historisk vokster til å finna linor og straumdrag, men dette heiter ikkje at dei stend i eit beinveges eller umveges årsak- eller andsvarstilhøve til einannan. Kor som er: Strømmen freistar nytta insinuasjonar og skuldassosiasjonar til å gjeva lesarane sine den fyrestellingi at det attum kvar ei form for kulturell eller etnisk sjølvhevding, eller kritiske tankar til masseinnvandring, ligg ein latent fascisme og nazisme. Det franske nye høgre og andre systemkritiske intellektuelle som ikkje høver inn i den tronge båsen til Strømmen vert framstelde som dulde tildriv med ein kryptonazistisk dagsetel.

Det hev frå gamalt av vore eit viktugt marxistisk prosjekt å få lagt nett ei slik forståing til grunn for det offentlege ordskiftet. Frå dette haldet hev det stødt vorte hevda at dei borgarlege og konservative partii var premissleverandørar for fascismen. Men no er dei høgreliberale og borgarlege tekne inn i varmen i Noreg, og jamvel det liberalistiske FrP hev synt seg å ikkje vera den fascistiske femtekolonnen som det heilt frå byrjingi av vart skulda for å vera. Då lyt ein finna upp nye fiendebilæte, nye fårar som trugar for å kunna halda fram ei godt betalt meiningsforfylgjing slik Strømmen gjer. Ein skulde normalt ha trudd at Strømmen og meiningsfellane hans hadde pusta letta ut når dei fann ut at meiningsmotstandarane deira faktisk ikkje er ideologiske arvtakarar for eit folkemyrdande Nazi-Tyskland, men her er det snarare tvert um.

Med eit nærare ettersyn som tek idèhistorie, ideologi og faktiske hendingar på faglegt ålvor, so stend Strømmen att utan ein tråd å kunna gøyma det politisk motiverte prosjektet sitt attum. Men sidan det meste av den ideologisk farga dagspressa vel å halda seg med fiendebilæte av ei fårleg og trugande høgresida, med alt det inneber av framtidig konfliktgrunnlag, so vert nok ikkje Strømmen arbeidslaus med det fyrste – endå det påhitta svarte garnet hans ikkje lukkast med å fanga ein einaste fisk!

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1-2 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2014, 2014-årgangen, nasjonalisme, ytringsfridom. Bokmerk permalenkja.

One Response to Øyvind Strømmens konspiranoia utan ein tråd

  1. Tilbakeping: Raudt-politikar Ronny Kjelsberg trur han veit alt um Målmannen – men veit ikkje kvar hen han hev det i frå! | Målmannen – Netutgåva

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s