Klisjear i anglorushet

Ein skal ikkje høyra mykje på fjernsyn i dag fyre ein bit seg merke i at dei engelskspråklege klisjeane spreider seg. Ei rad ovringar på filmar gjeng fyre seg i eit engelskspråkleg kringvære og nordmenner flest skynar språket i dei filmane dei ser på kino eller DVD. På eit anna umkverve vert mange tvinga til å finna fram til og forstå daglegdagse ovringar i eit engelsk språk, når dei skal ha svar på spursmål som melder seg i kvardagen.

Idrottsutøvarar og bladmenner som arbeider med sport hev alltid høyrt mykje engelsk kringum seg, men i det siste hev eg tokken av at dei nye som kjem inn som sportsjournalistar og andre som sit på deskane kringum i den norske presseverdi let til å godtaka meir engelsk enn det som hev vore vanlegt tidlegare. Det kann koma av at dei les færre bøker, og les fleire tekster på internett og ikkje minst ser film.

Når klisjespråket frå engelsk glid rett inn, jamvel når det er tala um norske tilhøve, må ein byrja å lura. Ei yverskrift lydde: «Bikkjeslagsmål mellom Borten Moe og Raja (og underteksten) – Ryker i tottene på hverandre over Mongstad.»  At folk vert usamde um ei sak, er ein ting, men at dei vert usamde yver ein ting, må då vera ein meiningslaus måte å uttrykkja seg på, iallfall når ein skriv norsk. Det må vel  heita «Ryk i tottane på kvarandre um Mongstad».

Anglonorsken er lett å triva til for oss nordbuar.

Anglonorsken er lett å triva til for oss nordbuar.

På engelsk kann ein snakka folk upp og ned. Slik er det av ein eller annan grunn, men det eignar seg ikkje utan vidare å yverføra denne språkbruken til norsk. Det eignar seg vel heller ikkje å segja at ein hev ei uppsida og ei nedsida, når ein skriv um fyremunar og ulempor. Ei stund var det  umtykt å tala um framsnakking og baksnakking på norsk, men framsnakking høyrest ut som eit rart ord utan hevd i språket.

Å gjeva ein person godord eller å segja at ein let vel yver eit menneske, må då vera vel so god umtale som å segja at ein snakkar han upp. Gode skotsmål er ord som hev vorte nytta. Å «snakka upp» er då noko som kann få ein til å tenkja på at einkvan talar betre um folk enn dei fortener, og det kann då ikkje vert eit godt skotsmål. Svenskane segjer vel tilliks med oss at dei talar vel um einkvan. Det må då vera ein god talemåte. Den talemåten gjeng då rett inn i engelsk òg vil eg tru:  he spoke well of me. Kvifor ein skal trenga å tala um uppsida og nedsida, jamvel i økonomisk språkbruk, det skynar eg ikkje. Børsen hev då havt sine uppgangar og nedgangar i alle år. Ingen grunn til å snu nokor onnor sida til, um ein skal venda seg mot den bibelske språkbruken.

Nokre standarduttrykk frå engelsk hev det med å spreida seg inn i straumen av nyhende og reportasjespråk eller i samtalespråket i nyhendi. Fjernsynsreportarane let til å vera verst. Dei skal på ein eller annan måte vera tidhøvelege, og det fører med seg at dei skal identifisera seg med engelskspråklege ideal.

Nokre klisjear er det verd å taka ei uppgjerd med. «Du var ikkje der for meg». Utsegni er uppatt-toggi frå ymse filmar. På skapleg norsk. «Du brydde deg ikkje», «du tok ikkje vare på meg», «du var lite heime/saman med meg». Frasen hev vorte nytta på film so mange gonger at folk som ikkje hev lese skildringar der dei norske ordi er nytta eller ikkje tykkjer det vert rett sving på å segja det på norsk, må ty til engelsk, so dei er tidhøvelege nok.

«Eg såg ikkje det koma» er eit anna uttrykk som spreider seg.  Endå ein gong ein frase som ein kann høyra i mest kvar einaste amerikanske film ein ser, men det vert ikkje god norsk av den grunn. Derimot lyder det mykje norskare å segja at “det hadde eg ikkje sett fyre meg” eller “eg tenkte ikkje so langt”.

Ein annan frase i same laget.  Eg var ikkje heilt der. Kvifor skal det vera so viktig med «der» til slutt, på norsk lyder det rart å ikkje ha med eit verb. Det lyder meir norsk å segja: Eg var ikkje komen heilt dit/der ev. med tillegg av ei at-setning. Eg var ikkje komen heilt dit at eg såg fyre meg kva som skulde verta neste vandemål eller utbjoding.  «Det visste eg ikkje nett då», kunde ein segja. Men denne svingen på at «eg var ikkje heilt der» vert ein slags klisje som viser til at ein er inne i nokre scenebilete som folk kjenner seg att i. Me er åt å gjera livet vårt um til bilete, scenor og replikkar frå amerikanske filmar. Det burde vera uturvande, men tyder på at skildringane av dagleglivet i amerikanske filmar let til å råka mange nordmenner godt, medan me ikkje leitar etter å gjera språket vårt norsk. Hadde det vore um å gjera å gjera språket vårt norsk, vilde me ha skydd dei engelske frasane som pesten.

Norske sportsjournalistar i Noreg burde greida å ordleggja seg på norsk vis. Preposisjonsbruken med so og so mange minuttar att å spela, breider seg jamnast, men no kjem frasen inn i nye sportsuttrykk òg.  Denne yverskrifti fekk me servert i ei avis:
«Sveriges gullhelt klarer ikke gå på ski med en måned igjen til OL.» Ein månad fyre OL…
Men den unorske målbruken sluttar ikkje der. Preposisjonsbruken i uttrykket «å gå for» verkar ikkje norsk nok.  Det vanlege er vel å segja at ein «gjekk inn for å vinna» eller «satsa på å vinna». Den uttryksmåten som breider seg no er derimot:  «Me gjekk for å vinna seks kampar». Då kunde ein lesa det beint fram som at ein gjekk av garde til ein stad for å vinna kampane når ein kom fram.

Nokre verb på norsk tek objekt, andre ikkje, og nokre verb tek objekt i nokre samanhengar, men ikkje i andre og so burtetter. Å landa er eit verb som normalt sett treng ein preposisjon, um det skal ha eit objekt. Eg landa med eit fly, kann ein segja. Ein kann vel segja at ein pilot landa eit fly. Derimot verkar det meingslaust å segja som i ei yverskrift «Stoltenberg landet toppjobb». Det må då framleis vera rett å halda seg til å skriva at «Stoltenberg fekk ein toppjobb» eller finna ein annan måte å få fram eit bilete på å skaffa seg ein jobb. Um det er for gamaldags å bruka biletet «rodde i land ein toppjobb», so kann ein vel iallfall segja at «Stoltenberg landa i ein toppjobb». Ev. finna ein annan måte å segja det på som tek vare på norskdomen i målet.

På norsk treng me ikkje å bruka infinitivsmerke i setningar med spyrjeord der ein utelet subjektet.  Når ei nettsida brukar ordleggjingi  – Hvordan å få bort bukfett?- , so er det ein unorsk måte å tenkja og skriva på. Når engelskspråklege brukar å ordleggja seg med «how to», so ordlegg me oss anten med «korleis»  og subjekt eller med berr infinitiv. «How to find a way home”, “Korleis finn ein ein veg heim” eller “korleis kann ein finna ein veg heim”.

Endå ein ordleggjingsmåte hev eg høyrt i fjernsynet. «Dette er vel pengar vel anvendt». Her kjem den engelske ordleggjingsmåten «This is money well spent» inn. På norsk vil me vel segja at «dette er vel pengar som er nytta vel» eller «Dette er vel ein god måte å bruka pengar på», ev «dette er velbruka pengar».  På engelsk heiter det elles “This is work well done” og “this is time well spent”, og snart er norske bladmenner byrja å skriva at «dette er arbeid vel gjort» og «tid vel brukt». I so fall er det ein viktig del av setningsbygnaden som er under åtak i krigen mot anglonorsk. Lat oss stogga åtaket snøggast råd. Lukkast me, so  er dette er eit velgjort arbeid, og ein god måte å trøyta tidi vår på.

Tenkjer ein norsk so kann ein fullvisst finna ein måte å ordleggja seg på, ein måte som gjev ein solid og gild dåm av norskdom. Eg uppmodar lesarane til å notera seg unorske segjemåtar og tenkja yver korleis ein kann ordleggja seg norskare. Ein bør tenkja på å halda på ein norsk sersvip både i ordbruk og segjemåtar, men det viktigaste av alt: Ein må vera byrg av å ordleggja seg på norsk.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

 

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2014, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s