Språkstrukturar programmerar heilen

Fyrelesing gjevi av Katrin Lunde på konferansen “Language Diversity”, Tromsø, 6.-8. 11. 2013

I denne fyrelesingi er eg tenkt å retta merksemdi mot tri hovudpunkt:

1.      Hypotesen um at språket legg grunnlaget for sansing, tenkjing og åtferd, denne hypotesen hev vorte prova. Provi hev hovudsaklegt kome frå arbeidet åt kognitive psykologar som gjorde seg nytte av eksperimentelle teknikkar.
2.      Det finst ein teori um språk og språkstrukturar som impliserar og forklårar desse eksperimentelle funni, og soleides hypotesen. Ein kann leida ut av hypotesen at det løner seg å vera fleirspråkleg.
3.      Når denne hypotesen er prova, tykkjer eg at det er det beste argumentet me hev for å halda uppe og taka vare på mangfeldet av språk i verdi.

Språk legg grunnlaget for korleis folk tenkjer, det er ein ide som er vorten diskutert i det lange og det breide av filosofar, antropologar, språkvitarar og psykologar – serleg i fyrste helvten av det siste hundradåret, i det som vart kalla for ein “Golden Age of Native American Indian Linguistics” (Werner 1994: 3656). Ideen vart sett på dagsetelen av Wilhelm von Humboldt i verket Einleitung zum Kawi-Werk (1836-39; cf. Humboldt 1973), men han hadde vorte kasta fram alt i det attande hundradåret av Étienne Bonnot de Condillac og av Johann Gottfried von Herder. Han vert til vanleg kalla for grunnsetningi um lingvistisk relativitet, eller Sapir-Whorf-hypotesen, etter Edward Sapir og Benjamin Lee Whorf. Desse var dei mest framståande talsmennene for ideen under den nemnde “Gullalderen”.

Båe tvo fortener å verta hermde. Sapir skreiv i 1929:

   It is quite an illusion to imagine that one adjusts to reality essentially without the use of language and that language is merely an incidental means of solving specific problems of communication or reflection. The fact of the matter is that the ‘real world’ is to a large extent unconsciously built up on the language habit of the group. No two languages are ever sufficiently similar to be considered as representing the same social reality. The worlds in which different societies live are distinct worlds, not merely the same world with different labels attached. (Sapir 1973: 162)

Og Whorf skreiv i 1941:

   How does such a network of language, culture, and behavior come about historically? Which was first, the language patterns or the cultural norms? In main they have grown up together, constantly influencing each other. But in this partnership the nature of the language is the factor that limits free plasticity and rigidifies channels of development in the more autocratic way. This is because a language is a system, not just an assemblage of norms. Large systemic outlines can change to something really new only very slowly, while many other cultural innovations are made with comparative quickness. (Whorf 1941: 91)

Kor som er, det var ingen som nytta utprøvande arbeidsmåtar og som gjekk desse forskarane etter i saumane, so då kunde ordskifti lett verta avviste som fåfengde  påfunn. Dei vart gjorde til lått, serskilt i krinsane kring Noam Chomsky. I desse krinsane lagde dei vinn på lingvistiske universalia, og dei stræva i det endelause med å forklåra alle skilnader millom språk som ulike utval av binære valalternativ som bygde på eit sett av dei same universelle reglane. Um ein ser på grammatikken åt eit serskilt språk som utgangsproduktet frå ein prosess som byggjer på binære valalternativ, då vert det naturlegt nok usannsynleg og beint fram uråd å tala um at ulike språk uttrykkjer ulike måtar å forstå verdi på.

Den indre fysikken er ikkje mindre viktug enn den ytre...

Den indre fysikken er ikkje mindre viktug enn den ytre…

Frode Jens Strømnes, tidlegare psykologiprofessor ved Universitetet i Tromsø, var ein av dei fyrste granskarane som tok til med å røkja etter og gjera røyne som viste tilhøvet millom sansing, språk og åtferd.  Strømnes tok utgangspunkt i åtgåingar og røyne som han sjølv og forskingsfelagane hans hadde gjort på slutten av seksti-talet. På dette grunnlaget formulerte han ein ny teori um symbolsystem, der språket berre er eitt døme. Denne teorien impliserar – og forklårar soleides – at det finst eit samband millom sansing, språkstruktur, tankar og åtferd, og vidare at språkstrukturen beinveges formar sansingi og tenkjingi, og soleides umveges åtferdi (Strømnes 2006).

Eg skal fyrst gjeva ein stutt gjenomgang av dei teoretiske hovudpunkti, og so skal eg taka fyre meg dei mest sakssvarande eksperimenti og etterrøkjingane:

Symbolsystem, der språk berre er eitt døme, verkar med di dei gjer seg nytte av tvo ulike einingar,  addressor og homeomorfiske modellar. Addressone i eit naturleg tungemål er til dømes, ord, stykke av ord, og ordsamanstellingar. Addressor hev ei form. På grunnlag av formi viser addressa til ein stad i ei lagringseining. Ei addressa i eit naturlegt språk syner til dømes til ein stad i heilen. På denne staden vert kunnskap lagra: Homeomorfiske modellar i heilen vert kalla mentale modellar.

Mentale modellar er lekamlege. Dei vert opererte i samsvar med romlege reglar i ei rømd for mentale modellar. Ulike symbolsystem, til dømes ulike språk, kann ha ulike mentale modellar og ulike romlege reglar.

Eit ord fortel heilen at han skal finna fram ein mental modell og bringa honom inn i ei rømd for mentale modellar. Ei setning fortel heilen korleis ei rad ulike mentale modellar skal setjast i hop til ein meir umfemnande modell. Til dette fyremålet inneheld setningi element som addresserar operasjonar. Addressor av dette slaget vert kalla for (grammatiske) operatorar.

Tenkjing er ein prosess som gjeng ut på å setja i hop mentale modellar i ei rømd for mentale modellar.

I ein serie med eksperiment hev Strømnes synt at kjernen av teorien hans, og implikasjonane frå denne, lyt vera rette.

Viktugast er det at han i ei rad eksperiment, publiserte i 1973 og 1974, kunde syna med stuttfilmsekvensar at han hadde funne den generelle mentale modellen for dei finske kasusi og dei svenske preposisjonane, og at den mentale modellrømdi åt dei tvo språksamfundi er ulik. Rømdi åt dei finske kasusoperatorane er tvo-dimensjonal, og det er ulikt kor lenge operatorane varar. Dei styrer tilhøvet millom yttergrensone åt tvo former. Det er ein flokelaus topologisk geometri. Rømdi åt dei svenske preposisjonane er tridimensjonal og operatorane varar like lenge. Operasjonane styrer korleis ei eining flytjer seg i høve til ein tridimensjonal lekam. Det er eit Flokelaust vektorsystem.

Uppfylgjingseksperiment og etterrøkjingar synte at finsktalande og svensktalande modellerar situasjonar og arbeidsuppgåvor på ymsande måtar, melder frå um dei på ymsande måtar, evaluerar dei ymist, og gjer framlegg um ulike løysingar, og skilnadene korrelerar med skilnader i språkstruktur. Endå eit studum synte skilnader – framleis med korrelasjon til skilnader i språkstruktur – millom den romlege strukturen i finske og skandinaviske filmversjonar av dei same fire skodespeli – Onkel Vanya av Chekhov, Et dukkehjem og Vildanden av Ibsen og Tartuffe av Molière. Eitt eksperiment synte skilnader i augerørslone åt finsktalande og svensktalande menner og kvinnor medan dei såg på utdrag frå TV-filmar  Og i endå eit studium kunde Strømnes og felagane hans både spå og ettervisa ein stor skilnad i umfanget av arbeidsulukker millom finsktalande og svensktalande arbeidarar. Arbeidarane var like med umsyn til alle andre sakssvarande variablar som det let seg gjera å ettervisa, burtsett frå når det galdt morsmålet.

Slik hev Strømnes demonstrert med eksperiment at det eksisterar ei rømd for mentale modellar, og at ulike språk – i dette høvet finsk og svensk – kann ha heilt ulike mentale modellrømder og heilt ulike romlege reglar.  Og han fann klåre korrelasjonar millom skilnader i strukturen åt finsk og svensk og skilnader i sansing, tankegang og åtferd millom finsktalande og svensktalande. Språkstrukturane speglar av eigenskapane åt den mentale modellrømdi i finsk og svensk, og som me kjem til å sjå so gjev slike klåre samsvar grunn til tru at det finst ein indre samanheng millom språkstrukturar på den eine sida og sansing, tankegang og åtferd på den andre sida.

Um ein tuftar grammatikken på denne forståingi, so kann grammatikken åt eit språk grunnleggjande kjennteiknast og vilkårsbindast til den mentale modellrømdi som dette språket hev, i minsto lyt han samsvara med desse vilkåri eller kjenneteikni – slik som storleiksformene i språket, den serskilde måten å framhevja ting på, rørslone inne i rømdi og kor lenge rørslone varar, dei moglege skilnadene, dei moglege operasjonane, osb. Den grunnleggjande forståingi av grammatikken åt eit språk kann verta betra med dei innsynene som George Lakoff/Mark Johnson kom til i 1980 (det er stadfest noko på veg gjenom røyne av Matthew S. McGlone/Jennifer L. Harding (1998) og Lera Boroditsky (2000)) at det menneskelege forståingssystemet er strukturert kring eit lite sett av grunnleggjande konsept som kjem rett ut or lekamlege røynslor. Alle andre konsept vert skyna og strukturerte gjenom metaforiske tilskipingar utfrå dette settet av grunnleggjande eksperimentelle konsept. Det heiter seg at settet av mentale modellar i eit språk, og uppbygnaden av reglar for mental modellering, er metaforisk strukturert, på måtar som er litt ulike frå språk til språk.

Denne måten å tenkja seg språkstrukturar samsvarar med dei nevrale forklåringane som vart gjevne av  Lakoff i 2008, og dessutan av Lakoff endå ein gong 2012 – med eit viktugt undantak som gjeld det som vert kalla for cogs (cognitive primitives). Dette er “universelle kognitive strukturar, som anten er der frå fødselen av eller vert utvikla sers tidlegt”, fortel Lakoff (2012:6). Etter mitt syn treng dette punktet meir etterrøkjing.

På grunnlag av teorien til Strømnes, med Lakoff/Johnson, so kann me beinveges spå og forklåra slike funn som dei som vart avdekte i etterrøkjingar og eksperiment som vart gjorde frå åttitalet av og frametter:

I 1982 avdekte Alexander Guiora, Benjamin Beit-Hallahmi, Risto Fried og Cecelia Yoder at det finst “a relationship between the amount of sex-determined gender and the average age of attaining gender identity in children, in a specific linguistic environment” (p. 292). Dei jamførde born som voks upp med finsk, med engelsk og med hebraisk som morsmål. Den kynsstyrde grammatiske “kynslastingi” åt desse språki ymsar frå mest null i finsk og sers lite i engelsk til sers høgt i hebraisk. Det hebraiske utvalet når og gjeng forbi 50% suksess, godt framfor både det engelske og det finske utvalet. Skilnaden er på mest eit heilt år.

Vidare so finst det endå fleire prov som underbyggjer at det lyt vera lingvistiske og ikkje språklege skilnader som er årsak til den verknaden som vart påvist:

    In the Finnish portion of [the] study, Swedish-speaking Finns [were] compared with Finnish-speaking Finns. Even though the socio-cultural environments are similar for these two subgroups the difference in gender-loading is pronounced, with Swedish more approximating English. The results were in the expected direction with Swedish-speaking Finns scoring better in the [test] than Finnish-speaking Finns. These results [were] all the more impressive when one considers that in follow-up questionnaires, given to both subgroups, it was found that attitudinal and behavioral sex-role stereotyping differences between the two groups would have favored earlier gender identity attainment for the Finnish-speaking Finns. In fact, it [was] the other way around (Guiora 1983: 234).

Stephen C. Levinson hev granska tverrspråklege skilnader i romleg tenkjing. I 1996 publiserte han eit studium som jamførde maya-språket Tenejapa-Tzeltal med nederlendsk. Hypotesen var at: Dei som talar eit språk med ei serskilt rådrik referanseråma nyttar den same referanseråma i ikkje-verbale arbeidsuppgåvor.

   He seated the experimental subject before a table, on which a row of well-known objects was placed in full view before them. The participant was asked to inspect the row, and then to rise, turn around and sit at a similar table, oriented at an angle of 180° in comparison with the first one, and then to arrange the objects on this table “in the same order” as on the first one. The experiment revealed that Tzeltal-speaking people solve this task [differently from speakers of Dutch. Tzeltal-speaking people order the row according to its relation to the cardinal directions north and south etc.; Dutch-speaking people order the row in relation to left and right, that is, in relation to their own body (herma frå Strømnes 2006: 24).

Resultati var uvanlegt klåre, til studnad for hypotesen.

Når ein nyttar sidor (aspekt) ved det eksperimentelle domenet TID, kann dei verta skyna og strukturerte gjenom metaforiske tilskipingar frå det eksperimentelle domenet ROM. McGlone and Harding (1998) synte at um tid-rom- metaforar skil seg frå ein annan, so gjer folk sine tankar um tidi det same. Engelsk hev tvo sett av tid-rom-metaforar: den eine der einingar flytjer seg mot deg og fer forbi deg, den andre der tider er lokasjonar langs ein veg og du flytjer deg mot dei. Soleides kann setningi Next Wednesday’s meeting has been advanced by two days anten tyda at møtet skal haldast på måndag eller det kann tyda at møtet skal haldast på fredag.  McGlone og Harding sette forsøkspersonane inn i anten ein tidsflytjande eller ein personflytjande kontekst og bad deim dinæst um å tolka setningar slik som den som nyss vart herma. Forsøkspersonane tenderte heilt klårt mot å tolka dei fleirtydige setningane i samsvar med den metaforen dei hadde vorte utstyrde med.

Boroditsky (og samarbeidspartnarar) hev med ei rad eksperiment synt – millom andre ting – at:

  • “[s]patial metaphors can provide relational structure to those aspects of time where the structure may not be obvious from world experience” (Boroditsky 2001: 20; about Boroditsky 2000);
  • «Changing how people talk about time changes how they think about it: English and Mandarin talk about time differently – English predominantly talks about time as if it were horizontal, while Mandarin also commonly describes time as vertical. This difference between the two languages is reflected in the way their speakers think about time … In [an] experiment native English speakers were taught to talk about time using vertical spatial terms in a way similar to Mandarin. On a subsequent test, this group of English speakers showed the same bias to think about time vertically as was observed with Mandarin speakers» (Boroditsky 2001: 1);
  • “It is not sensorimotor spatial experience per se that influences people’s thinking about time, but rather people’s representations of and thinking about their spatial experience” (Boroditsky/Ramscar 2002: 185);
  • “Even the subtlest instantiation of a metaphor (via a single word) can have a powerful influence over how people attempt to solve … problems … and how
  • “They gather information to make … decisions” (Thibodeau/Boroditsky 2011:
  • In five experiments “participants were presented with a survey that included a short paragraph about crime in the fictional city of Addison … The survey … always contrasted a crime-as-virus framing with a crime-as-beast framing” (ibid.: 3). It was found that different metaphorical frames created differences in opinion “that are larger, for example, than pre-existing differences in opinion between Democrats and Republicans” (ibid.: 1).

Nylegt hev Franziska Günther, Hermann Müller, Hans-Jörg Schmid, og Thomas Geyer synt at det er skilnader i måten engelsktalande og tysktalande set i hop romlege scenor. Forfattarane baserte etterrøkjingane sine på den kjensgjerningi at den engelske setningi The bottle is on the front right hand side (on the table) hev tvo ulike umsetjingar til tysk:

                   Die Flasche ist auf der vorderen rechten Seite (auf dem Tisch).
                    Die Flasche ist vorne rechts (auf dem Tisch).

Dei argumenterar for at uttrykki funne i den engelske setningi og den fyrste tyske setningi er objekt-fokusert, medan uttrykki av det slaget som er funne i den siste tyske setningi er rom-fokusert.

          ”In a first investigation they found that German speakers generally prefer construing this type of spatial relation between entities in a space-focused manner, whereas English speakers do so in a more object-focused manner. In a follow-up experiment they found clear correlations between the observed differences in preferred linguistic construal and performances in related nonverbal tasks, testing perception and memory” (Günther et al. 2012).

Når me uppsummerar, so ser me at granskarane dei siste tiåri hev demonstrert tydelegt og uomtvistelegt at skilnader i språkstruktur – på eit heilt slåande detaljnivå, jf Günther – kann samsvara (korrelera) med tverrspråklege skilnader i kognisjon. Språkstrukturar og kognisjon er difor ymsesidigt avhengige av einannan. Dei strukturelle kategoriane umfattar på den eine sida kasus, preposisjonar, referanseråma, syntaktiske ihopsetjingar som skal til um ein vil  uttrykkja romlege relasjonar millom einingar (attributt vs adverbial), kyn. Dette er kategoriar som for det meste speglar av eigenskapane for rømdi åt dei mentale modellane og som skildrar operasjonar inne i henne, altso korleis sjå eller oppliva, og operera på, einingar, handlingar, hendingar, osb., i den mentale modellrømdi åt det språket det gjeld. Dei speglar dessutan av den metaforiske struktureringi av språket, som på den same måten stakar ut ein serskild måte å røyna ting på (mål-domenet).

Teorien til Strømnes kann, slik me såg ovanfor, rika upp av teorien åt Lakoff og Johnson, både spå og forklåra slike funn. Det gjer det dessutan moglegt å koma til eit svar på spursmålet um kva veg påverknaden gjeng? Altso, er det slik at skilnaden i språkstruktur skaper skilnad i kognisjon, eller er det umvendt?

Me veit alle kor mykje åtferd og kultur påverkar språket, mest openberrt er det når det kjem til uttala og ordval. Kor som er, teorien åt Strømnes (med Lakoff/Johnson) fortel oss at påverknaden gjeng hin vegen med. Ut frå denne forståingi so er språkstrukturen, altso den grammatiske strukturen og den metaforiske struktureringi, noko som til ein viss grad speglar att eigenskapane åt den mentale modellrømdi som høyrer dette språksamfundet til – dimensjonane, orienteringi, den serskilde måten å framhevja ting, dei moglege skilnadene, relasjonane, og operasjonane, og so burtetter. Å læra eit språk, med den strukturen som høyrer dette språket til, er soleides å læra seg ein serskild måte å sjå ting på, røyna ting, strukturera ting; og denne måten å røyna og strukturera ligg til grunn for og formar sansingi. For det er slik at “the brain does not wield ‘absolute’ perception. [It] orders the messages from the sense organs according to a way of modelling that it has learnt. It perceives that which complies with the geometry it knows” (Strømnes 2006: 68).

Og sidan det å læra eit språk dessutan inneber å byggja upp ei mental modellrømd i samsvar med strukturen åt det språket som det gjeld, so vert språkstrukturen nøydd til å leggja grunnlaget for tenkjingi med –  tenkjingi er ein byggjeprosess med mentale modellar i ei rømd for mentale modellar. Og tenkjingi legg vidare grunnlaget for åtferd og kulturelle uttrykk, måvita.

Og som tidlegare nemnt, denne implikasjonen av teorien hev vorte stadfest eksperimentelt: Boroditsky (2001) og Thibodeau/Boroditsky (2011) demonstrerte at det å skifta eit element i språkstrukturen endrar korleis folk tenkjer.

Dette vil segja, heilt stutt, at ulike språk – med ulike strukturar – målber ulike nevrale program, ulik “programvara” for kognisjonen. “Maskinvara”, den fysiske utrustingi vår, er fastlæst genetisk; “programvara” fær me langt på veg tileigna oss når me lærer oss morsmålet vårt.Det er vanskelegt å tenkja seg eit betre argument for å halda uppe og taka vare på dei tallause ulike språki i vardi: Dei målber alle ulike nevrale program for kognisjonen. Me treng dei alle. Og strukturen åt språket, den detaljerte grammatiske og metaforiske strukturen, det er lykjelen til desse nevrale programmi.

Takk vere Strømnes si forsking på språk og mentale bilæte, so kann me på trygg, vitskapleg grunn gjera Indrebø sine ord til våre: Eit folk kann ikkje fri seg frå den naturi og dei vilkåri som det liver under...

Takk vere Strømnes si forsking på språk og mentale bilæte, so kann me på trygg, vitskapleg grunn gjera Indrebø sine ord til våre: Eit folk kann ikkje fri seg frå den naturi og dei vilkåri som det liver under…

Litteratur
Boroditsky, Lera (2000), “Metaphoric Structuring: Understanding Time Through Spatial Metaphors”, in: Cognition, 75, 1-28.

Boroditsky, Lera (2001), “Does Language Shape Thought? Mandarin and English Speakers’ Conceptions of  Time”, in: Cognitive Psychology, 43, 1-22.

Boroditsky, Lera/Michael Ramscar (2002), “The Roles of Body and Mind in Abstract Thought”, in: Psychological Research, 13 (2), 185-189.

Guiora, Alexander Z. (1983), “Language and Concept Formation: A Cross-Lingual Analysis”, in: Behavior Science Research,18 (3), 228-256).

Guiora, Alexander Z./Benjamin Beit-Hallahmi/Risto Fried/CeceliaYoder (1982), “Language Environment and Gender Identity Attainment”, in: Language Learning, 32 (2), 289-304.

Günther, Franziska/Hermann Müller/Hans-Jörg Schmid/Thomas Geyer (2012), “Do German and English speakers conceptualize spatial scenes differently? The case of vorne rechts (auf dem Tisch) vs. on the front right hand side (on the table)”, lecture given at The 4th UK Cognitive Linguistics Conference, 10-12th July, London.

Humboldt, Wilhelm von (1973), “Einleitung zum Kawi-Werk. Über die Verschiedenheit des menschlichen Sprachbaues und ihren Einfluβ auf die geistige Entwicklung des Menschengeschlechts”, in: Wilhelm von Humboldt, Schriften zur Sprache, herausgegeben von Michael Bühler, Philipp Reclam Jun., Stuttgart, 20-207.

Lakoff, George (2008), “The Neural Theory of Metaphor”, in: Gibbs, Raymond W. jr.(ed.), The Cambridge Handbook of Metaphor and Thought, Cambridge University Press, Cambridge etc.

Lakoff, George (2012), “Explaining Embodied Cognition Results”. Topics in Cognitive Science, 4, 773-785. doi: 10.1111/j.1756-8765.2012.01222.x

Lakoff, George/Mark Johnson (1980), Metaphors We Live By, University of Chicago Press, Chicago.

Levinson, Stephen C. (1996), “Frames of Reference and Molyneux’ Question: Crosslinguistic Evidence”, in: Bloom et al. (ed.), Language and Space, The MIT Press, Cambridge,  Massachusetts/London; 109-169.

McGlone, Matthew S./Jennifer L. Harding (1998), “Back (or Forward?) to Future. The Role of Perspective in Temporal Language Comprehension”, in: Journal of Experimental Psychology: Learning, Memory, and Cognition, 24, 1211-1223.

Sapir, Edward (1973), “The Status of Linguistics as a Science”, in: Mandelbaum, David G. ed.), Selected Writings of Edward Sapir in Language, Culture and Personality, University of California Press, Berkeley/L.A./London, 160-166.

Strømnes, Frode Jens (2006), The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model. A Reinterpretation of the Recent Research on Spatial Cognition and Language, Peter Lang Verlag, F.a.M./Berlin/Bern/Brussel/N.Y./ Oxford/Wien.

Thibodeau, Paul H./ Lera Boroditsky (2011), “Metaphors We Think With: The Role of Metaphor in Reasoning”, PLoS ONE 6(2): e16782. doi: 10.1371/journal.pone.0016782, 1-11.

Werner, Oswald (1994), “Sapir-Whorf-Hypothesis”, in: Asher et al. (ed.), The Encyclopedia of Language and Linguistics, vol. 7, Pergamon Press, Oxford/N.Y./Seoul/Tokyo; 3656- 3662.

Whorf, Benjamin Lee (1941), “The Relation of Habitual Thought and Behavior to Language”,  in: Spier et al. (ed.), Language, Culture, and Personality. Essays in Memory of Edward Sapir, Sapir Memorial Publication Fund, Menasha, Wisconsin, 75-93.

K. Lunde

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2014, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s