Kvar gjeng Mållaget?

På landsmøtet i Mållaget hev dei diskutera normering. Dette er ei sak som dei ikkje er serskilt interesserte i å diskutera, sidan dei offisielt meiner det er andre grunnar enn rettskriving til at nynorsken ikkje vinn fram (rettare sagt, sjølve freistar dei lura seg sjølve og andre til å tru at nynorsken stend sterkare enn nokon gong med ein halv million nynorskbrukarar).

Mållaget hev likevel greidd å samla seg um ei fråsegn – der dei nett som det stend i sogebøkene slær fast at språkpolitikken i fyrre hundradåret var basert på tilnærming, og at det er dette som hev ført til at nynorsken er slik som han er i dag. Derimot vågar dei ikkje segja noko um tilnærmingslina var bra eller dårleg, dei berre konstaterar at tilnærmingslina ikkje lenger er aktuell, for det hev styresmaktene alt slege fast. Og når det er sagt, so er resten av fråsegni ei blankofullmakt til Språkrådet med å gå vidare med den varsla umboti der dei skal fjerna tradisjonelle nynorskformer som er «lite brukte» og elles flytja nynorsken endå litt nærare bokmålet.

Odin Hørthe Omdahl, ein målungdom som vågar å ha eigne meiningar.

Odin Hørthe Omdahl, ein målungdom som vågar å ha eigne meiningar.

Odin Omdahl frå NMU protesterar på vår framstelling. På Målmannen sin netstad skriv han at:

«No må du for all del ikkje tru at Noregs Mållag er ein samla organisasjon. Dette elendige framlegget gjekk gjennom medan rett under halve salen hadde fyretrekt eit mykje meir konkret og mykje betre framlegg frå Voss mållag. Dette er det same framlegget som NMU sitt landsmøte gjekk inn for. Eg vart vonbroten av å få eit so dvaskt, keisamt og inkjeseiande normeringsutspel – men er likefullt medlem av Noregs Mållag og var på landsmøtet. So på same måte som «nynorskforkjemperane» ikkje er ei gruppa so er heller ikkje Noregs Mållag det. Ikkje i normeringssyn i alle høve. Eg vart faktisk positivt yverraska yver at nesten halvparten av salen hadde gode meiningar; eg trudde nesten heile Noregs Mållag var samnorske, dvaske, halvbokmålske og keisame.»

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 5 2008. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2008-årgangen, 5-2008, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s