Folkehopehav fyrst

Ein Målmannen-kritikar, som me tykkjer kann vera unemnd, hevda nylegt at bladstyret fylgjer ein metapolitisk strategi. Det er alltid forvitnelegt med folk som meiner dei veit betre enn oss sjølve kva det er me held på med, men me hev nytta høvet til å sjå nærare på kva dette umgripet inneber. Teksti nedanfor er henta frå boki ”Elements pour une contre-culture identitaire” (Byggjesteinar for ein heimstadbunden motkultur).

Det kann lyda vågalt å blanda Charles Maurras sitt vidgjetne slagord ”Folkestyre fyrst!” i hop med arven frå GRECE. Den ideologiske tenkjetanken GRECE, kalla for det franske nye høgre, var dei fyrste i Frankrike til å leggja fram dei metapolitiske teoriane hans Gramsci. Både Maurras og GRECE-kringværet hev havt sers mykje å segja for den radikale høgresida i det 20. århundret. Samstundes hev nett desse vore millom dei som stod hardast imot einannan. Er det moglegt å sameina desse tvo straumdragi? Det er ikkje fyremålet mitt, jamvel um eg er millom deim som tenkjer at det er mykje meir frå Charles Maurras enn det ein skulde tru i dette nye høgre.

Philippe Vardon

Philippe Vardon

Kva slags metapolitikk sviv det seg um?

Eit kjappt søk i eit internett-uppslagsverk gjev oss ei tyding som er greid nok:

”Føra politikken vidare, forbi det reint politiske”.

Guillaume Faye var millom dei som tala for å arbeida metapolitisk frå høgresida.  Lat oss sjå på den tydingi som han kjem med i verket ”Kvi me kjempar”:

”Breida ut idear og verde av kulturelt slag, der fyremålet på lengre sikt er ei djuptgangande politisk samfundsendring”.

På ein netstad for internethandel finn me ei tyding som er litt meir dristig, og som svarar betre til det som me til slutt skal koma fram til:

”Metapolitikken gjeng ut på å få folk til å dela ein idè eller til å kjøpa eit produkt, med di ein nyttar seg av tilgrensande eller yverlappande midlar, ofte kulturelle”.

Mormonarane gjev kostnadsfrie engelskkurs, politiske gruppor set i gang humanitære åtgjerder, kyrkjor tilbyd fysisk fostring for ungdom, andre hjelper folk som lider naud…

Altso, det sviv seg um åtgjerder som i seg sjølve er prisverdige. Haka ved det heile, det er at dei ofte hev eit gøymt fyremål: ”Offeri” deira skal verta yvertydde um serskilde politiske eller religiøse idear.

Some næringsverksemder gjer det same. I Romania hev den mest populære tilverkaren av prevensjonsmiddel skipa ein ikkje-statleg skipnad som kjempar mot seksuelt yverførde sjukdomar… Det er ei åtgjerd som umveges tener til å framhevja produkti deira, men der upptaki deira fær økonomisk tilskot frå den europeiske unionen – og studnad frå styresmaktene.

Som de hev skyna, metapolitikken gjeng ut på å nytta ei sak, som på yta er avkledd all ideologi og all kommersiell orientering, og å styra denne i ei leid som tener eigne interessor.

Endelegt skal me sjå på den tydingi som Jean-Yves Le Gallou kjem med i boki ”Cinq cent mots pour la dissidence” (”500 usamde ord”, fritt tilgjengelegt på Internett). Le Gallou er tidlegare EU-stortingsmann og styrer samskipnaden Polemia:

”Å breida bilæte og konsept ut i samfundet. Framfor alt breider ein ut eit verdsbilæte – saman med idear som fører til politisk handling. I det 20. hundradåret hev vinstresida heile vegen arbeidt kulturelt for å knesetja læresetningane sine og den måten som dei ser verdi på. Det hev i næste umgang gjeve deim høve til å taka makti åndelegt, og det medan høgresida ikkje hev brydd seg med den kulturelle kampen.”

So her er me i dag…

Medan mange kastar kreftene inn i det komande valet – slik er det for min part! – og medan atter andre ordskiftest um kven det er som skal redda verdi i 2012, so slær eg for min part fast at politikken er dessutan – nei, framfor alt – det som politikken umgjev seg med. Det er utanfor den sedvanlege politiske aktivismen at me legg grunnlaget for ein politisk siger. Den politiske verksemdi som eg vil kalla for ”sedvanleg”, han dreiar seg einast um val av målsmenner i styre og stell. Denne verksemdi hev til sjuande og sist ikkje endra seg stort på all verdsens tid.  Det gjeng i kleistrelappar og flygeblad, dei evige firesidors kampanjefaldarane, eller plakatane med blå bakgrunn (himmel, Marine, konge, alt etter kvar ein stend på høgresida).

Ideen med metapolitiske prosjekt er å draga til seg personar som aldri, eller sers usannsynlegt, hadde vilja koma til ei klassisk politisk tilskiping. Målet er å påverka måten folk ser på verdi og på det samfundet dei liver i, og slik skapa ei  folkemeining som er venlegsinna til den politiske kampen me fører.

Den kontrarevolusjonære tenkjaren Joseph De Maistre hev vore den fyrste til å nytta seg av dette umgripet. Kor som er, det var den heilage, transcendentale dimensjonen åt politikken som han med det ynskte å framhevja (De Maistre hadde elles upphav frå Nice, eg let aldri høvet gå frå meg til å gjeva heimstaden til kjennes).

Dagsens måte å nytta dette umgripet på, måten eg sjølv nyttar meg av i kveld, skriv seg frå Alain de Benoist. Han hev sidan 1970-talet vore den fremste talsmannen for for det politiske straumdraget, eller snarare det metapolitiske straumdraget, som ein kallar det franske nye høgre. Det var den kommunistiske leidaren og teoretikaren Antonia Gramsci som kveikte De Benoist til å forma metapolitikken ut teoretisk. De Benoist hev gjort det so godt at ein hev kunna byrja tala um ein gramscisme på høgresida. Kva fortel Gramsci oss? Ingen kann taka makti politisk utan å taka makti kulturelt, utan å fyrebu folk åndelegt.

Maurras sitt ”politikk fyrst”, det er ei grunnsetning, ein dagsetel. Det identitære ”metapolitikk fyrst”, som eg gjer framlegg um, det er framfor alt ein framveg. Men det er ein framveg heilt klårt politisk, for han hev eit heilt klårt mål: Taka makti, og kunna utøva og halda på henne.

Elles er det heilt klårt på nett dette punktet at skilnaden frå Maurras vert tydeleg: Han ser det tvert imot slik  at det er maktyvertakingi som gjev høve til å vekkja upp folket åndelegt og få nytt liv i sjelene (det vert naturlegt nok ei forenkling frå mi sida, det sviv seg ikkje her um å gjera noko studium av Maurras sin politiske filosofi). Maurras talar um politisk makt fyrst, og me svarar honom at me lyt vinna den metapolitiske sigeren fyrst.  Slik systemet verkar i dag, so er det ein kann få til med beinveges politiske åtgjerder endå meir avgrensa enn det var på Maurras si tid. Samstundes hev ein fenge langt betre middel til å handla på det metapolitiske umkvervet (for å segja det klårt: sambandsverktyi, og framfor alt dei som høyrer internettet til, Jean-Yves le Gallou talar jamvel um ein ”teknologisk gramscisme”).

Det vert tala sers mykje um Francois Mitterand, i samband med årsdagen for hans død. Men sigeren til Mitterand i 1981, det er framfor alt det som hende fyre den nemnde valsigeren,  i dagspressa, millom kunstnarar, med vitringsarbeid (informasjon). Og eg er ikkje tenkt å tala um – ok, eg kjem nok inn på det likevel – det som vinstresida hev gjort etter at dei kom til makti.  Det slappe huglaget som me ser i rettsstellet, det me kvar dag ser døme på, det er atter eit døme på den kulturelle påverknaden, måten ein hev påverka huglaget åt domarane. Den politiske påverknaden frå vinstresida – det at nett desse domarane er vortne sette inn – det er noko som hev kome seinare, og det jamvel um vinstresida ikkje hev vore på plass i l’Elyssèe på ei 15 års tid (L’Elyssèe, det er det franske presidentpalasset). Påverknaden på huglaget åt folk kann vara mykje lengre enn påverknaden ein hev på det folk puttar i valurnone…

Lat oss tenkja på trotskismen. Eg vil ingileis måla noko rosenraudt bilæte av desse, for det hev eg sett ofte nok i sume kringvære på høgresida. Kor som er, makti åt trotskistane i Frankrike, og då serskilt innanfor antirasismen, ho hev lite å gjera med valuppslutnaden deira. Uppslutnaden som dei kann få ved val er etter måten avgrensa, jamvel um ein tek den vesle mediestjerna Besancenot med i reknestykkjet. Nei, det er den kulturelle makti deira som gjer utslaget: Eg høyrer sjølv til den ættleden som voks upp med lærarar som alle hadde den gule handi med ”ikkje mobb kameraten min” på ryggen.  Troskismen, det var SOS Rasisme, studentlagi og rockegruppone – med Noir Desir som eit framifrå døme på dette.

Det vert ofte sagt – og Julien Dray, grunnleggjaren åt SOS Rasisme og den store klokkesamlaren, hev nylegt sagt det endå ein gong – at det som vinstresida aldri rettelegt hev tenkt på, det er utryggleiken. Me kann evlaust slå fast at det som høgresida framfor alt ikkje hev teke med i reknestykkjet, det er kulturkampen!
Um ein tenkjer på den nasjonale høgresida eller den liberale høgresida…

Her nyttar eg ofte eit einfelt døme, dei lokale folkebiblioteki. Um høgresida kjem til makti i ein by, so bryr den nye borgarmeisteren seg aldri med å kasta eit blikk på kva slags blad som er å finna i hyllone på biblioteket, eller syta for at biblioteket sluttar tinga L’Humanitè (kommunistisk dagsavis) eller Charlie Hebdo (vinstrelyndt skjemtetidskrift).  Samstundes kann ein vera viss på at når ein by vert teken yver av vinstresida, so er det med èin gong slutt med å tinga Figaro Magazine (høgrelyndt tidskrift med tilknyting til UMP) eller Valeurs Actuelles (konservativt, høgrelyndt vikeblad).

Her skil den franske høgresida seg grunnleggjande frå den italienske. Her talar eg ikkje berre um den radikale eller identitære høgresida, men jamvel um sentrum-høgre.

Den radikale, italienske høgresida er verkelegt eit døme på ein motkultur: Estetikk, sereigen klesstil, kunstnarar, idrottslag og framfor alt musikk. I møte med den rådande språk- og umgripsbruken, so maktar dei å snu på flisi og nytta systemet sine eigne umgrip mot seg sjølv (ein kann tenkja på teikneseriehelten Albator som er vorten ein helt hjå den ”svarte” motkulturen, og når eg segjer ”svart” so er det ikkje hiphop-kulturen eller Magic System som eg tenkjer på…).   Og dette sidan 70-talet. Den gongen greidde dei å skapa bylgjor i kulturlivet, og det ikkje minst med Camps Hobbit.  Camps Hobbit var eit tjodlynt ungdomslæger der det fyrst og fremst vart lagt til rettes for leik og moro. I sjølve namnet, som peikar attende til heltane i Ringdrotten, ligg det eit program i seg sjølv. Elles so hev sumarlægri dei seinaste åri fenge namnet Atreju, som denne gongen syner til helten i filmen Den endelause soga (tufta på Michael Ende si bok med den same titelen).

Medan me franskmennene i årevis einast hadde einskildmusikarar som Docteur Merlin (musikar med tilknyting til det franske nye høgre) og Jean-Pax Mefret (antikommunistisk musikar), so voks det i Italia fram rettelege rockegruppor. Hjå oss var hardrock-gruppa Science et Violence med Oliver Carrè og Jack Marchal åleine um å kasta seg ut i eit liknande røyne … I Frankrike laut me venta til dess at den tjodlynde punk- og oi-musikken kom og opna vegen på midten av 80-talet. Den fyrste bylgja med identitære rockegruppor var so godt som alle arvtakarar – sumtid i direkte lina – frå dette kringværet.

I dag er det styresmaktene i Milan-regionen som held skipnaden Lorien med pengar. Lorien (atter ei tilvising til Tolkien-universet) tek fyre seg framvoksteren åt den alternative italienske musikken. Etter at koalisjonen dei var med i hadde sigra politisk, so er denne motkulturen teken inn i varmen. Det som var ”undergrunns” hev kome upp til yta og jamvel vorte eit forskingsemne.

Heilt nylegt er”Nessun Dolore” vorten ein storseljar i bokhandlane. Det er ein roman som tek fyre seg upplevingane åt tvo unge medhaldsmenner frå rørsla Casa Pound. Sjå fyre deg at du hadde funne ein roman um identitære medhaldsmenner på fremste hylla hjå FNAC (fransk kjeda som sel bøker, musikk og filmar) eller hjå Virgin! Med all den innverknaden det hadde havt i folkesetnaden.

Denne motkulturen hev lagt grunnlaget for den politiske sigeren, bygd upp og sveisa i hop heile ættledar av medhaldsmenner. Ei sams, stor forteljing hev gjenge frå munn til munn, det hev skapt ein sams kultur, eit hopehav. Eit hopehav som i dag hev ministrar i eit samlingsriksstyre, eller som til dømes hev makti i rådhuset i Roma. Ein kultur som skaper samarbeid på tvers av ymse slags politiske byggverk og som i våre dagar yverrislar heile høgresida – og soleides ein stor part av det italienske samfundet.

For å rettelegt få fram skilnaden, so er eitt døme sers råkande: I Italia er ”alternativ musikk” ei nemning for høgrelyndt musikk: I Frankrike er den alternative rocken det same som rocken åt vinstresida. Denne språklege skilnaden er ikkje til å kimsa av.

Det sviv seg til sjuande og sist um å kunna lata seg kveikja av både det som vinstresida hev fenge til i Frankrike og det som høgresida hev fenge til i Italia. Me tek tak i dei ideane som Alain de Benoist og venene hans i det nye høgre hev dyrka fram, og samstundes lukar me ut det navleskodande tankespinnet som ofte hev fylgt arbeidet deira.  Den kulturelle maktyvertakingi, det er ikkje berre å få professorane på universitetet til å høyra på oss, det er jamvel å gjeva ungdomane i folkeskulane noko å lyda til på ipod’en.

Me må få ein motkultur til å veksa fram, spreida dei kulturelle kodane og prenta desse inn i folkesetnaden, og då serskilt ungdomen. Tanken attum er at me skal ha noko å tilby til ungdomen som i dagleglivet støyter på  ”den nye rampen” og som på alle livsens umkverve må lida under skadeverknadene åt masseinnvandringi og islamiseringi.  Me skal gjeva dei knaggar å hengja dagshendingane på, me skal ”politisera uroi deira”, som det heiter i eit framifrå anarkistisk slagord.

Denne viljen til å setja eit varande avtrykk, han kann ikkje nytta valkampen som einaste mælestav. Gjenombrotet må koma på litt lengre sikt. Me dagdrøymer ikkje um siger i 2012 (teksti kom ut i 2011, merknad frå umsetjar), på same måten som me veit at undergangen ikkje kjem dagen etter dette valnederlaget helder… Me tek det ofte upp att, men ja, me arbeider med ei tidslina som gjeng mot år 2020, eller kanskje 2050. Kjenner de på dykk at me liver i eit tid der det hastar med å gjera noko? Det hev de heilt rett i, og det kjennest slik for oss med, men det må for all del ikkje få oss til å gå for snøgt fram. Dei gamle medhaldsmennene som er til stades her i kveld, dei veit det vel: Då dei dreiv på i 80-åri, då eg var byrja gjera noko i 1995, so hadde eg med kjensla av at no hasta det å gjera noko. Men det som hastar, verkelegt hastar, det er å byggja upp noko som held, eit røynlegt alternativ, ei røynleg motstandskraft. Og det kann me ikkje gjera utan eit kulturelt grunnlag, utan vilje til nedslag i hjarta av samfundet. Det trengst velrette åtak rette mot huglaget åt folk, mot ordtilfanget deira, mot dei kulturelle kodane og motane.

Men heilt handfast, kva slags form skal dette metapolitiske engasjementet få? Korleis skal me vinna den kulturelle makti, korleis gjeng me vidare for å byggja upp ein motkultur? Eg hev vore rimelegt teoretisk til dessar, og det er av di eg endelegt er tenkt å byrja taka fyre meg nokre handfaste emne… Og pass på:         Eg kjem til å tala um det som me alt freistar gjera, samstundes som eg segjer til meg sjølv at alt stend att å gjera. Vel, me er ikkje ein gong komne halvvegs med det som skal gjerast, men me er i minsto på rett veg.

1)    Eigne speltil og frirom.
Dette skal vera vårt svar på ungdomskulturhusi og på dei statsfinansierte ungdomssentri, desse templi for dei politisk korrekte og for dei som hatar seg sjølve.  Stadene der dei held skeid i slam, der fem år gamle galliske smågutar vert lærde upp i afrikansk dans.

Globaliseringsrørsla hev sitt ”TAZ”, me treng å ha våre eigne sjølvstyrde vald som kann verta varande: det var grunnen til at me i 2004 opna La Maioun i Nice. Ti Breizh i Bretagne er eit anna døme, med åkrar og økologiske hagar. Likeins er det med La Barricade i Paris, La Traboule i Lyon – og nett no Lou Bastioun som hev teke upp tråden etter La Maioun i Nice. 130 kvadratmeter hev me her, med eigi skjenkestova (tileigna Albert Spaggiaro, me hev kalla det for ”Albert S. – Gentlemen’s Pub”), ein møtesal, ein idrottsal, ein livande bilætklubb, og med upplæringsåtgjerder som til dømes skeid i nissart (den gode gamle dialekten i Nice). Me hev jamvel ein fotballklubb for reivungar, der dei som elles aldri hadde kome til å tala med einannan kann verta kjende.

Sjølvstyrde og sjølvkosta stader å vera på, der det er våre reglar og vår kultur som rår grunnen. Her skaper me nye måtar å umgå med kvarandre på, og her gjer me jamvel litt av eit pedagogisk arbeid når folk skal læra seg å arbeida saman med byggjearbeid, vedlikehald og hushald. Folk fær kjensla av å vera saman um noko, folk set si æra av å taka seg skikkelegt av det som dei hev fenge andsvaret for.

2)    Taka soga og heimstadkjensla attende
Eit døme som me kann tala um: Sidan 2003 skipar me til eit folketog som hyllar ei heltinna frå Nice, Catarina Segurana. Dette fakkeltoget med ungdomar frå Nice samla 40 personar det fyrste året, og mest 200 personar sist september. Den ”offisielle” tilskipingi åt styresmaktene i byen, ho samlar snaudt 50 personar, og då er dei folkevalde og musikarane rekna med…

Det sviv um å taka attende vår eigi soga, vårt eige minne. Ungdomen i Nice er alt sers byrge yver røtene sine, og me vilde gjeva dei ein modell, eit døme, eit symbol. Men me kunde ha valt eit anna døme, og det er ei meining i det valet som me hev gjort. Me valde Segurana i staden for Garibaldi, i samsvar med dei verdiane som me meiner høyrer folket vårt til. For me ser det slik at ho er den som målber oss best. Og med Segurana vinn me ein metapolitisk siger: Medan den gamle ættleden friviljugt knyter seg upp til Garibaldi – med alle ideologiske fylgjone som det fører med seg – so er det i våre dagar Segurana som ungdomen reknar for den høge vernaren av Nice.

Dette tildrivet hev vorte fylgt upp med  til dømes folketog for Sankt Geneviève i Paris og med ein folkelegt uppattliva ljosfest i Lyon. På desse identitære samlingane er det kvar gong mange hundradtals personar som kjem for å gå i tog og feira sedhevden sin. Når dei gjer dette, so er dei med på å taka attende minnet vårt (som når ein leitar fram att dei lokale talemåli våre, arkitekturen vår, osb), dei er med på å snu den politiske tilstemna.

3)    Taka dei politiske kampane  attende
”Le destra o e sociale o non e”, segjer dei Italia. “Høgresida er anten sosial eller so er ho ingi høgresida”.  Å kalla seg høgrelyndt i Frankrike svarar til ein annan røyndom her enn det gjer i Italia, men det som er visst er at kampen for millommenneskeleg rettferd høyrer til sakene me er mest upptekne av. Prov på det er dei mange vinterkveldane der me hev strekt ut handi til dei av brørne våre som er etterlatne på gata av ein stat som vel å hjelpa alle andre fyre han tek seg av sine eigne…

Likeins er det for regionalismen og for vernet um heimlandi våre. Vernet um dei lokale identitetane og den lokale fridomen er ein kamp som vart kuppa av vinstresida på 70-talet (og laten i stikken av ei høgresida som hadde fullført den jakobinske umdaningi).  Denne kampen er vorten innvoven i det politiske arvestoffet vårt. Maurras var fødselshjelparen! Det er i røyndi den altumsluttande vinstresida som er grunnleggjande jakobinsk (jakobinismen er einsrettande, fransk statsnasjonalisme, tufta på likskapstanken).

Med di me hev stade fram som anti-globalistar, so hev me tvinga dei hine til å verta alter- (globaliseringsrørsla i Frankrike vert kalla for ”altermondialiste”). På den måten hev maska falle, dei ynskjer berre ei onnor slags globalisering.

Jordvernarar er me òg, men heilskaplege jordvernarar med di me jamvel vil taka vare på det menneskelege mangfeldet! Og me er fylgjerette når me gjeng inn for lokale løysingar, ei løysing der jordvern og næringsvern møtest, og der me jamvel tilbyd eit heimstadrøtt svar på den marknadsstyrde globaliseringi.

4)    Det me tek attende, det tek me samstundes ifrå nokon andre
Jamvel um det framleis finst krampetrekningar hjå sume akterutsigla samskipnader, so hev me i våre dagar frårøva fiendane våre det lendet som høyrer den lokale heimstadkjensla til. Me hev tvinga dei til å draga seg ut derifrå – av di dei elles stend laglegt til for å verta nyttige brikkor for oss, av di dei elles kann koma til å tena oss på det metapolitiske planet!  Me hev soleis hindra dei frå å halda fram med å føra folk på villspor i viktuge kampsaker.

5)    Nytta seg av dagnære ovringar i populærkulturen
Det finst ei fella som me framfor alt ikkje må gå i: Me må ikkje verta so nøgde med oss sjølve og med våre eigne kulturovringar at me tek til å draga oss ut or det lendet som høyrer populærkulturen til. Filmen 300 hev vore eit godt høve til å skildra einskapen åt europearane i møtet med trugsmålet utanfrå.

Braveheart, med Mel Gibson, hev vore merkesmann for ein heil ættled medhaldsmenner. For min part hev eg sett honom tvo gonger etter einannan: Straks eg var sleppt ut frå fyrste framsyningi, so stelte eg meg upp for å sleppa inn att på den neste. Ingi yverrasking at det er filmen som dei unge identitære hev kryssa av for i faldarane dei hev fylt ut på sumarlægri.

Og elles, når me fyrst talar um sumarlæger,  so hev me ikkje late høvet gå frå oss til å gjera nytta av Ringdrotten med Peter Jackson då filmen kom på kino.  Nokre månader seinare var boki åt Tolkien hovudemne på sumarlægret vårt.

Tanken attum er å nytta ei kulturhending som dagspressa hev lagt fram, og taka henne litt lengre, gå i djupni på henne.

Ikkje berre filmar, måvita, men andre kulturelle ovringar med:
-Fribryting og dei nye gladiatorane som kjem med denne, me vil draga den fysiske fostringi og livskrafti fram att i eit samfund som er åt å verta kvinneleggjort.
-Den elektroniske musikken, ei musikkform som er grunnleggjande europeisk.
-Casuals-moten (og livsstilen) som fyrst kom frå England, og som hev spreidd seg yver heile Europa takk vere fotballtribunane og heiagjengane. Tribunane som sume reknar som støttepunkt for dei innfødde, stader der folk kann lata kjenslone få utlaup – kjenslor som heilt klårt er for heimstadtrugne å rekna. Stikk i strid med det som vert hævda frå journalisthald, og frå samskipnader som treng ein grunn til at staten skal halda fram med å gjeva deim pengar, so er det lite politikk å finna på tribunen. Kjenslone er derimot tydelegt til stades, og til sjuande og sist er det der at metapolitikken kjem inn. Ein estetikk som litt etter litt vert eit teikn på godtaking, ein kultur som folk slær ring um, til slutt jamvel ideologisk. Langt på veg er det dette som hev hendt i England med English Defence League (jamvel um dette ikkje er nokor gruppa som Vardon ser nokon grunn til å stydja politisk, red.).

Og so er det pylsone, dei småe grisane… eller småe stykkje med fedrearv som vert til verkty for motstandskamp.  Anten ein tenkjer attende på aperitiffen med pylsa og vin, ei skjemtevitjing i grisemaska ved Quick sin halal-butikk, eller suppa me serverte åt dei heimlause.

6)    Å skapa noko, måvita…
Der ein av byggjesteinane er plateselskapet Alternative-s, som er uppfylgjaren åt eit eldre upptak, BleuBlancRock (eit ordspel på Bleu, Blanc, Rouge, fargane i det franske flagget). Plateselskapet spreider musikken åt artistar som er heimstadrøtte både i bodskap og uttrykksform (tekster eller musikkstilen som dei vel å nytta).  Dei hev sine eigne utgjevingar med, må vita, som Fraction, Hotel Stella, IPvox, Insurrection, Sequania.

Musikken er ikkje det einaste umkvervet der den identitære skaparevna kann sleppa fram. Dei seinaste tvo åri hev unge kunstnarar laga flygebladi for den tilskipingi som me hev halde til minne um Sainte Geneviève i Paris. Det upphavlege motivet vert sidan selt på auksjon.

Attåt dette hev me på dei identitære husi våre havt ei rad fotoutstellingar.

7)    Køyra sakene våre fram, setja vår eigen dagsorden: Ordvalet er ein krig!
Tala um papirlause når ein meiner ulovlege innvandrarar, og sidan um migrantar når ein meiner folk som er innvandra… De ser med èin gong at det er ikkje nøytral språkbruk.

”Islamisasjon”, dette umgripet tok me sjølve til å bruka, og i dag er det vorte eit rettelegt ordskifteemne i seg sjølv. Langt frå å vera nøytralt, so set dette umgripet ord på ei umdaning som samfundet vårt gjeng igjenom i møtet med islam.

Dei identitære hev dessutan dyrka fram ideen um den anti-kvite og anti-franske bodskapen som visse rap-gruppor spreider. Dei sterke utspeli som dei unge identitære kom med mot gruppa Sniper, og det etterspelet som Novopress sytte for at dette fekk i pressa, det enda med at dette spursmålet hamna på dagsetelen i ålmenta. Og det var Nicolas Sarkozy, den gongen innanriksminister,  som såg seg nøydd til å taka fyre seg dette spursmålet i det franske stortinget!

Nemningi ”småe kvite” (”petite blanc”) hev me vore drivande med å få inn i daglegtala (ein kann elles tenkja på videoen ”Uppreisten åt dei småe kvite”  – La revolte des petits blancs – som for nokre år sidan gjekk Internett rundt og som inneheldt bilæte av unge identitære). I dag er denne nemningi langt på veg vorti daglegtala, jamvel i munnen på politologane og dei ”offisielle” analytikarane. Ho er beinveges knytt til spursmåli kring ”den etniske uppkløyvingi” (”fracture ethnique”) som Guillaume Luyt byrja tala um i 2002, og som Ivan Rioufol frå Figaro meir eller mindre tok upp att tråden frå i boki ”La fracture identitaire”.

Og sidan… Nemningi ”identitær” i seg sjølv. Me hev litt etter litt knesett ei nemning som hev opna eit nytt politisk rom, og som medhaldsmenner i heile Europa er byrja visa til.

8)    Den metapolitiske viljen treng  eit råmeverk: Lag og frontorganisasjonar, nettverksarbeid, samvirke
Me må ha viljen til å gå ut yver dei reint partibotne råmeverki. Desse råmeverki hev ein logikk som både for småe og store gruppor verkar sekterisk.

Berurier Noir, flaggskipet åt den alternative og antirasistiske rocken på 80-talet, avslutta den siste framsyningi si med di dei bad tilhøyrarane sine um å skipa sine eigne ”frie rockegruppor”.  Dei trudde dei var frie, men dei avslutta laupet sitt på Olympia-stadion med ein konsert økonomisk studd av statlege organ og av dei største radiostasjonane… Dei frie mennene, og det veit de like godt som meg, er på vår sida av sperringane.  Dei er hjå oss her i kveld, og ikkje i gangane på rådhuset eller på samlingane åt RESF (”Resaeu education sans frontiers”, utdaning utan grensor. Ein støtteorganisasjon for skuleelevar med foreldre som er ulovlege innvandrarar).

Altso er det upp til dykk å skipa rockegruppor som er røynlegt frie, og samstundes vera frie målarkunstnarar, frie filmmeldarar (og filmskaparar!), frie diktarar, frie turgåarar. Det er upp til dykk å gjera vårt verdsbilæte kjent.  Eit verdsbilæte som ikkje berre er vårt, og ikkje berre av i dag. For me er ikkje ideologar, men me hev ein fakkel me skal bera vårt vesle stykkje på vegen, trugne til det eldgamle minnet vårt og til sedhevden vår.

I dag krevst det at me handlar, med politisk verksemd og med dei metapolitiske framvegane som gjeng ut frå denne. Slik skal me vinna hjarto åt folket vårt, og det for å kunna vinna attende byane og bygdene våre.  Fram då frendar!

Philippe Vardon

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s