Bathory: Vikingmetall-pionerane

Den svenske musikkgruppa Bathory gjorde   på 1980 og 1990-talet eit stort nybrotsarbeid på ei rad ulike umkverve innanfor ytterleggåande metallmusikk, med nyovringar som skapte både ordskifte og rå uppøsing. Kor som er, Bathory vart stort på det åndelege planet, fordi musikken deira verka vyrdsam og nordisk når han tona ut og det skulde verta sjølve hjarta i arbeidet deira. Dette arbeidet byggjer millom på frø frå ei forfedreånd,  mesteparten av arbeidet vart gjort på slutten av den musikalske karrieren deira.

Bathory vart skipa av Thomas Forsberg (Quorthon) in Vällingsby, Sverike, som i 1983 var 17 år gamal. Han tok til å gjeva ut råe plator fulle av ville gitarriff og skrik frå ei onnor verd. Stilistisk hev musikken frå dei fyrste Bathory-platone vorte rekna som fyrelaupar for dei norske svartmetallgruppone som dukka upp tidlegt på 1990-talet. Serleg på den tridje plata, Under The Sign of the Black Mark, kann ein kjenna på denne stemningi i låter som “Call from the Grave” og “Enter the Eternal Fire”. Desse fyrste arbeidi vert ofte umtala som svartskrammel (”black thrash”), med kjapp rytme, nådelaus framføring, krasse tekster og med eit driv og ein energi som ingen kunde stogga.

Thomas Forsberg, mannen attum Bathory.

Thomas Forsberg, mannen attum Bathory.

Alt med musikkstykkjet ”Equimanthorn”, som er med på Under the Sign of the Black Mark, kann ein få kjensla av å lyda til ein berserk-krigar i det han skrik Odin-hyme som ein galning. Kor som er, den nordiske åndi hans Forsberg tok fyrst til å skina i det han byrja roa ned tempoet med Blood Fire Death frå 1988. Musikkstykkje som serskilt kunde nemnast er “Odin’s Ride over Nordland”, etterfylgt av “A Fine Day to Die”.  Jamvel um det framleis er mest på måfå,  tek Quorthon meir og meir til å byggja fedrearven sin inn i teksttilfanget, med musikk som på høvelegt vis spegla dette att.

bathory_hhStilen åt Bathory brigda seg drastisk då dei i 1990 kom med plata Hammerheart, der dei gjeng hovudstups inn i den nordiske mytologien, og der musikken målar fram landskap som høver til den kalde tundraen i nord, atmosfærisk i ljod og kjensla. Teksti åt ”Shores in Flames” fangar viking-anden åt dei nordiske folki som reiste til land langt, langt burte:

“Mother winter leaves our land
And opens wide the seas
The lukewarm breeze does beckon me
As it whispers through the trees
It says: Set your sails
And let me take your ship to foreign shores
Take farewell of those near you
And your land of the North!
The wild cold deep black ocean’s waves
Invites my hungry heart
Cry not my love I’ll return
Only death can keep us apart
Oden in the sky up high
Let the Ravens of yours fly
To guide us on our sail to foreign shores
Let your Ravens fly”

Plata avsluttar med sporet ”One Rode to Asa Bay”, som jamrar ut um korleis dei nordiske folki vende burt frå dei gamle, heidenske jord- og naturnære  vegane. Han knyter denne snunaden upp mot at den gamle nordiske mentaliteten meir og meir vart påverka av kristendomen.

“Twilight of the Gods”, den næste plata som Bathory gav ut, gjekk vidare med å utforska arketypiske nordiske emne, men med eit Ragnarok-perspektiv um at den moderne verdi er falsk og dømd til å falla. Det episke opningssporet varar meir enn 14 minutt og flyt beint inn i den næste songen, kalla ”Through Blood by Thunder”, som atter glid saumlaust yver i ”Blood and Iron”. Sjølve plata er wagnersk i tekst og melodi, tungt bygt på dei same odinske røtene.

Etter å ha gjeve ut tvo thrash-plator til , ”Requiem” og ”Octagon” (sumtid kalla ”motorsykkelmetall”), vende Forsberg attende til den nordiske metallmusikken sin.

Blood on Ice vart teke upp i 1989, men kom fyrst ut i 1996. Denne plata er fullt og heilt eit konseptalbum, ho fortel soga um ein nordisk krigar som er send ut for å hemna dei som er vortne kaldblodig myrda i landsbyen hans (etterlatne med spor av ”Blood on ice”). Han møter ein Odin-liknande mann i skogen, hjelpt av ei slags stygg heksedama, og han ofrar båe augo sine og hjarta sitt for å fullføra uppdraget han er ute på. Plata hev mange innslag av tradisjonelle folketonar, og jamvel bard-liknande sogeforteljing. Songen ”Man of Iron” er dessutan fullt og heilt akustisk.

Plata ”Destroyer of Worlds” hev mange byggjesteinar frå ”vikingmetallen”, men tekstene gjeng i ei onnor stemneleid. Kor som er, etter utgjevingi i 2000, so sette Quorthon seg fyre å skriva, taka upp og gjeva ut Nordland-platone. Desse platone kom til å verta høgdepunktet av atmosfærisk, mytologisk nordisk metallmusikk, og skulde jamvel koma til å markera slutten på den kunstnarlege laupebanen hans. Nordland I og Nordland II tok lydarane med storm, i 2001 og 2003, respektivt. Dei var upphavlegt meint som dei tvo fyrste i ein serie på fire plator. Men Thomas Forsberg vart funnen død i 2004.

bathory_nordlandPå Nordland-platone finn ein Quorthon sitt beste gitararbeid nokosinne, dugande trumming, og rein og klår song som er full av lovprising til den nordiske heimstaden. I tekstene fortel ein sogor um nordiske heltar og um tilknytingi til den nordiske naturen. Det er ein ubunden energi avspegla i desse arbeidi, og ei kjensla av rein kjærleik for dei nordiske landskapi. Desse platone gjev eit innsyn i ei verd som ein gong var, forma av forfedrane, og no finst ho einast att på det astrale planet. Ingen annan upptaksartist i metall-verdi hev tileigna seg mytane, arketypane åt krigaren, shamanen og søkjaren på det same høge nivået.

Nordland I opnar med ein dramatisk intro, som rydjer vegen for det ovstore ljodbilætet på sporet ”Nordland”. Her kjem Quorthon med lovsong til fjelli og det nordiske landskapet. Plata gjeng vidare inn i ”Vinterblot”, so til ”Dragons Breath”, og so kjem Forsberg med ”Ring of Gold”, der han er på sitt mest romantiske med ein song som gjeng rett til hjarta. Dette sporet fortel soga um ein nordisk helt som målber kjærleiken sin med ein gullring. Ringen bind dei tvo saman jamvel um han kjem til å setja segl og reisa burt for ei stund. Andre spor på plata er “Forever Dark Woods”, “Broken Sword”, “Great Hall Awaits a Northern Brother” og “Mother Earth Father Thunder”,

Nordland II held fram i ei liknande ånd, med viking-eventyr og spirituelle røynslor fortalde i songar som “Bloodied Shore”, “Vinland”. Plata endar hardtslåande med “ The Wheel of Sun”, som er eit slags fyrebod um Forsberg sin eigen død:

“As sure as it is true once we all shall die
True it is not all men lives
A king shall fall
A child be born
The Gods will take and Gods will give
Before your time has come
Do climb your mountainside on a morning fair
And smell the fragrance carried by the wind
Let it blow freely through your hair”.

Bathory heldt aldri nokon konsert. Dei var ikkje ei gruppa som andre gruppor. Dei gjekk gjenom mange stiliske og lyriske fasar, dei livde ut ulike slags psykiske tilstand, serskilt det som hev med det nordiske lynnet å gjera.  Frå djupe dalar til høge fjell, verdi åt dei gamle gudane vart mana fram att. Arbeidi hans Thomas Forsberg er viktuge musikalsk, måvita,  men fyrst og fremst er dei eit nordisk kulturverk, eit vindauga til å skyna forfedrane våre og å røyna den nordiske sjeli.

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, musikk, mytologi og esoterikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s