Er det slutt på moderniteten?

Målmannen hev fleire gonger synt til hevdslinor og hevdsvunnen kultur og liknande. Brytingi millom gamal hevd og nye tider er noko som hev funnest til alle tider. Det skiljepunktet som hev kome klårare fram dei siste 250 åri knyter seg til den franske revolusjonen. Upplysingstankane er velkjende, men kva tankar som voks fram og som av sume vert kalla det moderne prosjektet og mot-tankane til den franske revolusjonen og korleis dei påverka oss, det er vel kannhenda ikkje noko som ein vanlegvis fær høyra so mykje um.

Frankrike skaka resten av Europa med den franske revolusjonen i 1789. Det førde til at andre land i Europa måtte leggja ein plan, so dei kunde møta den europeiske stormakti, Frankrike.Upplysingstankane var vanskelege å avvisa, men avvisast måtte dei. Dei færraste statsleidarane i andre land vilde ha noko av at ein skulde ha uppstandar, krav um politiske rettar for nye gruppor i samfundet og aller minst maktyvertakingar med valdsbruk.

cross_in_chinatownDet galdt med andre ord um å finna fram til måtar å stogga tankane på, slik at tankane ikkje vart til handling. Ein måtte iallfall visa at dei som gjorde ålvor av tankane, ikkje skulde vinna fram. Ein tenkte seg framfor alt at ein måtte slå til mot kjernelandet Frankrike. Dersom Frankrike vart yvervunne, kunde sigerherrane syta for at det nye styresettet som var på veg, ikkje breidde seg.

Frankrike såg fyre seg ein krig med Austerrike og Preussen og gjekk sjølv til forkjøpsåtak mot Austerrike. Millom 1792 og 1795 var Frankrike i krig, men etter kvart vart det berre Storbritannia og Austerrike som stod att som motstandarar. Seinare kjem naturleg nok napoleonskrigane og samgongslandi vinn til slutt siger yver Napoleon. I 1815 vart det klårt nok at revolusjonen møtte motstand og at revolusjonstankane vart kraftig bremsa.

Likevel er det kome upp nye fyresetnader for å driva med statsstyring. Det nyttar ikkje lenger å avvisa frihandel, borgarskapen vert ei mektigare samfundsklassa, adelsstanden misser privilegia, tanken um folkerepresentasjon spreider seg – men vert halden nede etter beste evna.

Det moderne mot eit metningspunkt
Ein kann vel slå fast at den franske revolusjonen hadde spreidt ein heil del tankegods, men at dette tankegodset ikkje let seg gjenomføra fullt ut. Kva var det som bremsa desse tankane? Dette spursmålet kann vera vel so dagnært i våre dagar, for i våre dagar kann ein vel segja at folk steller spursmål ved um det sokalla moderne prosjektet som vart innleidt med den franske revolusjonen og uppbrotet med tidi fyre, hev nått eit høgdepunkt. Idealismen frå revolusjonen hev vunne fram i politikk og samfundsstyring like til no, men no let det til å ha kome til eit metningspunkt.

Fyrr i tidi var det breide gruppor som vilde ha gjenom viktige politiske saker som femnde um mange. I dag hev personlege rettar vorte til umfemnande rettar for einskildpersonar og mindretalsgruppor. Politikarane hev vorte ei eigi interessegruppa og fagpersonar innanfor jus, økonomi, journalistikk m.m kann køyra eigne kampanjar for gruppor av menneske som vil påverka samfundsvoksteren.

Andre ser vel fyre seg ein vokster som gjeng i ring der noko av det gamle kjem attende. Ein kann sjå det slik at den franske revolusjonen opna for so mektige krefter at um ein skulde føra desse tankane til endes, hadde det ikkje vorte råd å taka vare på åndelege krefter som strekkjer seg langt attende. Dei mest ytterleggåande kreftene under revolusjonen ynskte ikkje nokor religionsutøving. Dei hadde til mål å få burt kristne sinnbilete og sermerke på alle frontar. Det vart jamvel sett i gong freistnader på å innføra ein ny kalender. Ein vilde attende til år 0, men lukkast ikkje.

Seinare freista millom anna kommunistane i Sovjetsamveldet å få sett kyrkja til sides og gjennomføra ei heil avkristning. Det ser vel like fullt ut til at den ortodokse kyrkja hev yverlevt, jamvel um kristendomen langt frå stend so sterkt som han kunde i Russland. Religionen er likevel framleis ei sterk kraft. Det er avgrensingar på kven som fær driva misjonsarbeid i Russland i dag. Religiøse grupperingar vert altso yverstyrde og i mange høve stogga. Tilliks med at ein stoggar mottevlarar til den ortodokse kyrkja, vert det å krenkja kyrkja sett på med motvilje. Pussy riots, det russiske punkbandet, vart skulda for gudsspotting mot kyrkja som maktsymbol. På den andre side vert det sagt at den ortodokse kyrkja må stydja dei politiske makthavarane anten dei vil eller ikkje.
Russland er langt frå det einaste landet der det er gjort inngrep og sett avgrensingar mot religiøs forkynning, landet fylgjer berre i same fotefar som mange andre statar. I den islamske verdi vert misjonssamskipnader og dei som finn åt mot islam uppfatta som uroskaparar som det må slåast ned på.

Ein kann vel, kor som er, slå fast at kristendomen i Vest-Europa vart underlagd staten med dei statsberande kyrkjone . Det var i røyndi ei kraft som melde seg alt med reformasjonen. Voksteren på 1900-talet hev gjort kyrkjone veikare. I nokre land vart dei meir politisk styrde, men med kvart vart dei lausrivne frå statane og berre bruka når statlege eller andre krefter fann nytte i å bruka deim.

På den andre sida, kva er svaret på sekulariseringi? Hjelper det å gjeva folk meir fridom?
Den menneskelege fridomen kjem kannhenda ikkje til å verta større enn i dag. Det kjem kannhenda jamvel eit atterslag. Verdsens råvaretilgang rømer ikkje endelaus materiell vokster. Energikjeldone hev grensor, og jakti på nye råemne er nådelaus. Oljesektoren er eit døme på korleis det vert drive rådrift på ressursar, gruverdrifti eit anna. Barnearbeid finst det enno, jamvel etter 200 års revolusjonstankar. Krig og elende merkjer mange land.
Den frie moralen fører ikkje berre til gode for alle menneske – fridom for ein part kann føra til ufridom for andre. Det vert snakka fint um menneskerettar, men dei fleste land i verdi bryr seg ikkje meir med menneskerettar enn at dei vil ha mest mogleg ut or handelssambandi med andre land som bryt menneskerettane. Ytringsfridomen vert sett upp mot valdsbruk og trugsmål. Unge menneske vert drepne når dei vil ytra seg um politikk. Verdi hev ikkje kome so langt som ein skulde ynskja. Hev me nått eit metningspunkt? Hev folkeupplysingstankane frå 1700-talet kome til vegs ende?

Det er grunn til å setja seg inn i tankane kring det moderne prosjektet og tankane til dei som var kritiske til den franske revolusjonen alt i den tidlege reaksjonstidi. Samfundet var so langt frå framifrå fyre upplysingstankane vann fram, men idealtypen på eit folkestyre finn ein snaudast når upplysingstankane var i sin spede barndom på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet. Det er like fullt her, når tankar vert til handling, at ein må starta og dinæst sjå framyver i tid mot vår eigi tid. Det fyrste me må verta klokare på er det moderne prosjektet.

Tankane i det moderne prosjektet
Det moderne prosjektet vert umgripsfest på minst tvo måtar. Umgripet vert knytt til ei stor rørsla av nytenkjing i tidi millom år 1500 og år 1800, der fornuftstenkjing og uppgjer med hevdsvunne maktpersonar og maktformer kom jamt meir til uttrykk. I oldtidi vart religion og filosofi knytte saman med naturvitskapen. Desse bandi slitna på 1600-talet. Då bandi gjekk kvar til sin kant, vart naturvitskapen knytt til å røyna ut korleis verdi verka utfrå sjølvstendige grunnsetningar. Dei lange tidslinone kann visa til det som gjev meining utfrå ein filosofisk ståstad.

Dersom ein derimot tenkjer på det moderne prosjektet utfrå samfundsvitskaplege grunnsetningar, kann det vera vel so naturleg å setja upp det moderne prosjektet som eit prosjekt som bitt seg saman med dei politiske umveltningane på 1700-talet. Då vil ein gjerne visa til upplysingsfilosofien og til samfundsumlagingane i den franske revolusjonen og den amerikanske lausrivingi.

Det moderne prosjektet vert gjerne knytt upp til politiske eller upplysingsfilosofiske tilnærmingar. Trui på fridom, sanning og metode er framherskande. Den vitskaplege rasjonelle tankegangen tvingar seg fram, og han formar um på tenkjingi innanfor mange umkverve. Samfundet fyre den franske revolusjonen var millom anna merkt av ymsande gradar med føydalisme, einevelde, lagdeling i samfundet og bindingar på menneskeleg samkvem. 1800-talet er det hundreåret då liberalismen og vitskap opnar upp for nye måtar å skipa til jordbruk, handel og samferdsla. Skilnaden millom menneski vert mindre. Vitskapen skapar ei industriverksemd som gjev folk tilgang til alt fleire hjelpemiddel og nye varor: Frå hermetikk til medisin med nye kjemiske blandingar, frå syklar til dampbåtar, frå elektrisk straum til olje og gass. Liberalismen legg til rettes for at dei vitskaplege framstegi kjem ut til folk og at dei vert tekne i bruk.

Sanning og vitskapleg metode
Dersom ein ser fyre seg det moderne prosjektet som noko som tok til med den franske revolusjonen, kann ein leita fram til nokre sentrale sidor ved dette prosjektet som var viktige på 1800-talet og som kannhenda er like viktig å gripa tak i dag, um ein skal verta klokare på den tidi me lever i, og korleis verdssoga hev påverka oss dei siste 200 åri.

Me kann taka til med stikkordi sanning og metode. Det moderne prosjektet tuftar seg på at det finst nokre grunnleggjande meiningar som byggjer på sanningar og som metoden finn fram til. Dei grunnleggjande meiningane er gjerne knytte til Gud, idear eller ein substans som ofte vert knytte til det menneskelege røynslefeltet. Sanningi vert sett inn under noko som gjeng utyver normale grensor, til og med noko yversanseleg eller transcendent. Når metoden fær arbeida utfrå dei grunnleggjande meiningane, kann den eine meiningi vinna fram i tevling med den andre. Slik kunde til dømes prestar koma fram til at dei ikkje lenger kunde tru på Gud. Vitskapsmenn kunde koma fram til nye slutningar som til dømes uppdagingi av elektromagnetismen. Bønder kunde koma fram til at dei måtte leggja um jordbruket. Industrieigarar kunde koma fram til at dei laut nytta nye maskinor um dei skulde lukkast i næringslivet og so burtetter. Når menneske byrja å leggja um tenkjingi si samstundes, gjorde det um på heile samfundet. ”Dagsens problem kan ikkje løysast gjenom å tenkja på same måte som då me skapte deim”, sa Albert Einstein. På mange måtar kann ein segja at livet hev arta seg slik for menneski dei siste 200 åri. Nye teknologisk framsteg kjem til, men dei skapar nye vanskar som gjer at me må tenkja i nye samanhengar.

Det ein hev kalla siste-instansane er ein viktig einskildlekk når ein skal skyna drivkreftene i det moderne prosjektet. Ein er ute etter å finna fram til kva som er upphavet til ymse ovringar, og siste-instansane vert knytte nærare saman med mennesket. Ein tenkjer som empiristane at berre det me kann røyna gjenom sansane danar grunnlaget for viss kunnskap. Ei onnor løysing er å lita på vitugskapen. Kant set subjektet og vitugskapen som siste-instans. Når alle menneske samlar seg um røyndi på same vis, då er kunnskapen viss. Trui på vitugskapen hev langt frå alltid vore like sterk som hjå Kant, til dømes dreg filosofen Schopenhauer fram viljen som det viktige. Den blinde livsviljen er ein tanke som kann førast i mange leider.

Ein trur òg på framsteg og avsløringsstrategien i den moderne tidi. Når berre folk fær fridom til å handla som dei ynskjer, kjem dei til å fara åt på beste måte. Det som heng att av gamle verdiar som ikkje toler ljos på seg, kjem til å falma og falla burt, medan dei nye umgangsformene, økonomiske skipnadene, tankebygnadene og forteljingane um kva som er naturleg og vellukka livsførsla, vinn fram.

Desse synsmåtane er vel åt å ha nått ein ende i dag. Alt nytt er ikkje godt nytt lenger. Til sine tider viser det seg at trui på vitskap og teknikk og på raske framsteg for mange hadde skuggesidor. Dei menneskelege og upphavlege sidone ved røyndi let seg ikkje attendevisa. Natur og umheim hev langt meir varige utsyner yver seg enn det industrien og teknologien hev synt seg å ha so langt. Ingen talar vel um teknologi i tusundårsperspektiv, men naturen er ei ovring som manar mennesket til å tenkja lenger ein det er i stand til. Den menneskelege livsførsla er likeins langt meir varande enn teknologien. Det eine framsteget set det andre ut or kraft.

Når ein kjem til reint menneskelege framsteg, so kann det vera framsteg ein meiner at ein hev havt i tenkjing kring menneskelege tilhøve. Til det kann det vera verd å vera mistruisk, um enn ein kann taka i miss. Tak til dømes helse og kosthald. Moderne industrimat er vel ikkje på langt nær so sund som mat som kjem beint frå naturen. Ordet naturleg er eit ord som i sume reklametekster vert sett på som noko so nær eit lykjelord. Men det naturlege skal vel helst vera under menneskeleg styring og gjerne vera industriprodusert, då vert det ikkje nett so truverdig, iallfall ikkje i alle høve. Fisk må då vera sundare enn Omega3-tablettar.

Ein kann avsløra gamle fordomar, men ein kann like lett skapa nye fordomar. Det er vanskeleg å gå god for synspunkt som gjeng ut på at menneske var meir kunnskapslause i tidlegare tider. Det er alltid noko som gjeng tapt i soga, og um me trur at det som stend att forklårar alt um korleis folk tenkte, so tek ein i miss. I dag hev me stor kunnskap um fortidi, men me må likevel plukka ut det som er viktig, og då vert me kannhenda ikkje klokare enn det folk var for 200 år sidan. Det kann vel vera at heile det moderne prosjektet kann avvisast eller kjem i eit heilt nytt ljos.

Det ein vel like fullt kann slå fast er at når ymse ovringar slær til for fullt, so fær det store fylgjor. Kvinnor hev alltid arbeidt, tilliks med mennene, men innanfor det moderne prosjektet skulde dei til sine tider takast ut or det formelle arbeidslivet. Det moderne prosjektet kann vel soleis til sine tider ha gjenge i motsett leid av det som var det upphavlege, at kvinnor og menner hadde arbeidshopehav på gardsbruk i det gamle jordbrukssamfundet. Det stend iallfall i motstrid til at kvinnor vart sette ut av arbeidslivet og gjekk inn i ei slags ihoplaga husmorrolla, serleg på 1950-talet.

Me hev sett at ein kann tenkja seg siste-instansar som Gud, idear eller substans. Jürgen Habermas meiner at siste-instansane ligg i språket: Det sanne, det gode og det fagre tuftar seg ikkje beinast på mennesket, men på eit menneskeskapt medium, språket. Språket er sjølve beraren av vitugskapen, av di han som legg fram grunngjevingar må bruka dei innebygde vitugskapsbygnadene i språket. Korleis Habermas ser på ikkje-verbale ytringar eller kunstnarlege ytringar hev eg ikkje nokon kunnskap um, men ordskiftet um kva som kjem fyrst av språk og tanke er knappast avslutta på ein måte som set språket fyrst.

Attende til revolusjonen og reaksjonen
Upplysingstankane og det moderne prosjektet stend der med sine yverordna og abstrakte bygnader. Gjeng ein nærare inn på reaksjonen mot den franske revolusjonen kjem ein kor som er ikkje utanum at nasjonalismen i denne tidi vart grunnleggjande viktig. Franskmennene måtte forsvara seg mot krigstrugsmål og andre land mot revolusjonstrugsmålet. Den lettaste vernestrategien synte seg å vera at ein samla folk attum ideen um eit nasjonalt hopehav. Tyskarar måtte verja seg mot franskmenner, då kvarv tanken um at franskmenn kunde læra tyskarar um revolusjonen. Yverføringsverknaden måtte motverkast.

Når den tyske nasjonalkulturen blømde sterkt kring slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet, hekk nok det ihop med krigsstoda. Det var rett tid til å teikna ned eventyr og til å leita fram det som var sams i tysk soga. Nasjonalismen viste seg å vera ein måte å bremsa moglege revolusjonstankar i folket. Og ikkje berre bremsa nasjonalismen revolusjonstankane, han verka utvidande med. Jamvel i vår tid hev nasjonalismen vist seg å ha gjenomslagskraft. Mange nasjonalstatar hev kome til etter 1989. Ein kann sjå til Russland, Jugoslavia og Afrika.

Ein lyt til Rousseau um ein vil sjå korleis upplysingstidi og den nye tidi etter revolusjonen heng i hop. Det var Rousseaus tankar som fekk mana folket i Frankrike til strid. Det var eit mål for Rousseau å koma burt frå den ufridomen som den moderne sivilisasjonen hadde ført med seg. Det frie mennesket i naturtilstand hadde vorte til eit ufritt menneske i samtidi, no måtte ein finna fram til ei ny form for fridom. Korleis ein fær menneske til å verta samde um å leva saman innanfor den same rettsstaten med dei same reglane og grunnsetningane, det vart eit sentralt poeng.

Det kann vera mange ting som fær folk til å slutta seg saman, og upplysingstidi la vinn på idealtilstand og fann dei fullkomne løysingane i vitugskapen. Ein revolusjon stend derimot ikkje for eit idealtilstand, langt derifrå. Når store folkegruppor og innbyggjarar i heile statar kjem under hardt press økonomisk og materielt, kjem ein til tider då det krevst handling, og då er ikkje alltid dei teoretiske utleggjingane so nyttige. Ein kann derimot uppsumera i etterkant og finna fram til kva krefter som kom til uttrykk og kva fylgjor desse kreftene fekk.

Nasjonalismen kjem vel til uttrykk som ein måte å løysa røynlege vandemål på. Det var vel knappast slik at ein hadde sett fyre seg kva kraft som kunde liggja i nasjonalismen fyre revolusjonen. Ein kann kannhenda segja at det kann verka vitugt å slutta upp um den nasjonen ein høyrer til, men den franske revolusjonen innfører ein kløyvd truskap. Ein kann vera lojal mot sin eigen nasjon eller ein kann vera lojal mot tankar og ideal som knyter seg til folkesuverenitet. Ein vitug nasjonalstat må taka høgd for at borgarane i eit land både kjenner seg knytte til kvarandre gjennom ein sams identitet og gjennom ei godtaking av det styresettet landet hev. Lojalitet til statsleidarane og det politiske systemet måtte gå hand i hand med lojalitet til nasjonen. Dersom lojaliteten vart kløyvd, kunde leidarane i eit land risikera å få folket mot seg.

Nasjonalismen samlar mykje av dei serdragi i det moderne prosjektet som me hev vore innum. Den er grunnlag for ein nækjingsstrategi i høve til andre folk og nasjonar. Han utgjer ein siste-instans som det er vanskeleg å avsløra. Nasjonalismen hyser visse sanningar som ein kann kartleggja gjennom metodiske granskingar som til dømes av norske målføre, avbrigde av eventyr, språklege ytringar med meir. Det er naturleg å slutta her i dette høvet, men langt frå alt som kunde segjast um det moderne prosjektet er sagt i dette stykkjet, det er mykje ein kann gå nærare inn på. Nasjonalismen er kor som er berre ein av mange mottankar til den franske revolusjonen.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2013, nasjonalisme, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s