Kuggnäsfestivalen 2010 – Eit minne for livet

Artikkelforfattarane var til stades på Kuggnäsfestivalen i Sverike og rapporterar derifrå.

Det er i Nyköping beste sumartid, frå 29. til 31. juli, at det årlege treffet for vikingrocken gjeng av stabelen – Kuggnäsfestivalen. På denne staden spelar dei mest kjende gruppone innanfor vikingrocken, som Ultima Thule, Enhärjarna, Völund Smed og Njord – saman med andre gruppor innanfor tilgrensande genrar som streetpunkt, rockabilly, psychobilly og metal…

Ein ideell festival for alle patriotar med interesse for subkulturar som skinheads, punkarar og bikers.

SANY4268Festivalen gjeng fyre seg ei langhelg på Kuggnäs, eit gamalt gardsbruk som er vorte restaurert og umbygd til bilverkstad og konsertlokale (Kuggnäs Motorgård). Og dette året rekna ein med eit ekstra stort publikum, for legandariske Ultima Thule, plateaktuelle med nysleppte “Korpkvädet”, kom til å spela for fyrste gongen på tri år.

Sverike er det landet i Norden som er sterkast påverka av innvandring, og den fyrste røynsla vår med “det nye Sverike” gjorde me alt på flyplassen i Nyköping då me skulde leggja ut for bussbillet. Sjåføren nekta å taka i mot kontantar, på bussen kunde ein berre leggja ut med kort. Kvifor det, vilde me vita. -Av di me er leide av å verta myrda, var det kontante svaret.

Det siste stykkjet fram mot campingplassen på Kuggnäs laut me gjera til fots. Vèret var helder ikkje det beste denne dagen, so i striregn vart teltet montert på rekordtid. Men teltet var ikkje fyrr kome upp fyre organisatorane åt festivalen kom oss i møte og inviterte oss inn til seg. So ikkje mange timane seinare var me vortne introduserte til vikingrockscena i Sverike. Ved midnatt var det so tid for den fyrste konserten – der psychobillybandet Hotrod Frankie opna festivalen.

SANY4179Under dagane som fylgde stod i alt 18 gruppor på scenen. Millom våre favorittar var:

Forbidden Rage, streetpunkprosjektet til mannen attum Enhärjarna og Steelcapped Strength. Stemningi var på topp når Bisson drog i gang slagarar som “Sons of Glory”.

Kategorie C, eit band som hev kultstatus i hooligan-krinsar i Tyskland. Flestalle kunde syngja med når dette legendariske bandet spela gamle klassikarar som “So sind wir”, “Gute reise” etc..

Kalevalan Vikingiit, ei musikkgruppa frå Finland som serverte oss friske låtar med finsk tekst og melodiar som fusjonerte alt frå melodiøs vikingrock til streekpunk og rockabilly.

Glory Boys, ei spansk gruppa som spela greid og endefram Oi!, og med tekster som var rett på sak og rett i trynet, for å segja det slik.

SANY4259Og endelegt hadde gudane gjeve oss den største gåva av alle, Ultima Thule. Målmannen-fotografen freista å koma so nær scenen som råd for å gjera dei beste fotografii. I det publikum tek fullstendig av, so må ein segja det er eit under at fotografen korkje miste kamera, lyklar eller mobiltelefon!

SANY4332Songane kjem på rekkja og rad: Vargsång, Knekt och Karolin, Election Day, med ein fantastisk Fädernesland, Bäring Nord, og til slutt klassiske Stolt och Stark…

Millom konsertane gjekk det mykje tid med på campingplassen, der me vart kjende med nye kameratar frå både Sverike, Polen, Tyskland etc, alle reiduge for å slå av ein prat til ei kald øl og patriotisk musikk.

SANY4153Kva meir kann ein segja? Ein festival som let etter seg tallause minne og der neste Kuggnäs alt er merkt av i kalenderen!

O. Torheim og A, Thöne

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1-2011, musikk, nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s