Tvo austeuropeiske svartmetallgruppor

Nokturnal Mortum og Temnozor, tvo musikkgruppor frå Ukraina som det var verdt å bita seg merke i i året som gjekk. Dei gav båe i byrjingi av 2010 ut kvar si nye plata, og endå eit år seinare er me endå ikkje leide av å høyra på:

Nokturnal Mortum

Nokturnal Mortum

Nokturnal Mortum, “The Voice of Steel”.
Det hadde gjenge seks år sidan sist gong gruppa hadde late høyra frå seg, den gongen med “Weltanschauung”, der dei hev eksperiment med innslag av tradisjonell folkemusikk. Med “The Voice of Steel” tek dei det heile eit steg lengre. Framleis tung svartmetall so det held, men innimillom tremolo-picking og blastbeats bit ein seg dessutan merke i eit meir distingvert, progressivt ljodbilæte, som serskilt når det kjem til solostykki kann minna ikkje so reint lite um Pink Floyd. Det må dessutan nemnast at produksjonen er framifrå, kvart instrument let seg høyra med beste ljodkvalitet, men helder ikkje so klokkeklårt at det tippar yver i det yverproduserte.


Temnozor, “Haunted Dreamscapes”

Temnozor hev heilt frå dei fyrste platone inkorporert fløyte og andre element frå ukrainsk folkemusikk, og i motsetnad til mange andre gruppor so greider dei faktisk å få det heile til å fungera. Kombinasjonen av harske, solide gitarriff, og klåre vokalar på russisk, skaper ei atmosfære som gjer dette albumet perfekt til å høyra på ein kald vinterdag.


O. Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1-2011, musikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s