Krabat – alt hev sin pris

Barnebokforfattaren Otto Preussler er i Noreg best kjend for “Den vesle heksa” – kjend og kjær for oss som såg på Barne-TV på 1980-talet, men denne boki – og eit fåtals andre bøker som hev vorte umsette- er berre toppen på eit langt større isfjell som aldri hev vorte formidla til norske fjernsynssjåarar. I Tyskland hev bøkene hans derimot kultstatus, og slik sett fell det naturlegt å sjå nærare på ei av bøkene hans som nylegt vart filmatisert – Krabat.

Krabat kom på kino for eit par år sidan, men nådde aldri norske skjermar eller lerrett. Helder ikkje på DVD. Det er like fullt ei hugstelande soga som vert fortald, og som ein i røyndi må vera godt vaksen for å skyna den fulle djupni av.

Scena frå filmen "Krabat".

Scena frå filmen «Krabat».

Historia byrjar i Tyskland på 1600-talet. Den foreldrelause guten Krabat liver eit umflakkande liv heilt til dess at han kjem i læra på mylna hjå ein gamal meister, saman med andre læregutar. Arbeidet på mylna er til å byrja med hardt og slitsamt, men det syner seg med tidi at det harde arbeidet er for ein upptaksprøve å rekna. For læregutan på mylna driv i røyndi med meir enn berre å mala korn, under meisteren si rettleiding vert dei fullkunnige i svart magi. Takk vere magien fær dei ikkje berre superkrefter som gjer det harde arbeidet på mylna til ein leik – dei kann jamvel verta usynlege og dana/skapa seg um  til ramnar som flyg gjenom lufti.

Då han vert kjend med all denne nye kunnskapen, vert Krabat spurd ut um han framleis vil vera med, eller um han vil reisa frå mylna. Svaret han gjev må vera endelegt – vil han framleis vera med, so kann han aldri reisa derifrå. Krabat vel å verta verande.

Krabat fær seg med tid og stunder ei veninda. Han fær då høyra frå dei hine læregutane at det må han gjerne ha, men meisteren må for all del ikkje få vita kva ho heiter. Finn han ut det, so kjem dei båe til å døy.

Tidi gjeng, og livet gjeng sin vande gang på mylna, men saker og ting skjer. Um natti kjem det ein mystisk gjest med saker og ting som skal malast upp – sekkar med menneskebein. Den gamle meisteren som såg so ung ut for alderen byrjar verta kvithåra og sliten. Og Krabat kjenner det på seg at han sjølv eldast snøggare enn fyrr. Rett fyre nyttår reiser meisteren burt for ei  tid – Kvar han skal hen veit han berre sjølv.

Nyttårsnatti vaknar Krabat upp til hyl og skrik frå romet til ein av dei hine læregutane. Han vil inn og sjå kva som hender, men dei hine held honom att. Dagen etter finn dei honom død. Han vert lagd i ei grav som meisteren hadde fenge greidt til fyre han reiste. Og meisteren kjem so  attende, like ung som han var då Krabat kom til mylna.

Krabat skynar med kvart kva det gjeng ut på: Det er Dauden som er den mystiske gjesten som kjem um natti.Meisteren hev gjort ei pakt med dauden. Kvart år skaffar han seg ein ny læregut, og kvart år må ein av dei døy, i byte mot at meisteren fær lagt eitt år til på livslengdi si.

Ei natt freistar Krabat flykta frå Mylna. Han spring og spring, berre for å finna ut neste morgon at han hev gjenge i ring og er attende der han var. Han kann ikkje koma burt frå det livet han hev valt.

Frå ein av dei hine læregutane fær han likevel vita at det er èin måte ein kann koma burt på, og det er ogso grunnen til at meisteren aldri må få vita kva veninda hans heiter: Dersom ei kvinna kjem til meisteren og krev at han skal få sleppa fri, so må meisteren setja henne på ei prøva. Klarar ho denne, so er han fri.

Men etter fluktfreistnadene held meisteren auga med Krabat. Og han kunngjer at den av læregutane som kann spora upp og taka livet av veninda hans, han skal verta fri. Krabat sjølv fær melding um at han er den næste som skal døy.

Krabat vågar difor ikkje lenger å møta veninda si, langt mindre beda henne koma til mylna. Og på den siste dagen fyre han skal reisa burt gjev meisteren Krabat ordre um å grava ei grav – si eigi.

Det er då det hender. Veninda til Krabat hev på eige hand funne vegen til mylna, og ho krev at Krabat skal få sleppa fri. Meisteren hev då ikkje noko val: Alle læregutane vert tekne ned i kjellaren, og fær ordre um å skapa seg um til ramnar. So slepp veninda inn: Ho må no greida å identifisera Krabat, elles skal ho døy.  Ramnane ser heilt identiske ut, og Krabat trur det er slutten. Men nett då vert nett han vald ut – ho kjende att den sterke hjartebanken hans for henne.

For meisteren er det no slutten – han hev ikkje lenger noko offer å tilby Dauden. Læregutane vert bedne um å koma seg ut or mylna, og dei er ikkje fyrr ute fyre heile mylna sprengjest og brenn ned. Og med det kverv både meisteren og dei magiske kreftene han kunde tilbyda.

Like arme som då dei kom, reiser læregutan frå den nedbrende mylna. På mylna hadde dei både tak yver hovudet, nok å eta, og magiske krefter. No hev dei ingenting lenger, anna enn det dei laut gjeva frå seg då dei kom – fridomen sin.

Alt hev sin pris, vert soleides den sluttsatsen  ein må draga. For dramaet på mylna er i røyndi ikkje meir magisk enn at det vert eit bilæte på so mangt: Det kann vera eit ulukkelegt kjærleikstilhøve ein ikkje vågar brjota ut or av di ein stend fast i det livet og den kvardagen ein alt hev fenge. Eller det kann vera ein offentleg person som jattar med på alt det som er politisk korrekt – men som nett difor misser seg sjølv og sin personlege eigenart.

Det er vanlegt å sjå på fridom som eit fråvere av tvang, men i røyndi finst einast fridom når nokon kann garantera for denne – ikkje minst ein sjølv. Kvar og ein er andsvarleg for sin eigen fridom. Det er ikkje berre noko som andre kann taka frå ein, det er vel so ofta noko som ein sjølv gjev frå seg av di ein ikkje vil leggja ut den prisen som fridomen kostar: Vvil ein ikkje vera med og taka uppvasken og klesvasken, so kann ein ikkje klaga yver at det berre er dama som hev uppsynet med korleis kjøkenet og badet er skipa til, for å segja det banalt. Eller som Nietschze sa det: Fridom hev ein når ein hev viljestyrke nok til å hævda seg og til å halda den naudsynte avstanden til andre.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2011, film. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s