Eit svensk perspektiv på norsk målstrid

Dersom ein ser på norden i dag er det utan tvil eit språk som er det største og som truleg når lengst, det er svensk. Svenskane er 8 millionar og på god veg til å verta 9 millionar språkbrukarar. Samanlagt skulde Noreg og Danmark kunna tevla med Sverike, men det gjer me ikkje, me er kløyvde.

Ein kann koma i hug Welhaven som var redd for at eit sernorsk språk vilde brjota bandi med Danmark og gjera den norske litteraturen ringare og mindre utbygt, og det er klårt at hadde ein teke upp eit språk heilt frå grunnen av, vilde det unekteleg ha vore variasjonar av språket som vilde ha gjenge tapt, um ein braut fullstendig med alt som var fyrr, men slik kunde det ikkje verta.

sweden-flag-700Derimot er det ulike aspekt ved norsk målstrid som ein ikkje fullt ut kann skyna utan å taka inn det svenske aspektet. Her kann me berre vera spyrjande i fyrste umgang, men det er utan tvil ulike sidor i tilhøve millom alle dei tri nordiske landi som ikkje er godt nok utforska pr. i dag.

For kva var det som hende med Welhavens synspunkt til språkstriden. Jau, fram til 1917 vart det ikkje umsett bøker millom Noreg og Danmark. Bøkene gjekk fritt millom Noreg og Danmark, men i 1925 vart danske Gyldendal kjøpt upp og henta heim til Noreg. Andre norsk forlag hadde kome til og kunna byrja å tena pengar på norske utgjevingar som danskane fram til no hadde havt det meste av inntektene av.

Fram til 1917 hadde altso norden havt tvo store bokmarknader som kann ha vore umlag jambyrdige, men den nye utviklingi opnar for tvo interessante tilnærmingar. For det fyrste med eit norsk forlag var det essensielt kva litteratur norske bokkjøparane ynskte. Det vil segja at fleire argument mot nynorske bokutgjevingar fall burt. Dessutan når bøker fyrst måtte umsetjast var kvaliteten på bøkene og marknadspotensialet det viktigaste. Um bøkene var svenske eller danske var ikkje avgjerande. For fyrste gong kunde ein altso likso godt gjeva ut svenske som danske bøker. Dei danske bøkene var ikkje noko ein fekk sendt upp som ein del av den norske litteraturen lenger. Det må naturleg nok ha vore ein stor knekk for danskane. Dei danske forlagi må ha tapt store pengar på å mista den norske marknaden.

Dette brotet kann umogleg understrekast sterkt nok. Det må ha styrkt temperaturen i språkstriden munleg, og det interessante er at det er riksmålssida som bryt med røtene sine. Frå no av vil alltid den gamle danske og norske litteraturen vera ein del av ein gamal norsk tradisjon, samstundes som at krafti i felleslitteraturen fell burt. Det må ha vore ei utbjoding både for danskar og nordmenn. Det er interessant at svenskane truleg styrkte den norske sjølvstendelina gjenom å gjeva nobelprisar både til Hamsun og Undset. Det vart ein inspirasjon til å halda fram riksmålslina i Noreg, og hev nok òg introdusert norske forfattarar på den svenske bokmarknaden som var langt meir økonomisk interessant enn den danske.

Størsteparten av den litterære utvekslingi måtte likevel gå andre vegen frå Sverike til Noreg, og svenskane hadde med sine lange tradisjonar for forsking og litterær produksjon frå 1600-talet og framyver mykje å fara med. I 1809 skal Sverike ha havt fire høgre lærestader, medan Noreg hadde ingen og Danmark universitetet i København. Det er òg interessant at Sverike fekk si grunnlov nett i 1809 og Noreg i 1814, medan danskane måtte venta til 1849.

Rett etter at den norske forlagsverdi for ålvor var komen i gong kjem andre verdskrigen. Ei rad nordmenn flyktar yver til Sverike. Det er ekstra viktig at det var mange skrivekunnige og dugande menneske som kom yver til Sverike. Dei hadde større høve og vilje til å henta svensk inspirasjon. Finn Erik Vinje hev ettervist at det finst mykje svensk språkstoff i norsk som kann skriva seg frå krigstidi.

I etterkrigstid vert den svenske bokmarknaden styrkt av den svenske nøytraliteten, medan nordmennene måtte slita med den tyske nyordningi og forfattarstreik. Svenskane kom mykje lenger med nye litterære genrar og hadde større inntekter til litterær produksjon.

På 1960- og 1970-talet vart grensa millom Noreg og Sverike kryssa oftare på grunn av voksteren i privatbilismen. Samstundes fekk norske sjåarar langs heile grensestrekningi tilgang til svenske radio- og fjernsynssendingar. Nrk kjøpte likeins inn ei rad svenske program.

Då den svenske bokmarknaden vart liberalisert på 1970-talet byrja kriminalitetslitteraturen å spreida seg yver grensa og norske forfattarar vart inspirerte. Dei siste 30 åri er det påfallande å sjå korleis svenske og norske forfattarar vert utveksla yver landegrensone. Det ser ut til å vera nesten uinteressant um ein er norsk eller svensk når ein skriv kriminalitteratur av ein viss kvalitet. Det same gjeld til dels filmproduksjonen, men her er svenskane for det meste best både når det gjeld kvalitet og kvantitet.

Dei fleste nordmenn kann i dag taka inn tri svenske fjernsynskanalar. Det er open tilgang til svensk tv via internett og lett tilgang til svensk film, og svenske bøker er meir tilgjengelege i Noreg enn norske i Sverike. Kjendisar i film- og fjernsynsverdi hev nær kontakt.

Derimot er det grunn til å undrast yver at dei meir djupe bokproduksjonane, vitskaplege og faglege arbeidi og den grundige kunnskapen um kvarandre ikkje er like godt utbygt. Det norsk-svenske samarbeidet kann utan tvil vera ein styrkje. Frå høgnorsk synsstad er det grunn til å peika på at sambandet til Sverike bør vera ein vekkjar og ei påminning um at det løner seg å kunna nynorsk.

Nynorsk og svensk ordtilfang hev mykje sams, og når me hev brote sambandet med dansken, er det svensk som er millomsteget på vegen mot engelsk. Dersom svensken vert veikare, so kjem engelsken nærare og legg meir press på norsk språk. Dersom ein skal ut i verdi gjeng vegen anten via engelsk eller svensk. Det kann vera vel so viktig å få bøker ut på svensk som å krangla yver um dei skal vera på nynorsk eller bokmål. Det kann jamvel vera ein fyremun å få bøkene ut på nynorsk fyre dei vert umsette til svensk. Både klangen og ordtilfanget i språki er likare.

Når bandi millom dansk og bokmål ser ut til å ha slitna av, gjeld det å nytta dei kanalane me hev til store språksamfund og breide lesargruppor.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2009. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2009, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s