Fram for eit høgnorsk kulturhegemoni!

Helge Sandøy er ein mann som aldri let til å gjeva upp hildringi um eit samnorsk språk. Det er ikkje ofte han skriv noko um kva han meiner, men når han ein sjeldan gong tek til ords er det, som han sjølv vilde segja det, ofte i kyrkjelyden, det vil segja han skriv eit innlegg til Dag og Tid. Ev. skriv han ein kronikk i Bergens Tidende. No hev Sandøy interessert seg for at det hev kome ei Stortingsmelding um målstoda (St. meld nr 35, 2007-2008).

Det kann ikkje vera lett å vera samnorskmann i dag. Tvo gonger freista ein å få framgang for samnorsken med rettskrivingar i 1917 og i 1938. So freista ein seg med det udemokratiske mandatet um at forskingi til granskarane i språknemndi skulde fremja samnorsktanken. Deretter gjorde ein stor freistnader på å få ein ny ungdomsgenerasjon til å nytta radikalt bokmål. Ml-arane frå vestkanten gjorde so godt dei kunde med trykk på fyrstestaving og a-endingar i hokjønnsord, men det heile viste seg å vera daudfødd.

Ein samnorsk kraftsosialrealisme er ikkje det som kjem til å berga nynorsken.

Ein samnorsk kraftsosialrealisme er ikkje det som kjem til å berga nynorsken.

Når ein ikkje vann fram med bokmålet, gjekk ein vidare med nynorsken som eit samnorskprosjekt for seg. Nynorsken vart sterkt tiljamna med bokmålet med rettskrivingi av 1959 og med vantande språkrøkt i tidi etterpå, seinare hev ein arbeidt ihuga med å få burt stengslor mot anbeheitelse-ord. Ikkje minst hev samnorskarar og andre velviljuge menneske tapt seg burt i dialektnihilsme og sume vil vel segja studiar av språkdaude.

Korleis vil so Sandøy uppsummera målstriden i Noreg: Striden har vore eit stort kultursosiologisk opplysningsarbeid. Samnorskmandatet til rettskrivingsnemndene var: ”…ein vedvarande provokasjon mot kulturhegemoniet, og provokasjonen var fruktbar.” Sandøy meiner at: ”Kulturell dominans fører til at den dominerte tolkar verda med brillene til den dominerande, og dermed blir det utvikla mental kolonisering, som får utslag i mindremannskjensle, underlegenheit, overgang til prestisjespråket osv.”

Ja, at samnorskmandati til rettskrivingsnemndene var ein provokasjon, det skal vera visst. Det var ikkje berre ein provokasjon, men ein udemokratisk måte å driva språkpolitikk på.

Det er liten tvil um at ein stor del av dei nynorskbrukarane som skriv mest offentleg hev havt bokmål som fyrstespråk. Utan at bokmålsbrukarar hadde bytt til nynorsk vilde nynorsken havt langt færre av dei leidande skribentane sine på 1900-talet. Soleis gjeng bruken av nynorsk og bokmål ikkje berre den eine vegen. Men arbeidet hev knappast vore noko upplysningsarbeid for folk flest. Ressurssterke formidlarar og mottakarar hev vore interesserte i målsaki, elles hev saki vore lite påansa. I dag er sjølv medvitne målbrukarar fullstendig forvirra med umsyn til kva som skjer i Norsk språkråd. Helge Omdahl tok for nokre sidan til ords for å få upplysningskampanjar for samnorsk og valfridomen i rettskrivingi. Å tru at nokon vil læra meir av ein kampanje enn gjenom åravis med utdaning er naturleg nok berre ein draum.

Det er ei klassisk uppfatning at ein vert undertrykt av å ikkje bruka nynorsk. Men hadde folk kjent seg undertrykte, vilde dei ha protestert. Det skjer ikkje. Det er ikkje store protestar mot å bruka bokmål millom norske ungdomar. Det store problemet er derimot at nynorskelevar skifter mål til bokmål.

Det er òg naturlegvis misvisande å klandra bokmålsbrukarar for å bruka eigedomsmakt og upphavsrettar. Å taka presse-studnaden frå meiningsberande avisor som Nationen, Dagsavisen,Klassekampen eller liknande vilde vera absurd, men slutningi er i same tankerekkja til Sandøy.

Det ligg ikkje fyre nokor mental koloni-sering i Noreg. Det ein derimot kann spyrja seg um er um nynorsken er so sterk at den kann segjast å utgjera eit leveført alternativ til bokmålet. Det neste ein må spyrja seg um er: korleis ein kann uppnå at mengdi av nynorske tekster på viktige umkverve kann veksa. Det gjer nynorsken best med kulturmedvitne målfolk som kjøper nynorske bøker, gode eigarar av avisor og andre nynorskorgan som klarar å skaffa seg yverskot på drifti og nynorskfolk som kann leggja press på mektige skriftprodusentar um å bruka nynorsk.

Nynorskbruk kjem av at eigarar vil ha det slik. Eigarmakti til nynorske kommunar hev t.d visst seg å vera ein maktfaktor.

Sandøy mislikar at avisor ikkje prentar lesarbrev på radikalt bokmål. Men kor mange er det i røyndi som skriv det? Det er liten tvil um at radikalt bokmål hev havt liten framgang. Det hev ikkje berre vanta framgang, men hev havt markert tilbakegang. Det er klårt at det hev sine årsaker i at brukarane ikkje vil skriva det. Hadde mange skrive radikalt, vilde ikkje avisone havt kapasitet til ev. å retta alle lesarbrevi. Det er rett og slett ein konstruksjon av ei tenkt stoda som ikkje finst.

Når Sandøy skriv um kulturhegemoniet, må ein segja at ein kjenner seg meir og meir som ein del av det. For kva er alternativet til kulturhegemoniet? Det finst ein litteratur på bokmål og ein på nynorsk, båe delar er i større eller mindre grad høgkultur. Alternativet er ingen kultur i det heile. Ev. kann ein tenkja seg visesong på dialekt og teaterstykkje på dialekt på Hålogaland teater. Dette er vel det som passar Sandøy best. Han vilde truleg mistrivast med normert talemål på Det norske teatret. Derimot kann han truleg godtaka dialektbruken på TV2.

Det vert truleg eit nokso snevert utval av kulturtilbod som er dekkjande for ein samnorskmann. Me i Målmannen skal iallfall bruka våre eigarmakt til å produsera mest mogleg nynorsk tekst um alle moglege emne og innanfor eit rådande, men sers eksklusivt høgnorsk kulturhegemoni. Det er ikkje meint å vera ein provokasjon, men ei einsidig målreising bygt på våre eigne premissar.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2009. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2009-årgangen, 3-2009, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s