Intervju med Dee Ex

Nasjonalsinna rap og hiphop er i vinden ute i Europa. Målmannen hev lagt alle fordomar mot denne subkulturen til sides og teke ein prat med rapparinna Mia Herm, eller Dee Ex som ho kallar seg når ho lagar tyskvenleg rap-musikk.

Kor lenge hev du drive på med musikk? Korleis kom du på ideen um å laga tjodlynd musikk, og kvifor valde du hiphop som uttrykksform?

Til lukka so skriv eg ikkje berre “hiphop”, snarare prøvar eg meg fram med både rockemusikk og balladar. Eg freistar nytta dei mest mangslungne musikkslagi for å nå fram til folk, og det er ikkje berre ungdomen som eg freistar å opna augo, øyro og hjarto på. Den eldste tilhengjaren min er 97 år gamal.

Dee Ex

Dee Ex

Den fyrste songen min hadde eg offentleggjort i januar 2008. Eg hadde i grunnen aldri nokon plan um å laga nasjonal musikk. Eg var einast låtskrivar og hadde ingen som kunde eller vilde syngja songane mine. Låtskrivarar finst det mange av, men modige songarar og songarinnor som vil ganga mot straumen, dei ser ein lite til. Difor bygde eg upp mitt eige studio heime og sette sjølv tonar til tankane mine. Det som siden fylgde frå denne einfelde ideen, det er lagnaden min, og det gler eg meg yver.

Den gongen sveiv det seg einast um mi eigi meining um ei tyskfiendsleg porno-rapparinne. Den nemnde rapparinna hevda i songane sine at alle “tyske svin er taparar” og “Tyskland kann ryka og reisa”. Det heiter, ho måla fram eit fiendebilæte av Tyskland og tyskarane. Sidan ho sjølv er muslim, vart ho umtykt millom unge tyrkarar som meir enn gjerne nytta dei tyskfiendslege songtekstene hennar som argument mot vanlege, tyske ungdomar. Forståelegt nok valde mange tyskarar å forsvara seg, men diverre på det same låget nivået…

Det viktugaste poenget i det musikalske svaret mitt til denne dama var dette: “Um Tyskland er so dårlegt som du vil ha det til, so reis heim att! Ingen kjem til å sakna deg!” Både innfødde tyskarar og muslimar med vanlegt vit og forstand sa seg samde med meg etter at eg hadde offentleggjort songen min. Etter ei tid høyrde me ikkje serlegt meir frå den nemnde urokråka. Heilt til dess at tyske massemedia ein dag melde at rapparinna var hamna på ein psykiatrisk institusjon. For meg var saki avslutta.

Korleis vil du skildra musikken din? Kvar er det du hentar inspirasjon til tekstene dine frå?

Musikken min er menneskeleg. I songane mine fortel eg um korleis verdi og Tyskland er vorte, sett med mine augo, og um kva eg sjølv gjer for å gjera livet her lettare å halda ut. Dei som finn åt tekstene mine hev freista trengja meg på defensiven. Men sidan eg ikkje høyrer heime i noko serskilt politisk hyrne, so fær dei stødt svar på ukvemsordi sine. Eg skriv songar og bladstykkje der eg gjer greida for kva eg stend for. Det blinde hatet som eg er vorti møtt med, alle lygnene og trugsmåli som eg hev fenge berre av di eg segjer sanningi, alt dette hev gjeve meg endelaust mykje inspirasjon.

“Kritikarane” mine umtala meg heilt frå byrjingi av som “nazi”, endå dei ikkje hadde noko slags grunnlag for ei sovori skulding. Songane mine vert stødt sensurerte og profilen min i sosiale media vert jamnlegt sperra – utan grunngjeving. Det heng trulegt i hop med det at eg segjer frå um det eg tenkjer og kjenner på meg. Det er visst eit problem for sume. Dei likar ikkje å høyra at dei tek i miss. Sidan eg aldri hev havt noko ynske um å skada nokon, so hev eg aldri tenkt noko nærare yver kva det er ein hev lov til å segja og ikkje. I den tyske grunnlovi heiter det at me hev meiningsfridom, og lenge trudde eg det var slik.

Med ærleg og nonkonform musikk er det likevel onnorleis. Han som finn åt mistilhøve i samfundet og som kritiserar det forfalne systemet, han vert rekna som “samfundsfiende”. Um ein jamvel fær folk til å tenkja sjølve i staden for å berre tru på alt det som rikspressa fortel, ja, då vert ein systematisk motarbeidd og knebla etter alle kunstens reglar. Det gjeld um å hindra at folk vaknar upp og ser kor lite politikarar og media hev å fara med.

Kva er den viktugaste bodskapen som du ynskjer å formidla med musikken din?

Eg kann tenkja, difor er eg fri..

Kva for andre musikarar hev påverka deg?

I ungdomstidi mi hev eg høyrt mykje på Metallica, Böhse Onkelz, Nirvana, RHP og klassisk musikk. Dei påverka meg til å våga tenkja sjølvstendig og alltid vera ærleg med kva eg hadde på hjarta. Musikk er for meg eit lækjemiddel som eg kann nytta til å røkta sjeli mi. At det er slik med andre menneske med, det visste eg i byrjingi av den musikalske “karrieren” min ikkje noko um. Men det er fint at eg i dag kann vera ei slags “røyst for folket” og kunna tala ut um det so mange tenkjer.

Alle dei positive attemeldingane som folk gjev meg, alle nedlastingane og delingane i sosiale media, alt dette gjev meg kraft til å halda fram. No veit eg kven det er eg stend upp for: Ikkje berre meg sjølv, men so mange andre som kjenner seg att i songtekstene mine.

Hev du vore med på andre musikalske prosjekt?

Ja, det hev eg. Projekt X og Kategorie C hev spurt meg um det var i orden at eg lånte dei røysti mi til nokre tekster som skulde spelast inn på CD. Eg hev havt høve til å gjera meg upp mi eigi meining um desse nonkonforme artistane, og det var soleides ei æra for meg å få arbeida saman med desse karane. Det er fyremunen som frie menneske hev: Dei kann syngja um kva dei vil og med kven dei vil. Dei treng ikkje å gjera det som plateselskapet fortel dei at dei skal gjera.

Attåt dette styd eg upp um andre musikarar som kann henda er litt mindre kjende eller umtykte. For meg er det avgjerande at musikken gjeng meg til hjarta. Sumtid lagar eg mine eigne tolkingar av andre sine tekster. Det finst songar frå kunstnarar som det berre gjeld um å formidla vidare og gjeva deim ny aktualitet. Eg tenkjer då til dømes på “Zeit zum Besinnen” av RHP (frå 90-talet) eller stødt aktuelle “Frei Geboren” (Fødd fri) av Lunikoff. I Tyskland freistar “Antifa” og massemedia å framstella Luni som ein slags demon. Kor som er: Um han ikkje hadde vore eit menneske, so hadde han aldri vore i stand til å laga ei so gripande visa. Det stemmer at han hev kome med andre og langt drjugare tekster. Men han som ikkje er viljug til å sjå attum fasaden på eit fiendebilæte, han hev ingen rett til å fella domar yver andre menneske som han ikkje kjenner.

Når ein vil etablera seg som kunstnar, so møter ein ofte utbjodingar og vandemål. Kva slags vandemål hev du havt og korleis hev du yvervunne dei?

Heile livet mitt er ei utbjoding. Det som var vandslegt, det var å godtaka at det faktisk var slik livet mitt skulde kome til å verta. Når eg var komi so langt, so var eg reidug til å taka resten derifrå. Sjølv hadde eg upphavlegt ingi lyst til å etablera meg som musikar. Det berre vart slik, og sumtid kjenner det seg som ein draum som eg ikkje er i stand til å vakna upp frå. Eg fær brev frå tilhengjarar frå ulike land. Kampfelagane mine er ikkje berre musikarar, men jamvel heile familiar. Born, kvinnor og menner frå alle slags samfundslag. Millom stydjespelarane mine tel eg ikkje berre skuleelevar, studentar, bygningsmenner og husfruer – men jamvel forfattarar, professorar, pastorar, lækjarar, politifolk, soldatar, generalar og mange fleire…

Det gjeng alltid frametter, endå um eg sumtid lyt kjempa hardt med meg sjølv, menneskesky som eg i røyndi stødt hev vore. Løni for strevet er takksemdi frå tilhengjarane mine. Det kjenner seg godt å vita at eg hev kunna hjelpa andre med å finna saman, til å utvekslar tankar og idear og søkja etter løysingar som svarar til desse. Stødt fleire menneske vaknar upp, finn likesinna og kjenner at dei er saman um noko stort. Dette er ei kjensla som mange hev lengta lenge etter.

Du fortel i songen “Skandal” at berre det å syngja at ein er glad i landet sitt er grunn nok til å verta uthengd som “nazi” i media og verta forfylgd av aggressive vinstreekstremistar. Eg hev sjølv merkt meg at ein i Tyskland anten lyt vera 100% politisk korrekt eller risikera å verta stempla som “nazist”. Kvifor er det vorte slik?

Av di frittenkjande menneske med eigne meiningar – meiningar som ikkje er politisk korrekte – vert rekna som plågsame for dei som hev makti. Men å vera tysk er ikkje noko brotsverk, endå um dei tyskfiendslege gjerne ynskjer å framstella det slik. Heimstaden min er grunnlaget for identiteten min, og slik er det for andre folk med. Me høyrer med i den europeiske soga. Fedrelandi våre hev vokse fram gjenom hundradtals år og hev gjort oss til dei menneski me er i dag. Ein kann ikkje minka den tyske soga ned til det som hende i dei 12 åri millom 1933 og 1945, og endå mindre kann ein nytta det som nokor slags rettferdiggjering for å sletta heimstaden min frå kartet.

Eg let meg ikkje tvinga til tagnad, og eg godtek ikkje at me tyskarane skal verta underlagde nokon slags skuldkultur som fylgja av soga vår. Eg er ikkje andsvarleg for andre gjerningar enn mine eigne, og forresten so var det aldri nokon av besteforeldri mine som tok livet av uskuldige menneske. Same kva som ein gong hende her i Tyskland: Eg var ikkje til stades. Eg liver i dag, her og no i eit land med menneske som hev det same kravet på respekt som alle andre. Me patriotiske tyskarar er fredelege folk, me stend for fridom for alle folkeslag. Politikarane våre skynar likevel lite av dette. Ofte tenkjer eg at desse berre er upptekne av næringsinteressor og ikkje av fred eller rettferd, korkje her eller i verdi elles.

Du hev tolka ein song som heiter «Europa der Vaterländer». Noreg stend som du veit utanfor den europeiske unionen, medan Tyskland er ein av dei dominerande medlemsstatane. Kva meiner du um den europeiske unionen og kva slags tankar gjer du deg um eventuelle samarbeidsalternativ til denne? Kva slags utbjodingar og trugsmål ser du for Europa i dag?

Ja, eg vil ha eit Europa av frie fedreland. Noko EU vil eg derimot ikkje ha, der er det ingen fedreland og ingen frie folk meir. For meg er menneski viktugare enn interessone til den europeiske sentralbanken.

Fyrst og fremst vil eg taka vare på dei einskilde europeiske folki kvar for seg – dei ulike kulturane, språki og tradisjonane, alt dette lyt me halda uppe. Det er nett det mangfeldet som gjer Europa til noko stort og verdfullt. Dei som ynskjer å skapa ein slags europeisk superstat, dei vil avskipa nasjonane og flata ut kulturane. Slikt er å riva ned og ikkje å byggja upp. Dei europeiske folki vert ikkje ein gong spurde um dei ynskjer dette, og EU ser soleides burt frå heile folkesuverenitetsprinsippet og tek avgjerdene yver hovudet på folk. Menneski er til sjuande og sist lite eller inkje verdt for dei pengesterke maktmenneski som driv fram den sokalla “europeiske integrasjonen”.

Trur du at ungdomar som høyrer songane dine kjem til å vakna upp og taka bodskapen din til seg?

Problemet er at ættleden min i grunnen er den siste som framleis kann endra noko til det betre. Dei unge i dag hev mykje dårlegare fyresetnader til å byrja tenkja sjølve enn det me hadde. I skulen vert dei lærde upp til å godtaka det dei vert fortalde. Til liks med datamaskinar skal dei “programmerast” til eit “liv” styrt av andre.

Heime fær dei ingi skikkeleg uppseding, for båe foreldri lyt arbeida ute og hev ikkje lenger tid til å gå inn i dei problemi som borni råkar ut for. Berre nokre fåe familiar set seg ned kring bordet og talar ope og ærlegt um stoda i verdi. Det er for mykje anna som avleider merksemdi, som rusmidlar, alkohol og subkulturar – og alt dette vert nytta til å halda problemi på fråstand.

Kor som er, eg vil ikkje skapa mismod, snarare tvert imot: Me er framleis mange nok frå alle aldersgruppor som ynskjer å gjera ein skilnad og sjølve skapa oss ei framtid. Mange av oss hev born og borni våre kjem ein gong til å få born, dei med. Me er alle glade i ærleg kunst, musikk og litteratur.

Takk so mykje for interessante og utfyllande svar. Kva tid kjem du eventuelt til Noreg for å halda konsert?

So snart eg hev ei retteleg musikkgruppa og ikkje lenger lyt stå åleine som midtpunkt. Eg gler meg til å verta betre kjend med dykk!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under musikk, nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

One Response to Intervju med Dee Ex

  1. Tilbakeping: Målmannen – Intervju med Dee Ex | Deutsch sein ist kein Verbrechen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s