Dei ti manipulasjonsstrategiane

I 2002 lagde franskmannen Sylvain Timsit fram ei tipunktslista yver grunnleggjande manipulasjonsstrategiar som politikarar og media etter hans syn nyttar seg av. Ho er vorti umsett til dei fleste andre europeiske språk, men ei norsk umsetjing hev til dessar late venta på seg. Kor mange slike teknikkar hev du upplivd å råka ut for?

1. Avleidingsstragien

Avleidingsstrategien er heilt grunnleggjande for å halda på den sosiale kontrollen i ålmenta. Han gjeng ut på å leida merksemdi burt frå viktuge spursmål og avgjerder tekne av dei politiske og økonomiske elitane – takk vere ein vedvarande straum med distraksjonar og uviktug informasjon.

Avleidingsstrategien er på same måten heilt naudsynt for å hindra folk flest frå å interessera seg for grunnleggjande spursmål innanfor emne som naturvitskap, økonomi, psykologi, nevrobiologi og kybernetikk.

“Halda ålmenta i si eigi verd, langt burte frå røynlege sosiale problem, upptekne med emne som i røyndi ikkje spelar nokor rolla. Halda ålmenta hefta, hefta, hefta, utan nokor tid til å tenkja; attende på garden med dei hine dyri” (Utdrag frå “Armes silencieuses pour guerres tranquilles»).

LaurentCourau102. Skapa eit problem, og dinæst tilby løysingi

Denne metoden er sumtid kalla for “problem-reaksjon-løysing”. Ein skaper fyrst eit problem, ei “stoda” som er laga til for å framkalla ein serskild reaksjon frå ålmenta – og det slik at folket sjølve skal krevja dei åtgjerdene som ein ynskjer å få dei til å godtaka. Til dømes: Ein let valdskriminaliteten få veksa fram i forstadene – eller ein set blodige attentat i scena – med det fyremålet at folk flest skal krevja strengare lovgjeving som gjev dei mindre fridom. Eller endå ein gong: Ein skaper ei økonomisk krisa som fær folk til å tenkja at færre sosiale rettar og dårlegare offentlege tenestor er vorte eit naudsynlegt vonde.

1108111546953_213. Den stegvise strategien

For å få folk til å gå med på åtgjerder som dei normalt ikkje vilde ha godteke, so held det å innføra deim litt etter litt, steg for steg yver ei ti års tid. Det er på denne måten at nye sosiale og økonomiske vilkår er vortne påtrykte folk i 1980- og 1990-åri. Massearbeidsløysa, uvissa, delokalisasjonar, løner so låge at ein ikkje lenger kann liva eit vanlegt liv – alt dette er endringar som hadde framkalla ein uppreist dersom alt hadde kome på ein gong.

ukimmigration4. Den forseinka strategien

Ein annan måte å få folk til å godtaka ei lite umtykt avgjerd på, det er å presentera henne som “smertefull, men naudsynt”, og få folk med på at ho lyt gjenomførast ein gong seinare – i framtidi. Det er alltid lettare å få folk med på å ofra noko i morgon enn å ofra noko i dag. Dessutan hev folk flest stødt ein tendens til å tenkja at “det gjeng seg til” og at “alt vert betre i morgon”, og at ein kanskje likevel kjem til å sleppa å gjera det ein hev vorte spurd um. Endelegt so gjev dette folk tid til å venja seg til tanken på den varsla endringi, og når ho til slutt kjem so godtek dei henne med resignasjon.

Eit nylegt døme: Yvergangen til Euro og tapet av monetær og økonomisk suverenitet hev vorte godteke av dei europeiske landi i 1994-1995 og vorte gjenomført i 2001. Eit anna døme: Dei multilaterale avtalone til FTAA som USA i 2001 tvinga på dei hine landi på det amerikanske kontinentet, men som fyrst vart sette i verk i 2005.

Greece-euro-Papandreou-Merkel-austerity5. Tala til ålmenta på same måten som ein gjer til småe born

I dei fleste meldingane som gjeng ut til den store ålmenta, so nyttar ein seg av ein talemåte, av personlegdomar,  av ei argumentføring og av ein tone som er sers barnsleg, ofte nær det åndssvake – som um mottakaren var ein liten unge eller ein mentalt attendeståande. Eit typisk døme er den franske TV-kampanjen for å føra inn euroen (“eurodagane”). Di meir ein freistar å føra mottakaren attum ljoset, di meir nyttar ein seg av barnsleg språkføring. Kvifor?

“Um ein vender seg til ein person som um han var 12 år gamal, so kjem han trulegt til å svara på same måten som ein 12-åring, med den same skortande kritiske sansen. Folk er sers mottakelege for å verta suggererte” (Frå «Armes silencieuses pour guerres tranquilles»).

bebes6. Appellera til kjenslor i staden for refleksjon

Å kalla fram kjenslone er ein klassisk teknikk for å kortslutta den rasjonelle analysen, og soleides den kritiske sansen åt individi. Bruken av emosjonelle register gjev dimeir høve til å opna inngangsporten til undermedvitet åt folk, og her kann ein planta inn idear, lyster, redslor, impulsar og måtar å te seg på.

7. Halda folk uvitande og dumme

Å syta for at ålmenta er ute or stand til å skyna dei teknologiane og metodane som vert nytta for å halda dei under kontroll.

“Kvaliteten på den utdaningi som ein gjev dei lågaste klassane lyt vera av det ringaste slaget. Ho lyt vera slik at kunnskapsgapet millom dei lågaste og dei høgaste klassane vert verande djupt og breidt, og at dei aldri vert i stand til å skyna kvifor det er slik” (Frå «Armes silencieuses pour guerres tranquilles»).

8. Uppmoda ålmenta til å gle seg yver det middelmåtige

Ein gjer det til noko “kuult” å vera kunnskapslaus, vulgær og ukultivert.

9. Skifta ut upprørstrong med skuldkjensla.

Ein fær individi til å tenkja at dei åleine er andsvarlege for ulukka si, anten som fylgja av for låg intelligens, dugløysa eller for liten innsats. Slik uppnår ein at folk – i staden for å gjera uppreist mot systemet – byrjar å sjå ned på seg sjølve og gå ikring med skuldkjensla. Dette gjer folk nedtrykte, og ein av verknadene åt dette er at folk ikkje lenger er i stand til å handla. Og utan handling, ingi endring…

CityLifes10. Kjenna einskildmenneski betre enn dei kjenner seg sjølve

Dei seinaste femti åri hev det vore ein ovstor framgang på vitskapsfronten. Dette hev skapt eit ovende stort gap millom den kunnskapen som finst millom folk flest og den som dei styrande elitane sit på og nyttar seg av. Takk vere biologien, nevrobiologien og den praktisk nytta psykologien, so hev “systemet” nådd fram til ein avansert kjennskap um korleis mennesket verkar, både kroppslegt og i kjenslelivet.

CerveauRMNSystemet er i våre dagar kome so langt at det kjenner individet betre enn individet skulde kjenna seg sjølv. Det heiter at i dei fleste sakene so hev systemet ein sterkare kontroll og ei større makt yver individi enn det individi hev yver seg sjølve.

Sylvain Timsit

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme, ytringsfridom. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s