Massemordet på Charlie Hebdo: Reaksjonar frå Jean Marie Le Pen

Tjodlynde og høgrepopulistiske politikarar i Europa hev kommentert terroriståtaket i Paris mot Charlie Hebdo den 7. januar 2014, der 12 personar vart drepne. Dei er alle redde for at det som me hev sett i Paris berre er byrjingi, og knyter hendingi saman med dei generelle problemi ein ser i Europa i dag med masseinnvandring og press mot ytringsfridomen. Den franske avisa Le Figaro hev tala med Jean-Marie Le Pen, tidlegare leidar i Front National, um islamiståtaket mot Charlie Hebdo.

Korleis reagerar du på åtaket mot Charlie Hebdo og det nasjonale traumet som dette åtaket hev skapt?

Me hadde venta oss dette i lang tid. Det var til å rekna med. Dette åtaket er trulegt berre byrjingi. Det er ei krigshandling frå islamistar. Dei kunde gjera dette av di styresmaktene i årevis hev vore blinde for det trugsmålet som desse gruppone målber. Det er eit sers brutalt åtak, men ein må kunna jamføra dette åtaket mot oss franskmennene med det som hender yveralt i verdi der islamismen veks fram – anten det er i Syria, i Libya, i Irak eller i Afghanistan. Der vert kristne slakta ned på den same måten.

Jean-Marie Le Pen

Jean-Marie Le Pen

Det er mange røyster som i dette høvet tek til ords for ei nasjonal samling. Kva tenkjer du um det?

Eg vilde fyrst gjerne få vita kvar grensone gjeng for den nemnde nasjonale samlingi. Kjem ho denne gongen til å femna um Front National med? Eller stoggar ho hjå dei liberale anarkistane i UMP? Som vanlegt er me taktisk utestengde frå det dei kallar den republikanske samlingi. Eg hev ingi lyst til å stydja åtgjerdene frå eit riksstyre som hev synt seg makteslaust. Dei er ikkje i stand til å møta dette problemet. Eit problem som heng nært i hop med 40 års ukontrollert innvandring til landet vårt.

Er Frankrike i stand til å løysa dette problemet?

Me hev i årevis kutta ned på budsjetti til herstellet, til politiet og til rettsstellet. Desse kutti hev vore heilt systematiske, og det er ikkje slik ein svarar på den krigslysingi som islamistane kjem med. So dette kjem berre til å verta eit større og større problem.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under innvandring, terrorisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s