Er det meir islamkritikk som Noreg treng no?

Etter at det lenge var stilt kring dette temaet, so hev terroråtaki i Paris og Pegida-demonstrasjonane i Dresden ført til at innvandring og islam atter er kome på dagsetelen i norsk offentleg debatt.

Me som hev fylgt dette ordskiftet i tidlegare tider steller oss spursmålet: Kjem denne debatten til å verta noko meir meiningsfull enn det tidlegare ordskifte hev vore?

Er det islamisering eller globalisering som er det grunnleggjande problemet?

Er det islamisering eller globalisering som er det grunnleggjande problemet?

Det vart meir eller mindre lagt eit lok på innvandringsdebatten i den norske ålmenta etter sumaren 2011. Kor som er, endå um ordskiftet kann henda hev stade i ro, so hev ikkje det norske samfundet gjort det.

Det er nok å nemna nokre fåe moment:

  • Noreg er ikkje lenger skjerma mot dei økonomiske problemi i verdi utanfor. I 2008 slapp me undan den store økonomiske krisa som resten av Europa upplivde, og det hadde me eine og åleine oljepengane å takka for. No uppliver Noreg at dei store OPEC-landi medvite gjeng saman um å skru ned oljeprisen. Dei pøser so mykje olje som råd ut på marknaden, nett av di dei vil at eit land som Noreg ikkje skal verta i stand til å tena pengar på å opna nye oljefelt. Investeringane i Nordsjøen og på land vert kutta ned på, men framandarbeidarane som me «trong» vil ikkje reisa heim att når dei ikkje lenger hev arbeid. Dei vil helder verta verande i Noreg og gå på NAV.
  • Partiet som vart sagt å vera innvandringskritisk, FrP, hev vore i regjering sidan hausten 2013. Med dette partiet i regjering er innvandringi vorti rekordstor. Det finst ikkje lenger nokon politisk opposisjon i Noreg som misnøgja med innvandringspolitikken kann kanalyserast inn i.
  • Innvandringi til Noreg er vorti rekordstor. Det kjem meir enn 80.000 menneske til Noreg kvart år. Det heiter at ein heilt ny by lyt byggjast kvart einaste år for å gjeva plass til alle dei nye menneski. Det store presset i byar som Oslo og Bergen heng direkte i hop med masseinnvandringi. Noreg er millom dei landi i Europa som hev den største storbyekspansjonen.
  • Det store presset i byane gjer det ikkje berre verre og verre for ungdom og folk med dårleg råd å etablera seg på bustadmarknaden. Det er med på å driva fram ei sentralisering av Noreg som det i gamle dagar var politisk semje um at me ikkje vilde ha. I Dagsnytt 18 hevda nylegt ein representant for NHO at Noreg kjem til å få 7 millionar menneske innan 25 år og at mest all denne folketalsvoksteren kom til å koma i dei store byane. Dei vilde difor at samferdselspolitikken vart lagd um til å prioritera samferdsel i dei store byane. Dette er ei utvikling som dei ser kjem og ein lyt berre taka konsekvensen av dette, meiner NHO.

Den nye kommunestrukturen som er varsla ber bod um det same: Endå meir sentralisering kring dei store byane.  Kommunane skal fyrst og fremst vera store og effektive tenesteleverandørar. Det lokaldemokratiske perspektivet i debatten er vorte heilt fråverande. Ingen tek seg bryet med å lyfta fram dei mange interkommunale samarbeidstenestone som faktisk hev fungert sers godt mange stader i landet, som til dømes NGIR i Nordhordland. Lokaldemokrati og samarbeid på regionalt plan er på veg ut, byråkratisering og endå sterkare politisk toppstyring er på veg inn.

Innvandring driv fram sentralisering

Regjeringspartii Høgre og FrP vil leggja ned fylkeskommunane. Sogn og Fjordane Fylke, Noregs einaste reine nynorskfylke, kann gå tapt som fylgja av denne sentraliseringi. Dei segjer at Staten og kommunane skal yvertaka fylkeskommunen sine arbeidsuppgåvor, men alle veit at det til sjuande og sist er Staten som åleine kjem til å yvertaka flestalle dei viktuge arbeidsuppgåvone. «Det er ikkje adressa di som skal avgjera kva slags tilbod du skal få», var i si tid argumentet som vart nytta for å lata Staten taka sjukehusstellet frå fylkeskommunane. Er det nokon som trur at dette argumentet kjem til å verta nytta med mindre tyngd når ordskiftet tek til um kven som skal yvertaka vidaregåande skular, vegnett og tannhelsestell?

Noreg er eitt av dei mest sentralstyrde landi i Europa og slik kjem det til å halda fram med å vera. Uppgåvone åt Fylkeskommunen kjem til å verta yvertekne av staten. Me kjem til å få ei politisk leiding på nasjonalt toppnivå der råmeverket vert lagt, og vidare nedetter i hierarkiet og utetter i distrikti kjem alt til å verta styrt av byråkratar. I endå større mun enn tidlegare kjem dei viktuge avgjerdene til å verta tekne yver hovudet på det store og tause fleirtalet.

Kvifor nemner me alt dette? Me kann ikkje forstå ei ovring utan å setja henne inn i ein samanheng. Dei store Pegida-demonstrasjonane i Tyskland ber bod um at noko er på gang i Europa, men å einsidig gjera det til eit spursmål um islam vert ikkje rett.

Det sviv seg um meir enn berre islam

Dei problemi me ser i Noreg og Europa i dag knyter seg til meir enn berre islam. Tvert imot, mange av dei hev fint lite med islam å gjera:

  • Når austeuropeisk arbeidsinnvandring gjer næringsverksemdi ulønsam for norske handverkarar, då hev det med EU og EØS-avtala å gjera, ikkje med islam.
  • Når austeuropeiske handverkarar lyt bu i brakker halve året, arbeida svart og ta til takke med arbeidsvilkår som gjer heile bransjen useriøs, so hev det ikkje noko med islam å gjera.
  • Når ein utvist asylsøkjar frå det kristne Sør-Sudan gjekk til massakre på Valdresekspressen, so hadde det inkje med islam å gjera.

Når ein vel å gå til frontalåtak på islam, so øydelegg ein samstundes for eit moglegt samarbeid med moderate muslimar – med minoritetsgruppor i muslimske land, som kurdarar, alawittar og ahmadiiyah-muslimar. Ein let den mest imperialistiske og einsrettande varianten av islam, salafismen, få definera kva islam rettelegt er.

Me ser at mange innvandrarar kjenner seg rotlause her i Vesten, og at det er i jakti på ein identitet at dei søkjer seg til den mest ekstreme formi for islam. Samstundes ser me unge muslimar som fær smaken på fridomen i Vesten, men som vert haldne attende av eigen familie – slik æresmordi er krasse døme på.

Og når IS hev fenge etablera seg i Irak og Syria, so er det nett av di vestlege land hev gjenge inn og destabilisert dei sekulære og nasjonalistiske regimi som var der tidlegare.

Slik Målmannen ser det er det ikkje kulturane sjølve, men den mangkulturelle ideologien og globaliseringi som er det grunnleggjande problemet.

Europearar kjenner ei ålmenn uro

Ei etterrøkjing som TU Dresden hev gjort syner at det store fleirtalet av Pegida-deltakarane helder ikkje er serskilt upptekne av islam, dei gjeng til gatone for å syna fram ei ålmenn misnøgja med styresmaktene og med media. Dei hev sett skrifti på veggen og er urolege for å missa ytringsfridomen og velferdsrettane sine. So lenge problemi ikkje vert adresserte betre enn dei vert i dag, so vert det nok ikkje mindre grunn til uro i tidi som kjem.

Ja, det er moglegt å tala um ei «islamisering» – i den tydingi at det norske samfundet langsamt vert umdana med di stødt fleire norske borgarar fær bakgrunn frå islamske land. Men dette er berre ei fylgja og ikkje nokor årsak. Vil me gjera noko med problemi, lyt me ta tak i årsakene. Og årsaki heiter globalisering, ikkje islamisering.

O. Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s