Michel Houellebecq – Umstridd og umtykt

Den franske forfattaren Michel Houellebecq er aktuell med boki «Soumission» (Underkasting), ei bok som kom ut same dagen som det fælslege terroråtaket mot Charlie Hebdo i Paris. I Målmannen nr 3/4 2014 såg me nærare på  Houellebecq sin forfattarskap.

Den franske forfattaren Michel Houellebecq, fødd i 1956, er ein umtykt forfattar – um enn ikkje so reint lite umstridd. Den seinaste romanen hans, “Kartet og lendet”, vann den prestisjetunge Goncourt-litteraturprisen i Frankrike.

Michel Houellebecq hev skrive bøker som kann skapa bylgjor. Den siste boki hans er i vika som gjekk vorti meir aktuell enn det mange torer tenkja på.

Michel Houellebecq hev skrive bøker som kann skapa bylgjor. Den siste boki hans er i vika som gjekk vorti meir aktuell enn det mange torer tenkja på.

Eit av hovudemni som Houllebecq tek fyre seg i bøkene sine er korleides marknadslogikken breider seg ut på dei fleste umkvervi i livet, til dømes når det kjem til seksuelle relasjonar. Houllebecq skildrar ei rad ulike tema i bøkene sine, alt frå marknadsføring, kunstsoga, film, litteratur og ikkje minst ymse slags tekniske emne. Detaljrikdomen i måten han skildrar ulike slags fotoapparat i “Kartet og lendet” leider tankane mot Bret Easton Ellis sin dystopsike klassikar “American Psycho” frå 1991. Dei tvo forfattane tek fyre seg mange av dei same emni. Det sviv seg um samfund i fritt fall, skildra på ein myrk og sumtid humoristisk måte. Houllebecq sine mannlege hovudkarakterar hev sterkt nihilistiske drag, dei merkjer seg ut med ein veremåte og ei tilnærming til kvardagen som ein gjerne kann kalla for ironisk distansert.

Mykje av dette skriv seg nok frå forfattaren sin eigen bakgrunn. Houllebecq vart fødd hippieforeldre på den franske øyi Reunion i det indiske havet. Etter å ha tilbringa nokre år som barn i det som den gongen var den franske kolonien Algeri, so vart Houllebecq i ein alder av seks år send til den stalinistiske bestor si i Frankrike. Der voks han upp medan mor hans reiste til Brasil med den nye kjærasten sin. Ho hadde sidan berre sporadisk kontakt med sonen sin.

Det er serskilt i “Dei grunnleggjande byggjesteinane”, den kanskje best kjende boki hans, at Houllebecq raljerar med 1968-ættleden. For desse vart det å liva ut sine eigne draumar viktugare enn å vera til stades i livet til eigne born og syta for at desse fekk ei skikkeleg uppseding. Dei vilde ha sjølvrealisering for kvar ein pris, men kostnaden kunde verta større enn dei hadde lyst til å tenkja på.

I denne romanen tek han fyre seg tvo halvbrørne med same mor – og då nett av det vinstreradikale 68-slaget. Den eine av dei tvo, Bruno, er på vedvarande jakt etter godtaking frå det motsette kynet. Dette fører honom ut på ein myrk odysse gjenom ulike nudistlæger og lugubre sexklubbar som på den jamne vert gjesta av 68-arar på veg mot undergangen, både moralsk og kroppslegt.

Ein kann i god freudiansk ånd slå fast at Bruno lider av eit djupt sakn etter ein morsfigur i livet sitt. Han kann aldri slå seg til ro, men kjenner på ein sterk trong som heile tidi lyt stettast. Soleides fråtsar han stødt i veg, både av kvinnor, mat og alkohol. Det finst lite eller ingen moralfilosofi hjå Bruno, han kauper gjerne seksuelt samkvem hjå prostituerte um det er det som lyt til.

Dette mest totale fråværet av ekte romantikk og gledja er eit av dei gjenomgangande emni i bøkene til Houellebecq. Verdi er hard og kald, menneski stend fram som meir eller mindre viljelause aktørar i eit postmoderne, marknadsliberalt samfund der materiell kapital er det einaste målet på um ein hev lukkast i livet eller ikkje.

Den andre av halvbrørne, Michel, stend som motstykkjet til Bruno. Han er ein vellukka biolog som arbeider med kloning. Michel stend fram som ein meir rasjonell aktør enn broren, han hev valt ei teknisk-vitskapleg utdaning og tuftar som regel avgjerdene sine på logiske tankerekkjor. Kor som er, han tek til å draga seg meir og meir burt frå samfundet og dreg seg inn i litteraturverdi. Han gjeng inn i ei fantasiverd og stend meir og meir fram som ein eremitt. Denne karakteren kann tolkast som eit symbol på Vestens undergang. Han hev pengar og ein lysande yrkesveg, men so godt som ingen utsikter til å få noko avkom. Og verst av alt, det ser ikkje ut til å bry honom det minste helder.

Houllebecq kjem her inn på emne som feminisme og kvinnone sitt inntog i yrkeslivet og dei fylgjone dette hev fenge for familiestrukturen i Vest-Europa etter andre heimskrigen. Houllebecq koplar her inn ei onnor ovring, og det er sekulariseringi av samfundet og fylgjone dette hev reint biologisk. Hjå Houllebecq er Vesten døyande, det er eit samfund som syng på siste verset. Her kann ein berre spekulera i um forfattaren hev lese Oswald Spengler og kjenner til det sykliske synet hans på verdssoga. Bakteppet for Houllebecq sin forfattarskap er kor som er eit vestlegt samfund som er kopla til ein metaforisk respirator. Pasienten er døyande, og same korleis karakterane vel å stella seg til dette, so slepp ingen av dei undan. Soga hentar dei alle inn att.

I romanen “Plattform” frå 2001 fører Houellebecq vidare kritikken sin av den globale kapitalismen. Dei marknadsøkonomiske lovene dominerar Vesten fullt og heilt, og hovudkarakteren gjer ikkje noko anna enn å taka den ytste konsekvensen av dette:  Han slær seg stort upp på å skipa til sex-reisor til Thailand for europeiske menner. Hovudkarakteren sjølv, ein rimelegt myrk mann med skipla psyke og eit tollegt avstumpa kjensleliv, finn utrulegt nok kjærleiken med ei kvinna som arbeider for ein av dei franske turoperatørane. Utan å nækja for mykje av handlingi, so varar ikkje lukka i lengdi, måvita. Muslimske fundamentalistar stikk kjeppar i hjuli med ei terrorhandling som hev katastrofale fylgjor for hovudkarakteren.

I samband med at boki vart gjord kjend, fekk Houellebecq seg til å segja at islam var “den dummaste av religionane”. Denne utsegni førde til at han vart saksøkt av ymse muslimske organisasjonar i Frankrike. Houellebecq valde då å flytja til Irland, og i 2005 gav han ut “Framvegar for ei øy”. Denne boki tek fyre seg menneskekloning, sett upp mot kulissane av eit framtidig, postapokalyptisk Europa. Hovudkarakteren, ein vellukka komikar, vert i boki med i ei sekt som hev mykje likt med scientologikyrkja. Forfattaren styrer helder ikkje her undan umstridde emne. Eit døme på Houellebecq si evna til å raljera kann vera at hovudkarakteren sin største suksess er ei uppstodeframsyning (“standup-show”) med det svingande namnet “Slikk med i Gazastripa”. Brent barn skyr ikkje alltid elden.

Enn so lenge er Houellebecq si siste utgjeving frå 2010. “Kartet og lendet” er ein roman som tek fyre seg moderne kunst og korleides marknadskreftene råder grunnen, jamvel på dette umkvervet. Hovudpersonen, Jed Martin, hev ei dynamisk utvikling frå fotograf til postmoderne målar. Uppgåva hans vert med kvart å katalogisera verdi. Han slær seg stort upp på å måla kjendisar som Bono og Bill Gates når dei er i det daglegdagse kringværet sitt. På denne måten vert kunstnaren part av ein subkultur, den internasjonale kunsteliten, med tette band både til finansverdi og medieeliten. Det er mykje god raljering frå forfattaren i skildringi av eit rimelegt falsk kringvære der estetikk tel meir enn innhald. Det er eit underlegt drag med denne romanen at Houellebecq hev skrive seg sjølv inn som ein av dei sentrale karakterane. Ein rimelegt alkoholisert og livstrøytt Houellebecq hev slege seg ned i Irland. Kor røyndomsnær denne skildringi skulde vera, det kann ein berre spekulera i.

Sistpå vil eg slå fast at Houellebecq er ein av dei mest spanande og ikkje minst frittalande europeiske samtidsforfattarane. Han kjem med uredde analysar hans av brennheite tema som innvandring, islam, kvinnefrigjering og fylgjone som sekulariseringi hev havt for familiestrukturen. Det skulde gjera det trøysamt nok for nokon kvar å verta betre kjend med bøkene hans.

Chr. Veland

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3-2014, innvandring. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s