Korleis møta norske media?

Noko av det fyrste ein politikar eller offentleg person lyt læra seg er korleis ein skal møta kritiske og gravande journalistar.  For vanlege privatpersonar er dette som regel ikkje nokon problematikk ein treng å tenkja på, men fyrr eller seinare fær me alle våre «15 minutes of fame». Det er soleides greidt å vita korleis ein skal ganga fram når telefonen brått ringjer, og serskilt um det er ei umstridd sak som journalisten vil ha deg i tala um.

Gjer deg kjend med Ver Varsam-plakaten

Alle norske avisor og tidskrift er underlagde Ver Varsam-plakaten. Um nokon meiner at ei avis hev brote med denne plakaten, kann dei klaga avisa inn for det pressefaglege utvalet, PFU. Um PFU meiner at eit uppslag er brot på god presseskikk, er avisa nøydd til å kunngjera fråsegni frå PFU. Ei fellande fråsegn i PFU heiter i røyndi at reportasjen er vorten underkjend som ei seriøs nyhendekjelda.

marzahn-2png

Å verta uthengd i media kann vera ei stor pårøyning, både for den det gjeld og for dei næraste. Det vert ofte sagt at presseetiske reglar er strengar enn dei rettslege, og at det er lettare å få ei avis felt for brot på god presseskikk enn det er å få dei dømde for ærekrenkjing. I røyndi er det motsett: Ei avis kann ta seg større fridomar ute i ålmenta enn det ein privatperson kann gjera. Ei lokalavis kann velja å hengja ut ein person i nærmiljøet på fyrstesida med dei grovaste skuldingane og sleppa undan med det. Ein privatperson som stappar flogblad ned i postkassor i grannelaget med nett dei same skuldingane, han risikerar derimot å verta straffeforfylgd for plagsam og skræmande åtferd (Straffelovi, § 390 a).

Um ein ser på kva for punkt i Ver Varsam-plakaten som oftast fører til at ei avis vert felt i PFU, so er det desse tvo:

«VVP. 3.3. Det er god presseskikk å gjøre premissene klare i intervjusituasjoner og ellers overfor kilder og kontakter. Avtale om eventuell sitatsjekk bør inngås i forkant av intervjuet…»

og

«VVP 4.14. De som utsettes for sterke beskyldninger skal så vidt mulig ha adgang til samtidig imøtegåelse av faktiske opplysninger.»

Retten til samtidig imøtegåing av sterke skuldingar er heilt grunnleggjande. Um du klagar ei avis inn for PFU, er dei nøydde til å ettervisa at dei faktisk hev gjort det dei kunde for å få deg i tala. Det er ikkje nok at dei hev freista ringja deg eit par gonger utan å få svar eller at dei hev lagt at melding på telefonsvararen din um at dei gjerne vil tala med deg. Dei er nøydde til å freista konkret leggja fram for deg det du er skulda for.

Det er viktugt å vita at det einast er påstand um faktiske tilhøve som utløyser retten til samtidig imøtegåing. Sterke meiningsytringar utløyser einast tilsvarsretten, men ikkje retten til samtidig imøtegåing. Um nokon til dømes skulde hevda at meingane dine er ytterleggåande, so er det ei meiningsytring som du ikkje utan vidare hev krav på å få svara på i same reportasjen. Um det derimot vert hevda at du hev nær kontakt med yttarleggåande gruppor, so er det ein påstand um faktiske tilhøve som du hev krav på å få imøtegå.

Teori vs røyndom

So langt teorien, men kva med røyndomen? Det fyrste ein bør vera klår yver er at:

-Det er praktisk tala ingen sjanse for at du skal få ei rettvis umtala dersom du vert intervjua i samband med eit umstridt emne. Journalisten som lagar reportasjen risikerar å verta skulda for å laga ein ubalansert reportasje eller jamvel verta talerøyr eller mikrofonstativ for ekstremistar dersom han ikkje straks viser til at det du sjølv stend for er for noko tvilsamt og ytterleggåande å rekna. Det trygge valet for journalisten er å smyrja tjukt på umtala di med alle slags stemplande nemningar.

-Det er god presseskikk å gjera greida for premissane i intervjusituasjonen, men journalisten stend kva tid som helst fritt til å endra vinklingi for reportasjen. Det einaste han treng å gjera er å kontakta deg på nyo, informera um at saki hev fenge ei ny vinkling og eventuelt lata deg få svara for nye påstand.  Du kjem ingen veg med å hevda at det fyrste intervjuet einast var fisking etter informasjon.

Media-smells-like-BS

Noreg er eit konsensus-samfund, og avstikkande meiningar gjeld det fyrst og fremst å tegja i hel. Um ikkje det nyttar, so er stigmatisering det neste. Ein måte å hindra folk med avstikkande meiningar frå verta tekne ålvorlegt er å freista knyta dei upp mot meiningar og idear som er diskvalifiserande for deltaking i offentlegt ordskifte. Noko av det drjugaste ein kann verta skulda for i dagsens Noreg er nazisme. Upp gjenom åri er media vortne flinke til å draga nazisme-kortet på ein måte dei greider å sleppa undan med, serskilt i samband med tema knytte til innvandring. Målet er å vera heilt på grensa, men ikkje yver grensa. PFU kom i 1997 med ei prinsippfråsegn der det heiter at «PFU har tidligere advart mot sjablonmessige stemplinger og sterke karakteristikker av personer og organisasjoner i nyhetsreportasjen. Betegnelsene «nazist» og «nynazist» er så spesifikt belastende at det er nødvendig å godtgjøre at det er saklig grunn til å bruke slike karakteristikker».

Kor som er: Um journalistane ikkje hev grunnlag for å gå so langt som til å kalla deg for nazist, so finn dei seg ein ny vri, til dømes å hevda at du er «i nynazistisk selskap». Eller dei nyttar seg av andre og meir diffuse nemningar som likevel skaper dei same assosiasjonane, til dømes «høgreekstrem» og «høgreekstremist».  Um ein søkjer på ordi «nynazisme» og «nynazist» i PFU sin database, so ser ein at det er mest ingen klagor som hev ført fram (mi eigi klaga på eit slikt uppslag ei millom dei fåe som hev vunne fram).

Å tala er sylv, men å tegja er gull

Ein reportasje vert alltid betre dersom ein hev greidd å få «skurken» i tala. Då kann dei visa til at dei laga ein balansert reportasje der ogso du fekk høve til å koma med din versjon. Journalistane kjenner elles godt til ver-varsom-plakaten og veit godt korleis dei skal balansera heilt på grensa av denne. Her er det som Paul Bjerke, med doktorgrad i presseetikk, hev å segja um saki:

– Det journalistiske formatet er slik konstruert at det lett gjør en part til skurk og en annen til helt. I et sånt system vil ikke skurkens tilsvarsrett være verdt noe særlig, for premisset i en slik «mediefortelling» er, mer eller mindre usagt, at skurken juger. Dette ser vi tydelig i en viss type tv-dokumentarer. Når PFU så vurderer slike programmer, har de et veldig mekanisk syn på etikken i programmet og konsentrerer seg mest om hvorvidt de formelle kravene, som tilsvarsrett, er oppfylt, sier Paul Bjerke.»

http://www.klassekampen.no/56003/article/item/null/-for-tekniske-etikkrav

Journalistane kjem difor til å gjera alt for å freista få deg til å uttala deg. At dei skal koma til å gjeva ei rettvis framstelling av din versjon er derimot heilt usannsynlegt. Det du i røyndi hev ein liten sjanse til er å gjera deg utilgjengeleg og satsa på at journalisten ikkje freistar hardt nok på å få di imøtegåing. Då vil du seinare kunna nytta deg av tilsvarsretten (denne misser du dersom du i fyrste umgang nektar å kommentera saki) og du kann jamvel freista klaga til PFU og prosedera på at du skulde havt høve til samstundes imøtegåing.

Du tenkjer gjerne at du skal svara so godt for deg at journalistane ikkje kann ta deg på noko, men journalistane kjem berre til å nytta ein brøkdel av alt det du hev sagt, og kjem du med eit einaste skeivt ord so er det nett dette som dei kjem til å nytta. Um du derimot gjer deg utilgjengeleg for kommentar, so vert ikkje resultatet berre ein dårlegare reportasje for journalistane sin part. I beste fall vert materialet dei hev å byggja på sopass tynt at dei kuttar ut heile saki.

Mitt råd er difor sers einfelt: Ikkje tal med journalistar, ikkje gjev dei ei einaste utsegn som dei kann nytta og spinna vidare på. Sjå fyre deg at ein sprinter og ein boksar møtest. Kva bør sprinteren gjera, bør han møta boksaren til kamp eller bør han gjera det som han er best på, altso springa sin veg? I intervjusituasjonen er du sprinteren og journalisten er boksaren. Du hev ingen sjans til å kunna snakka deg ut or situasjonen, det beste du kann uppnå um du vel å tala med journalistane er at du svarar so godt for deg at ingenting av det du segjer vert brukt. Meir sannsynlegt er det at dei kjem til å bruka dei minst gjenomtenkte utsegnene dine og leggja dei fram i ein samanheng som dei sjølve hev konstruert.  Media er ekspertar på å få folk til å snakka, og å få dei til å segja noko dumt. Det einaste du kann verta tilsvarande god på er å tegja stilt.

Dersom du nektar å kommentera ei sak, so misser du ikkje berre høvet til samtidig imøtegåing, du misser retten din til tilsvar i ettertid. Du skal difor ikkje eksplisitt nekta å kommentera, du skal helder berre gjera deg utilgjengeleg: Ikkje tak telefonen utan at du veit kven som ringjer, ignorer alle epostar, og so burtetter.

Jamvel um du skulde missa retten til tilsvar eller samtidig imøtegåing, so er reportasjen um deg framleis underlagd dei same presseetiske kravi til sakleg framstelling (VVP 4.1) og kontroll av upplysningar frå andre kjeldor (VVP 3.2). Og di mindre informasjon du gjev dei, di større er sjansen for at journalistane tabbar seg ut på eitt eller fleire av desse punkti, og du kann i neste umgang vinna fram med ei klaga til PFU.

Dersom du likevel vel å taka telefonen når journalisten ringjer, pass på dette:

Syt straks for å få vita kva journalisten heiter og kva slags telefonnumer og epost ein kann nå honom på.  Spyrr journalisten ut um kva det er for ei sak dei held på med, kva fokuset er for saki og korleis dei tenkjer å vinkla henne. Og dessutan kva tid dei hev tenkt at saki skal på prent. Spyrr dei ut um det er andre som dei hev tala med eller er tenkt å tala med. Pump dei for informasjon. Bed dei dinæst um lov til å få ringja dei upp att etter at du hev tenkt litt på saki. Informasjonen du hev fenge frå den fyrste kontakten kann du nytta til å vurdera kva som vert neste steg.

Di meir du i ettertid kann dokumentera av kontakten med journalistane, di betre. Um du vel å taka neste runde på telefon, so syt for upptak av heile intervjuet, og syt for avtala um sitatsjekk på dei sitati dei er tenkt å nytta. Det beste er kor som er å beda dei um å senda deg spursmåli på e-post, slik at du hev all kontakten dokumentert.

Tak straks kontakt med dei personane som journalisten hev tala med og finn ut kva det er dei hev spurt um. Dersom saki handlar um deg, so fortel dei hine personane um at dei helder skal beda journalisten um å kontakta deg beinveges. Dersom saki handlar um nokon andre enn deg, so bør du straks varsla denne personen um at ei sak er i emning. Hovudpersonen i saki er trulegt den siste dei kontaktar.

Og ikkje minst er det viktugt å få vita um journalisten er tenkt å tala med andre etter at han hev tala med deg. Eit grep som journalistar ofte nyttar er at dei fyrst talar med deg og fær deg til å koma med ei rad med utsegner, og dinæst set dei ein “ekspert” til å plukka det heile ifrå kvarandre. Den sokalla eksperten kjem dessutan til å få siste ord og på den måten setja deg i eit låkt ljos. Du bør difor stella som vilkår for eit intervju at ingen andre skal få lov til å koma med merknader til det du hev sagt. Um dei ikkje godtek dette kravet, kann du berre leggja på røyret tvert.

Lat helder ikkje bladmennene få vera dei som styrer samtala under intervjuet. Dette skal du gjera. Ha søkjeljoset på det som du ynskjer å få sagt, og tak gjerne uppatt noko du hev sagt dersom du tykkjer det trengst. Det er betre å få fram nokre fåe viktuge poeng mange gonger enn å gjeva journalistane ein masse informasjon som dei ikkje veit  um dei fær noko ut av. Ver tydeleg, men ikkje uærug, dersom du let deg intervjua eller talar med journalistar. Di meir sjølvtrygg du viser deg, di meir vyrdnad fær dei for deg.

Statt uppreist i stormen!

Um ei støytande blikkfangsak kjem ut i ei avis, er det ein stor vågnad for at andre aviser vil kasta seg på. Ikkje gjev nokon høve til å fylgja upp saki. Slå av mobiltelefonen og ikkje svar på e-postar. Lat det heile få roa seg.

Skjerm deg sjølv frå folk som gjev deg dårlege råd eller som vil kava deg upp av di dei er redde for at dei sjølve skal ganga med i «dragsoget». Samstundes skal du vita at folk gløymer utrulegt snøgt. Ikkje rekn med at vanlege folk hev sett uppslaget, um dei hev sett det so ikkje rekna med at dei ansar på at det var um deg, og jamvel um dei hev sett og fenge det med seg, so er det gløymt etter eit par dagar.

Alt du hev sagt og skrive kann og kjem til å verta nytta mot deg. Hev du ytra deg på diskusjonsforum eller på Facebook, so lyt du rekna med at det er leita fram. Denne informasjonen hev dei trulegt samla inn og teke kopi av alt fyre dei ringjer. Byrjar du å sletta informasjon, so risikerar du berre at ogso dette vert nytta imot deg. Det viktuge er difor at du aldri skriv noko som du ikkje kann stå inne for, og stå inne for alt det du ein gong hev sagt. Byrja aldri orsaka deg for ytringane dine. Ikkje lat nokon få eit moralsk yvertak på deg.

So snart du hev fenge yversikt yver stoda, so skal du slå attende. No kann du nytta tilsvarsretten til å få svara på påstandane i eit svarinnlegg til avisa. Er uppslaget serskilt grovt,  bør du klaga det inn for PFU. Um du vinn fram i PFU, so er det vel og bra. Um ikkje, so hev du likevel den fyremunen at det vert standande for ettertidi at du ikkje godtok den framstellingi som avisa gjorde av deg.

Det kann verka mest trivelegt å liggja lågt og ikkje gjeva saki meir merksemd, men det kjem du til å tapa på seinare. Med eit etterspel, anten det er svarinnlegg eller klaga til PFU, kann du få lagt saki daud og synt motparten at det hev sin pris å leggja seg ut med deg. I motsett fall vert uppslaget hangande yver deg, og det kann kva tid som helst verta nytta som dokumentasjon for nye uppslag um deg, gjerne i endå større media. I våre tider med Wikipedia-artiklar som alle kann utarbeida so treng ikkje det å taka lang tid…

Avslutning

På PFU sin eigen database, pfu.no, kann ein søkja upp alle PFU-saker frå dei seinaste 20 åri. Det eg hev skrive i dette stykkjet er tuftta på studium av PFU sine eigne fråsegner og frå min eigen kontakt med media. Å uppmoda folk til å ha minst mogleg kontakt med journalistar er naturlegt nok ein knusande dom yver det som er vorte kalla for den fjorde statsmakti. Kor som er, den fjorde statsmakti er til liks med dei tri hine ein byggjestein i det same systemet.

I staden for å freista gjera seg aktverdige for den systemkonforme dagspressa, vil eg uppmoda folk til å stydja upp um alternative media.

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2014, media og journalistikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s