Frode Jens Strømnes: Språk og mentale modellar

Frode Jens Strømnes (1937-2012) arbeidde i mange år som forskar i ved Universitetet i Åbo i Finland. Han vart seinare professor i psykologi ved Universitetet i Tromsø – der han arbeidde i 13 år. Sidan arbeidde han som statsstipendiat og gjesteprofessor ved Universitetet i Bergen. Han var dei siste 22 åri attende i heimbygdi Volda. Sjølv fekk eg høve til å verta kjend med Strømnes og fekk eit godt innsyn inn i teoriane hans um språk og mentale modellar. Strømnes hev summert upp arbeidet sitt i boki “The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model” som kom ut på det vitskaplege forlaget Peter Lang i 2006.

Er språk berre kommunikasjon? Nei!

«Språk er kommunikasjon» vert det ofte sagt. Dei som hevdar slikt vil som regel segja at språk ikkje er noko viktugt – for med det vert det implisert at språket berre er eit middel til å yverføra ein bodskap som like godt kunde ha vorte yverførd med eit anna transportmiddel.

Um me tenkjer på ein datamaskin, so stemmer dette tollegt godt. Um ein til dømes tenkjer på ein lagkløyvt kommunikasjonsprotokoll, so er han sett i hop av fysisk lag, datalinklag, transportlag og applikasjonslag. Applikasjonen veit ideellt sett ingenting um kva for andre lag han køyrer på, dei kann alle skiftast ut. Kommunikasjonen kann vera både på kopar eller på fiberoptikk, utan at det endrar på noko.

Kor som er, måten menneskeheilen fungerar på er ikkje den same som ein datamaskin. Helder ikkje kann me sjå beint inn i heilen åt folk. Skal ein vita noko – og ikkje berre spekulera – so lyt ein gjera granskingar.

Døme på mentale modellar i svensk (preposisjonar) og finsk (kasus), henta frå "The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model" (2006).

Døme på mentale modellar i svensk (preposisjonar) og finsk (kasus), henta frå «The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model» (2006).

Det finst ingen lingvistiske universalia

Innanfor rådande lingvistikk vert det hevda at alle setningar i alle språk kann brytast ned til det ein kallar for proposisjonar, og desse proposisjonane er brende inn i heilen og er like for alle menneske. Proposisjonar er setningar som kann ha sanningsverde. Bilæte og kart kann derimot ikkje ha det, for desse er i motsetnad til proposisjonane ikkje eintydige, vert det hevda.

Vidare vert det påstått at mentale modellar er utilstrekkjelege for å uttrykkja setningar. Matematikarar hev freista prova at ein kann tenkja på ting som ein ikkje kann laga strukturmodellar av, som til dømes endelaust store tal.

Lingvistar hev freista hevda at det finst lingvistiske universalia – og folk som Noam Chomsky hev gjenge endå lenger og hevda at det skal finnast noko slikt som ein universal grammatikk.

Her vert det til dømes vist til at alle språk hev strukturar som subjekt, verbal og objekt, endå um rekkjefylgja av desse kann vera umstokka.

Her kann ein atter ein gong jamføra med ein datamaskin: Ein kann tenkja seg at same um ein skriv kode i C++, Pascal, Basic, Cobol eller noko heilt anna, so vert all koden kompilert ned til dei same Assembler-instruksjonane og køyrde på prosessoren.

Det er klårt at dersom ein maktar å bryta alle setningar ned til eit sett av grunnleggjande setningar som alle anten kann vera sanne eller falske, altso ein serie av universelle, binære operasjonar, so må konklusjonen vera at alle språk er grunnleggjande like.

Men: Teorien um proposisjonar og universell grammatikk kjem i direkte konflikt med vitskaplege eksperiment.

Til dømes hev ein gjort eksperiment der folk skulde memorisera remser av nye ord. Det synte seg at det var svært avgrensa kor mange ord folk greidde å hugsa, og som regel berre i ei rekkjefylgja. Medan dei som fekk sjå på ein gjenstand medan dei memoriserte ordet, kunde hugsa endelaust mange ord, og det uavhengig av rekkjefylgja.

Granskingar som er gjorde syner faktisk at endå um både svensk og finsk hev subjekt, verbal og objekt, so er informasjonen dei ber på ikkje den same. Eit eksperiment som skulde få folk til å stytta ned setningar til ufullstendige telegram-meldingar, synte at finnane langt oftare valde å kutta burt verbalet enn det svenskane gjorde.

Ulike språk hev ulike mentale geometriar

I Finland vart det gjorde eksperiment som synte at dei finske kasusi og dei svenske preposisjonane svara til kvar sine mentale modellar, med kvar sin geometri. Ved hjelp av eksperiment let det seg gjera å rekonstruera dei geometriske modellane som svara til kasusi i finsk og preposisjonane i svensk.

Det synte seg at geometrien var grunnleggjande ulik. Svensk hadde ein tridimensjonal vektorgeometri, medan finsk berre hadde ein tvodimensjonal, topologisk geometri. Operasjonane som vart gjorde på dei svenske mentale modellane var fokuserte på rørslor i det tridimensjonale romet, medan dei finske operasjonane gjekk ut på å få fram tilhøvet millom grensor i det tvodimensjonale romet.

Her forstår me med ein gong kvifor finnane i telegram-eksperimentet lettare kutta ut verbet enn det svenskane gjorde: Verbalet er den aktive handlingi – rørsla – i setningi. For svenskane vert meiningi burte dersom rørsla vert burte, medan finnane finn meir av den verdfulle informasjonen i adverbialet – som fortel oss samanhengen det heile hender i.

Ut frå desse resultati hev ein kunna prova at eit språk svarar til eit visst sett med modellar i ei viss geometri, og med eit visst sett med operasjonar som kann gjerast på desse modellane. Ordi me nyttar er ingenting anna enn adresser for å henta fram desse modellane. Utanum det inneheld ordi ingen kunnskap. Kunnskapen ligg i modellane, som hev formlikskap med det som dei faktisk skildrar.

Desse eksperimenti hev leidd fram til ein ny måte å få forstå kva språk er. Tidlegare hev ein trudd at det å læra språk var å læra seg ord – og at ein kunde tenkja med ord. Denne teorien er ikkje rett. Det som er rett er at ein lærer seg eit språk med di ein tileignar seg geometrien, modellane og operasjonane som kann nyttast på desse. Språk lærer ein soleides mest effektivt med di ein nyttar språket saman med dei hendingane og tingi som språket skildrar. Berre tenk på korleis ein lærer born språk: Du syner fram ein kopp og segjer “kopp” eller dansar ikring og segjer “dansa”.

Eit eksperiment med eit kunstig språk synte at forsøkspersonane lett tileigna seg språket når dei fekk sjå ulike figurar og operasjonar gjorde på desse samstundes med setningane. Dei som ikkje fekk sjå desse figurane og operasjonane greidde aldri å tileigna seg språket.

Folk tenkjer ulikt um dei same tingi når dei nyttar ulike språk

Når folk tenkjer ikring eit tema, so gjer dei seg konklusjonar som er i samsvar med geometrien i det språket som dei nyttar seg av. Ogso dette let seg ettervisa eksperimentelt. Til dømes hev ein ljodupptak med ishockeykampar i Finland der ein hadde både svenske og finske radiokommentatorar på same tid. Svenskane fylgde pucken og korleis personane fylgde etter denne – dei var fokuserte på å fylgja ei rørsla i tri dimensjonar. Finnane såg derimot på relasjonane millom hockeyspelarane.

Eit anna døme er filmatiseringar av skodespeli. Ein hev teke fyre seg svenske og finske filmatiseringar av dei same Ibsen-skodespeli, til dømes “Ein dokkeheim”. Det syner seg at dei finske filmane syner mykje oftare hovud og andlet enn det dei svenske filmane gjer, og dei skildrar rørslor mykje stuttare og gjerne berre i èin dimensjon.

Alt dette svarar beinveges til skilnadene i geometri millom dei tvo ulike språki: Svensk er ein einfeld vektorgeometri i tri dimensjonar. Det er rørslone som er det sentrale. Finsk er ein einfeld topologisk geometri i tvo dimensjonar. Der er det tilhøvet millom grensor som er det sentrale.

Problemi med å tvinga framande modellar på andre let seg mæla

Strømnes meinte at dersom finsktalande modellerte røyndomen på ein annan måte enn det svenskar gjorde, so laut dei ogso ha større problem med å nytta verkty utforma av folk med indoeuropeisk bakgrunn – og at dette vilde føra til fleire arbeidsulukkar millom finsktalande.

Dette var eit påstand mange lo åt, men…

Statistikken syner at det er fleire arbeidsulukkor millom finsktalande enn det er millom svensktalande finnar. Her er det korrigert for alle andre variablar som kunde verka inn.

Ålmenne sluttsatsar som teorien gjev oss

Språk er nevrale program. Ein kann sjå på språket som programvara og heilen som maskinvara. Naturen hev laga det slik for oss at dei mentale bilæti er gøymde for medvitet vårt, og me lyt difor nytta oss av eksperiment for å finna dei att. Å læra ulike språk heiter å læra seg ulike måtar å byggja modellar på – og soleides å læra seg ulike måtar å tenkja på. Når ein språk døyr, so heiter det soleides at ein serskild måte å forstå og konseptualisera verdi på, ogso vert burte.

Det er altso ikkje slik som Noam Chomsky og andre leidande lingvistar hevdar, at alle språk kann brytast ned til dei same nevrale strukturane som er grunnleggjande like for alle. Tvert imot, når me lærer eit språk so vert strukturane i dette språket innprenta i menneskeheilen. Språkstrukturane programmerar heilen!

Ideen um at språket legg råmeverket for korleis me tenkjer er ikkje ny. Han vert kalla for lingvistisk relativitet og vart sett fram alt i det nittande hundradåret av Johann Gottfried von Herder. Men Herder hev gjenge inn i soga som ein av grunnleggjarane av den tyske nasjonalromantikken, og synsmåtane hans er soleides vortne avviste som rein romantikk. No kann ikkje dette synet lenger avvisast på denne måten, for det er vorte stadfest med vitskaplege eksperiment.

Dei nevrale programmi hev til fyremål å syta for at me yverliver. Det er slik desse programmi langsamt hev vokse fram, gjenom tusundtals år. Dei norske og svenske måli er programmi for å yverliva i dei fysiske og kulturelle kringværi i Norden. Den store rikdomen på preposisjonar i nordiske språk, og vektleggjingi på rørslor, er serskilt godt høveleg for det barske nordiske kringværet der avgjerder laut takast snøgt og ikkje verta utsette til i morgon.

I dagsens globaliserte samfund er me ikkje lenger so avhengige av å måta oss etter klima, årstider og topografi, men kven veit kor lenge dette systemet kjem til å halda seg? Ein dag kjem me kanskje til å ha like mykje bruk som fyrr for dei verktyi som forfedrane våre kunde nytta seg av, språket vårt inkludert.

Me veit at personar som hev vorte rekna for evneveikor sumtid hev havt eineståande evnor på serskilde umkverve. Til dømes finst det personar med svært låg intelligens som likevel kunde ta kva som helst slags tal og avgjera på rappen um dette talet var eit primtal eller ikkje. Konvensjonell matematikk kann ikkje forklåra korleis dette er moglegt, so her er det tydelegt at desse personane lyt ha tilgang til einkvan slags mental modell.

Um ein lærer folk å arbeida med mentale modellar, so kann ein soleides gjera kunnskap um vanskelege emne tilgjengelegt for langt fleire menneske. Kor som er, det er tydelegt nok at det finst personar og gruppor som ynskjer at sume emne vert verande mystiske og lite tilgjengelege. Innanfor dei rådande religionane i Vesten so heiter det til dømes at det gudommelege er grunnleggjande utilgjengelegt for menneske – det finst ting som menneske berre skal akseptera og underkasta seg, og ikkje ein gong freista å forstå. I jødisk, kristen og muslimsk religion gjeld det eit absolutt forbod mot å laga gudebilæte, i sunnimuslimsk religion hev ein jamvel forbod mot bilæte generelt.

http://hs13.snstatic.fi/webkuva/taysi/250/1364394153893?ts=35

Frode Jens Strømnes (1937-2012)

Um teoriane um mentale modellar er rette, so heiter det at det å umsetja ei setning frå eitt språk til eit anna er det same som å skipla geometrien i setningi. Det finst soleides ikkje noko slikt som ei ein-til-ein-umsetjing. Ei setning som er sann i ein type språkleg geometri treng ikkje um å vera sann i ein annan. Av dette fylgjer det at noko slikt som universelle idear ikkje kann finnast. Kor som er, både global kapitalisme, sosialisme og monoteistisk religion er tufta på universelle idear:

  • Kapitalismen av di han freistar spreida det same økonomiske systemet og den same indoeuropeiske teknologien yver heile verdi.
  • Sosialismen av di dei freistar skapa eit egalitært samfund der alle menneske er grunnleggjande like.
  • Monoteistisk religion av di dei vil at teologien deira skal ha det same sanningsverdet for alle menneske, uavhengig av kultur og bakgrunn.

Ein kann soleides slutta at alle dei mest rådrike kreftene i verdi – økonomisk, ideologisk og religiøst – hev sams interessa i å halda folk i myrkret um dei nye provi for eksistensen åt mentale modellar…

Difor treng ein helder ikkje å undra seg når ein person som Noam Chomsky, som den radikale vinstresida hev gjort til eit ikon, i røyndi er den personen som hev lagt det teoretiske fundamentet som den globale kapitalismen treng for å kunna øydeleggja språk og einsretta kulturar yver heile verdi.

Meir lesnad:

Frode Strømnes, “The fall of the word and the rise of the mental model”, Peter Lang, 2006
Katrin Lunde, “Språkstrukturar programmerar heilen”, Målmannen nr 1 2014.
Lars Bjarne Marøy, “Epokegjerande bok um språk og psykologi”, Målmannen nr 3 2009.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2015, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s