Ein flørt med myrkret

Finst det noko slikt som vonde ånder og myrke krefter eller er dette berre ovtru? Finst det musikk som kann føra sarte sjeler rett ned i avgrunnen? Mykje hev vorte sagt og skrive um rockemusikken sin leik med det myrke og ukjende, og skepsisen mot denne musikkformi hev vore sterk i sume krinsar: Frå rockefoten åt Elvis og Beatles – til hardrocken åt Led Zeppelin – og  vidare heilt inn i metallmusikken dei seinaste tiåri.

Merksemdi hardrock og metallmusikk hev fenge frå kristenkonservative i Amerika og frå andre hald kann ein skriva mykje om, men det eg vil koma litt innpå her er mine eigne kjenslor knytte til denne musikken og den myrke stemningi det ber med seg.

Frå Fanitullen til metallmusikk

Frå folkemusikken kjenner dei fleste av oss til Fanitullen. Ei gamal segn frå Hallingdal fortel at det under eit dødelegt slagsmål var Fanden sjølv som sat i kjellaren nedunder og spela på denne slåtten. Fanitullen er ein slått som skal spelast “trollstillt”, altso i mynsteret A-E-C#. Tradisjonen segjer at ein skal vera varsam med å spela denne slåtten, for han eggjar til slagsmål. Spelemannen hadde i si tid fleire rituelle funksjonar, meir enn å berre spela til dans, og Fanitullen var ein slått som han fyrst byrja spela når han såg at ein strid ikkje hadde von um ei fredeleg løysing. I motsett fall spela han gjerne ein gangar kalla “Meklaren”.

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/d9/Norske_Folkelivsbilleder_14_-_Slagsmaal_i_et_Bondebryllup_(Adolph_Tidemand).jpg

«Slagsmaal i et Bondebryllup», Adolph Tidemand, 1858.

Dei fleste av oss hev nok kjent at det gjekk kaldt nedetter ryggen på oss i ein eller annan ukjend situasjon, og kanskje er det faktisk myrkret sjølv som helsar på? Eg trur i grunnen ikkje at det faktisk finst einkvan i underverdi som lokkar til seg veike sjeler, men eg  trur nok absolutt det finst ei kraft der ute ein må passa seg for. Men med å passa seg for myrkret so meinar eg ikkje å forkasta det, men å balansera det, for eg trur det kan liggja mykje der som gjev ein eit rikare sinn. Denne krafti eller myrkret  som eg talar um upplever eg sjølv meir som ei sinnsstemning enn som noko anna, og denne stemningi finn eg att i metallmusikk. Kann det vera at Fanitullen råkar fleire nervar hjå sume av oss enn det gjer hjå andre?

«Ittekårt dao han skjøna ke so va pao fere,
hildt han seg fø bringao å ba ti vaor Herre.
Ai likbør va pao veg.
Bondn ondrast ken følgje fø va, dao børi kom nerare fekk han svar.
Oppi kjistao laog grandn sin far, likblaike, velstelde, daue han va.»

Her eit utkast frå låta Likbør av Windir frå Sogndal. Dette er ei av mange tekstlinor som fær det til å gå kaldt nedetter ryggen på meg.

https://fanart.tv/fanart/music/1cc7ebc1-8ea6-43fc-a8c2-6f2836f56c9f/albumcover/likferd-53692d1ee4889.jpg

Plateumslag på «Likferd» med Windir.

Sidan tidleg i ungdomsåri so var det metallmusikk som galdt for meg, og so godt som einast det. Det var klassisk hardrock frå 60/70-talet og tungmetall frå 80-talet som skulde ta meg til musikkformi svartmetall. Ho hev vore med meg godt inn i vaksen alder, og truleg held det fram slik livet ut. No lyder det kannhenda som um svartmetall er alfa og omega for meg, og slik er det ikkje. Likevel er det ingen tvil um at det er noko eg set pris på som eit tilskot til det elles traurige livet ein må liva.

Livet kann ofta vera vanskelegt, for sume kann musikken vera ein måte å koma seg igjenom dette på, henta fram att dei myrke og kompliserte kjenslone og arbeida med dei – jamvel når det sviv seg um emne som krig, vald, mord og død. Men ikkje berre det: No når eg sit i vaksen alder og reflekterar over kor altumfemnande metallmusikken var for min part, so undrast eg på um det ikkje fyrst og fremst sveiv seg um eit underliggjande ynskje um ein stad å høyra til, ein lengt etter noko eksklusivt som ikkje var for kven som helst.

Ei attervending til det naturlege og grunnleggjande

Sume dreg kann henda på smilebandet når dei les dette, og ser fyre seg at eg godt inn i vaksen alder framleis sit på guteromet millom hardrockplator og teikneseriehefte. At myrke krefter kann nå eit sinn kann nok dei fleste vera med på – men vert det ikkje litt for banalt når eg dreg ei lina derifrå til ei musikkform fyld med klisjear og pubertale tekster – som høyrer til ei musikkform som for lenge sidan er vorti kommersiell storindustri?

Nei, det er ikkje gull alt som glimar – eller glitrar som det gjerne gjorde på 80-talet. Det gjeld her som elles å vera kritisk og sjå kva det er som stikk litt djupare. Det som er sikkert er at musikken i form av denne sjangeren gjev meg ein sinnstemning eg ikkje finn nokon annan stad i livet. Det er nok til å tru at myrkret har synt seg i ei av sine mange drakter.

Eg kunde ha plukka tekstlinor og døme frå heile verdi, men eg held meg i denne teksti til Norden. Mange nordiske svartmetallgruppor nyttar seg av sogor, segner og ein brutal natur som vår part av Europa er kjend for. Skandinavia er som mange veit verdskjent for sine metallakter frå tidlegt 90-tal. Desse var med på å setja standard for ei heil bylgje, um ikkje ein heil sjanger:

«As the Darkness creeps over the Northern mountains of Norway
And the silence reach the woods
I awake and rise… Into the night I wander
Like many nights before, and like in my dreams, but centuries ago»

Tekstlina er henta frå Notodden-gruppa Emperor, her med låti «Into the Infinity of Thoughts». Dei spelar på mystikken ein finn i den norske naturen, det hev noko dystert og drøymande yver seg. Kanskje er denne draumen meir sentral enn eg lenge hadde trudd? Ein slags dagdraum, ei avkopling frå A4-kvardagen? Noko andelegt er det i alle fall som pirrar sinnet og tek ein med på ei ukjend ferd, vekk i frå eit kvardagslegt program som ikkje hev plass til draumar.

https://i0.wp.com/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/d8/Fog_in_a_forest,_Telemark_2.jpg

Skogsmotiv frå Telemark.

Det som i alle fall er sikkert og visst er at det moderne samfundet hev skapt eit skilje millom menneske og natur som berre vert større. Mennesket hev skapt seg eit kunstig kringvære som det sjeldan gjeng utanfor, og dette kunstige kringværet påverkar oss i neste umgang like mykje som me i fyrste umgangen hev påverka naturen ikring oss. Men kanskje miste me noko av oss sjølve i alt dette? Kann henda kjenner me ein lengsel etter å finna attende til vårt naturlege element?

Er den stemningi som sume grupper klarar å mana fram ein lengsel etter noko å tru på, i minsto ein meir meiningsfull samanheng å plassera seg sjølv inn i? Ein stad å høyra til? Kan det tenkjast at denne kjensla som eg freistar setja ord på faktisk er noko som var meir til stades i ei tid då folk var meir i kontakt med naturen og det andelege? Eg er sanneleg ikkje sikker, men med «Det som engang var» av Burzum på øyra, vandrande i guds frie natur, gjev meg ei stemning som ikkje er frå denne verdi.

Å øydeleggja for å kunna skapa noko

For å venda attende til kritikken mot metallmusikken som eg nemnde innleidingsvis, der mykje metallmusikk vart skulda for å vera ein slags “satanmusikk”. Ein lyt fyrst stella seg det grunnleggjande spursmålet: Kva er det som er godt og kva er det som er vondt? I mange lovreligionar er det slik at folk aldri verkelegt tenkjer yver slike spursmål, for det sviv seg einast um å underkasta seg ein autoritet. Det som er godt er det som er Guds vilje, og alt det andre er av det vonde. I den nedervde norrøne trui var det derimot ikkje slik. Det næraste ein kunde koma dei “vonde” maktene i norrønt verdsbilæte var vel jotnane, desse var mentale bilæte på dei ville og utemde naturkreftene – kaoset – som menneske og gudar laut kjempa imot. Men det galdt um å temja og utnytta desse kreftene, ikkje å nedkjempa dei.

Og slik er det alltid i eit samfund, ein treng både ein viss orden og eit visst kaos. Eit fullstendig regelstyrt og ordna samfund er dømt til å stagnera, medan det i eit samfund med berre kaos og rot aldri vil vera råd å byggja upp noko varande. Å skapa noko nytt heiter samstundes at noko av det gamle må rivast ned. I hardrocken og metallmusikken finn ein nett denne freistnaden på å sameina orden og kaos. Bråkemusikk og støy kallar sume det, men for det trena øyra er det noko meir. Det krevst aktiv lytting og abstraksjonsnivå, men for dei som maktar å koma inn i denne musikkformi so er det ikkje berre musikk, det er praktisk tala å filosofera med hammaren (eit poeng som svartmetallgruppa Gorgoroth med “Destroyer” greidde å laga eit heilt konseptalbum ut av).

https://www.wodumedia.com/wp-content/uploads/2012/11/The-battleships-West-Virginia-and-Tennessee-burning-after-the-Japanese-attack-on-Pearl-Harbor-on-December-7-1941.-U.S.-Navy.jpg

For å avslutta so vil eg segja at metallmusikken er ein måte å opna sinnet sitt for sidor ved menneskelivet som visselegt kann kjennast fårlege og trugande, men som er der og som me må læra oss å liva med. Det er ikkje for alle og det er ikkje til å kimsa av, og det kann vera fylt med både sinne og øydeleggingsvilje, men nett difor utløyser det samstundes ei skaparkraft og ein sjølvhevdingsvilje som er verdfull og som me treng dersom me skal koma vidare i livet.

Martin Eggum

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2015, musikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s