Hev PFU og Norsk Journalistlag lagt yrkesetikken på hylla?

Å vera norsk journalist eller redaktør heiter at ein er underlagd Ver Varsam-Plakaten (VVP). Bryt ein med denne, so risikerar ein å verta felt i Pressens Faglige Utvalg (PFU). Denne ordningi sikrar at ein kann ha tillit til norske pressefolk. Det er i alle fall slik pressa likar å framstella seg sjølv. Røyndomen er derimot ein annan. Mi eigi klagesak mot Radikal Portal og redaktør Vegard Velle hev synt at presseorganisasjonane er uviljuge til å slå ned på journalistar som vil vri seg undan det presseetiske regelverket.  Slik hev PFU og Norsk Journalistlag skapt presedens for ein gråsone-journalistikk som trugar med å gjera heile den norske pressa useriøs.

Dei norske presseorganisasjonane er fyrst og fremst til for å verna um eigne medlemer, og dersom ein journalist ynskjer å gå utanum Ver Varsam-Plakaten, so kann han i praksis gjera dette. I PFU kann ein ikkje klaga inn journalistar, ein kann berre klaga inn publikasjonar – og då einast publikasjonar som tilhøyrer pressa sine eigne organisasjonar eller som friviljugt hev underlagt seg klageordningi. Ein journalist kann i realiteten gjera nett som han vil so lenge publikasjonen hans er viljug til å ta støyten for det i PFU. Men ikkje nok med det, ein fagorganisert journalist kann faktisk gå heilt utanum Ver Varsam-Plakaten dersom han skipar sin eigen publikasjon som steller seg utanfor klageordningi.

PFU feller redaksjonar, ikkje journalistar

Gjeng ein igjenom databasen åt PFU, so ser ein at det er redaksjonar som vert felde, ikkje journalistar. Journalisten som laga reportasjen vert som regel aldri nemnd med namn i fråsegnene som vert lagde ut på nettet, det vert derimot alltid klagaren – so sant PFU ikkje hev gjeve honom lov til å få saki vurdert anonymt…

Sjølv upplevde eg å koma under åtak ut på nettstaden Radikal Portal, der Fagbladet-journalisten Vegard Velle er redaktør. Radikal Portal publiserte ein anonymt forfatta artikkel der det vart sett fram ei rad sterke, faktiske påstandar um meg og tidskriftet eg gjev ut, Målmannen. Sterke, faktiske påstandar utløyser normalt den samtidige imøtegåingsretten (VVP 4.14), men Radikal Portal gav meg ikkje ein gong høve til tilsvar i ettertid – ein freistnad på å svara i kommentarfeltet vart sletta like kjappt som han var vorten publisert.

Eg valde å gå tenestevegen og klaga saki inn for Pressens Faglige Utvalg, men Radikal Portal vilde ikkje lata seg vurdera av utvalet. PFU-sekretariatet avviste dimed saki utan realitetshandsaming – med den grunngjevingi at “PFU er en frivillig ordning som er eid og drevet av pressens egne organisasjoner. Radikal Portal er ikke medlem av noen av organisasjonene, og ønsker heller ikke selv å la seg behandle av utvalget”.

Dette vedtaket valde eg å klaga på. Radikal Portal hevdar sjølve at dei fylgjer Ver Varsam-Plakaten, og dersom det skal ha nokon verdi å hevda at ein fylgjer denne, so må det innebera at ein ogso er viljug til å lata seg vurdera i PFU. Det er helder ikkje rett, som PFU-sekretariatet hevda, at PFU-handsaming er friviljugt. I PFU sitt eige styrevedtak heiter det at “kompetanseområdet for PFU omfatter i prinsippet alle massemedier”. Um publikasjonen sjølv kjenner seg presseetisk forplikta er berre noko som “kan ha betydning”, men er ikkje avgjerande for um PFU skal ta saki eller ikkje. Radikal Portal hevdar dimeir sjølve at dei fylgjer VVP.

vedlegg4_vegard_velle_linkedin

Skjermdump frå Linkedin: Vegard Velle arbeider som journalist og er fagorganisert i Norsk Journalistlag. Han er medarbeidar i Fagbladet og redaktør for Radikal Portal, ein nettstad som ikkje vil underleggja seg PFU-vurdering og som let vera å fylgja heilt elementær presseskikk. NB! Etter at skjermdumpen vart teken og saki klaga inn til Norsk Journalistlag, hev Velle endra umtala frå «redaktør» til «red.medlem», både på Linkedin og Twitter. Byrjar saki rett og slett å verta for pinsam?

Men det stoggar ikkje der, for Radikal Portal sin redaktør, Vegard Velle, er fagorganisert i Norsk Journalistlag og soleides med i ein av dei presseorganisasjonane som er underlagde PFU. Eg prosederte difor på at det var eit saksfyrehavingsmistak når PFU-sekretariatet avviste saki utan å taka Velle si NJ-tilknyting med i reknestykkjet. Det kann vel ikkje vera slik at Velle i den eine augneblinken sit med Fagbladet-hatt og må fylgja vanleg presseetikk, og so kann han ta på seg ein radikalportal-hatt i den neste for å publisera kva som helst utan presseetiske umsyn?

Denne gongen sende PFU-sekretariatet saki vidare til PFU for ei prinsipiell avklåring, men sjølve innstilte dei på at saki skulde avvisast, og det med grunngjevingi at det sveiv seg um eit “tvilstilfelle”. PFU slutta seg til innstillingi og avviste klaga med fylgjande grunngjeving:

Pressens Faglige Utvalg er norsk presses selvjustisordning. Virksomheten er basert på frivillighet og finansiert av Norsk Presseforbunds eierorganisasjoner. Radikal Portal er ikke tilknyttet noen av disse organisasjonene. Utvalget registrerer at nettstedets redaktør er medlem av Norsk Journalistlag, men mener likevel at saken ligger utenfor PFUs arbeidsområde. […] Utvalget har ikke anledning til å sanksjonere mot nettsteder eller andre aktører som hevder å forholde seg til Vær Varsom-plakaten samtidig som de står utenfor PFUs klagebehandlingssystem, og ikke ønsker å la seg behandle. Dersom klager anser Radikal Portals redaktør sitt medlemskap i Norsk Journalistlag som problematisk sett opp mot Radikal Portals virksomhet, ber utvalget klager ta dette opp med NJ.

Norsk Journalistlag bryr seg ikkje med um medlemene fylgjer VVP eller ikkje

Eg valde å taka PFU på ordet og gjekk vidare med brev til til Norsk Journalistlag. I vedtektene til Norsk Journalistlag stend det heilt eintydig i paragraf 3 og paragraf 14 at NJ-medlemer pliktar å fylgja Ver Varsam-Plakaten. Paragraf 4 slær fast at NJ kann stryka medlemer som ikkje arbeider i samsvar med paragraf 3, og paragraf 11 slær fast at det er grunnlag for eksklusjonssak um medlemene ikkje arbeider i tråd med pliktene nedfelt i paragraf 14. Eg bad Norsk Journalistlag vurdera um den innklaga reportasjen er i tråd med VVP – eller um det i det heile er akseptabelt at ein NJ-journalist kann nekta PFU-handsaming av ein publikasjon som han er redaktør for, dette for å sleppa unna det som etter alle solemerke må enda med ei klår felling.

Norsk Journalistlag lova å taka hand um saki og gje melding attende når saki var teki upp. Ei vika seinare fekk eg svar. Svaret var på èi lina, og lydde: “NJs ledelse har behandlet din henvendelse og vedtatt at det ikke er grunnlag for å åpne eksklusjonssak”. Når eg svara og bad um grunngjeving, fekk eg inkje svar.

Kvar vart den individuelle journalist-etikken av?

Ein lyt dimed konkludera med at yrkesetikken for journalistar i praksis er avskipa. På papiret hev både PFU og NJ vedtekter og styrevedtak som gjev dei vide fullmakter til å slå ned på presseetisk problematisk journalistikk, men praksisen deira er ein heilt annan: PFU vil berre vurdera dei publikasjonane som sjølve ynskjer å lata seg vurdera – og NJ sine krav til medlemene um å fylgja VVP syner seg å vera sovande paragrafar som ikkje skal praktiserast (*).

Endå um ein er fagorganisert journalist, so er det altso fritt fram for å skipa plattformar der ein ser burt frå all presseetikk og spreider anonyme skuldingar i aust og vest mot namngjevne personar. Dette bør folk ha i bakhovudet neste gong dei vert kontakta av ein journalist. Til sjuande og sist veit ein aldri kva slags plattform informasjonen hamnar på og kva slags presseetisk standard publikasjonen hev valt å leggja seg på…

O. Torheim

Innlegget vart nekta innteke i Journalisten. Redaksjonsmedlem Martin Huseby Jensen karakteriserte innlegget som “interessant”, men slo samstundes fast at det ikkje kom til å verta publisert. Han  grunngav avslaget med at innhaldet i teksti “sprikar” og at argumentasjonsrekkja er “svak”.

(*)  Dette vert stadfest i e-post frå Journalisten-medarbeidar Martin Huseby Jensen: “Selv om Norsk Journalistlag er en av flere organisasjoner som står bak Norsk Presseforbund og med det PFU, er NJ først og fremst en fagorganisasjon som skal sikre medlemmenes rettigheter og arbeidsvilkår. Selvfølgelig kan medlemmer kastes ut av organisasjon om de opptrer uetisk, men da ikke mot presseetikken”.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under media og journalistikk. Bokmerk permalenkja.

One Response to Hev PFU og Norsk Journalistlag lagt yrkesetikken på hylla?

  1. Tilbakeping: Har PFU og Norsk Journalistlag lagt yrkesetikken på hylla? - Frieord

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s