Dei ulydige vinn til slutt

Eit nytt nummer av det tjodlynde, franske tidskriftet Synthese Nationale hev kome i posten – med forvitnelege og tankevekkjande artiklar um fransk og europeisk politikk, økonomi, teknologi, litteratur og andre emne som burde kveikja hugen for nokon kvar. Me hev fenge lov til å umsetja og leggja ut leidarartikkelen, førd i pennen av redaktør Roland Helie:

Me hev sagt det gong etter gong, me hev ikkje so mykje val: Anten vel ein å leggja seg inn under diktatet åt dei rådande maktene – og ein godtek det som lagnadens gang at den franske nasjonen og den europeiske identiteten løyser seg upp i ein varm magma av planetariske dimensjonar – med menneski reduserte til rotlause forbrukarar som ikkje er til for anna enn å fylla upp kontoane til finansielle gruppor, helst på hi sida av Atlanteren. Anten det, eller ein nektar å godtaka at det er slik det skal enda.

https://i1.wp.com/synthesenationale.hautetfort.com/album/les-collaborateurs-reguliers-de-la-revue-synthese-nationale/2217982712.JPG

Um ein godtek det, so er det greidt: Du er nøgd med dei offisielle sanningane som du fær høyra heile dagen på skulen og i media – der du vert fortald at verdi lyt verta sameint, fredeleg, etnisk uppblanda og kynslaus. At du lyt konsumera det og det produktet, at du lyt lika det og det merket og sjå på det og det TV-programmet. At du lyt røysta på det og det partiet – som visselegt stend for so godt som den same politikken som dei hine partii. Stutt sagt, du kann få deg eit trygt og straumlineforma liv…

Når du godtek å underkasta deg på denne måten, so lyt du vera nøgd med å vera ein av alle andre, gjera det same som det andre gjer, liva slik andre liver, tenkja slik som andre tenkjer… Men det er berre so mykje greidare å tenkja og forbruka slik som alle hine gjer – for slik er det helder ingen andre som kjem til å finna åt deg eller fortelja deg at du burde gjera noko annleis.

Men det er ei baksida av denne medaljen. Han som er med på leiken, han lyt tola steiken. Han som ikkje lenger vil stella spursmål ved systemet, han hev helder ikkje noko han skulde ha sagt når systemet til slutt gjeng av hengslone.

Ingen grunn til å klaga

Når ei forsaming av hækne aksjonærar eller fedrelandslause styreleidarar finn ut at det her og no gjev mest profitt å kvitta seg med ein heil sektor av økonomien i eit land – og soleides kastar tusundtals menneske ut i arbeidsløysa med alt det dramaet som det kjem til å valda – då treng ein ikkje å klaga…

Når eit riksstyre, sett i hop av folk som kanskje heilt nylegt fekk fransk statsborgarskap, finn ut at dei – utan å bry seg det minste med alle dei valdelege brotsverki som titusundtals innfødde franskmenner råkar ut for kvar dag – skal nytta ovstore pengesummar på å kjempa mot rasisme og antisemittisme, og det for at muslimar skal klara liva fredelegt saman med jødar – då treng ein ikkje å klaga…

Når skruppellause teknokratar, teknologar og forskarar utan samfundsperspektiv, finn ut at dei ein gong for alle skal øydeleggja det flotte landskapet vårt – og det med gruvsame vindmylnor der effektiviteten og produktiviteten er lite å snakka um – ja, då treng ein helder ikkje å klaga…

Um du ser litt nærare på det som du vert tilboden, so ser du snøgt at dei produkti som du vert beden um å konsumera kjem flestalle frå dei same multinasjonale selskapi, at dei partii som det er korrekt å røysta på stend for so godt som den same politikken, at flestalle bøkene som vert lyfte fram i massemedia gjeng i den same ideologiske stemneleidi, at alle radio- og fjernsynskanalane kjem med so godt som den same bodskapen…

https://maalmannen.files.wordpress.com/2015/05/e1dec-6a00d834515e0d69e201a510e9decc970c-pi.gif?w=640

Dagsens forbrukarsamfund hev til sjuande og sist dei same kjennemerki som gårsdagens sosialistiske diktatur. Veggavisone er vortne skifte ut med nyhende klokka 20 – og markeringane den 1. mai er vortne skifte ut med “spontane protestmarkeringar” for kvar einaste hending som me vert fortalde burde vekkja kjenslone våre. Det er til sjuande og sist einast innpakkingi som hev vorte endra. Systemet er reidugt til kva det skulde vera for å påtrykkja oss alle eit globalisert verdssyn.

For vår part, so nektar me å godtaka dette reduserte og straumlineforma synet på mennesket. Og i det seinaste so kjenner det seg som det byrjar verta fleire av oss.

Kjennemerke på ein uppreist

I Frankrike og i heile Europa ser me at eitkvart er i gjære. Det gjev seg utslag på mange ulike måtar. Um det skulde vera på gata, som med massedemonstrasjonane i Tyskland og Italia mot den ukontrollerte innvandringi – eller i parlamentsvali, der resultati er betre enn nokosinne for politiske alternativ som er nasjonalsinna eller som i minsto freistar framstå som noko slikt. Europearar byrjar verta medvitne um den låke stoda og dei ynskjer å taka grep um henne. Slik stend dei upp imot eit system som kviler på eit meiningstyranni. Denne viljen til å ikkje bøgja nakken hev eit namn, me kallar det for “ulydnad”!

Denne ulydnaden hev me som er nasjonalsinna og heimstadtrugne venta på og fyrebudd i mange tiår.

Me hev venta på honom av di me stødt hev nekta å gje oss inn under ein globalisme som drep ned nasjonar og identitetar.  Me vil ikkje at dei europeiske folki skal verta burte i det som skribenten Renaud Camus med rette hev kalla for “den store utskiftingi”. Og når me segjer dette, so er det utan nokon slags vanvyrdnad for andre folkeslag, for nedbrytingi kjem ikkje til å taka slutt fyre dei hev lide den same lagnaden, dei med.

Me fyrebur honom av di me veit at me ikkje kann lita på nokon andre enn oss sjølve. Andsynes det hykkelske tyranniet åt makteliten, andsynes den store verktykassa deira som er full med måtar dei kann tyna folk på, andsynes dei kolossale pengesummane og maktmidli som dei hev til disposisjon, andsynes alt dette so kann det sjå ut som me hev lite å stella upp med.

Me hev våre eigne tidskrift som kjem i moderate upplag og me hev våre eigne politiske rørslor der aktiviteten gjeng i bylgjor – altso upp og ned. Me hev våre eigne småe krinsar med politiske kameratar. Ikkje store greidone, vilde vel mange ha sagt. Kor som er, det er nett dette jamne og trauste arbeidet som me byrjar hausta fruktene av. Me hev teke upp att den same bodskapen so mange gonger at han til slutt byrjar å verta høyrd. No gjeld det um å jamvel gjera honom forstått.

Millomklassen fær stødt mindre å rutta med, masseinnvandringi aukar på, problemi med kriminalitet og lovløysa berre veks og veks. Islamismen hev fenge eit solid fotfeste i landet vårt og dette fotfestet vert sterkare for kvar dag som gjeng – og dette medan alt det som ein gong var serskilt for Frankrike er åt å verta viska ut…

Alt dette hev me masa um i årevis. Det som hender no um dagen gjev oss berre endå meir rett.

Å byggja Europa for byggja upp att Frankrike

Sidan byrjingi, i 2006, so hev tidskriftet Synthese Nationale arbeidd for å setja den europeiske tanken attende på dagsetelen: Eit fransk Frankrike i eit europeisk Europa. Me ynskjer oss eit Europa fritt for økonomisk og politisk innflytnad frå globalistiske lobbyar. Eit Europa som kann byggja på tradisjonane og identiteten sin og som nyar desse upp att. Eit Europa som finn attende styrken sin og livskrafti si – og som krev attende plassen sin i verdspolitikken, jamsides dei hine blokkene som alt finst eller som er åt å gjera seg gjeldande.

Celtic_cross_Knock_Ireland

Å taka til ords for eit sovore prosjekt, umstendi i dag tekne med i reknestykkjet, kann verka ikkje so reint lite røyndomsfjernt. Kor som er, då Aleksander Solsjenitsyn i 1974 slost for Sovjetunionens undergang og ei atterføding av det gamle Russland, då vart han hjå mange rekna for ein tulling. Men framhaldet kjenner me…

Solsjenitsyn var ulydig. Me høyrer til dei ulydige. Skal me berga nasjonane og sivilisasjonen vår, so er ulydnaden ei plikt. Dei ulydige vinn til slutt. Kampen held fram.

Roland Heile

Advertisements
Dette innlegget vart posta under nasjonalisme, ytringsfridom. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s