Den siste jakti

Det var ein dag på seinhausten. Frosten var so vidt komen um morgonen, men enno var det mildt og fint å vera ute. Ei framifrå tid for jakt.

Eg sat der eg pla sitja medan eg venta på hjorten. Eg hadde trekken imot meg, og trong berre sitja å venta på at dyret kom. Eg hadde eitt dyr att å skyta, ei kolla. Dei hine dyri hadde me alt teke.

Hind-and-Calf-Slider02

Eg minnast korleis det var for nokre år sidan – då eg sjølv skaut storhjorten, ein sjugreiners bukk på 140 kilo. I år etter år hadde han gøymt seg for jegerane. Ingen skulde få has på honom. Men lukka vara ikkje ævelegt. For ein dag kom han rett på meg. I fullt firsprang. Han kunde ikkje sjå meg. Men det vesle klikket då eg avsikra våpenet var nok til at han stogga. Dette vesle sekundet var nok. Eg sikta og tok avtrekk. Skotet gjekk rett igjenom hovudet. Dyret ramla rett ned.

For meg var det mest som i ein film. Spaningi var so stor, adrenalinet var so høgt. Gleda so stor yver eit reint og rett skot. Det er ein eigen estetikk i dette med eit velretta skot.

Ja, jakti hev visselegt ei etisk sida. Eg hadde ofta diskutert med vegetarianarar. Var ikkje jakt betre enn husdyrhald? Husdyri vert då haldne fanga heile livet, fôra upp for å verta slakta. Hjorten liver fritt heilt til dess han vert skoten. Og jakt fær ein ikkje driva med utan at ein veit kva ein held på med.

-Ja, men hev ikkje hjorten nett difor gjort seg fortent til å få vera i fred? Ingen hev avla honom upp, ingen hev mata honom, ingen hev gjeve honom tak yver hovudet um vinteren. Han skuldar oss menneski ingen ting, fekk eg ein gong kontant attende. Eg skal tilstå at eg vart svar skuldig, men tenkte ikkje noko nærare på det.

Noko av det fine med jakti er at det – til liks med fisking – gjev tid og ro til å tenkja og filosofera. Lata tankane vandra litt medan ein sit og ventar.

Frå nyhendi høyrer ein so mykje ilt. I Syria rasar borgarkrigen. Eg hadde sett sume av dei skrekkelege dråpsvideoane. Folk vert stelte upp på rekkja og rad og skotne i hovudet bakanifrå. Visste dei at dei skulde døy, skal tru?

So ser eg brått eit dyr i det fjerne. Det er ei kolla. Fråstandet lyt vel vera 60 meter, minst. I grunnen litt for langt undan til å trekkja av. Men det kriblar i fingrane og eg gjer det likevel. Fyrst eitt skot: Dyret vert standande i ro. So endå eitt: Framleis stend dyret heilt rolegt. Etter det tridje skotet byrjar dyret å gå og det vert burte attum eit tre…

Søren òg! Hev eg råka det eller hev eg greidd å bomma på alle skoti? Eg fær ikkje tid til å tenkja, for no ser eg kalven med. Han fer springande, rett i mot meg. Det gjeld um å få skote kalven! Eg fyrer av eit skot. Eg ser at det råkar kalven i vombi, men han spring vidare – spring for livet. Eg tek nytt ladegrep og sender avgarde eit siste skot. Kalven segner um, rullar yver på ryggen og vert liggjande livlaus.

No er magasinet tomt. Eg leitar fram fem nye patroner og legg i veg for å finna kolla. Vonlegt hev ho ikkje kome so langt. Eg gjeng eit femtitals meter då eg fær auga på henne. Ho hev lagt seg ned på kne. Båe skoti må ha råka henne, og ho maktar ikkje reisa seg upp att – men framleis er ho ved fullt medvit. Ho pustar tungt. Kva tenkjer ho, skal tru? Eg gjeng burt til henne, tek ladegrep, set geværlaupet i nakken på henne og fyrer av. Kven skulde tru at eg sjølv kom til å drepa nokon med nakkeskot…

Eg skruvar på jaktradioen og kjem i samband med dei hine jegerane. “Eg hev skote ei kolla med kalv. Me kann avslutta jakti no”.

Jakti er yver, og eg veit med meg sjølv at dette var den siste jakti. For slik kann ein ikkje vera jeger lenger. Frå no av er eg ein slaktar…

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under filosofi, natur. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s