Noreg – ein språkleg utkant i Norden og Europa?

Det hev med jamne millomrom kome politiske utspel frå Høgre og FrP med krav um å gjera nynorsk valfritt i skulen. Argumentasjonen hev som regel stødt vore den same, nynorsk er eit språk som dei fleste “ikkje hev bruk for” i kvardagen – og som ein difor bør få sleppa. At nokon kann meina at ein nasjon ikkje hev bruk for sitt eige språk skulde normalt vera uppsiktsvekkjande i seg sjølv, men slik er det altso ikkje i den norske ålmenta av i dag. Ei ålmenta som er parkert i utkanten, både i europeisk og nordisk perspektiv.

Fyrst kom dei for å ta nynorsken, men det stoggar visst ikkje der. Nylegt kom Kristeleg Folkeparti med framlegg um å gjera framandspråk nummer 2 til valfag i skulen (“KrF vil gjøre tysk, fransk og spansk til valgfag i skolen”, Dagen 21. mai 2015). Det heiter å gjera språk som tysk, fransk og spansk til valfrie emne. Argumentasjonen er ikkje ulik den som er vorten nytta mot sidemålet: Dei som hev problem skal rett og slett berre få sleppa. Tysk og fransk er likevel ikkje språk som serlegt mange hev bruk for i kvardagen…

Noreg er vorte ein utkant i Europa og det norske er vorte til ein kuriositet - jamvel for oss sjølve.

Noreg er vorte ein utkant i Europa og det norske er vorte til ein kuriositet – jamvel for oss sjølve.

Stengde dører mot Europa

Dei som segjer at tysk og fransk er språk som folk flest ikkje hev bruk for i kvardagen, dei hev visselegt eit poeng. Di færre personar det er som meistrar eit språk, di færre høve vert det til å bruka det. Dagsens ungdom veit nok meir um kva som hender på MTV og Netflix enn kva som gjeng fyre seg i det sentrale Europa, både kunnskapen og interessa for desse landi er so godt som null. Det gjeld ikkje berre ungdomen, det gjeld heile den norske ålmenta.

Dette problemet uppliver me alle som hev vore utanfor Noregs ei grensor ei tid: So godt som ingen å snakka med når ein kjem «heim att» – og då tenkjer eg ikkje berre på det reint språklege. Kva med å reflektera litt yver korleis ein skal hevja nivået, framfor å kapitulera totalt slik partipolitikarar yver heile det borgarlege spekteret no tek til ords for?

Me nordbuarane er so heppne at me hev vårt eige klassiske språk: Norrønt. For 1000 år sidan vart det skrive verdslitteratur i serklasse på dette målet. Likevel er interessa for dette målet i dag so godt som null. Hadde nokon i Italia kome og påstått at latin var uviktig? Eller hadde nokon i India vilja hevda noko tilsvarande um sanskrit? Visselegt ikkje. Slik var det helder ikkje her i gamle dagar. Me hadde landsgymnas på Voss der norrønt var eitt av språki som ein var nøydd til å læra seg. Kva hev hendt sidan den gongen?

Sanningi er at språkstoda i Noreg hev gjort oss til ein utkant i Europa…

Noreg er eit lite språksamfund, det er berre fem millionar av oss, og marknaden for å umsetja bøker og gjeva ut blad og tidskrift er soleides sers avgrensa, jamført med dei store språksamfundi. Tysk er derimot morsmålet til meir enn 90 millionar menneske, medan fransk på si sida er morsmålet til 77 millionar menneske. Attåt dette kjem 140 millionar som hev fransk til sitt andrespråk.

Tyskland hev Der Spiegel, Die Zeit, Frankfurter Allgemeine, Junge Freiheit… Frankrike hev Le Monde, Figaro, Liberation, Rivarol… Noreg hev Dagbladet, VG og… eh, Morgenbladet og Dag og Tid?

Når Die Zeit skal melda ei ny bok um eit politisk eller historisk emne, so finn dei fram til ein kompetent bokmeldar som gjerne sjølv hev ein doktorgrad i eit tilgrensande emne. Når Dagbladet skal melda ei bok, so er det gjerne ein av deira eigne journalistar som sjølv skal synsa um innhaldet i boki og gjev henne eit terningkast. Verst av alt vert det når ein journalist skal synsa um det som ein annan journalist alt hev synsa um…

Stengde dører mot Norden

Sa eg utkant i Europa? Me hev gjort oss sjølve til ein utkant jamvel i Norden. Og det takk vere det einaste språket som det ser ut til å vera semja um at me hev “bruk for”: Bokmålet. Fram til 1907 so var det ingen skilnad millom riksmål og dansk. Bøker som kom ut i Danmark vart lesne både i Danmark og Noreg – me var eitt og same språkhopehavet. Men med kvart som den norske målreisingi vann fram og byrja pusta det danske målet i nakken, so fekk me ein reaksjon der ein freista gjera det danske målet “norsk” med di ein vilde tilmåta ortografien etter “dannet dagligtale” – det var den norske yverklassen sin freistnad på å tala dansk, med norsk aksent, til dømes med harde, norske konsonantar i staden for dei blaute danske.

Resultatet av dette var at me fekk ein barriere millom bokmål/riksmål og dansk. Folk slutta å lesa bøker på dansk. Dansk litteratur lyt i dag umsetjast dersom nordmenner skal lesa honom. Den danske ålmenta er i dag avstengd frå den norske.

Berlingske Tidende, Weekendavisen, Jyllandsposten… Korleis hadde nordmenner sett på karikaturstriden i 2006 dersom dei sjølve hadde lese dei danske avisone? Korleis hadde det offentlege norske ordskiftet vore dersom publikum hadde havt innblikk og høve til å jamføra med det danske?

Noreg låg under Danmark i 400 år. I dei fleste tidlegare koloniland so er det slik at ein anten hev halde fram å nytta kolonimålet eller ein hev atterreist sitt eige, gamle mål. I Noreg hev me ikkje gjort nokon av delane: Me hev moderert og flikka på det danske målet og gjort det til eit upphøgt, sernorsk normaltalemål for ein elite. Slik hev me greidd det kunststykkjet å kutta bandi både til vår eigen nedervde tradisjon og til umverdi.

Resultatet ser me i dag: Viktuge ordskifte og hendingar ute i Europa når aldri fram til det norske folket. Det me fær rapportert i norske media er filtrert og sensurert av sjølvutnemnde “ekspertpanel”.

Kven skal opna dørene?

Martin Luther vilde lata folk få Bibelen på sitt eige mål og soleides få høve til å lesa og tenkja sjølve. Nett det gjorde honom so fårleg…

Det som er sikkert er at det trong ikkje um å vera slik som det er i dag. Me kunde framleis ha lært oss dansk og havt tilgang til den danske ålmenta. Me kunde ha lært oss klassisk norsk, høgnorsk, og knytt språklege band både vestetter til Island og Færøyane – og ikkje minst til det største nordiske språksamfundet av alle, det svenske, med mest 10 millionar menneske. Det norske målet kunde verta bindelekken.

Dialekt, nynorsk, tysk og fransk mål – alt dette er ein rikdom. Vil me stengja dørene til denne rikdomen eller vil me opna dei? Målmannen vil gjera sitt til å halda desse dørene opne.

Olav Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s