Høgteknologi i heimegrendi: Eit intervju med Microman

Medan globaliseringi hev ført mykje norsk industri og teknologi ut or landet, so hev Kolbjørn Tvedt og verksemdi hans, Microman, gjenge den andre vegen. Han flutte heimatt til Lundegrend på Tysnes i Sunnhordland, og der utviklar han nisje-elektronikk for fiskeindustrien – med heilnorskt mål til arbeidsspråk. Me hev teke ein prat med Kolbjørn Tvedt, og det er ei suksesshistorie um nynorsk næringsutvikling som han kann fortelja oss.

1. Fortel oss litt um Microman. Korleis uppstod verksemdi, kva slags produkt er det som de utviklar – og korleis hadde det seg at de vart lokaliserte på Tysnes?

Microman A/S starta opp i 1986 som ei aksjeverksemd. Den gongen var det serskilt prosesstyring med PLC-einingar for fôring av fisk som var hovudproduktet. PLC-einingane var ferdige system, utvikla av større fabrikantar i utlandet – der vår oppgåve var å sy saman program til kundane våre. Sidan me alt på syttitalet hadde fått med oss utviklinga innan mikroprosessorar og analogteknikk frå arbeid i ABB Austevoll og Stord Data, so vart det til at me utvikla spesielle elektronikk-einingar til fôring av fisk og andre spesielle oppdrag. Mellom anna mikroprosessorstyrde kort for simulering av analoge signal til jetmotorar som skulle benketestast i hangar – der signala simulerte fart, høgd og andre viktige inndata. Utetter på nittitalet vart PLC-einingane bytte ut med eigenutvikla elektronikksystem, alt etter ynskje frå kundane våre.

Nokre av produkti som Microman leverar løysingar til.

Nokre av produkti som Microman frå gamalt av hev levert løysingar til (Kjelda: Heimesida microman.no).

Verksemda har vore lita i tal på personar som har hatt sitt arbeid der: Alt frå tre personar til no berre meg sjølv. Det heile starta med at eg etter mange år borte frå heimstaden min ynskte å flytja attende til staden eg vaks opp og der eg hadde familie. Eg skjøna vel ikkje då som relativt ung mann at dette kunne verta tøft i lengda, – både med skort på oppdrag og lite fagmiljø. Men faktisk har det gått bra når eg no ser det i eit attendeperspektiv.

2. De er ei høgteknologiverksemd som held til i Lundegrend på Tysnes, ikkje langt undan Vevatne der det etter det Tacitus fortel vart utført seremoniar til ære for gudinna Nerthus (Johannes Heggland si tolking av den antikke historikaren). Kva slags tankar hev de gjort dykk um å vera på slike eldgamle historiske trakter og samstundes utvikla høgteknologi for framtidi?

Eg er relativt bra interessert i soga og kulturen kring det du nemner her, men Tacitus og Nerthus har ikkje vore i tankane mine i høve mikroteknikk og transistorar. Eg har lese det meste av Heggland og har stor vyrdnad for det han fekk til som historikar og forfattar.

Vevatne har eg sterke relasjonar til, sidan eg drikk det kvar dag frå springen min, og sidan eg har utvikla all elektronikk til vassverket der. Eg ser det slik at menneske gjennom tidene har tenk mest på notid og litt på ei framtid,- fortida var den ho var, men i naudsynt ballast for planlegging av framtida. Slik er det med oss her òg, å sitja på historisk grunn kan nok ha ein positiv påverknad i so måte.

Nytt produkt:  Det runde kortet er bruka i eit instrument som mæler bylgjehøgdi, temperatur, ljos og straum i sjøen. Det er sett i hop av ytemonterte krinsar.

Nytt produkt: Det runde kortet er bruka i eit instrument som mæler bylgjehøgdi, temperatur, ljos og straum i sjøen. Det er sett i hop av ytemonterte krinsar (Foto: Kolbjørn Tvedt).

 3. Dei fleste som greider å driva med elektronikkutvikling i Noreg hev funne seg ein “nisje” som gjev dei ein fyremun andsynes konkurrentar i utlandet, som geografisk nærleik til kundane dei utviklar produkt for. Til dømes er det mange firma som arbeider med elektronikk som skal nyttast til installasjonar i Nordsjøen. Til liks med oljeutvinning på havbotnen so hev Noreg vore eit pionerland når det kjem til fiskeuppdrett, og her hev de greidd å posisjonera dykk med elektronikk for mateautomatar og vaksinering. Trur de at de greider å halda på denne posisjonen eller vert det vandslegare med kvart som uppdrettsnæringi hev spreidt seg ut til andre land som til dømes Chile?

Som du nemnar her er nisjeprodukt det einaste me kan satsa på i Noreg i dag, det heiter produkt som er mynta på næringar som har kapital og vil ha skreddarsydde løysingar til verksemda si. Me har alltid vore underleverandør til produkta me har utvikla og har difor hatt lite kontakt med sal og marknadsføring i so måte. Men når det er sagt, so har me alltid fått beinveges og omveges attendemeldingar frå brukarane vore, – som atter har ført til justeringar av produkt og programvare. At me har nærleik er av vital nytte, me har mesta vakse opp med oppdrett ikring oss – samstundes som det har vore nærleik til industrien på Stord, Austevoll, Bergen og inne i Hardangerfjorden. Eg trur me i framtida alltid kjem til å ha ein føremon av dette, og er ikkje serskilt redde for tevlarar i dette høvet. Me produserer framleis styringar til Lumic AS sine vaksineringsmaskiner og er no inne i ein større oppgradering av utstyret der lengda på fisken automatisk styrar stikkpunkt og sortering. For å hengja med er det nok viktig å alltid vera føre var enn etter snar. Er ein etter er ein alt vorten for sein.

Du nemnar Chile, der har me levert mykje utstyr gjennom tidene. Akkurat i desse dagar har me utvikla ei PLC-styring for Thermolicer, ei maskin for å avlusa laks og aure, ei maskin som no vert testa ut i Chile og her heime.

Innovasjonen gjeng vidare: Her er me på laboratoriet og ser eit PLC-prosessprogram til ein avlusar for laks som Microman held på å utvikla no for tida.

Innovasjonen gjeng vidare: Her er me på laboratoriet og ser eit PLC-prosessprogram til ein avlusar for laks som Microman held på å utvikla no for tida (Foto: Kolbjørn Tvedt).

4. Å driva produksjon i Noreg er ikkje lett, med dagsens kostnadsnivå. Å laga standardprodukt er so godt som umoglegt, sidan ein kann få den same jobben gjord mykje billegare i Asia. For dei som lagar elektronikkprodukt i Noreg er det difor viktugt å ha “det vesle ekstra” som kann gjera deira produkt til noko meir enn berre eit standardprodukt. Tykkjer de at det å nytta seg av nynorsk hev hjelpt dykk med det same?

Sokalla standardprodukt i masseproduksjon er umogleg å framstella i dagens Noreg, vil eg meine. Det heiter, me kan ikkje tevla med land som har mykje mindre kostnader i høve arbeid enn oss sjølve. Men denne problematikken er også ein dynamisk prosess, noko som atter på sikt endrar kostnadane i andre land og tider kan koma tilbake til det det ein gong var. Altso, Noreg må førebu seg på tida etter olja.

Som det er sagt over her, so må me for tida satsa på nisjeprodukt og nyta godt av nærleiken til marknaden, slik sett ser eg lyst på framtida for oss sjølve og andre i bransjen.

Språket har for oss i firmaet alltid vore nynorsk, noko som stort sett høver godt på Vestlandet. Me bruker nynorsk der det høver best, men svarar på korrespondanse med det målføret kunden vil bruka, – anten det no er bokmål eller engelsk. Me har faktisk fått fleire positive tilbakemeldingar om akkurat dette ved å bruka nynorsk, noko me set stor pris på sjølvsagt.

5. Bokmål vert ofte rekna som det “nøytrale” og “trygge” valet for folk i næringslivet – noko av grunnen til at nynorsk vert lite nytta i næringslivet er gjerne at ein er redd for å verta knytt upp til alle dei andre fyrestellingane um kva det vil segja å vera nynorskbrukarar. Samstundes hev mange verksemder lukkast med å nytta nynorsk til å skapa ein eigen identitet kring eigi verksemd og eigne produkt. Økologisk mat på nynorsk er ferske døme, som med Isrosa og Homlagarden i Hardanger. Korleis hev dette vore for dykk, hev det å nytta nynorsk vore eit pluss eller eit minus i dykkar næringsverksemd?

Eg meiner nynorsk høver like godt til mikroprosessorar som om det var til gamalost og hardangerbunader. I mine krinsar, det er mellom kollegaer som arbeider langs kysten med høgteknologi, so er det faktisk ‘inne’ å skriva på nynorsk. Dei fleste eg korresponderer med bruker nynorsk og er byrge av det. Me har ikkje problem å uttrykkja oss om det eine eller andre grunna nynorsken, slik sett vil eg heller seia det motsette, – det er meir naturleg for oss på alle måtar. Om det er identitetsskapande veit eg ikkje, men eg trur det vert lagt merke til og er ikkje noko til hinder for verksemda vår.

6. I våre kommunesamanslåingstider vert det tala mykje um å byggja upp “robuste einingar” med store fagmiljø som kann levera effektive tenestor. Samstundes syner etterrøkjingar at det er i dei småe kommunane at tenestone fungerar best. Med betre samferdsel og internett-tilgang skulde ein tru det vart lettare å halda uppe desentraliserte strukturar, og ikkje vandslegare. Um me skal draga ein parallell til næringslivet, korleis er det for dykk å vera ei teknologibedrift på vesle Tysnes? Kjenner de dykk litt faglegt “einsame” i kvardagen eller er det snarare slik at det å vera ute i distriktet og samstundes på aksen Bergen-Stavanger gjev dykk eit betre utgangspunkt enn um ein var innestengd i ein storby?

Tysnes var tidleg ute med fibernettverk, og slik den elektroniske infrastrukturen er i dag kan teknologiverksemder vera kor som helst. Dette er kanskje ikkje stoda der verksemdene produserer varer i volum og vekt, – der transport er viktig. Men «bits and byte» er som skapt for desentralisert verksemdsaktivitet. Arbeidskollega og godt miljø er visselegt viktig i forsking og utvikling, slik sett plar eg alltid seia til dei unge som skal byrja for seg sjølv i heimekommunar eller mindre stadar, – at dei fyrst må få nokre års røynsla i større verksemder der dei kan knyte kontaktar og få god kompetanse.

Dette med kommunesamanslåing og liknande har vel mest å seia for sjølve den kommunale drifta på godt og vondt, og heller lite å seia for dei einskilde verksemdene, vil eg tru.

Å driva verksemd på landsbygda eller i byen har sine ulemper og kvalitetar i båe læger, til dømes må eg personleg ta meg ein skogstur når eit teknologisk problem må løysast, – det er min medisin. Dette er nok nokso individuelt for dei fleste, vil eg tru. So min konklusjon er at so lenge me har telefon, breidband og bil so kan landsbygda fungera godt for teknologiverksemder, – eller kanskje endå betre?

7. Eit siste spursmål som helst er for dei spesielt interesserte, men som eg, elektronikkingeniøren, sjølv er serskilt nyfiken på: Er det nokon serskild grunn til at de nyttar dykk av Motorola-prosessorar i produkti dykk? No um dagen finst so mykje å velja millom, som til dømes mikrokontrollarar frå Atmel og Microchip eller ymse slags SoC-løysingar med ARM-kjerne, og so burtetter. Hev de nokon serskild preferanse for Freescale sine gamle Motorola-produkt eller er det meir historiske grunnar til at de held dykk til denne?

Kvifor eg brukte og brukar  Motorola-mikrokontrollarar, det er i grunnen lett å svara på. Du nemner historiske grunnar, noko som er heilt rett. Eg er, og var ikkje, nokon ungdom lengre – då eg ved tusenårsskiftet måtte ta ei avgjerd om byta prosessor. Eg hadde frå slutten av 80-talet av brukt Motorola 6805 i mesta ti år, men då me entra det nye tusenåret so gjekk den aktuelle prosessoren brått ut or produksjon. Skulle ein då kjappt få utvikla noko, og samstundes halda produksjon og økonomi på eit respektabelt nivå, så måtte eg handla kjappt. Det å byta prosessor til eit anna fabrikat var då uaktuelt for meg grunna tida det kom til å ta å setja seg inn i ein ny type, – og samstundes  måtte ein vera trygg på at den nye prosessoren var på lager i åra frametter. Leverandøren lova tryggleik for alt dette i og med at Volvo den gongen brukte same prosessoren i bilane sine (Det er eit generelt problem for krinskortutviklarar at ein ikkje veit kor lenge visse integrerte krinsar er tilgjengelege på marknaden. At ein integrert krins vert nytta i ein bil er normalt ein trygg garanti for at han trengst i store volum yver lang tid, red.).  Både i oppbygnad og i brukarfilosofi so var den nye HC12-serien mykje lik dei eldre prosessorane, og eg kunne jamvel bruka nokre av dei eldre subrutinane eg hadde frå 6805-serien.

Framigjennom og opp til dags dato so gjekk me – som tidlegare nemnt – meir og meir over til å bruka ferdige elektronikkar av typen PLC (PLS). Det skriv seg frå det faktum at me måtte kunna lova reservedelar for  framtida. So valet av Motorola-komponentar i dette høvet var nok av historiske grunnar, og det at oppbygnad av kjerne og program var litt likt med dei eldre typane prosessorar frå Motorola. Hadde eg vore yngre og hatt kapasitet og økonomi  til det, so ville eg nok heller ha kika litt meir på mikrokontrollarar frå andre leverandørar – som til dømes dei du nemner i spørsmålet ditt.

Kolbjørn Tvedt vart spurd ut av Olav Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak, næringsutvikling, teknologi. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s